Skilnad mellom versjonar av «Kulturdepartementet stoggar det målblandande nynorskfleirtalet i Norsk språkråd»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
(Oppretta sida med «
Av Jostein Krokvik

Prenta i Vestmannen nr. X XXXX
Kategori:Jostein Krokvik»)

Line 1: Line 1:

Av Jostein Krokvik

Av Jostein Krokvik

Årsmøtet i Norsk språkråd vedtok  den 3. og 4.  februar 2000 ei lang og forvirrande tilråding med skrivebrigde i nynorsk skulemål, skrivebrigde som den nynorske Fagnemndi hadde  samla  i hop siste fireårsbolken (1996-1999). Attendemeldingane frå tradisjonelle målfolk og fleire enn dei, var sterke og eintydeleg negative. Dei såg upplegg til ei ny nedriving av eit alt nedrive og mykje nedveikt mål. Frå bokmålsgreini i Norsk språkråd kom det framlegg um å jamstella alle former i bokmål, slik at alle formene  fekk same status, hovudformstatus. For fyrste gong i Norsk språkråds soga strødde ikkje departementet sand på språkrådstilrådingi. Departementet vilde sjå nøgnare på tilrådingi, og naturleg nok var årsaki dei nynorske framleggi. Det vart soleis ingen rettskrivingsbrigde i skulemålet i året 2000, og vert det truleg heller ikkje på fleire år. Den 5.12.00  sende Kulturdepartementet svar til Norsk språkråd der departementet segjer nei til godkjenning, og grunngjev kvifor.

Kulturdepartementet skriv (s. 3) at eit "viktig formål med ei nyorientering av normeringspolitikken er å sikre større stabilitet" i rettskrivingi. Departementet legg difor til grunn at siktemålet med ei skulemålsreform no, er at ho i all hovudsak vert uendra i lang tid. "Departementet vil forvisse seg om at Norsk språkråd er fullt ut innforstått med denne fyresetnaden". Dette er klåre og sterke ord i eit departementsskriv, må me segja.

Berre hovudformer som i bokmål?

I  skrivet kann Kulturepartementet "utan vidare slutte seg til dei retningslinjene  som har lege til grunn for arbeidet med bokmålsrettskrivinga, dvs. at systemet med sideformer i praksis blir fjerna, og at lite brukte former i stor grad blir tekne ut av rettskrivinga". Um nynorsken skriv departementet: "Gode grunnar kunne tilseie ei fjerning av skiljet mellom hovudformer og sideformer også i nynorsk, sjølv om nynorskens tradisjon og situasjon gjer at det her ikkje ligg like godt til rette  for eit slikt grep som i bokmål".

Her vil tradisjonelle målfolk leggja til at den "tradisjon og situasjon" som det er tale um, er eine og åleine ei ufrukt av den tilsikta offentlege målblandingslina som bokmålet kvitta seg med i 1981. Kulturdepartementet meiner like fullt at det no er tid til å sjå nærare på ulempone som fylgjer av kløyvd rettskriving i nynorsk (lærebokformer og sideformer). Ei av ulempone  er "nynorsken sin konkurransesituasjon i høve til det dominerande bokmålet", skriv departementet, og denne sjølvinnlysande sanning som nynorskfleirtalet i Norsk språkråd ikkje synest ha skyna, vil nok mange tykkja det er gledeleg at det yverordna Kulturdepartementet stadfester utan krusedullar.

Den vituge og gjenomtenkte konklujonen til departementet her er at brigdet i bokmål aktualiserar eit tilsvarande grep i nynorsk. Depatementet legg på Språkrådet å greida ut um eventuelle problem som  burttak av skiljet millom hovudformer og sidefomer i nynorsk vil føra til,  og korleis problemi skal kunna løysast. Departementet bed um ei fyrste språkrådsvurdering av saki, og deretter skal Norsk språkråd dryfta med departementet korleis hovudarbeidet skal definerast og organiserast og kor breidt det skal femna (s. 5).

Dømt frå tradisjonell synsstad må arbeidet femna vidt, i tid minst attende til bolken fyre 1938. Og eit vilkår for at arbeidet skal lukkast, er, meiner nok mange, at dei som gjer arbeidet ikkje vert avgrensa til Norsk språkråd, men at til dømes Kulturdepartementet attåt peikar ut kunnande tradisjonelle målfolk som hev tillit i det tradisjonelle miljøet.

Tradisjonelle former inn att?

Kulturdepartementet ottast at inntak av gamle (tradisjonelle og klassiske)) former "av noko omfang" vil kunna skapa etter måten kaotiske tilstandar i rettskrivingi og stor forvirring hjå språkbrukarane. Me tvilar på um slike vanskar vert større i nynorsk enn i bokmål etter 1981, der det gjekk tolleg knirkefritt. Kaoset og forvirringi i nynorsk rettskriving vert snaudt i noko tilfelle verre enn i dag! Etter ei dryfting av tilnærmingsformer og tradisjonelle former i nynorsk, viser departementsskrivet med rette til at bokmålsreformi i 1981 i stor grad tok inn att gamle (tradisjonelle) former i bokmål. Kulturdepartementet ser ikkje burt ifrå at ei meir tradisjonell nynorsknorm er eit alternativ det kann vera naturleg å dryfta no som del av utgreidingsarbeidet for å få burt skiljet millom hovudformer og sideformer i nynorsk ˜òg. Tradisjonelle målfolk som underskrivne vil vera samde med departementet. Den tradisjonelle, klassiske nynorsken hev synt ei livskraft som måblandingsaktivistar knapt drøymde um; målet skulde programmatisk vera daudt og gravlagt for lengst, men trass i usynleggjering, utestengjing og regelrette forbod, hev målet yvervintra i skrift og målføre, og hev siste 20 åri vore i ein viss framgang, ikkje mist millom ungdom. Største nynorske bokverket i 2000, dagbøkene til diktaren Olav H. Hauge, var på det målet som enno i dag er utestengt i skulen. Den språklege einsrettingstrongen hev endåtil forfalska nynorske klassiske tekster (som Garborg) frå i-mål (boki, soli) til  skuleutgåvor med a-mål (boka, sola).

Ei meir stabil rettskriving som skal vera eit tenleg, langvarande og fredsskapande skulemål for nynorsk, er, slik me ser det, utenkjeleg utan i-målet med tilhøyrande byygjingsverk, attåt visse andre tradisjonelle og systemfaste former, atter fær full jamstelling i skulen. Det vil kunna løysa mange vanskar dersom sideformene, ein reidskap for den tilsikta målblandingspolitikken, vert burttekne, og målet stend att einast med jamstelte typologiske hovudformer.

Ingi tilsikta tilnærming meir

Departementet gjer det klårt at ingenting i departementsskrivet er uttrykk for målmedviten tilnærmingspolitikk millom nynorsk og bokmål. Stortingsmelding nr.13 (1997-98) er rådande, og der heiter det m.a. at "bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg".

I skrivet er med sumt som ikkje er nemnt her etter di det i vårt hopeheng hev mindre å segja beinveges. Millom anna um geografiske namn i nygresk der Norsk språkråd vil vraka kjende og innarbeidde namn på norsk som Attika, Maraton, Sparta og setja Attikí, Marathónas, Spárti i staden. Det skal dessutan visstnok skiljast språkleg millom historisk bruk og transkripsjon frå nygresk, og departementet held alt dette for ein uturvande komplikasjon som ikkje bør innførast. Andre vil kanskje velja ei mindre mild ordleggjing, serleg sidan ei lista med skrivemåtar for slike namn var med i Œrsmelding 1998 utan departementsgodkjenning. Eit anna punkt er norvagisering av innførde ord. Her minner departementet um at fyrst når ei norvagiseringsform hev vore i bruk i [minst] 20 år, bør det vurderast å gjera henne til eineform. I millomtidi skal norvagiseringsformene og dei utanlandske formene leva jamsides.

I det heile er skrivet 5.12.00 frå Kulturdepartementet til Norsk språkråd merkt av godt folkevit, og mange vil meina at synsmåtane er i samklang med mykje ålmenne synsmåtar både på målsida og bokmålssida. Sume undrast nok på kvifor Kulturdepartementet ikkje tek konsekvensen og gjer framlegg um burttak av målblandingsheimelen i "Lov av 18. juni 1971 om NORSK SPRÅKRÅD" (paragraf 1, post b). Dette synest vera ein naturleg konsekvens, men sjølvsagt kann ei lovreform koma seinare. Like eins finst det nok dei som tvilar på um  Fagnemndi i dagsens språkråd er beste instansen til å greida ut um og døma um det nynorske skriftmålet på eit anna grunnlag enn det tilnærmingsgrunnlaget  som i alle fall sume der hev lagt stort arbeid og stor prestisje i. Me nemnde ovanfor eit alternativ der Kulturdepartementet i tillegg peikar ut tradisjonelle målfolk med tillit i det tradisjonelle miljøet, men det finst og andre måtar å få større breidd i vurderingsinstansen.

Brevet frå Kulturdepartementet saman med Stortingsmelding nr. 13 (1997-98) Målbruk i offentleg tenesta frå 1997, er etter mitt skyn det mest skilsetjande og lovnadsrike for nynorsk  og for målstoda i landet som hev kome frå statleg hald på meir enn eit halvt hundradår. Tradisjonelle målfolk ynskjer ikkje meir for sitt mål enn staten alt hev godkjent for bokmål (riksmål). Det er ynskjeleg um flest råd av medvitne tradisjonelle målfolk og andre granskar departementsskrivet og gjerne tek innhaldet upp til offentleg ordskifte. Det offisielle skriftmålet kjem ikkje berre heile den skrivande luten av målfolket ved, men dertil den luten av folket som les  målet.

Prenta i Vestmannen nr. X XXXX

Prenta i Vestmannen nr. X XXXX

[[Kategori:Jostein Krokvik]]

[[Kategori:Jostein Krokvik]]

Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:14