Millomnorsk

Frå Sambandet
Versjonen frå 13. april 2020 kl. 15:01 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Millomnorsk''' er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskif…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Millomnorsk er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskifte kjem upp i målet og breider seg i ulike lùter av landet. Byrjingi vert gjerne sett til kring 1370 då verknaden av mannefallet i svartedauden tér att i skriftmålet. Enden vert gjerne sett til ut på 1500-talet (1550/1600) då dei siste leivdene av den gamalnorske skriftmålstradisjonen ovrar seg.

Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:

  • utjamning av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange stavingar vert avløyste av jamt lange stavingar
  • umleggjing av sjølvljodverket: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope skilljod; lange bakre sjølvljod vert høgde
  • n i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
  • mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av segnord, fallbøygjing av namnord og lagord
  • þ > t (eller d), ð fell mykje attåt burt

Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og n i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.

Utjamning av stavingslengd

Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange tyngde stavingar - t.d. (h)not /(h)not/ 'nòt', nót /no:t/ 'nót' og nátt el. nótt /no:tt/ 'nótt'. I millomnorsk vart desse utjamna til lange stavingar - t.d. *nòt /no:t/ el. /nott/, *nót /nu:t/ og *nótt /nutt/.

Sjå nøgnare under stavingslengdutjamning.

Sjølvljodverket

Sterk og veik hått

Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar sterke og veike sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk beat sterkt sjølvljod, og bit veikt.

Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at vísa vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og vita og fisk med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same skilljodet, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: gótt > gott (nn. godt), orð > órð (nn. ord)

Sterkning

Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.

Det kom no upp målføreskilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I austnorsk var det alt uppkome ein skipnad med jamvekt i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɒt.tɒ].

Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.

Høgning

Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet á var runda og høgt (trongare vorte), nær å i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgningsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at:

á [aː] > [ɒː] > [ɔː] eller [au]
ó [oː] > [u˕ː] (me skriv vanleg berre [uː])
ú [uː] > [ʉː]

Det finst enno sume målføre som held på den gamle, «européiske» ljodhåtten av ó og ú. Der ú hadde naseuttala [ũː], er ljodhåtten halden i mest all austnorsk, soleis i t.d. brún, krúna og (nn. no).

Naseuttala

I gamalnorsk hadde sume sjølvljod naseuttala, t.d. brún [brũːn], brunn [brũnː]. I millomnorsk fell einstaka n (og mange stader m) burt i endingar og lìtar sjølvljodet fyre, soleis at det kjem upp ei rad endingssjølvljod med naseuttala. Soleis:

gn. sólen > mn. /suːlẽ/ («soli»)
gn. gentan > mn. /ʝɛntã/ («gjenta»)
gn. húsin > mn. /hʉːsĩ/ («husi»)
gn. hestenom > mn. /hɛstẽǝ̃m/ > /hɛstẽ(m)/ («hesten», sidefall)
gn. erom > mn. /ɛˑrõ̃(m)/ («me er»)
gn. vikuna > mn. /vɪˑkũə/ > /vɪˑkũ/ («vìka», underfall)

Når n fall burt, kom mange sjølvljod innåt einannan, og dei avveikte endingssjølvljodi fall jamt burt i den stoda.

Målføret i Sælbu hev enno naseuttala av sjølvljod