Mål og vanmæle 8 Etterkrigstid og målblanding

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

VIII Etterkrigstid og målblanding

Varsel um pedagogisk-politisk mållaging

Borgfreden millom dei nasjonale fridomskreftene i målvegen i krigstidi, var ein borgfred som ikkje var fri for slagsida. Det var ein fred der målfolk oftast heldt munn, medan bokmålsyvertaket fritt rådde.

Då det vart fred våren 1945, stod målreisingskreftene veikte jamført med millomkrigstidi. Målsamskipnadene låg nede. Sjølve målarbeidet hadde stogga upp. Målpressa var vengjeskoti. Framsynte og trurøkne leidarar var burte, Gustav Indrebø, Lars Eskeland, Nikolaus Gjeisvik, folk med godt gangsyn og stor offervilje, som vog tungt fagleg.

Ein serskild mann tok eit umframt lyft i arbeidet med å byggja upp att målrørsla i etterkrigstidi. Det var sunnmøringen Hans Aarnes (1886-1960) som reiste Fonna Forlag, Nynorsk Vekeblad, Framskulane og andre tiltak, som gav ut det største nynorske leksikon hittil - og det fyrste, Norsk Allkunnebok. Han drog land og strand rundt og tinga burt nynorske bøker samstundes som han skipa mållag i hopetal. Framgangsmåten til Aarnes var at han kalla i hop nokre utvalde vyrde bygdefolk som fekk sett ned ei fyrebuingsnemnd, eit millombels styre, som var i verksemd til det vart halde formelt lagsmøte.

På den andre sida fylka Riksmålsforbundet seg under Arnulf Overland alt i 1947, og gav ut si eigi ordlista i 1952. I 1953 greidde dei blåsa kraft i Foreldreaksjonen mot samnorsk, og same året skipa dei Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur der upptaksmenn var Overland, Sigurd Hoe!, Francis Bul! og Andreas H. Winsnes. Den store verksemdi på norskdansk hald hadde fyrst og fremst si drivkraft i misnøgja med 1938-rettskrivingi, serleg med norsk hok.bøygning og med norskboygde a-gjerningsord. Riksmålsakademiet vilde motarbeida all kunstig eller påtvinga tilnærming millorn dei tvo målformene i landet, og fremja ei fri målutivkling som med studnad i litterær tradisjon kunde halda uppe samanhengen i kulturlivet, heitte det.

Både på målsida og på norskdansksida var frontane kløyvde i tvo vengar. På bokmålssida vilde den vengen som nett er umtala riksmålsvengen, som elles avviste ordet bokmål med stor kraft - halda på eit prestisjemerkt, tradisjonelt skriftmål, riksmål, so danskfarga og yverklassefarga som råd. Den andre norskdanske vengen, bokmålsvengen, vilde ha uppnorsking av skriftmålet i ymsande mun. Urn desse tvo vengane er det rett og dekkjande å bruka ordi språkkonservative og språkradikale. Meir tvilsamt er det kor desse ordi, konservativ og radikal, høver for vengane på målsida; og ordbruken er skiftande. I alle høve stod hovudskiljet for desse vengane millom norsk målreising og norskdansk målblanding, og Gustav Indrebø bruka ordet norskradikal um dei som vilde ha målreising. Samnorske hornblåsarar i etterkrigstidi var serleg Sigmund Skard og Alf Hellevik, med ein talrik skare sekundantar.

Samnorske luftspeglingar var framleis eit seglmerke, synte det seg, både for sume politikarar og for sume pedagogar med målmakarambisjonar. I desse dagar var ikkje fåe yvertydde um at norskfilologi og norsklingvistgikk nærast kvalifiserte til mållaging, ei syrgjeleg mistyding. Kor som er, sidan det hadde gjenge partipolitikk i rnålspursmålet, ordet partipolitikk her bruka i verste tyding, fekk nok partisamhald og partiumsyn stundom meir å segja, er det rimeleg å tru, enn godt var. Samstundes fanga bordet. Eller sagt onnorleis, den øyresprengjande samnorskpropagandaen frå lyre krigen steig no mot nye høgder og yvertydde med kvart dei fleste, eller i alle høve sers mange, meir og mindre, serleg på målsida, der utfallet sistpå til vederlag vart mest øydeleggjande - yvertydde meir og meir um den grenselause folkelukka som skulde openberrast i eit samnorsk tvangsmål. I tillegg til sine andre velsigningar skulde samnorsken frelsa nynorsken, hauka del frå mange kantar. I all propagandaen rausa den nynorske skulemålsprosenten vedvarande same vegen. Nemningi massesuggesjon vert til tider misbruka, men i dette høvet er nemningi råkande.

No vantar det ikkje på åtvarande røyster, so visst ikkje millom målfolk. Men dei som I hev uppdaga Sanningi med stor S, er til vanleg lite mottakelege for ettertankar. Gapet millorn hildresynene og jordflata vert so stort at ingen veg fører attende; luftferdi må halda fram til ein beisk slutt, og lenger. Stoda var ei onnor på riksmålssida. Der hadde dei meir folk, meir pengar og større pressa; der kunde dei mobilisera sterke motkrefter. Og stundom hadde dei lett spel, for ikkje alle på den kanten var utan teft, og dei slo visshøvt ned på veike punkt hjå motparten. Med det keivelege samnorske rnålmakeriet var det elles ikkje vanskeleg å finna talande døme i skulebøker på skortande målsans, skortande stilkjensla og uhjelpeleg målbruk.

Arbeidet med å få godkjend ei norskbok med tradisjonelle former for skulen, ei parallell i-målsbok, vart teke upp på ny etter krigen. Frå Vestlandske Mållag drog Hallvard Framnes saman med andre til statsråd Lars Moen. Men det vart nytt avslag. Alt i 1948 hadde departementet sett ned eit utval som skulde koma med framlegg um ein ny og fastare læreboknorrnal. I utvalet sat Ragnar Forsund, Sverre Engebrethsen og Annar Folstad. Utsegni frå utvalet gjekk til ei bokmålsnemnd samansett av Didrik A. Seip, Bjarne Berulfsen og Torgeir Krogsrud. Dei kom med merknader i juni 1950, men då hadde departementet fenge i seg tanken um ei språknemnd som skulde vera kronisk, og merknadene vart burtlagde. 1948-nernndi hadde elles ikkje gjenge upåakta framum Arnulf Overland, som, bitande som vanleg, gav denne attesten: «Der sitter allerede en departemental komité og griser med sproget og skal lage en «læreboknormal» - atter et sprog!» Som me veit hadde det i 1948 gjenge knappe 10 år sidan 1938-målet kom.

Språknemndi

Den 31. mars 1949 peika departementet ut ei nemnd som skulde koma med framlegg til faste vedtekter for den påtenkte språknemndi. I denne fyrebuingsnemndi var desse med: ordboksredaktørAlf Hellevik, fyrstearkivar Ingeborg Hoff, forfattaren Gunnar Larsen, professor Alf Sommerfelt, professor Eirik Vandvik, forfattaren Tarjei Vesaas.

I juli same året kom nemndi med ei tilråding til departementet. Ingeborg Hoff hadde ei sterk serutsegn, og ho tala i 1949 på Årsmøtet i Vestlandske Mållag, der ho gjorde greida for ankemåli mot fleirtalstilrådingi. Ho sette fingeren både på den udemokratiske uppnemningsmåten av nemndmedlemene og det bundne mandatet til nemndi. Staten vilde ikkje berre gjera seg til herre yver vitskapen, men peika ut på fyrehand kva slutning vitskapen skulde draga. Årsmøtet gjekk i eit samrøystes vedtak sterkt imot at det vart skipa ei språknemnd etter dei tilrådde vedtektene, der det var fyresetnaden at framtidige nemndmedlemer alt fyreåt måtte godkjenna det statsstempla synet på «samarbeid millom dei tvo riksmåli i landet» (dvs. målblandingi). Ei slik einsretting kann på ingen måte sameinast med den fridomen som vitskapsmenn og andre må ha, heiter det i fråsegni frå årsmøtet til Vestlandske Mållag.

I Noregs Mållag vart det med kvart strid um laget skulde mana til målreising eller målblanding. Hans Eidsnes vart ny formann etter Knut Markhus som hadde stade i umbodet sidan fyre krigen, og no ynskte avløysing. Dei mest framskotne namni på målreisingssida var Knut Robberstad, Einar Stavang, Eivind Vågslid, Hans Aarnes, Ingeborg Hoff, Marius Evjeberg, Fridtjov Sørbø, Sigurd Kolsrud og vestmennene Hallvard Framnes, Ludvig Jerdal, Severin Eskeland, Sigurd Sandvik, Sigurd Eskeland ofl. Utgreidingi til Fridtjov Sørbø på landsmøtet i 1950, er prenta i Vestmannen nr. 7/1990.

Me skal ikkje her koma strre inn på stridane i Noregs Mållag og studentmållagsrørsla i Oslo i 1950-åra, men den som var student i desse åri veit at tonen kunde vera hard og usakleg. Alt i 1949 var det på årsmøtet i Noregs Mållag framme ei uppmoding til målfolk, «Bladmenn og andre som nytta nynorsk at dei tek omsyn til gjeldande rettskriving, så dei kan vera med å gjera upplæringsmålet levande for skuleungdomen». Uppmodingi vart burtlagd og aldri vedteki, og 1938-målet fekk ingi mållagsgodkjenning; dette målet vart, som me veit, påtvinga mot viljen til målfolksfleirtalet. På den andre sida studde ikkje Nores Mållag ope kravet frå serleg vestmennene um skulebøker på i-mål.

Eit par ord trengst kanskje um sarnnorskbodskapen i desse etterkrigsåri. Berre a-målet kunde samla landet, hevda målreformistane. I fyrstningi. Men med tid og stunder tok dei til å sky all tale um sjølve målet som pesten; målet skaut dei frå seg til offentlege nemnder, seinare til offentlege råd. Um målfolk våga seg til å ha ei meining um mål, målreglar og skrivemåtar, vart det fast vane å skjella dei ut for å driva bokstavstrid, reine bannordet for samnorsktalsmennene som var plent imot at målfolk skulde ha nokor meining um det skriftmålet dei sa seg vilja reisa. Sjølvsagt hadde dei rett, på ein måte. Striden stod um bokstavar. Men korleis eit skriftmål skal reisast utan bokstavar, er derimot gåtefullt. Det er nett bokstavar og bokstavbruk det gjeld. Kolbrennartrui på at staten veit mest og best um rettskriving, minner um ei onnor tru på det offentlege, ei skræmande tru med skræmande utslag både her og der.

Me skal ikkje skildra bylgjone i målsamskipnadene - i Noregs Mållag, Vestlandske Mållag, Vestmannalaget, Studentmållagi og seinare Ivar Aasen-sambandet og Norsk Målungdom.

Norsk Språknemnd vart skipa ved stortingsvedtak 14. desember 1951. Nemndi fekk rådgjevande makt. Den umstridde luten av framlegget til fyremålsparagraf lydde:

Norsk Språknemnd er eit rådgjevande organ. På grunnlag av vitskapleg gransking skal ho gje styremaktene og ålmenta råd og rettleiing i språkspørsmål og i dette arbeidet fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn.

Stortingsvedtaket vart gjort med 95 mot 24 røyster. Dei som røysta imot var Høgre pluss tvo frå Arbeidarpartiet. 31 stortingsmenn var fråverande.

Språknemndi fekk 30 medlemer, like mange frå kvart mål, utnemnde for tri år um gongen av Kongen etter tilråding frå Kyrkje og skuledepartementet og etter framlegg frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Noregs lærarhøgskule, Det Norske Samlaget, forfattarforeiningi, Norsk Presseforbund, NRK, lærarsamskipnadene for lærarskule, realskule, gymnas, folkehøgskule, framhaldsskule og folkeskule.

Då språknemndi skipa seg, vart Didrik A. Seip fyrste formann, Alf Hellevik vart varaformann. Bokmålssekretær var Einar Lundeby, nynorsksekretær Ingvald Torvik.

Framlegget til ny målumbot

I brev av 30. april 1952 bad departementet Norsk språknemnd «utarbeida ein læreboknormal» snarast råd. Men det gjekk ikkje so fort med nemndarbeidet som tanken var, og medan den nye normalen let venta på seg, dreiv samnorskfolk på målsida ein sers høgrøysta agitasjon. Samstundes som dei sat med den offentlege makti og dirigerte ikkje berre målpolitikken, men det framtidige statsautoriserte nynorske skriftmålet, medan skulemålsprosenten stupna undanbakke som eit jordskred - samstundes kunngjorde dei ustanseleg frå talarstolar og skrivebord kor signingsrik samnorsken var for det norske målet. Kor freistande det so er, skal me ikkje bruka mange ord på denne agitasjonsbylgja som klårt nok bar i seg kimen - det hev ettertidi openberra - til sitt eige fall. Du kann ikkje i det endelause tala um måldemokrati, når meiningi er statsvelde. Du kann ikkje ustraffa knusa trui på det skriftmålet du sjølv i neste umgang byd fram i meir utvatna form på torget. Du kann ikkje tala, skotfritt, um verdet av dei norske målføri og i same stund telja folk til å ofra dei klåraste sermerki i dei same målføri. Du kann ikkje i all framtid utan løn for umaken dylja eller rengja sanningi um norsk målsoga av di sume bokmålsbrukarar ikkje måtte lika denne sanningi. Du kann ikkje i lengdi narra folk til å tru på ein fonetisk samanheng millom skrift og tale som ikkje finst og som heller aldri hev funnest. Folk skynar betre enn som so. Du kann med andre ord ikkje saga av den greini du sjølv sit på, og venta at du ikkje skal falla ned.

Når dette no fyrst er skrive, kann det like godt skrivast at dei målblandande samnorsfolki etter alt å døma var i god tru. Dei var ærleg yvertydde um det dei sa. Den gongen. Dei fleste. At sluket millom draum og røynd i slike tider kann verta til ein avgrunn, er ei onnor sak; det hev me alt ymta um. Me skal heller ikkje gløyma at nett i desse åri var tilliti til staten, ålment, større enn denne bokskrivaren hev upplevt både tidlegare og seinare. Staten det er me, sa folk. Eller dei sa eitkvart liknande. Og meinte det. Einevelde og embetsvelde høyrde soga til. Trudde dei. Det nye byråkratiet og det nye teknokratiet var ikkje retteleg uppdaga enno.

Ja, den måtelause etterkrigstrui på etterkrigsstatens makt og etterkrigsstatens visdom, kunde vera verd ei gjesting for seg. Kanskje hadde det noko med krig og krigsverknader å gjera. Noreg var nedslite, utartma og forsømt. Staten laut koma i brennpunktet for folk flest, for statsuppgåvone var uhorveleg store, med krigsuppgjer, atterreising, utbyggjing, nyskaping, forsyningar -. Og etterkrigsstaten var ein etterlengta og kjærkomen avløysar for det avstygde NS-styret. Etterkrigsstaten stod alt i startgropi sterkt i folks tankar, kjenslor og umdøme, og det må i tillegg segjast at etterkrigsstaten med sitt styringstillegg og sitt statsberande parti - eit ord visst yverteke frå NSterminologien - sette i verk mange sosiale, kulturelle og økonomiske framsteg, gagnlege for folk flest. Det synest ikkje urimeleg å ha denne stoda i minne um ein vil freista skyna den sermerkte norske statstrui tidsavgrensa, synte det seg - som jamvel meinte statsmakti utrigga med innsyn, evnor og eigenskapar til å konstruera eit nytt skriftmål, når me til yvermål alt hadde tvo skriftmål med millomliggjande gråsonor.

Men dette forklårar korkje alt eller halvt. Sjølvsagt ikkje.

Det var sått tankekorn som grodde fyre krigen, og som no, etter ufred og ufridom, bar sitt tvilsame foil. Framleis fanst det norskmålsfolk, samnorskfolk, som - trass i at røyndomen sa det motsette fantaserte um ein nynorsk samnorsk. Og dei rekna med, fåfengt, at sidan det norske skriftmålet tidlegare hadde tent utetter på alle målbrigde, so måtte det gå sameleis no. Ein ny læreboknormal måtte føra til ny framgang. Eit grotesk døme på skilnaden millom offentleg liv og lære kom i departementspåbodet um ny teljemåte i 1951, som midt i ein flaum av talemålsromantikk - regelfeste ein teljemåte som ikkje hadde tæret av grunnlag i norsk talemål og norsk folkemål. Den nye teljemåten hadde ikkje grunnlag i dansk heller, og visst ikkje i færøysk eller islandsk. Men derimot i svensk. På gamalnorsk skulde visst båe teljemåtane finnast, so for den skuld - ja, dette er ikkje skrive for eller imot nokon av teljemåtane.

Dei som med mest kraft og størst midlar gjekk hardast ut mot den offentlege målpolitikken, var riksmålsfolket med Overland i brodden. Dei vann yverveldande sigrar i skulen og andre stader. Når Oslo skulestyre i 1954 umgjorde sitt 15-år gamle vedtak um radikalt bokmål i Oslo-skulen, var eit signal som vart høyrt like mykje ut yver landet som det upphavlege vedtaket i si tid hadde vorte høyrt.

Fyrst i 1957 kom framlegget frå Norsk språknemnd um ny læreboknormal. Dei nynorske målsakkunnige professor Sigurd Kolsrud og dosent Per Thorson la fram ei semtgreiding der dei på viktuge punkt gjekk imot tilrådingi. Dei frårådde at statsmaktene sette den fleirtalstilrådde nynorske læreboknormalen i verk, og dei drog seg i ettertidi ut or språknemndi. Dei vilde ikkje ha noko andsvar for det som no skulde gjerast med det offisielle skriftmålet.

Dette er namni på dei andre nynorskmedlemene i Norsk språknemnd, som var til stades på møtet der framlegget vart sluttført: Hans Eidsnes, Gurid Fagnastøl, Alf Hellevik, Hartvig Kiran, 0lav Kolltveit (varamann for Ragnvald Skrede), Kristian Langlo, Magne Oftedal, Ingvald Raknem (varamann for Magne Skodvin), Ludvig Selnes, Sigmund Skard, Håvard Skirbekk, Bjarne Svare (varamann for Jobs. A. Dale), Halldis Moren Vesaas.

Um sjølve framlegget er å segja at no som i 1938 skar det djupast inn i det nynorske skriftmålet. Det var, no som i 1938, norsken som skulde ofrast. Ingolf Kvamen analyserte dei tilrådde målbrigdi og gav ut analysen i eit hefte, der han tydeleg provfester skeivskapen millom dei tvo måli. For nynorsk var det ikkje no heller tale um nokon ny læreboknormal; det var eit meir inngripande nytt målbrigde.

Jamvel nynorskfleirtalet i språknemndi medgav, urmveges, at det bylgjedraget som tidleg på 1900-talet tok til med uppnorsking, no hadde vorte til avnorsking. Nynorskfleirtalet klaga seg: «Vi er leie for at bokmålsgruppa på si side ikkje har kunna gå lenger i tilnærming enn tilfellet er. Som tilrådinga syner, blir det i bokmålet nære på status quo».

Endå bokmålsbrigdi var minst, vart framlegget avdømt på det sterkaste av heile den pressa som sokna til riksmålet. Minst like sterkt vart det avdømt av dei som arbeidde for norsk målreising. Dei som låg imillom - meir og mindre norskvenlege bokmålsfolk og nynorskbrukande målblandarar - helsa og framlegget med takkord som var halvlunka um ikkje kalde.

Framlegget var soleis å rekna for eit antiklimaks. Og ikkje det siste. Fallet frå dei store høgder mot den nakne jordflata hadde teke til. Den kunstig framdrivne skriftmålssamrøringi hadde spela fallitt.

Riksstyret godkjende framlegget den 28. februar 1958, og sende so framlegget til Stortinget i Stortingsmelding nr. 50 same år. Kyrkje- og skulenemndi gjorde seg ferdig med fyrehavingi den 12. juni 1958, og nemndi kløyvde seg i tri fraksjonar:

Eit fleirtal på sju frå Arbeidarpartiet og Einar Hovdhaugen frå Bondepartiet tilrådde å godkjenna framlegget, med atterhald um revidering.

Olav Hordvik frå Vinstre og Hans Ommedal frå Kristeleg Folkeparti var misnøgde med tilnærmingsumbøtene i nynorsk som ikkje hadde teke umsyn til mandatet um at dei skulde vera på norsk folkemåls grunn.

Dei tri medlemene frå Høgre var glade fordi framlegget tok umsyn til tradisjonelt bokmål, men avviste tanken um planfast tilnærming av skriftmåli. Dei gjekk imot framlegget.

Stortinget vedtok tilrådingi med 114 mot 31 røyster. Imot var Høgre og tvo frå Kristeleg Folkeparti.

Per Lønning gjekk hardt ut mot den offisielle målpolitikken. Han vilde ha avskipa Norsk språknemnd og ynskte at riksstyret snarast råd gjorde framlegg um eit vitskapleg arbeidsorgan som, utan fyrehandsbunden konklusjon, trygda for fri vitskapleg gransking av grunnleggjande spursmål knytte til norsk målvokster.

Den reviderete utgåva av læreboknormalen kom den 10. februar 1959. Hovudrevideringi var at supinumsformene på -i i bokmål var strokne (kommi, sovi). Målumbotene vart sette i verk frå hausten same året.

I røyndi vart dette slutten for Norsk språknemnd. Nemndi eksisterte heilt fram til 1. februar 1972, då ho vart avløyst av Norsk språkråd, men i åri etter 1959 hadde Norsk språknemnd lite å segja. Dei politiske riksmaktene var komne til ettertanke og hadde fenge kalde føter.

Um samnorsktruande målfolk hadde tenkt seg ny framgang etter iui1lurnhoti i 1959, kunde dei ikkje rekna meir gale. Det hadde vore vanleg å venta nynorskframgang i skulen ved kvar ny offentleg målumbot, men no var det slutt. Nynorsknedgangen i skulemålsstatistikken vara ved, og det finst ikkje spor i statistikken av noko tildrag i motsett leid då 1959-brigdet kom. Det blaffet som Gustav Indrebø venta fyre krigen, hadde no longe blafra frå seg. Ja, skulemålsprosenten for nynorsk i 1959 var komen langt under prosenten i 1939, 23,3% i 1959 mot 29.5% i 1939. Året etter, i 1960, kom skulemålsprosenten ned på 22,7%.

Det kann vera grunn til å sjå korleis Gustav Indrebø i 1938 umdømde den offentlege målpolitikken som no hadde rent seg i sokk. I utgreidingi til Indrebø den 10. februar 1938 heiter det:

Desse fire faktorane til saman trur eg hev drive fram målbrigderørsla mot nynorsk i den form ho hev fenge: Trøyttleiken, misvoni hjå mange målfolk um at me kann nå fram til det store strålande endemålet som nynorskreisingi fyrst sette seg; utolugskapen og atterslaget hjå ymse sterkmælte krinsar som fyrr ikkje hev havt noko bry med målsaki, men no hev fenge henne innpå seg for ålvor; den aukande makti og maktkjensla på sentrumsstadene, som meir og meir vil setja «dei kringbuande» utanfyre, og som fyller mange kringbuande med svær age - «sosiale umsyn» kaller dei dette - innverknaden frå den tendensiøse agitasjonen åt den norsk-danske målvitskapen. - Det at talemålet i bygdene på den eine sida og i bystroki på hi, krev ein ny nynorsk, er i røyndi meir framleita grunnar, som tener til å dekkja yver kva som er dei røynlege drivkraftene. Endå um mange brukar påskotet um talemålet i god tru. Dei røynlege drivkraftene er av det slaget at målfolk ikkje kan godtaka deim, etter mi syn.

Gjev målreisingi seg på rek med straumen dit som desse drivkraftene fører, so gjeng den nynorske målreisingi til grunnar; - det skal koma nye målbrigde sidan i same leid som det frå 1938, veit me.

Nynorsken vert uppløyst innanfrå, um han gjeng fram utvertes ei stund til. Det vert ulogisk og urettkome å halda uppe ei serskild nynorsk målreising. For resultatet me driv imot, kann me nå likso godt med å taka utgangsstøde i norskdansk og pusla med noko «uppnorsking» der.

Sameleis kann det vera grunn til å sjå korleis Nikolaus Gjeisvik umdømde den ofentlege målblandingslina i 1938, i boki «Von og veg»:

Ein kann trygt segja at det norske folket kjem aldri fram til eit norsk mål på den tilnærmingslina som no er vald. Av dei linune det kunde vera tale um, er dette den låkaste. Det kann segjast utan all tvil og tviking. Og ho skapar ikkje målfred. Tvert um. Kvar gong ei ny «tilnærming» skal gjerast, er det ein stridbrand som vert utkasta i folket.

Men ho hev den fyremunen at det er her trenevane i båe mållæger hev lettast for å finna ei arbeidsmark som høver for dei. Difor kann ein kalla denne lina for trenevelina. Dei sjølve kallar henne den «samnorske» lina. Men det er eit namn som kann mistydast.

Medan offentlege makter programmatisk løyste upp det offentlege målet innanfrå, vart målet og måltanken i det ytre slegne attende vedvarande og regelfast, frå usiger til usiger, i uppnorskingssamanheng og i skule og styringsverk.

1959-målet

Me skal ikkje bruka tid og plass på å finsikta 1959-målet. Me tek med nokre hovuddrag. Didrik A. Seips ord um dilettantisme i 1938 høver minst like sterkt i 1959, og sumt av petimetersnurrepiperiet i 1959-målet I hev vorte umgjort seinare.

Serdanske ord: Utan mandatgrunnlag tok 1959-målet inn ein flokk serdanske ord, m.a. lege, ågerkar, spyd, gidda, dyd, hjørne, viss (hvis), verken, fyrelekken, unn-, ofl.

Veikte tviljodar: Dei norske tviljodane vart veikte. Hør, kjøra, trøst, trøtt vart atter jamstelte. Andre monoftongformer kom inn, m.a. dø, døv, nød, øre (øyra), flom, torn (taum). Skrivemåten løk vart tillaten I 1959 og jamstelt 29 år etterpå, i 1988, eit hende som eit visst slag målfolk trudde var ein siger for norsk mål. Ordet løk tyder på norsk bekk, eit ord og ei tyding som med offentleg hjelp truleg vert gløymt.

e-i: Sume bokmålsord med e som tidlegare hadde vore tillatne, vart no jamstelte, som ekorn, teppe, vett. Norskformer var ikorn, lippe, vit. Høvde det betre med bokmålet, gjekk rettskrivarane derimot andre vegen, frå e til i, med å tillata ordformer som gi, fikk, gikk, -lig.

e-æ: 1959-målet braut ned endå meir av det vesle som var att av systematikken etter Aasen i skrivemåte e eller æ. Saklege og vitskaplege grunnar vantar frå nynorskgreini i denne nemndi som skulde arbeida nett «på grunnlag av vitskapleg gransking», noko av di slike grunnar ikkje fanst, noko truleg av di dei fleste som var att i nemndi etter Kolsrud og Thorson drog eg ut, knapt brydde seg serleg um vitskapleg gransking. No vart m.a. bræda (knytt til brå), gjæta, sæter, spræk nedstøytte til klammerformer og dermed utestengde i det offentlege bruksmålet, medan gjæv og hæv fekk vera eineformer som tidlegare, alt av grunnar som i det minste ikkje set norskmålet i høgsætet.

Motsett veg - frå skrivemåte med e til æ - gjekk 1959-rettskrivarane for å få riva ned hovudregelen frå Ivar Aasen um e framfor r med grunnlag i gamal stutt e. Undantaki hjå Aasen var sers få - (fiske)vær, (jord)bær, ær (sårmerke) - men for å fylgja dansken braut ein no ned indre samanheng i målet med rd. hovudskrivemåte med & i ordet hær (ein) som er skyldt herja og hernad. Mykje merkande i skrift vart lærebokform med æ for tilvand og språkleg grunngjeven ei ord som serleg, sen, serskild.

y-ø: Her kom rettskrivarane med eit framlegg som hadde vaska seg. Alle vanskar skulde løysast med at nynorsk gjekk yver til ø i dei fleste ord målet hadde sams med bokmål, og der bokmål hadde tilvand skrivemåte med ø. Slikt sette desse målrøktarane på prent i eit framlegg som dei visstnok meinte både var vitskapleg grunnfesta og til vern for det norske målet. Av innlysande grunnar laut - og lyt - y-formene få vera tillatne former, i nokre høve jamstelte. Skriftmålet vart soleis i svingingi millom desse tvo vokalane méd endå meir regellaust og upprive enn tidlegare: bølgje (bylgja), følgje (fylgia), sørgje (syrgja) osb. osb. Endåtil i høve der bokmålsskrivande var åt å taka etter dei innarbeidde nynorske skrivemåtane med y, greidde dette offentlege nemndfleirtalet å skjemma ut - t.d. for ordi vyrda, vyrdnad, vyrdsla, stytta som no skulde påtvingast ø. Uskynleg er det kvifor ø-formene skulde inn i ord som gløtt, gløtta, sølv, sølje, løgn. Sistnemnde skriftord bryt med ei heil ordrekkja, ljuga/lyga, lyg, lygen ofl. Same ordet kunde få upptil tri skrivemåtar, som tunne-tynne-tønne der den tradisjonelle formi tunna berre var tillati og soleis utestengd or skulen.

o-u: Sumt av det som er sagt um u-ø kann segjast um o-u. Tilvande skrivemåtar med u fekk klammerstatus og vart dermed forbodne i det offentlege målet - fomla (fumla), somla (sumla), somme (sume), sommar (surnar) ofl.

I eitt tilfelle vart tilvandt u-skrivemåte i namnet jamstelt, men sidan hev statsmakter, fylkesmakter og jamvel heradsmakter syn for einrydeleg diskriminering av den upphavlege eineformi i nynorsk skriftmål; det gjeld ordet skute. Men i talemålet blømer skule like friskt som nokon gong.

I det heile skipla 1959-rettskrivarane mykje godt alt som fanst av innarbeidt nynorsk vokalverk. Når det høyde med bokmålet, skifte dei i nynorsk frå u til y (hovudform tynn for tunn), frå o til a (avund for ovund), frå o til ø (røde for rode), frå u til ø (tørr for turr og sønna for sunnan) osb. Derimot våga ikkje nemndi å røyva gamle norske stadnamn som Sunnmøre, Sunnfjord, Sunnhordland ofl., endå dette skulde vera den logiske fylgja. Men logikken vart aldri til synleg plage for denne nemndi.

Nernneforrn (infinitiv): her tok nemndi med rubb og stubb; a-infinitiv og e-infinitiv vart jamstelte, medan kløyvd infinitiv vart tillati klammerform (å fara, men å kaste). Det segjer seg sjølv at skule og styringsverk hev kjæla for nemneform på e som fell saman med den danske nemneformi i bokmål, medan den norskrøtte nemneformi på a hev vorte mykje utstøytt til liks med den kløyvde nemneformi som må reknast for ein avvikande sernorsk renning i surne luter av landet - her høver ordet dialektform. Den avstumpa refieksive nemneformi på -as (finnas), fekk vedvarande ha sin tillatne sideformstatus;. formi vart tillati sideform i 1917, men hev aldri vekt nokon stor jubel.

Skulemålsbøygningi av linne gjerningsord vart so upprivi som det nær sagt var råd å få det til. Nemndfleirtalet tyktest halda det for viktugt å riva grunnen under a-bøyningi, den mest sermerkte norske bøygningsmåten. Onnorleis er det vanskeleg å tolka den nye skrivebordsregelen um at tilvande a-verb med parallell e-verbsboygning, som tvila med parallell tvilte/tvilt, ved e-verbsbruk obligatorisk skulde draga -er etter seg i notid (tviler). Desse gjerningsordi er det mange av, dei kan teljast i hundradtal, og medan 1959-rettskrivarane var sers romslege med å opna for skrivemåtar og ordformer i nynorsk som bokmål hadde frå dansk, var dei snarare enn snare til å setja stengslor den andre vegen, mot norske sermerke. For um ei rad gjerningsord med fortidsendingar som tvila/tvilte nok finst rundt um i heile landet, stundom vaklande millom tvila og tvilte i same målforet, so er notidsendingi -ar slett ikkje knytt berre til a-bøygningi. Ei liberalisering som tok umsyn til denne røynlege talemålsstoda, vilde kanskje kjennast lettande for sume som lyt bruka det offentlege målet. Men ei liberalisering som samstundes set krav i strid med talemålet um ein petimeterkonsekvens i eit reint målteknokratisk uppkonstruert serhøve innanfor eit konsekvenslaust regelverk, kann berre verta til amp og moda. Folk hev heller ikkje brytt seg serleg um dette påfunnet, ikkje eingong dei som skulde vera nøydde til det.

Gjerningsord av døma-rekkja fekk i fortid sideform på -te, dømte for dømde. Samstundes vart slike gjerningsord med einfeld m i roti nedstøytte til klammerform (døma), medan bokmålsformi med tvifeld mm i infinitiv vart hovudform (dømma). Denne yvergangen til tvifeld mm drog eit utal ord og skrivevariantar med seg, både namnord (dom(m)ar, rom(m)et), gjerningsord (dom(m)a, rom(m)a og eigenskapsord (framand/fremmend). I ei lista frå rettskrivningsnemndi 1959 er kring 40 slike ord uppførde.

Liknande uppløysing av innarbeidde reglar var prøvd tidlegare for andre konsonantar enn berre m, og uppløysingi vart førd lenger i 1959 - dan(n)a, gis(s)en, glis(s)en, krot(t)er osb. Men regelfast kunde ikkje nemndfleirtalet i 1959 vera i dette høvet heller, innlysande nok. Medan til dømes døma vart klammerform, laut nemndfleirtalet godkjenna søma til jamstelt parallellform. Kanskje hadde dei ein mistanke um at noko anna vilde vera usømeleg.

Eit anna luftsprang i 1959 var at linne gjerningsord med stomnutgang på -l og -r, som tola og føra, i motstrid med Aasen, skriftvanar og sers mange gode målføre, no skulde ha obligatorisk -te i fortid (tolte, førte). Denne uppkonstruerte uregelen, sett i verk av eit nemndfleirtal som hev vunne seg herostratisk frægd, vart langt um lenge for grov jamvel for dei seinare so samrorande nynorskfleirtalet i Språkrådet. Vedtaket vart avskipa i 1987. Ja, fyrst i 1987, etter at ein heil ættled målskrivande hadde vorte påtvinga denne dårskapen i den offentlege skulen!

Det avskipande språkrådsvedtaket i 1987 hadde ålmenn karakter for r-ord, her vart fortidsformene -de og -te jamstelte (førde/førte, lærde/lærte). Den ålmenne karakteren vanta for l-ord, her fekk berre tola jamstelt fortidsform tolde/tolte. Rett nok stend -de veikare i l-ord enn i r-ord, men fortidsformi er mykje skiftande i landet, og i minsto kvilde plar fylgja tolde,

Skriftformene med -j etter g og k vart nedminka i 1959, og langt på veg hev det her vorte ei utsnøyding av eit norsk målmerke. Sameleis heldt mishøvet frå 1938 fram med fastlæste regelbrot som tenkja-tenking, bryggja-brygging, tekkja-tekking, sløkkja-sløkking osb. Skal dette halda fram ubøtt, vil det venteleg tyna den j-merkte norske segjemåten, m.a. sidan det ikkje vert råd å sjå uttaleskilnad på ord som flekkjing og flekking, rekkjing og rekking. Dette peikar Kolsrud og Thorson på i 1959, og tilskeivingi etterpå syner meir enn tydeleg at dei såg rett.

Sume einstaka sermerkte norske ord som ikkje alt var utkasta (som skirtorsdag og fleirtalsordet næter), vart I 1959 nedstoytte til klammerord - nôt/neter, skirseld ålmenn o.fl.