Skilnad mellom versjonar av «Målblandingspolitikken offisielt avskipa»
Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
(Oppretta sida med «Av Jostein Krokvik Prenta i Vestmannen. Kategori:Jostein Krokvik»)
Line 1: Line 1:
Av [[Jostein Krokvik]]
Av [[Jostein Krokvik]]
Dokument til gleda, segjer Kåre Lilleholt i språkrådsstyret
For bokmål vart den tilsikta målblandingi i røyndi avskipa med same Norsk språkråd kom til i 1971. Det fyrste Språkrådet gjorde, var at bokmålsgreini sette ned ei breidt samansett nemnd som skulde byggja bru millom målet til
den tradisjonelle riksmålsflanken og den meir radikale bokmålsflanken. Arbeidet var sers vellukka og vart offentleg godkjent i ei stortingsmelding i 1981. Sidan hev dei tvo flankane levd i etter måten harmonisk samliv, og det
moderate bokmålet hev i hovudsak vorte herskande i skule, bøker og pressa.
Ikkje so med nynorsk. Her hev samnorskstrevarar og arvtakarar drive på som tidlegare med målblanding og sundriving av nynorsk skrifttradisjon. Dei hadde lettare spel her, sidan nynorsk etter krigen vart eit mål i uppløysing og nedgang, utan dei sterke sambindingskreftene i skule og skriftliv som bokmål fekk frå dansk. Høgdepunktet nådde desse
kreftene med det påfreista anbeheitelse-utspelet og ditto rettskrivingsframlegget. Deira gjestingstid ser ut til å vera slutt.
Klåre ord i stortingsmelding
Stortingsmelding nr. 13 (1997-98) frå Kulturdepartementet um Målbruk i offentleg teneste var uppe i Riksstyret og fekk kongeleg sanksjon den 19. desember 1997. Statsråd Anne Enger Lahnstein la fram tilrådingi, som gjekk
til Stortinget sist i 1997. I denne viktuge og velskrivne Stortingsmeldingi les me sida 17:
Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i dag som mindre aktuell. Det synest å vere etter måten brei politisk aksept for at vi i dag har to
ofisielle norske språkformer, og at dette vil vere ein relativt varig situasjon. Det inneber at i staden for å leggje vekt på utviklingstendensar som på sikt kan føre dei to målformene saman, blir måldyrkingsarbeidet
snarare knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg.
Dette kann ikkje mistydast eller burttolkast. Ordi gjeng beint imot målblandingspunktet i Lov om Norsk språkråd (paragraf 1b), og det set eit sterkt punktum for den tilsikta målblandingi som rettskrivingsnemndi frå 1934 innleidde med målbrigdet i 1938. Her er det eit eintydeleg lineskifte.
I bolken som me gav att ovanfor ifrå Stortingsmelding 13, er nokre ord til som det er grunn å merka seg:
I tillegg til å sikre individuelle språkrettar både for nynorsk- og bokmålsbrukarane bør reglane for offentleg språkbruk også utformast og praktiserast slik at dei kan vere med på å sikre det mangfaldet som dei to offisielle målformene representerer i norsk kultur- og samfunnsliv.
For tradisjonelle målfolk, og tradisjonelle er vel mykje godt alle som kallar seg målfolk i dag, for mange tradisjonelle målfolk er det vanskeleg å tenkja seg noko målsleg mangfald som ikkje femner um i-målet og den klassiske
nynorsken.
Meldingi hev vore dryfta i Skulenemndi i Stortinget, etter det me skynar velviljug og utan serleg meiningsskilnad. Leidar i denne stortingskomiteen er Grethe Knudsen (A). Ordførar for saki er Inger Stolt-Nielsen (H), og meldingi gjeng til Stortinget den 30. april.
"Historisk"
Stortingsmeldingi hev vore lagd fram til orientering for styret i Norsk språkråd, og me høyrer at formannen Kåre Lilleholt (nynorsk) kalla det ei offensiv melding med mange klåre ord,  og eit dokument til å få gleda av. Med tanke på $ 1b (målblandingspunktet) kalla han ordlyden i meldingi for "historisk".
Dag Gundersen (bokmål) var samd i at utsegni var sers viktug.
Uppfylgjing
Stortingsmelding nr. 13 er eit lettleseleg dokument, med mange upplysingar som me ikkje rekk koma inn på her. Me hev avgrensa oss til det historiske brotet med målblandingslina som i 60 år var undergangsvegen for nynorsken. Meldingi lyt fylgjast upp, og s. 3 hev Vestmannen nokre tankar um det.
Prenta i Vestmannen.
Prenta i Vestmannen.
[[Kategori:Jostein Krokvik]]
[[Kategori:Jostein Krokvik]]
Siste versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:46
Av Jostein Krokvik
Dokument til gleda, segjer Kåre Lilleholt i språkrådsstyret
For bokmål vart den tilsikta målblandingi i røyndi avskipa med same Norsk språkråd kom til i 1971. Det fyrste Språkrådet gjorde, var at bokmålsgreini sette ned ei breidt samansett nemnd som skulde byggja bru millom målet til den tradisjonelle riksmålsflanken og den meir radikale bokmålsflanken. Arbeidet var sers vellukka og vart offentleg godkjent i ei stortingsmelding i 1981. Sidan hev dei tvo flankane levd i etter måten harmonisk samliv, og det moderate bokmålet hev i hovudsak vorte herskande i skule, bøker og pressa.
Ikkje so med nynorsk. Her hev samnorskstrevarar og arvtakarar drive på som tidlegare med målblanding og sundriving av nynorsk skrifttradisjon. Dei hadde lettare spel her, sidan nynorsk etter krigen vart eit mål i uppløysing og nedgang, utan dei sterke sambindingskreftene i skule og skriftliv som bokmål fekk frå dansk. Høgdepunktet nådde desse kreftene med det påfreista anbeheitelse-utspelet og ditto rettskrivingsframlegget. Deira gjestingstid ser ut til å vera slutt.
Klåre ord i stortingsmelding
Stortingsmelding nr. 13 (1997-98) frå Kulturdepartementet um Målbruk i offentleg teneste var uppe i Riksstyret og fekk kongeleg sanksjon den 19. desember 1997. Statsråd Anne Enger Lahnstein la fram tilrådingi, som gjekk til Stortinget sist i 1997. I denne viktuge og velskrivne Stortingsmeldingi les me sida 17:
Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i dag som mindre aktuell. Det synest å vere etter måten brei politisk aksept for at vi i dag har to ofisielle norske språkformer, og at dette vil vere ein relativt varig situasjon. Det inneber at i staden for å leggje vekt på utviklingstendensar som på sikt kan føre dei to målformene saman, blir måldyrkingsarbeidet snarare knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg.
Dette kann ikkje mistydast eller burttolkast. Ordi gjeng beint imot målblandingspunktet i Lov om Norsk språkråd (paragraf 1b), og det set eit sterkt punktum for den tilsikta målblandingi som rettskrivingsnemndi frå 1934 innleidde med målbrigdet i 1938. Her er det eit eintydeleg lineskifte.
I bolken som me gav att ovanfor ifrå Stortingsmelding 13, er nokre ord til som det er grunn å merka seg:
I tillegg til å sikre individuelle språkrettar både for nynorsk- og bokmålsbrukarane bør reglane for offentleg språkbruk også utformast og praktiserast slik at dei kan vere med på å sikre det mangfaldet som dei to offisielle målformene representerer i norsk kultur- og samfunnsliv.
For tradisjonelle målfolk, og tradisjonelle er vel mykje godt alle som kallar seg målfolk i dag, for mange tradisjonelle målfolk er det vanskeleg å tenkja seg noko målsleg mangfald som ikkje femner um i-målet og den klassiske nynorsken.