Meir fart og framgang i Aasen-rørsla

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:50 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

Av Jostein Krokvik

Formannen i Ivar Aasen-sambandet, Bjørn Tormod Ringdal, fortel at eit hovudtiltak i 1997 var talemålskonferansen i Bergen no i haust, ei sers vellukka tilstelling. Konferansen var tilskipa saman med prisutetlingi frå Opedalsfondet - til Alv skeland, Ola Breivega og Kjell Venås. Interessa for konferansen var god, og kring 35 deltakarar var innum. I utkastet til årsmelding frå formannen i Vestlandske Mållag, Lars Bjarne Marøy, les me um fleire målpolitiske utspel, millom anna fyre valet. Det hev vore fint samarbeid med målungdomen i Bergen. I Volda er det skipa målungdomslag som er internettandsvarleg for høgnorskrørsla. Båe formennene er viljuge til å taka attval. årsmøtet vert i Bergen laurdaag 29. november 1997.

Viktuge fyreteljingar

Vestlandske Mållag fortel um viktuge fyreteljingar til ymse mottakarar. Det Norske Samlaget er bede um å gjeva ut norskbøker for utlendingar, og hev svara at dei treng statstilskot til dette. Lenger er ikkje ein ikkje komen der. Ei fyreteljing gjekk ut til folk som arbeider med norsk mål, Det er sendt takkebrev til Kulturdepartementet fordi departementet heldt fast på landsnamnet Noreg i nynorsk og avviste språkrådsframlegget um Norge. I utkastet heiter det at det er "gledeleg at Norsk Måldyrkingslag hev planar um å gjeva ut ein dokumentasjon um stoda for Noreg-namnet både historiske og i samtidi". Det er alt å vinna på å informera um Noreg-namnet, for nye målbrukarar treng informasjon um Noreg-formi, serleg sidan ikkje alle godtek formi utan nærare grunngjeving.

Etter ei fyreteljing til Universitetet i Bergen um nynorsk måltest for utlendingar, svara Universitetet at slik måltest finst for lågare nivå, der departementet betalar. Testen på høgste nivå er derimot sokalla sjølvfinansierande, og her trengst departemental løyving til nynorsk teksting.

Målpolitiske utspel

Formannen i Vestlandske Mållag hev gjort upptakt for å verna kj-uttale i ord som (s)kjole, (s)kino, (s)kjæla osb. Departementet hev svara at det er høve til å driva retting i skulen, og saki bør fylgjast upp t.d. i lærarsamskipnadene. I valkampen markera laget seg, m.a. saman med Studentmållaget. Høgre og Frp svara ikkje på spursmål um dei studde kravet um nynorske lærebøker samstundes og til same pris som bokmålsbøkene. Formannen hev elles vore framme med offentleg kritikk av målfolk som hev tukla med sanorsken, serleg Alf Hellevik og Helge Sivertsen. Det hev sidan kome kvasse innlegg i tråd med formannen sitt syn av Ludvig Jerdal, Håvard G. Tangen og Gudmund Harildstad, innlegg som •g hev stade i Vestmannen.

Samband med Sunnmøre

I Volda på Sunnmøre hev det kome ei gledeleg reising på høgnorsk grunn. Eit nytt målungdomslag med kring 20 lagslemer markerar seg sterkt lokalt, og hev vore sers verksamt i arbeidet for nynorske lærebøker og i saki um ny upplæringlov. I brodden stend millom andre Olav Torheim og Arne Holmin, og Olav Torheim er internettandsvarleg for høgnorskrørsla.

Lovnadsrikt for framtidi

Normaltalemålskonferansen no i haust vart, som nemnt i innleidingi, ein fulltreffar med aktive debattantar både frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom, og med lange og gode ordskifte. økonomisk hjelpte det godt på at Opedalsfondet dekte tilskipingi for prisvinnarane. Dette er den andre store tilskipnaden som vestmennene og Aasen-rørsla nyleg hev vore med på, den fyrste var Aasen-konferansen i januar 1996 saman med Norsk Målungdom. Til normaltalemålskonferansen i haust løyvde Vestlandske Mållag 3000 kronor. Samstundes hev det vore lagt eit godt grunnlag for samarbeid um liknande tilskipingar, soleis med Noregs Lærarmållag ved formannen Gunnar Ottne, med Norsk Målungdom og dertil med målungdomen i Volda. Vestlandske Mållag takkar serskilt Sissel-Anny Hjelmtveit og Terje Torgilstveit for godt arbeid med normaltalemålskonferansen og hev takk og ros til Arild Olsen, næstleidar i Studentmållaget, som lagaa ein sers stilfull plakat til talemålskonferansen. Norrønalaget Bragr, eit av serlagi, hev no nyleg gjeve ut Norsk Ordliste av Lars Eskeland, Høgnorskordlista.

Formennene tek attval

Formannen i Ivar Aasen-sambandet, Bjørn Tormod Ringdal, og formannen i Vestlandske Mållag, Lars Bjarne Marøy, stadfester at dei tek attval. I styret i Vestlandske Mållag stend Helga Mehl og Ingebjørg Gilberg på val i år. I Ivar Aasen-sambandet er Sjur Nørstebø Moshagen og Jon Askeland på val.

Heiderslagsmenn i Vestlandske Mållag:

I Vestlandske Mållag er desse heiderslagsmennene med: Eigil Lehmann, Sigurd Sandvik, Ludvig Jerdal, Jostein Krokvik, Alv Askeland, Harald Bolstad, Johs. Revheim og Sverre Hausberg.

Avlidne vestmenn

Siste året hev desse gjenge burt: Aslaug Lehmann og Kristoffer Kvamme.

Prenta i Vestmannen.