Målet treng lovvern!

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:34 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Av Jostein Krokvik

På skipingsmøtet for Sunnmøre Vestmannalag i Volda 18. september heldt statsstipendiat Frode Strømnes ei innleiding um stoda for nynorsken. Han lagde vekt på at hadde arbeidt med finsk og at synsmåtane hans var merkte av naturvitskapleg bakgrunn. Han dømde difor um målet på ein litt annan måte enn filologar og lingvistar.

Nynorsken slit på sitt siste, sagde Strømnes provoserande. Folk møter bokmål, andre nordiske mål og mål lenger utanifrå mange gonger so ofta som dei møter nynorsk - i bøker og blad, i eiteren, i marknadsføring, i butikkar, på brukstekster, i vareupplysningar osb., osb. Um skadelege tap i sjølve målet nemnde Strømnes serskilt burtfall av dativ. Målfolk hev gjort det mistaket at dei hev søkt argumenti sine hjå lingvistar som hev hævda at alle språk er like gode til alt. Men alle språk/målføre er ikkje like gode i alla samanheng og til alt, slo Strømnes fast.

Fåtalsmål hev halde seg godt på Åland, tykte Strømnes, og nemnde dessutan Island og Sveits. Mindretalsmåli treng eit sterkt lovvern med sanksjonar mot brot, det er eit livsvilkår i dag, og utan eit sovore lovvern hadde det svenske målet på Åland snaudt halde seg. Trongen til eit sterkt lovvern med sanksjonar mot brot er himmelropande for nynorsk! Dette må høgnorskrørsla ha klårt for seg, sa Strømnes.

Språksystemet er tvodelt. Det er kløvt i det medvitne måltilfanget, og det umedvitne, noko som kann granskast ut med serskilde granskingsmetodar. Nynorsken byggjer upp ei onnor verd enn bokmålet, og her hev det umedvitne ein sterk plass. Det er grunnen til at målfolk reiser seg imot anbeheitelse-komplekset.

Prenta i Vestmannen nr. 8 1999