Mål og vanmæle 7 Tilhøvi 1938-1945

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

VII Tilhøvi 1938-1945 Krig og hersetjing No etterpå må det sannast at målbrigdet i 1938 i seg sjølv var provoserande, og makthavarane sette det i verk på ein provoserande måte, einsynt og firkanta, yver hovudet på folk, i strid med fleirtalssynet i målsamskipnadene, i strid med fleirtalet av medvitne målfolk elles, i strid med den målsakkunna som då var. Dei som dreiv fram 1938-umboti prøvde sigla under ein demokratisk dekkfarge som dei på hin kanten rekna for falsk eller i beste fall mistydd. Med demokratisk meinte målreformistane fyrst og fremst at det umbrigda skriftmålet skulde liggja nærare talemålet til ein større part av folket enn tidlegare. Dette var no slett ikkje alltid tilfelle, og i reknestykket var dessutan utegløymt visse grunnleggjande serkjenne på - og skilnader millom - talemål og skriftmål. Til Ijodnær attgjeving av talemålet trongst fonetiske teikn, og eit slikt fonetisk skriftmål vilde for det fyrste ikkje vera brukande, og for det andre vilde det slett ikkje dekkja noko fleirtalstalemål.

Ein annan ting som låg i grunnmuren under 1938-brigdet, var at når dei no med makt vilde tvinga i hop til eitt mål dei tvo skriftmål som fanst og som kvar for seg hadde ein viss indre valfridom for nynorsk med ABC-parallellar på i-mål og a-mål - når dei vilde tvinga i hop med makt til eitt dette målmangfeldet, kunde det ferdige kunstmålet aldri skriftdekkja so vel og so mykje av det røynlege talemålsmangfeldet i folket som tvo skriftmål hadde dekt.

Hovudsiktemålet for målrevisjonistane var, dømt frå vår sida, å brytja nynorsken yver til bokmål. Påropa dei seg folkemålsformer i målbrigdesamanheng, var det tale urn å skifta ut sume folkemålsformer med andre, då slik at dei utvalde formene låg nærare bokmål. Dei utstøytte norske folkemålsformene var i hovudsak formene til den luten av folket som hadde teke nynorsken i bruk i skulen. Formi hev notid av ha(va) - var talemålsform i ein stor part av det nynorske målvaldet, og er det enno; ho vart forbodi. Det same vart millom, gjenom, yver, burt, so osb.

Det demokratiske innhaldet i 1938-brigdet - det same som stundom vert kalla det sosiale grunnlaget - var soleis, som me vonleg hev sétt, mykje godt ein frasebundel. Med tidi vart dette tydeleg for fleire og fleire, men eit påskot trongst for målreformistane, kor tafsut det so var. Men det ligg ikkje i dette at dei ikkje skulde vera i god tru.

Den formelle sida av målbrigdet vil eg kalla det stikk motsette av demokratisk. Det som røynleg hende kring 1938 var eit maktpolitisk spel med skriftmålet. Sagt reinska for pynt og umskrivingar, so handplukka rådande politikarar den vesle nemndi som skulde skipla tvo skriftmål og laga eitt nytt. Um lag soleis fall ordi ope frå målreforrnistisk hald, jamvel i Stortinget.

Medvitne målfolk hev alltid rekna målreisingi for demokratisk og nasjonal; i dette siste ligg at målreisingi er knytt til den norske soga og heile det norske folket. Indrebø sa på umfrarntårsmøtet i Noregs Mållag 13. februar 1938: «I eit demokratisk folk skal fyrst og fremst fridomen råda i kulturelle og åndelege saker. Retten for alle meiningsflokkar til å koma reideleg til ords. Kulturelt diktatur er aldri ideelt demokrati, um det kjem aldri so mykje i fleirtalet sitt namn.» Det fleirtalet Indrebo tenkte på, var samansett av bokmålsfolk pluss nokre målmenn, imot fleirtalet av målmannsflokken i landet. Dei dikterte kor nynorsken skulde vera. (Attgjeve etter Fram daa, Frendar, 1957.)

Målbrigdet vart godkjent i kongeleg resolusjon den 7. januar 1938. I upplæringi kom ikkje rettskrivingi nemnande i bruk fyrr skuleåret etterpå. Harmen varde ved mot det mange rekna for eit yvergrep. Skulestyret i Oslo gjorde vedtak um at Oslo-skulen skulde halda seg til dei norskaste bokmålsformene, dei tillatne sideformene. Men når målfolk vilde ha lærebøker på dei norskaste nynorskformene, dei tradisjonelle klammerformene, so fekk dei nei. 1938-rettskrivingi var enno på innføringssteget då krigen kom. Landet vart hersett frå våren 1940, og målordskiftet kom mykje i bakgrunnen.

1941 -rettskrivingi

Det tysk-kontrollerte NS-riksstyret stod bak ei revidert rettskriving i 1941. Ved den tidi stod Gulbrand Lunde for det departementet som då vart kalla Kultur og Folkeopplysningsdepartementet. Rettskrivingi 1941 skar ned på sideformer og gjekk stort sétt i tradisjonell leid for båe mål. I nynorsk vart i-mål og a-mål jamstelt, og former som um og upp vart jamstelte. Endå bokmålet vart noko uppdanska, fekk det ein viss norsk dåm med di nokre norske ordformer med stor bruksfrekvens vart eineformer, som hogg, dogg, heim, fram, etter; farge, torg, bru, snø, no.

1941-rettskrivingi vart nytta i pressa og bøker, og rettskrivingsreglar og ordlistor vart sende til skulane. Synleg motvilje mot rettskrivingi kom knapt fram, noko, truleg, av di NS-makthavarane ikkje vilde ha målordskifte, noko av di misnøgjet med 1938-målbrigdet nok framleis var levande. NS-propagandaen kunde vinna lettkjøpte poeng med utfall mot «det Kohtske knot», men på målsida vara ein seg vel for å gå i nokor fella; målsamskipnadsene vart nedlagde eller gjekk under jordi for å halda NS ute. Millom lærarane var det sterk motvilje og mistru til alt som kom frå NS-styremaktene, og kor mykje 1941-rettskriviingi kom i bruk i upplæringi, skilde seg truleg frå skule til skule. Gulbrand Lunde drukna i Romsdalen i 1942, og NS-spissane fekk med kvart anna å tenkja på enn skule og skulemål.

Når sume hev kalla 1941-rettskrivingi for ei nazirettskriving, er det i grunnen misvisande. Politikk klabbar ikkje til skrivemåtar, ikkje eingong NS-politikk. Alt i alt var 1941-rettskrivingi knapt ring. Tvert urn. Det kunde under andre umstende ha vore ei brukande og tenleg rettskriving. Som det no var, so måtte 1941-rettskrivingi reknast for eit nazipålegg som dermed alt fyreåt var utskjemt. Etter krigen vart rettskrivingi stilitegjande burtlagd.

Stoda for nynorsk

Då der kom skulemålsbrigde i 1901, 1907 og 1917, kom det til stor framgang for norsk skriftmål i skulen. Målfolk kunde agirera med at del som fyrst tok nynorsk i bruk, dei hadde gjort eit målval ein gong for alle. Bokmålet laut tøygja seg etter norsk; i det målet, bokmålet, laut det jamt og samt verta nye rettskrivingsskifte; umboti i 1907 galdt berre bokmål, som me veit. Nynorsken var derimot norsk. Dette skriftmålet skulde stå fast. Her var folk trygge. Ja, folk skyna både bakgrunnen og logikken; synsmåtane til målfolket var yvertydande for mange, dei. Agitasjonen bar frukt - so lenge han var sann.

Fyre 1938 var det målfolk som bruka same ordleggjingar som med full rett var bruka i 1907 og med stor rett i 1917. Men i 1938 vart slik agitasjon, medvite eller umedvite, nærast falskspel. Det var ikkje trygt lenger å gå yver til nynorsk, slik Gustav Indrebø sa det på det ofte nemnde landsmøtet i Noregs Mållag den 13. februar 1938. Sanningstru som Indrebo var, undra det han at «ein klok mann professor Liestøl» kunde freista med den gamle agitasjonsmåten offentleg um at den som valde nynorsk, var heime med det same, «og heime for alle tider».

Det var framgang for nynorsk i skulekrinsane kring 1938. For siste gong etter eit rettskrivingsbrigde, skulde det syna seg. I 1959 rausa det jamt andre vegen, utan at målbrigdet gav seg statistiske utslag i skulemålsmiséren i det heile. Urett, misvisande og villeiande agitasjon hemner seg oftast til slutt.

På årsmøtet i Noregs Mållag i Gol i 1937 var det høgflygande samnorskfolk, tydeleg løyste frå jordflata og røyndomen, som tala um ein komande framgang på 2000 krinsar. Året etter kom Gustav Indrebø inn på same emnet, og han venta at det vart eit blaff.

Kven fekk rett? Indrebo eller målreformistane?

Ja, den røynlege framgangen for nynorske skulekrinsar var 821 krinsar, sers hogt rekna, for heile tidbolken 1935-1945. Framgangen var med andre ord mykje under halvparten av det målreformistane tenkte seg, og når me no etterpå veit um skredet som tok til å losna alt i 1945/1946, er det ikkje anna ord enn nett blaff som høver. Målblandarane på den norske sida vann sin einaste siger ute i folket kring 1938, og det var ein pyrhossiger.

Norsk skriftmål (nynorsk) i skulen 1930-1945 i prosent:

1930 19.5% 1935 19,9% 1938 22,0% 1939 29,5% 1940 31,5%

1941 31,9% 1942 33,2% 1943 33,6% 1944 34,1% 1945 33,2%

Nynorsk skulemål hadde ein markant framgang i krigstidi, med det statistiske høgdepunktet ved slutten av krigen. Skulemålsprosenten 1944/1945 var, som statistikken syner, 34,1%, det høgaste som i det heile nokosinne er talfest for nynorsk i folkeskulen. Det nynorske krinstalet i 1945 var på 2.980 skulekrinsar. Me kann undrast på kvifor målframgangen varde ved gjenom krigstidi, men noko fullvisst svar hev ingen. Likevel er det ikkje urimeleg å tenkja seg at del sterke nasjonale og patriotiske straumdrag i folket kunde spela inn. I «Striden for nynorsk bruksmål» av Olaf Almenningen og Åsmund Lien er det påymta at statistikken frå krigstidi er noko mangelfull og at dette kann ha ført til for høg nynorskprosent. Til dette er å segja at all statistikk er påhefta tenkjelege lyte, og ingenting er nemnt som skulde tyda på at tenkt misvising trong føra til for hog nynorskprosent; misvisingi kunde like gjerne gå andre vegen. Me må her som elles lesa or statistikken det som faktisk stend der. Og ser me heile statistikken i samanheng, er det reint ingenting som tyder på at nett talet for 1944 skulde vera rangt. Sjå skulemålsstatistikken bak i denne boki.

Me tek med eit lite døme frå Nord-Noreg som kanskje fortel litt um kva ans folk ålment hadde for det norske nasjonalmålet i krigstidi og den nære etterkrigstidi. Då det nynorske ungdomsbladet Midnattsol vart uppatt-teke i 1946 i Bostad i Vesterålen med Marius Evjeberg til bladstyrar, hadde bladet eit upplagstal på 8000 etter upplysningar i Norsk Allkunnebok. Og Evjeberg dreiv samstundes mange år frametter med nynorsk bokutgjeving i Nord-Noreg i etter måten stor stil.

Det er ikkje rettkome å taka 1938-målet til eintydeleg grunnlag for målframgangen i krigstidi. Den nynorsken folk såg på prent var 1941-rettskrivingi. Skal nokor rettskriving fyrst rilskrivast grunn for framgangen - for min part trur eg ikkje ei slik tilskriving er rimeleg - lyt ein halda seg til den rettskriving som røynleg galdt, og som vart innførd so stillsamt at knapt mange merka det.

NS-makthavarane var elles sanneleg ikkje til framhjelp for norsk mål. Tvert imot. Viktuge målblad stogga tidleg under framandstyret av di dei ikkje vilde gå på akkord med dei som no hadde makti, ma. Gula Tidend. I den målblanda pressa som fanst att, fløymde bokmålet yver alle demningar. I målbruken til dei offentlege maktene var bokmålet framimot einerådande, ofte eit mykje tyskskjemt bokmål, serleg um det hadde vore innum det tyske maktapparatet. Men etter krigen gjorde riksmaktene lite og ingenting for å kvitta seg med målvanane frå det slegne framandveldet.

I krigstidi leid målreisingskreftene tunge tap av eit anna slag då Gustav Indrebo og Lars Eskeland fall burt, båe i 1942. Ludvigjerdal var i tukthuset i Fuhlsbuttel i Hamburg då han fekk syrgjemeldingi seinhausten 1942 av ein ny norsk medfange. Jerdal fortel um det i minnestykket urn Hallvard Framnes i soga til Vestlandske Mållag; det var ein tung bodskap. Målprofessor i rettslæra, Nikolaus Gjelsvik, som ruska so upp i rettsmålet at det enno er godt synleg, noko av ein Ivar Aasen for norsk rettsmal, han fall burr alt fyre krigen, i 1938, 72 år gamal. Gustav Indrebø vart 52 år gamal, Lars Eskeland var 75 år då han døydde.