Mål og Makt

Frå Sambandet
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 09:04 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk
Mål og Makt på 80-talet med temanummer um Målungdomen si politiske framtid.

Mål og Makt er eit tidsskrift gjeve ut av Studentmållaget i Oslo, med støtte frå Velferdstingets Kulturstyre. Mål og Makt kom ut fyrste gong i 1934, men sovna tidleg inn. Etter 1934 gav Studentmållaget ut etter måten mange avisor og blad, men noko nytt tidsskrift etter same lesten vart det ikkje før på 70-talet. I 1971 vart tidsskriftet skipa under namnet Sentrum og Periferi, og det bytte namn til Mål og Makt alt året etter.

Bladet var viktugt for det ideologiske ordskiftet i målrørsla på 70-talet, 80-talet og tidleg 90-tal. I 1998 freista skriftstyret med nytt format, fargeprent og ei sterkare ålmennpolitisk orientering. På 2000-talet fekk tidskriftet den same dvaske og utvatna profilen som målrørsla og målungdomen elles tok til å få. I våre dagar er tidskriftet fyrst og fremst eit blad som unge studentar nyttar til å få prenta bachelor-uppgåvone sine.

Bakgrunnsstoff