Endrar Normering og Noregs Mållag

Gå til: navigering, søk

Åtvaring: Du er ikkje innlogga. IP-adressa di vil verta lagra i den offentlege endringshistorikken til sida. Om du loggar inn eller lagar ein konto, vil endringane dine knytast til brukarnamnet ditt, saman med andre fordelar.

Endringa kan angrast. Sjå på samanlikninga under for å stadfesta at dette er det du ynskjer å gjera. Deretter kan du lagra desse endringane for å fullføra angringa.
Siste versjonen Teksten din
Line 1: Line 1:
 
Av [[Jostein Krokvik]]
 
Av [[Jostein Krokvik]]
  
Etter landsmøtevedtak i Noregs Mållag sette styret ned ei "referansegruppe" som skulde sjå på prinsipp for målnormeringi. Oddmund L. Hoel hev sendt ut eit diskusjonsnotat med framlegg til landsstyrevedtak, so vidt me skynar med samtykkje frå fleirtalet (Hoel, Endre Brunstad, Ola Breivega). Eit alternativt mindretalsframlegg (Ingeborg Donali, Aud Søyland).vil ha "ei romsleg rettskriving" og "ingen store endringar" i skuulemålet. Me held oss her til hovudalternativet.
 
 
Det er gledeleg at Noregs Mållag hev ei meining um normering, etter at haldningi lenge nærast var at staten "denkt für uns". I utsegni er det mykje bra. Me er samde i at ein bør taka inn att former som aukar konsekvensen i målet, og at ein skal vera varsam med å veikja bandi til Aasen-tradisjonen. Og me er samde i at tilsikta tilnærming til bokmål må avvisast og samnorskpunktet må ut or lovi um Norsk språkråd (§ 1b). Nynorsk skrifttradisjon bær vera hovudgrunnlag for normering, det er sant, men då meiner me tradisjonen som kom medan målet fekk veksa på etter måten fritt grunnlag. Tilskeivingi etter at "utviklingi" vart ei frukt av politisk tvang, er ingen "tradisjon" å byggja på, men må tvert um rettast – sant nok varsamt og utan forbod i utrengsmål.
 
 
Meir positvt kunde segjast, men me vil peika på nokre punkt me er kritiske til. Det heiter at "Ein tradisjonalistisk normeringspolitikk i dag kan ikkje ha som mål å venda attende til 1917-normalen eller andre normalar, heller ikkje på lang sikt". Jau, det kann han godt, for det nynorske mynsteret ligg i målet fyre 1938! 1917-normalen var ikkje lytelaus, men han var på avgjerande måtar betre enn det som seinare vart inntvinga. 1917-hovudnormi heldt på mykje av målsystemet, og normalen var demokratisk med typologisk val millom i-mål og a-mål! Det heiter at "språknormering er eit offentleg ansvar". Dette påstandet er utan problematisering. Ein leidande nynorsk lærebokskrivar meinte so tidleg som i 1901 at staten ikkje måtte leggja seg burt i sjølve målet. Røynsla med statleg målkonstruksjon hev ettertid vare knusande negativ, og det var ikkje-offentlege krefter som vann fram med si normering på bokmålssida (1981). Det finst knaptn kjende land der statsmakti legg seg burt i sjølve målet. At dei hev målnemnder og akademi som skal dyrka og verja målet er noko anna! Enn um einkvan endeleg sette seg inn i praksis i andre land. Nynorsk i Noreg er ikkje åleine på jordkula! At målnormering treng fagleg innsyn, er so, men målvitskapleg innsyn kvalifiserar ikkje til målnormering!
 
 
I utsegni tykkjest det liggja at Norsk språkråd er ein slags konstant. Nei, det hev passera eit kvart hundradår og er moge for utskifting med noko meir tidløveleg. At rådet stettar demokratiske krav, er me ikkje med på, heller ikkje at rådet skal driva "løpande" normeringsarbeid - kvart fjerde år. Kor ofte driv dei med fast normeringarbeid i grannelandi? Kvart femtiår eller kvart hundraddår? Eller sjeldnare? Me saknar dryfting av den typologiske valfridomen som var vellukka utprøvd fyre krigen!
 
 
Gruppa skal ha mykje ros for arbeidet. Framlegget er lovnadsrikt, men syner klårt at tvo frie målreisingsgreiner trengst – Noregs Mållag og høgnorskrørsla. Samarbeidsvilkåri er derimot betre enn nokon gong tidlegare.
 
  
 
<i>Prenta i Vestmannen.</i>
 
<i>Prenta i Vestmannen.</i>
  
 
[[Kategori:Jostein Krokvik]]
 
[[Kategori:Jostein Krokvik]]

Merk deg at alle bidrag til Sambandet kan bli endra, omskrive og fjerna av andre bidragsytarar. Om du ikkje vil ha teksten endra under desse vilkåra, kan du ikkje leggje han her.
Teksten må du ha skrive sjølv eller ha kopiert frå ein ressurs som er kompatibel med vilkåra eller ikkje verna av opphavsrett (sjå Sambandet:Opphavsrett for detaljar).

LEGG ALDRI INN MATERIALE SOM ANDRE HAR OPPHAVSRETT TIL UTAN LØYVE FRÅ DEI!

Avbryt | Endringshjelp (vert opna i eit nytt vindauge)