Millomnorsk

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Millomnorsk er ei nemning bruka i norsk målsoga um målformi som kom millom norrønt og moderne norsk. Det vart tala i slutten av den norske millomalderen.

Det millomnorske målstiget byrja kring Svartedauden (1349), då målet ein tala i Noreg hadde teke til å endra seg etter måten mykje frå den upphavlege norrøne grammatikken. Ein reknar at millomnorsk litt etter litt vart avløyst av moderne norsk kring reformasjonen (1536) eller seinare på 1500-talet.

Målet som vert tala etter 1600 er jamt og samt forståelegt for nordmenner i dag, medan millomnorsk gjerne inneheld for mange gamle ord og uttrykk, pluss at grammatikken byggjer på ein sume prinsipp som ikkje lenger er i bruk i norsk. Til dømes var det i den millomnorske perioden at kasusi vart burte frå dei fleste norske målføri, likeins tal- og personbøying av verb.