Skilnad mellom versjonar av «Millomnorsk»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
(Oppretta sida med «'''Millomnorsk''' er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskif…»)
 
(Ny artikkel, basert på nynorsk wikipedia)
 
Line 1: Line 1:
'''Millomnorsk''' er namnet på det målstìget av [[høgnorsk|norsk]] som ligg millom [[gamalnorsk]] og [[nynorsk]] i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskifte kjem upp i målet og breider seg i ulike lùter av landet. Byrjingi vert gjerne sett til kring 1370 då verknaden av mannefallet i svartedauden tér att i skriftmålet. Enden vert gjerne sett til ut på 1500-talet (1550/1600) då dei siste leivdene av den gamalnorske skriftmålstradisjonen ovrar seg.
+
'''Millomnorsk''' er ei nemning bruka i [[norsk målsoga]] um målformi som kom millom [[norrønt]] og moderne [[norsk]]. Det vart tala i slutten av [[den norske millomalderen]].
  
Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:
+
Det millomnorske målstiget byrja kring [[Svartedauden]] ([[1349]]), då målet ein tala i Noreg hadde teke til å endra seg etter måten mykje frå den upphavlege norrøne grammatikken. Ein reknar at millomnorsk litt etter litt vart avløyst av moderne norsk kring [[reformasjonen]] ([[1536]]) eller seinare på [[1500-talet]].
  
* utjamning av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange [[staving]]ar vert avløyste av jamt lange stavingar
+
Målet som vert tala etter 1600 er jamt og samt forståelegt for nordmenner i dag, medan millomnorsk gjerne inneheld for mange gamle ord og uttrykk, pluss at grammatikken byggjer på ein sume prinsipp som ikkje lenger er i bruk i norsk. Til dømes var det i den millomnorske perioden at [[kasus]]i vart burte frå dei fleste norske målføri, likeins tal- og personbøying av [[verb]].
  
* umleggjing av [[ljodlæra#sjølvljod|sjølvljodverk]]et: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope [[skilljod]]; lange bakre sjølvljod vert høgde
+
[[Kategori:Norsk målsoga]]
 
+
[[Kategori:Norsk millomalder]]
* veikjing av [[sjølvljod]] i endingar
 
 
 
* ''n'' i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
 
 
 
* mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av [[segnord]], fallbøygjing av [[namnord]] og [[lagord]]
 
 
 
* ''þ'' > ''t'' (eller ''d''), ''ð'' fell mykje attåt burt
 
 
 
Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og ''n'' i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.
 
 
 
== Utjamning av stavingslengd ==
 
 
 
Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange tyngde [[staving]]ar - t.d. (''h'')''not'' /(h)not/ 'nòt', ''nót'' /no:t/ 'nót' og ''nátt'' el. ''nótt'' /no:tt/ 'nótt'. I millomnorsk vart desse utjamna til lange stavingar - t.d. *''nòt'' /no:t/ el. /nott/, *''nót'' /nu:t/ og *''nótt'' /nutt/.
 
 
 
Sjå nøgnare under [[stavingslengdutjamning]].
 
 
 
== Sjølvljodverket ==
 
 
 
=== Sterk og veik hått ===
 
 
 
Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar ''sterke'' og ''veike'' sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk ''beat'' sterkt sjølvljod, og ''bit'' veikt.
 
 
 
Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at ''vísa'' vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og ''vita'' og ''fisk'' med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same [[skilljod]]et, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: ''gótt'' > ''gott'' ([[nynorsk|nn]]. ''godt''), ''orð'' > ''órð'' (nn. ''ord'')
 
 
 
=== Sterkning ===
 
 
 
Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.
 
 
 
Det kom no upp [[målføre]]skilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I [[austnorsk]] var det alt uppkome ein skipnad med [[jamvektsmål|jamvekt]] i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɒt.tɒ].
 
 
 
Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.
 
 
 
=== Høgning ===
 
 
 
Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet ''á'' var runda og høgt (trongare vorte), nær ''å'' i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgningsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at:
 
 
 
: ''á'' [aː] > [ɒː] > [ɔː] eller [au]
 
 
 
: ''ó'' [oː] > [u˕ː] (me skriv vanleg berre [uː])
 
 
 
: ''ú'' [uː] > [ʉː]
 
 
 
Det finst enno sume [[målføre]] som held på den gamle, «européiske» ljodhåtten av ''ó'' og ''ú''. Der ''ú'' hadde naseuttala [ũː], er ljodhåtten halden i mest all [[austnorsk]], soleis i t.d. ''brún'', ''krúna'' og ''nú'' ([[nynorsk|nn]]. ''no'').
 
 
 
=== Naseuttala ===
 
 
 
I gamalnorsk hadde sume sjølvljod naseuttala, t.d. ''brún'' [brũːn], ''brunn'' [brũnː]. I millomnorsk fell einstaka ''n'' (og mange stader ''m'') burt i endingar og lìtar sjølvljodet fyre, soleis at det kjem upp ei rad endingssjølvljod med naseuttala. Soleis:
 
 
 
: [[gamalnorsk|gn]]. ''sólen'' > mn. /suːlẽ/ («soli»)
 
 
 
: gn. ''gentan'' > mn. /ʝɛntã/ («gjenta»)
 
 
 
: gn. ''húsin'' > mn. /hʉːsĩ/  («husi»)
 
 
 
: gn. ''hestenom'' > mn. /hɛstẽǝ̃m/ > /hɛstẽ(m)/  («hesten», [[sidefall]])
 
 
 
: gn. ''erom'' > mn. /ɛˑrõ̃(m)/  («me er»)
 
 
 
: gn. ''vikuna'' > mn. /vɪˑkũə/ > /vɪˑkũ/ («vìka», [[underfall]])
 
 
 
Når ''n'' fall burt, kom mange sjølvljod innåt einannan, og dei avveikte endingssjølvljodi fall jamt burt i den stoda.
 
 
 
Målføret i Sælbu hev enno naseuttala av sjølvljod
 
  
 
[[Kategori:Norskt mål]]
 
[[Kategori:Norskt mål]]

Siste versjonen frå 17. juni 2020 kl. 14:44

Millomnorsk er ei nemning bruka i norsk målsoga um målformi som kom millom norrønt og moderne norsk. Det vart tala i slutten av den norske millomalderen.

Det millomnorske målstiget byrja kring Svartedauden (1349), då målet ein tala i Noreg hadde teke til å endra seg etter måten mykje frå den upphavlege norrøne grammatikken. Ein reknar at millomnorsk litt etter litt vart avløyst av moderne norsk kring reformasjonen (1536) eller seinare på 1500-talet.

Målet som vert tala etter 1600 er jamt og samt forståelegt for nordmenner i dag, medan millomnorsk gjerne inneheld for mange gamle ord og uttrykk, pluss at grammatikken byggjer på ein sume prinsipp som ikkje lenger er i bruk i norsk. Til dømes var det i den millomnorske perioden at kasusi vart burte frå dei fleste norske målføri, likeins tal- og personbøying av verb.