Skilnad mellom versjonar av «Kjettarord um norsk målalkymi»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
(Oppretta sida med «<h2>FYREORD</h2> <p>Målformi i dette skriftet skil seg noko ut frå det eg elles oftast plar skriva. Litt hev det vel å gjera med målsynet til bokreidaren, men andre gru…»)
 
 
Line 97: Line 97:
 
<p></tr>
 
<p></tr>
 
</table>
 
</table>
 +
 
<p>Det må leggjast til at nedgangen nådde botnen i 1978, ser det ut for. I 1978 var nynorskprosenten 16,4, og sidan hev ikkje nynorsken havt attendegang. I 1983 var nynorskprosenten 16,6. Sameleis gjer me rett i å hugsa at atterslagi - som halverte prosenten for nynorsk hovudmål i grunnskulen - hadde meir enn ei årsak. <i>Sitt</i> gjorde den hovudlause sentraliseringi med skulenedleggjingar i hopetal, ein giganttomani, framdriven frå toppen, blind for folkevilje og språlege rettsferdsumsyn. Til sentraliseringi høyrde folkeflyttingi frå bygdene, like eins framdrivi frå toppen. Ein annan ting, sjeldan nemnd, er arven frå krigstidi. NS-styresmaktene studde ope bokmålet, ein skikk statsmaktene etter krigen ikkje brydde seg med å leggja um, slett ikkje bøta på. Mykje meir lyt dragast inn, til dømes vanrøkta morsmålsupplæring, lærebokskort og skort på nynorsk presse i dei nye skulemålsstroki, men ingi tenkjeleg årsak av dei nemnde er reint eintydig. Nedgangen tok til lenge før sentraliseringsbylgja sette inn. Lærebokskort og vanrøkta morsmålsupplæring var ikkje noko nytt. Og nynorsk lokalpresse stod på den tidi heller ikkje allstad sterkt i nynorske kjernestrok. Det er seinare denne pressa mange stader hev vakse so eventyrleg. (Ikkje alle stader, dessverre. Øvre Gudbrandsdalen er i so måte med sine rotfriske målføre framleis nærast vaktlaust land.)</p>
 
<p>Det må leggjast til at nedgangen nådde botnen i 1978, ser det ut for. I 1978 var nynorskprosenten 16,4, og sidan hev ikkje nynorsken havt attendegang. I 1983 var nynorskprosenten 16,6. Sameleis gjer me rett i å hugsa at atterslagi - som halverte prosenten for nynorsk hovudmål i grunnskulen - hadde meir enn ei årsak. <i>Sitt</i> gjorde den hovudlause sentraliseringi med skulenedleggjingar i hopetal, ein giganttomani, framdriven frå toppen, blind for folkevilje og språlege rettsferdsumsyn. Til sentraliseringi høyrde folkeflyttingi frå bygdene, like eins framdrivi frå toppen. Ein annan ting, sjeldan nemnd, er arven frå krigstidi. NS-styresmaktene studde ope bokmålet, ein skikk statsmaktene etter krigen ikkje brydde seg med å leggja um, slett ikkje bøta på. Mykje meir lyt dragast inn, til dømes vanrøkta morsmålsupplæring, lærebokskort og skort på nynorsk presse i dei nye skulemålsstroki, men ingi tenkjeleg årsak av dei nemnde er reint eintydig. Nedgangen tok til lenge før sentraliseringsbylgja sette inn. Lærebokskort og vanrøkta morsmålsupplæring var ikkje noko nytt. Og nynorsk lokalpresse stod på den tidi heller ikkje allstad sterkt i nynorske kjernestrok. Det er seinare denne pressa mange stader hev vakse so eventyrleg. (Ikkje alle stader, dessverre. Øvre Gudbrandsdalen er i so måte med sine rotfriske målføre framleis nærast vaktlaust land.)</p>
 
<p>Til no hev eg ikkje nemnt den årsaki til bakslag som låg i sjølve tilnærmingsøsingi. Alt då tilnærmingsstrevet enno berre var i emning, såg vakne målfolk kva som måtte koma; dei sa klårt ifrå - og vart utlædde. Og samstundes som dei vart utlædde, so vart dei ikkje berre sette utanfor, men dei vart fråtekne det skriftmålet som dei fann det umaken verdt å arbeida for, dei beste, mest dugande og mest offerviljuge slitarar som målrørsla åtte. Ikkje til å undrast på at mange gjekk seg trøytte og gleid inn i likesæla; sagt på ein annan måte: me fekk den passiviseringi som enno er merkande.</p>
 
<p>Til no hev eg ikkje nemnt den årsaki til bakslag som låg i sjølve tilnærmingsøsingi. Alt då tilnærmingsstrevet enno berre var i emning, såg vakne målfolk kva som måtte koma; dei sa klårt ifrå - og vart utlædde. Og samstundes som dei vart utlædde, so vart dei ikkje berre sette utanfor, men dei vart fråtekne det skriftmålet som dei fann det umaken verdt å arbeida for, dei beste, mest dugande og mest offerviljuge slitarar som målrørsla åtte. Ikkje til å undrast på at mange gjekk seg trøytte og gleid inn i likesæla; sagt på ein annan måte: me fekk den passiviseringi som enno er merkande.</p>

Siste versjonen frå 15. april 2020 kl. 12:16

FYREORD

Målformi i dette skriftet skil seg noko ut frå det eg elles oftast plar skriva. Litt hev det vel å gjera med målsynet til bokreidaren, men andre grunnar kjem vonleg fram i sjølve skriftet. Eg kjem vel ikkje til å leggja burt heilt og for godt dei skriftformene som eg gjenom skulen, nøydd og tvinga, hev vant meg til, men innanfor nynorsk skriftmål let det seg i dag godt gjera å vera dubbelspråkleg.

Dei som reknar seg heimehøyrande på bokmålssida hev atter knytt bandi til si språklege fortid, og dei er nokolunde nøgde, trur eg, med dagsens språklege stode og stemneleid. Det same kann snaudt med rette segjast på vår kant. Medan dei i bokheim, pressa og andre media dyrkar det tradisjonelle bokmålet - riksmålet - sterkare enn sume kanskje tykkjer naturleg skulde vera, so hev den tradisjonelle nynorsken - det klassiske norske landsmålet - i skrift nærast yvervintra rudimentært.

Språkleg utflating og einsretting for nynorsken er framleis tydeleg; med litt småflikking vert den store revideringi av nemndspråket skoti ut i endeløysa; sideformene lever eit skuggeliv; born som soknar til det tradisjonelle målet - serskilt i-målet - fær ikkje eingong tilleggslesnad med eigne former.

Ingen hadde vel venta at det etter 50 års offentleg bannlysing endå spann liv i tradisjonell nynorsk. Men merkeleg nok: Livskrafti er seigare i dette målet enn målreformistar drøymde um.

MÅLFORM OG FRAMTID

I slikt som eg elles hev skrive, er det jamnast nytta skrivereglar frå skulemålet, nær upp til den sokalla læreboknormalen som offentlege nemnder nåtla i hop, stundom å sjå til tolleg likesæle eller kanskje snarare blinde eller halvblinde for verdet i det vesle som hev funnest av heimleg tradisjon og tilvande skrivemåtar i den svært stutte nynorske skriftmålssoga.

Kva hev dei so gjort med det nynorske skriftmålet?

Når eg skriv dette målet slik du les det her og no, kjennest det for meg som avstanden snart er like stor millom denne målformi og dagsens vanlege skulenynorsk som millom den same skulenynorsken og eit rimeleg moderat bokmål. Snart like stor? Kanskje var det varsamt sagt.

Tek eg i miss?

Eg veit ikkje, men eg er redd sume som berre hev lært og i hovudsak berre les skulemålet, kjem til å tykkja at skriftmålet på desse sidone er so framandsleg at dei kanskje vil kalla det tungt. Dette hev ingenting å gjera med kva som er tungt eller ikkje tungt. Det hev berre med det å gjera at eit kjent skriftbilete alltid fell lettare for lesaren enn eit ukjent og uvant. Dette er ei gamal sanning. Og den som ikkje veit slikt før, uppdagar det når han eller ho for fyrste gong skal lesa sitt eige målføre bokstavrett attgjeve på prent.

Sume tykkjer det er grunn til ettertanke.

Skriftbiletet til andre mål fær gjerne festna seg og vert verna og stelt gjenom hundradår der vårt unge skriftmål må nøgja seg med tjugeår, ikkje alltid so mykje heller. Det andre riksmålet i landet held uppe sambandet med den manghundradårige soga si, og målet kann rosa seg av ein ubroten skriftleg vokster frå dansk seinmillomaldermål. Dei som brukar målet kjennest ved denne målvoksteren, naturleg nok; dei held opne sevjegangane til si språklege fortid. Atter tek bokmålsbrukarar til å nytta former som var rekna for avleggs so tidleg som på fyrste fjordeparten av 1900-talet. I skulen syner dei stor varsemd med å modernisera målet til diktarar som skreiv dansk eller norskdansk. Den norskdanske målsoga fær dei unge soleis nær inn på livet. Vyrdnad for diktaren og diktverket, heiter det, kanskje med rette.

Med vårt skriftmål og vår skriftmålssoga er det ikkje so fårleg, er det likt til. Ikkje alle bryr seg visst um sevjegangane til vår fortid, ei fortid som i røyndi er svært so nær. Å nei, jamvel klassiske salmar trur ein og annan seg rettkomen til å fikla med.

I si tid var det einkvan som tala um språkleg vandalisme. For oss hev eit slikt ord snaudt mist sitt grunnlag. Medan det andre skriftmålet syg næring av røter som strekkjer seg gjenom dei mange hundradåri, er vårt mål heller i ferd med å skjera av navlestrengen til ei fortid som berre ligg nokre få tiår undan.

I gamle dagar tala dei um noko merkeleg som dei kalla ordhegd og målkunst. I dag er slikt for fossilt å rekna.

Olav Duun lærde seg det - ordhegd og målkunst - av gamalt folk i heimbygdi. Mest lærde han av den aldrande kårkallen, han Andreas.

Den gongen kunde dei visst bruka storparten av eit liv til å betra sitt språklege handlag, og endå heldt dei seg knapt for fullføre. Vita brevis, ars longa, sa dei gamle romarane - livet er kort, og kunsten lang. Men i eit skrift som Noregs Mållag er med på å senda ut i 1984, les me at borni er målføreekspertar alt før dei tek til på skulen.

Jau, jau.

Er borni so mykje meir snarmogne enn før?

Eg tvilar.

No er det ikkje tanken å sparka serskilt etter Noregs Mållag. Ein glepp eller tvo hev vore i skotet ei tid, slikt må timast den beste, og det er ein kjend ting at ikkje alle skrivne ord bør takast strengt bokstaveleg. Noregs Mållag er i so måte ikkje verre enn mange andre, heller betre, og språkleg er laget langt ifrå einsretta eller eintydeleg.

Skal me missa målet vårt, spurde Arnulf Øverland for ein god mannsalder sidan. Innlysande nok tenkte Øverland på riksmålet. Øverlands åndelege ervingar hev seinare vunne godt fram, og dei treng slett ikkje ottast for at dei skal missa sitt mål fyrstundes. Me skal ikkje koma mykje inn på kvifor det gamalvorne riksmålet hev halde seg i live og tilmed hev vore i framgang eit halvt hundradår etter at samnorskkrossfararar i hopetal dømde det daudt og snart gravlagt, men eit par ord skal me ofra på dette hendelset.

«Noko av det merkelegaste som har hendt i norsk målsoge i heile vår nyare tid», skreiv Arne Bergsgård um saki i 1953.

Mangt godt må visseleg segjast um samnorskideologen Arne Bergsgård, han skreiv mykje verdfullt og skulde vera eit gjævt menneske. Men at samnorskideologar dømde rangt i det meste som hev med samnorsk å gjera, det ser alle i dag som vil sjå. Men dette fortel ingenting um den uventa seige livskrafti i riksmålet.

Årsaker finn me derimot truleg i den pengesterke og mektige riksmålspressa og i den indre samanhengskrafti i det alderdomlege målet - stivt og fargelaust, tykkjer mange - som vinn styrke nett ved sin alderdom. For same kor tilstivna og unorsk og herreklassemerkt dette målet, serleg i tradisjonell utgåve, ter seg i augo på nokre, hindrar det ikkje at andre, finn det umaken verdt å læra målet og bruka det. Ei onnor årsak er etter alt å døma at fleire enn venta er noko so bisneleg som glade i dette målet. No veit eg at kvasirasjonalistar blæs spottande til det dei svivyrdsleg kallar kjenslor, for med all sin kvasirasjonalisme hev dei enno ikkje uppdaga, alle, at kjenslor - som til dømes kjærleik til eit mål - kann vera ein svært røynleg og medreknande lut av livet. Um det ikkje var soleis, kunde me gjeva upp alt målstrev på flekken; samane kunde spara seg alt arbeid for sitt mål; islendingane kunde taka i bruk engelsk og færøyingane dansk.

Å nei, riksmålsfolk treng ikkje ottast.

Det er verre med oss.

I 1980/81 sette statsmaktene med Norsk Språkråd i brodden gjenom ei språkleg umskaping i tradisjonell leid for bokmål, ei umskaping mange målfolk rekna for ein språkleg baksmell. Etter den mislukka freistnaden med mekanisk tvangsblanding av dei tvo måli, var umskapingi kanskje rimeleg og forståeleg. Men um so er at det var rimeleg og kanskje påkravt for bokmålet å knyta i hop att dei avskorne språklege bandi, so er dette endå meir rimeleg og påkravt for vårt mål. Det er viktig for vårt måls framtid, meiner eg, at me held levande del tradisjonelle skriftmålsformene - framleis sprelske i målføri - som i vårt mål må reknast for klassiske. Språklege tradisjonar i nynorsk er ikkje mindre verde enn i bokmål. Vårt mål med treng at me held opne sevjegangane. Og kanskje er det ikkje lurt å blåsa av det indre samsvaret som openberrar seg i det klassiske landsmålet; kanskje er det ikkje eingong lurt å blåsa av venleiken i dette målet.

Og ein ting til. Sidan eg nett nemnde at dei tradisjonelle norske målmerki er sprelske i målføri, ligg det nær for meg å sjå litt nøgnare på mitt eige målføre. Og eg trur so sant at på mange måtar kjem mitt heimlege sunnmørsmål, vanylvsmålet, like godt til sin rett i den klassiske skriftmålsformi, mjuk og klangfull, som i dagsens vanlege skulenynorsk som etter språkbyråkratisk press held på å verta til skole nynorsk. Me segjer både «hev» og «so» og «myrk»; me hev ikkje reint a-mål, men skil i bøygningsverket millom linne og sterke hokjønnsord; me skil millom hokjønn og hankjønn i adjektivbøygningi; og i mitt målføre er d-en høyrande der dei i gamalnorsk skreiv stungen d.

På min kant av Vanylven segjer me derimot ikkje me, men vi. Når eg i dette skriftet likevel brukar me til personleg pronomen 1. person fleirtal, kjem det helst av di eg ein lang bolk budde i ei bygd der ordet «me» var like einerådande som det lenge var offentleg utestengt.

Samlar ikkje den klassiske nynorsken landet? Vinn ikkje eit slikt mål framtidi?

Kanskje ikkje.

Men desse spursmåli og dei innebygde svari - attergangande flosklar frå samnorskòta - er so gamle og uppterpa so ofte at dei nærast hev vorte til glatt ordfyll. Det kann vera grunn til å sjå aldri so lite på innhaldet bak talemåtane. For det fyrste, dei som jamnast spør med fasitsvaret på tunga, hev dømt rangt um «utviklingi» so lenge og tidt at knapt nokon meir bør rekna dei for pålitande spåmenn. Endåtil i spådomar som tyktest sjølvuppfyllande tok dei i miss. Fram for eitt norsk skriftmål denne ættleden, sa dei i 1930. Dei trudde at eit nynorsk skriftmål skulde samla landet. Snart tvo ættleder er umme, og korleis gjekk det?

Ja vel.

Kanskje samlar ikkje den klassiske nynorsken landet i framtidi; kanskje samlar ikkje nynorsken i det heile framtidslandet; kanskje gjer ikkje bokmålet det heller. Kanskje skal det mest ufolkelege riksmålet verta framtidsmålet, um eg nok tvilar på nett dét.

For det andre, kva meiner me med framtidi?

Hundrad år heretter, tvo hundrad år, tusund år, ti tusund år?

Nei, me veit lite um framtidi. Me veit lite um målet til etterkomarane våre; me fær lita oss med den tidi me kjenner.

Gjeld same lover for alt liv, stoffleg som åndeleg?

Kan det tenkjast at den differensiering som ser ut til å vera gagnleg og livsfremjande i biologien, skal bløma friskt med desentralisering og pluralisme på åndsplanet, slik at nye voksterbolkar kjem for dei små tungemåli?

Kven veit.

Det er slett ikkje påvist og prova at me, for det tridje, treng eitt samlingsmål i landet, og det stend ikkje skrive i stjernone at verdi skal verta ein monolitt med totalitarismen til grunnlov, heller ikkje i språkleg samanheng. Teikn i tidi peikar til motsett kant. Totalitær allmakt hev synt seg like fråstøytande i marxistisk skrud som i brunskjorte og kongskåpe.

Nye ættleder fær stella med sine skriftmål som dei vil, og det gjer dei nok, som vel er. Men endå kann dei ikkje lyfta seg etter håret og med eit akslekast heilt løysa seg frå den gode og den låke arven som dei tek imot, like lite som språkbyråkratiske vedtak på toppen kann knipsa vekk den målarven som vart vår lut.

Me gjer ei ring gjerning, ottast eg, um me er med på å slita av vår lekk i den språklege lekkja millom fortid og framtid. Dei rennande kjeldone må me prøva halda uppe, same kor småtiklande dei er. Me må ikkje - for å bruka moterett slang - framandgjera oss for den nynorske målformi som ber uppe viktige serdrag i vårt skriftmål og i våre målføre, den formi, litt tillempa, som er nytta her. Det krevst ingen stor spådomskunst for å hevda at di meir framande me gjer oss for del norske sermerki i målbygnad, stavematar og formverk, di snøggare styttest vegen for skriftmålet vårt mot skraphaugen. Desse sermerki var mykje godt einerådande i målet so lenge målet vann fram i landet, og trass i all undertrykkjing stend dei norske sermerki mest like sterkt i målføri i dag som for meir enn femti år sidan. Då rann morgonsoli for den tilskipnaden som kunde ha vorte - og kanskje vert - vårt skriftmåls røynlege banemann, eg tenkjer på det statlege og millom mange so illgjetne språknemndsystemet, eit namn som rett nok kom noko seinare.

Onnorleis sagt, me må prøva halda liv i våre skriftspråklege rottæger.

Dette er eit siktemål.

Eit måtehaldande og avgrensa siktemål?

Akk ja, altfor måtehaldande og avgrensa, meiner nok sume, ikkje minst i tider då ungdomleg truande hev stige fram i promillebrøksrørslor og kunngjort for allverdi at dei er folket og folkefleirtalet skinnberrleg, so no kann det same folkefleirtalet og folket berre akta seg! Godt. Det høyrer ungdom til å taka hardt i. Det er naturleg, forståeleg og tilgjeveleg. Men livsens lærdomar kann verta harde.

Det er mun i mindre enn å ropa seg ut til vikar for eit heilt folk. Og det er venteleg no som før rettast å halda seg so nær jordflata at du ser kvar du set foten. Kanskje er det i slikt fall von til å taka eit steg fram, um aldri so lite?

MOTORSYKKELGALNE MÅLDYRKARAR

Det er lite gagn i å ofra tåror på målsoga vår, den nye som den gamle. Like lite gang er det i å ofra tåror på målrørslesoga, same kor me måtte mislika sumt som der hev hendt. Men um det ikkje nyttar å gråta, er det nokre gonger nytteleg å sjå attum seg.

Den som vil læra av soga, må kjenna soga.

Eg er ikkje so gamal at eg hugsar det heite målordskiftet på den tidi då 1938-rettskrivingi var i emning. Men dette kann me lesa oss til. Og det som fell i augo, er at dei som stod fremst i striden for det tradisjonelle nynorske skriftmålet, vart skuva til sides til liks med meiningane sine og målet sitt. Dei heldt den framtvinga 1938-rettskrivingi for valdsferd mot nynorsk skriftmål og nynorsk måltradisjon.

Men dei var langt etter si tid, fekk dei høyra. Korkje dei eller målet deira var moderne nok. Men no skulde dei vekk, og snart kom det til å sjølvdauda. Det moderniserte målet skulde vinna landet.

Jau, jau.

Um eg ikkje hugsar målordskiftet frå 1930-åri, hugsar eg samanstøytane før me fekk den nye og atter framtvinga læreboknormalen i 1959. Dei som stridde for det tradisjonelle nynorske skriftmålet hadde merkeleg nok ikkje sjølvdauda. Men dei vart på ny skuva til sides saman med det dei stod for. Læreboknormalen rekna dei for ny valdsferd mot vårt skriftmål og våre måltradisjonar.

Men vedvarande fekk dei høyra at dei var etter si tid. Dei var nostalgiske fossil, må vita, korkje dei sjølve eller målet deira var moderne nok. No skulde dei atter vekk, og snart kom dei atter til å sjølvdauda. Det moderniserte målet skulde atter vinna landet.

Atter jau, jau.

Det dei gong på gong fekk slengt etter seg, desse målfolki som skulde ha vore sjølvdaude for mannsaldrar sidan, var at dei er so hjelpelaust framande for det dagnære og pulserande livet. Dei er so syrgjeleg interesserte berre i skrift og bøker.

Tenk det.

Tenk at dei som brukar tid og krefter og arbeid på det norske skriftmålet, er interesserte i skrift og bøker. Utruleg, ikkje sant? Jau, det må vera ei svidande skulding.

Og dei som greip til desse ordi - desse brennemerkjande skuldingane - dei som hev lurt og tvinga og hamra gjenom målbrigde etter målbrigde som mange meiner hev vore lagnadstunge for nynorsken, dei skulde ikkje vera interesserte i skrift og bøker, dei? Um dei ikkje var det, skulde og burde dei ha vore støytte langt undan alt som hev med skriftmålsnormering å gjera. Men um dei var og er interesserte i skrift og bøker - og so godt fær me tru um dei - so høyrer ordi berre heime millom alle dei usaklege og vill-leidande meiningsløysone - stundom verknadsfulle nok - som det finst so mange av i norsk målordskifte.

Aldri høyrde eg dei taka til motmæle som fekk den knusande setningi imot seg, at dei so hjelpelaust og i utakt med tidi interesserte seg for skrift og bøker. I det stille sanna dei vel si synd. Dei var interesserte i skrift og bøker, Gud hjelpe, dei skjemdest vel ikkje eingong av det, dei tok det for ein sjølvgjeven ting.

På bordet mitt hev eg liggjande eit nummer av bladet Austland, dagsett 28. juni 1961. I eit innlegg attgjeve i bladet - eit innlegg upphavleg halde på landsmøtet i Noregs Mållag i 1960 - tek Fridtjov Sørbø upp nett slike spursmål som er nemnde ovanfor. Me fær vita i innlegget at professorane Sigmund Skard og Olav Midttun tidlegare hev lasta det gamle styret i Noregs Mållag - i-målstyret - fordi styret og mållaget ikkje greidde halda på dei nynorske skulekrinsane, langt mindre vinna nye. Det gamle styret evna ikkje å få ungdomen med seg, for styret var bak si tid, stakkar, sa professorane. Det var ikkje rart at ungdomen skydde alt som hadde med eit so umoderne styre å gjera, for ungdomen var meir interessert i å køyra motorsykkel.

Ja, det umoderne styret vart kasta. Og me veit korleis det sidan gjekk. Den store umsnunaden kom ikkje. Nynorskprosenten i grunnskulen syner det motsette:

<p><p> <p><p> <p><p> <p> <p> <p><p> <p><p> <p><p> <p> <p> <p><p> <p><p> <p><p> <p> <p> <p><p> <p><p> <p><p> <p> <p> <p><p> <p><p> <p><p> <p> </table> <p>Det må leggjast til at nedgangen nådde botnen i 1978, ser det ut for. I 1978 var nynorskprosenten 16,4, og sidan hev ikkje nynorsken havt attendegang. I 1983 var nynorskprosenten 16,6. Sameleis gjer me rett i å hugsa at atterslagi - som halverte prosenten for nynorsk hovudmål i grunnskulen - hadde meir enn ei årsak. Sitt gjorde den hovudlause sentraliseringi med skulenedleggjingar i hopetal, ein giganttomani, framdriven frå toppen, blind for folkevilje og språlege rettsferdsumsyn. Til sentraliseringi høyrde folkeflyttingi frå bygdene, like eins framdrivi frå toppen. Ein annan ting, sjeldan nemnd, er arven frå krigstidi. NS-styresmaktene studde ope bokmålet, ein skikk statsmaktene etter krigen ikkje brydde seg med å leggja um, slett ikkje bøta på. Mykje meir lyt dragast inn, til dømes vanrøkta morsmålsupplæring, lærebokskort og skort på nynorsk presse i dei nye skulemålsstroki, men ingi tenkjeleg årsak av dei nemnde er reint eintydig. Nedgangen tok til lenge før sentraliseringsbylgja sette inn. Lærebokskort og vanrøkta morsmålsupplæring var ikkje noko nytt. Og nynorsk lokalpresse stod på den tidi heller ikkje allstad sterkt i nynorske kjernestrok. Det er seinare denne pressa mange stader hev vakse so eventyrleg. (Ikkje alle stader, dessverre. Øvre Gudbrandsdalen er i so måte med sine rotfriske målføre framleis nærast vaktlaust land.)

Til no hev eg ikkje nemnt den årsaki til bakslag som låg i sjølve tilnærmingsøsingi. Alt då tilnærmingsstrevet enno berre var i emning, såg vakne målfolk kva som måtte koma; dei sa klårt ifrå - og vart utlædde. Og samstundes som dei vart utlædde, so vart dei ikkje berre sette utanfor, men dei vart fråtekne det skriftmålet som dei fann det umaken verdt å arbeida for, dei beste, mest dugande og mest offerviljuge slitarar som målrørsla åtte. Ikkje til å undrast på at mange gjekk seg trøytte og gleid inn i likesæla; sagt på ein annan måte: me fekk den passiviseringi som enno er merkande.

Kom eg burt frå temaet? Eg trur ikkje det. Um grunnane i sumt er uklåre til at det i lang tid rauk att og bak for målrørsla, so er det derimot klårt at skuldi for denne misèren slett ikkje kann leggjast på våre dagframande og nostalgiske fossil, i-målsfolket og vestmennene, som utan sans for motorsykkelkøyring drøymde seg vekk i utidig interesse for skrift og bøker.

Nei, dei som siste halve hundradåret hev bore utnamn som fossil og nostalgikarar, hev ikkje streka upp målpolitikken. Andsvaret må søkjast hjå dei som drog upp den målpolitikken som førde til atterslagi, hjå dei som trudde seg i pakt med «utviklingi» og ofte med stort bulder la fram sin «ideologi», stundom meir slagordmerkt enn gjenomtenkt.

For er det nokon motsetnad millom å skriva tradisjonell nynorsk og å køyra motorsykkel? Må det ikkje finnast ein botnsvikt i ei tankeføring som i det heile er i stand til å dikta upp snevet av samanheng millom so avgrunnsskilde ting? Er det ikkje som å påstå at bønder skriv nynorsk alternativt bokmål av di dei køyrer traktor?

Kanskje er eg ikkje heilt rettvis mot professorane som førde ordet på mållagslandsmøtet i 1960. Kanskje hev professorordi havt avbrigde og tolkingsmun som ikkje kjem fram i den prenta andrehands attgjevingi. Lat gå. Men i vårt bilete gjer det ingenting frå eller til. Me ser tydeleg kven professorane skræmer med, tankegangen er meir enn velkjend, um det her ikkje er meiningi - eller meining i - å taka upp til refsing utsegner som fall for so lenge sidan.

1960?

Dette året høyrer soga til, ein mannsalder att i tidi som det alt ligg. Slik tenkt er det uviktig kva professorane Midttun og Skard sa, endå meir sidan deira døme dertil berre er slumpesame døme - og deira ord er truleg ikkje verste dømi - på usaklege munnskvulp som so talrikt fylgde den øsingbylgja dei nemnde professorane var med på å driva fram, rett nok i beste meining. Usaklege utfall og lettbeinte taleknep er det kanskje råd å finna på alle kantar for den som leitar. Men same um Skard og Midttun hev gjort mykje godt elles og er aldri so gjæve menneske, kann det ikkje nektast at deira namn var knytt til den målpolitikken som rådde romet eit halvsekel eller meir, og som førde til ei endelykt noko so nær motsett av den påventa.

Fortidi kann ikkje brigdast, det er so. Og det er lite gagn i å brøyta snøen som fall i fjor. Men saki vert onnorleis so lenge fjorsnøen enno ligg att.

Motorsykkelkøyring?

Eg hev aldri havt den store sansen for nett motorsykkelkøyring, det må straks medgjevast. Og i 1960 då ordi deira etter attgjevingi i Austland fall på mållagsmøtet, var eg reine ungdomen i samanlikning. Og ungdomen? Ja, ungdomen finn på so mangt, for det er gjerne ungdomen som finn på noko, um det ikkje dermed er sagt at alt ungdomen finn på er like bra. Men det må vera til hovudbrot for aldrande målreformistar - etter eige syn alltid i pakt med si tid motsett dei tradisjonsvenlege attergløymone - det måtte vera til usturteleg hovudbrot for nett dei å sjå at nett ungdomen mange år etter landsmøtet i 1960 lyfte kravet um nynorsken til einaste riksmål i landet. Kva denne ungdomsflokken elles måtte meina um stat og styringsverk, fær vera ei sak for seg, men snaudt um ungdomsflokken i so måte var einsarta, vil eg vona. Sameleis fær det vera ei sak for seg at kravet ikkje nett hadde dagnær tilknyting; det skein som eit lokkande ynskjemål langt inne i ei ventande framtid, eit ideal som folket ein gong kunde samla seg um. Meir låg det ikkje i slagordet, venteleg, og dette sagt til trøyst for alle sutfulle målfolk som straks ottast ille for fridomen til våre bokmålsbrukande syskin. Huff ja, ungdomen skal no alltid ha so blanke ideal, Men er ikkje ideali blanke, vil ikkje ungdomen alltid samlast um del heller. Ein like stor tankekross for våre kjære målreformistar måtte det vera at same ungdomen som heldt upp det rotveltande slagordet, søkte attende til kjeldone - ad fontes, som del visst skal ha sagt i renessansetidi - for å finna ut kva som var godt norsk mål. Interessa for Ivar Aasen fekk ei nyvakning som til no ikkje hev fjøra ut.

Kor mange av dei rotveltande målungdomane som køyrde motorsykkel, er ikkje oppskrive. Men truleg var det ein slump. Og ein av dei svært få motorsyklande målstudentane eg hugsar frå eigne studiedagar - det er lenge sidan - heldt dessutan både på den klassiske nynorsken og i-målet.

GRANNEFOLKETS MÅL

Sume hevdar stundom at dei offisielle skriftmåli våre i dag ligg so nær kvarandre at det er uturvande å driva sidemålsupplæring. Andre hevda for nokre år sidan at det var for stor ulikskap i skrivemåte og formverk millom måli, det førde i utrengsmål til uturvande vanskar for nett sidemålsupplæringi.

Til lags åt alle -.

Kanskje er det noko i båe ankepunkti?

Det er lite nytteleg å halda uppe meiningslause skilje millom dei i namnet jamstelte skriftmåli. So langt er det råd å finna vislege grunnar for tilnærming. Men når tilnærmingi vert drivi dit at ho vekkjer tanken um å avskipa heile skriftmålet vårt, må eitkvart etter alle solemerke vera gale. Ein nynorsk på fårleg veg er det som opnar seg mot bokmålet og samstundes stengjer seg av mot dei beste norske målføri. Ei revidering trengst som atter knyter bandet fastare både til eigen skrifttradisjon og til dei målføri som i vår samanheng er best.

Til rettleiding for dei som no ristar på hovudet: Med dei «beste» norske målføri er meint dei norske målføri som i den lange kolonitidi vart minst skipla av dansk, og som i bøygningsverk og formverk best hev halde på hopehavet med millomnorsk og gamalnorsk.

No er det ikkje dette spursmålet som skal takast upp her. Me skal sjå litt på grunntanken bak ankemåli nemnde i innleidingsavsnittet. Den grunntanken fortel i røyndi at me ikkje treng båe skriftmåli våre. Me er eit lite folk, det er ikkje grunnlag for å halda uppe båe måli, me treng berre det eine, bokmål.

Ja, det er det som er meint. Nynorsken skal vekk, me hev nok med bokmål.

Er det noko i dette?

Er det burt i natti å halda uppe vårt eige mål?

Til jamføring med vår eigi målstode skal me sjå på nokre av grannemåli, dei minste av dei.

Fyrst eit par ord um målstoda i Suomi/Finland.

Endå um målsoga i dette grannelandet ikkje er reint ulik vår eigi, er måltilhøvi i Finland i dag umsnudde samanlikna med Noreg. Under svenskeveldet var svensk herremålet i landet, like rådrikt som dansk mål i Noreg i dansketidi. Dette mishøvet hev finnane longe bøtt på, og i dag hev finsk mål allstad fyrsteretten, som rimeleg må vera. Folk i dei svenskspråklege landslutene fær upplæring på sitt morsmål, og her er det verdt å hugsa at um dei svensktalande i Finland er ei mindretalsgruppe (under 10 % etter ein statistikk som ikkje er heilt ny), so høyrer dei svensktalande i ein vidare samanheng til den sterkaste språkgruppa i Norderlandi. Soleis er det ingen fåre for deira tungemål. Norskmålsfolk her i landet er i ei heilt onnor stode, men ser me på folketalet i desse målkløyvde landi, er nynorskfolket mykje sterkare i Noreg enn dei svensktalande i Finland.

Men kanskje er det meir nærliggjande for målfolk i Noreg å samanlikna arbeidet for sitt mål med arbeidet for finsk mål i vårt finske granneland. For det er nok der den røynlege skyldskapen ligg både i grunnlag og framveg - i reisingi av eit nedtrengt folkemål mot eit inntrengjande herremål. På ein måte hev våre finske sysken havt det lettare enn norske målfolk; med den store ulikskapen millom svensk og finsk hev det vore mykje verre for herremålet å tæra på motstandskrafti i folkemålet innanfrå.

Me vender augo mot Norskehavet. Langt ute i vest ligg Island.

Kanskje kann me undrast på kvifor islendingane greidde taka so vel vare på sitt mål under danskeveldet, medan nordmennene greidde det so dårleg. Historikarar hev, må henda, meir å fortelja um dette, men eit par ting er lettsynlege. Fråstanden må ha gjort sitt, det ligg upp i dagen. Fordi det millom Danmark og Noreg var nær å kalla for ein helgedagstur jamført med den lange havferdi millom Danmark og Island. Dermed fylgjer at dei kongelege tenarane på Island ikkje makta halda uppe so nært eit samband som hjå oss med adelsfrendane og kongehuset og kanselliet i Danmark.</p>

So er det reformasjonen.

Då danskekongen dreiv igjenom reformasjonen, auka han samstundes makti og rikdomen til kongehuset, og han styrkte det danske grepet på grannelandi. Både i Noreg og på Island var den katolske kyrkja den siste og sterkaste sjølvstendekrafti, og me kjem lett i hug at rolla til den katolske kyrkja i dagsens Polen soleis ikkje er noko reint sersyn i den katolske soga. Men dette er ei onnor sak. Som me veit, reiv danskane ned Kristkyrkja på Holmen i Bjørgvin, sletta ut dei gamle kongsgravene, og førde kyrkjesteinen til Danmark. Biskop Olav i Bjørgvin gjorde fåfengt motstand, flydde sistpå til Voss, der bøndene tok vel imot han; men han døydde snart, sjuk og avmektig. Siste freistnaden fekk erkebispen i Nidaros æra for, Olav Engelbrektsson. Han såg kva veg det bar, budde seg til strid, bygde Steinvikholem um til ei festning, gjorde regelrett uppreist. Men som me veit, Olav Engelbrektsson vart slegen og måtte røma til utlandet, og han med døydde snart (i 1538).

Lagnaden til den islendske bispen Jón Arason vart ikkje betre. Dei halshogg han saman med dei tvo sønene hans i 1550, dei danske kongelege tenarane og hjelpesmennene deira.

Men same um den danske kongen vann fram med reformasjonsgjerningi og rana til seg store kyrkjelege eigedomar både i Noreg og på Island, so vart fylgjone ulike i desse landi. Reformasjonen vart oftast for andre folk ei språkleg frigjering, og soleis gjekk det på Island. Islendingane fekk si eige bibelumsetjing i 1584, men alt i 1540 kom fyrste utgåva av Det nye testamentet, sameleis som det snart kom andre grunnleggjande kyrkjelege skrifter på heimemålet. So tidleg som i 1530-åri fekk Island sitt eige prenteverk takk vere nett nemnde biskop Jón Arason, ein lærd mann med vidfemnande interessor, kunnig i mangt og noko av ein diktar.

Den islendske utgåva av Det nye testamente i 1540, var den fyrste boki prenta på islendsk mål. Til samanlikning er det verdt å vita at den fyrste danske utgåva kom i 1529, den fyrste svenske i 1526.

I Noreg gjekk det onnorleis. Her vart ikkje reformasjonen den upprikingskjelda for folkemålet som i andre land. Tvert um. Me fekk danske biblar i staden for norske, og andre kyrkjelege skrifter vart sameleis på dansk. Ja, det skulde gå 400 år før Bibelen kom på norsk, og i vårt land vart reformasjonen den sterke avnorskingskrafti som kunde stadfesta for folk heime og ute at landet var ein «dansk provins».

Desse grunnleggjande brotstykki i norsk og islendsk målsoge kjenner nok flestalle lesarar godt til frå før. Me treng ikkje brodera dei ut meir. Men kor vektuge er dei for målstoda i vårt land? Ja, dei høyrer i minste med i eit samansett årsaksbilete, og sume meiner dei veg tungt.

Det er til liti hjelp i å klaga på etterskot av di soga vart som ho vart. Um me kann læra av soga, er ein annan ting.

Attende til Island.

Island vart verande eit målsamla land, medan Noreg vart målkløyvt. Men når folketalet bak det islendske målet i dag er kring 250 000, so er folketalet bak det nynorske skriftmålet ikkje langt frå fire gonger større, rundt rekna. Og tenkjer me på målføregrunnlaget bak nynorsken, talemålet, so kjem me til eit folketal som er mykje, mykje høgre.

So skal me sjå på Færøyane.

Vegen frå København er tydeleg stuttare til Færøyane enn til Island, og det færøyske språksamfunnet er knapt femteparten so stort som det islendske. Difor er det kanskje ikkje meir enn ventande at dansk språkpåverknad er større på Færøyane enn på Island.

Men jamvel um dansk vart skriftmål, kyrkjemål, rettsmål og styringsmål på Færøyane frå 1500-talet, so hev færøyingane makta å halda uppe sitt heimemål. Ikkje minst siste åri hev færøymålet vore framgangsrikt i skule, pressa og bokheim. Frå 1984 hev Føroyar med sitt vesle folketal jamvel eige fjernsyn.

V. U. Hammershaimb (1819-1909), samtidig med Ivar Aasen, er rekna for far til det færøyske skriftmålet, og i hovudsak hev færøyfolket halde seg til målet slik Hammershaimb sette det upp. Det etymologiserande Hammershaimb målet ligg meir enn Aasen-målet i farleidi til den norske skriftformi som P.A. Munch helst tenkte seg og ynskte. Skriftmålet hev større likskap med gamalnorsk og islendsk enn talemålet på Færøyane, og i sumt er skriftformi rekna for gamalvori.

Målgranskaren Jakob Jakobsen freista kring hundradårsskiftet med meir ljodrett skrivemåte, men dette utløyste strid og førde ikkje fram. Færøyfolket tykte betre um den etymologiserande skrivematen til Hammershaimb, og denne skrivemåten synte sterkast livskraft. Færøyingane bur på mange øyar med heller ulike målføre, og etter det kunnige folk meiner, femner Hammershaimb-målet betre um alle målføri enn eit skriftmål hadde gjort som nok kunde vera meir ljodrett etter eitt eller nokre fåe av målføri.

Me kjenner oss soleis halvt att frå vårt heimlege ordskifte, der motesvingningar, filologisk eksperimentering og politisk tusenkunst slett ikkje alltid hev vore like gjenomtenkt eller gjort vårt mål lettare. Færøyingane stend derimot samla um sitt eine skriftmål, like gamalt som det upphavlege Aasen-målet.

Kva me kann læra av måltilhøve på Færøyane og Island, er det grunn til å tenkja nøgnare igjenom enn me skal gjera nett her. Det som ligg upp i dagen, er kor stort - eller rettare sagt lite folketal som røynleg trengst til å halda uppe blømande presse, radio og fjernsyn. Når den politiske viljen fyrst finst.

Målsamfundi til islendigane og færøyingane ligg for seg sjølve, etter måten vandt tilkomelege, umgrensa av havet. No skal me stogga ved tungemålet til eit folk som ikkje hev havet til grensevern.</i> <p>Eg meiner samane og målet til samane, samisk.

Det samiske folket bur spreidt i fire land, Noreg, Sverige, Finland og Sovjetsamveldet. Mest talrike er samane i Noreg, og her finn me tvo samiske målgreiner, nordsamisk og sørsamisk. Skilnaden på nordsamisk og sørsamisk skal vera like stor som på norsk og tysk, og um desse målgreinene snarare skal reknast for tvo mål enn for tvo målføre, svarar ikkje dei lærde heilt eintydeleg på. Kor som er, ein nordsame og ein sørsame skynar ikkje kvarandre dersom dei båe, kvar for seg, held seg til eige morsmål.

Gjeng me til grannelandi, finn me fleire samiske målføre, stundom kalla med samlenamnet austsamisk: kolasamisk, enaresamisk, skoltesamisk og lulesamisk (det siste i Lule Lappland). Målskilnaden er størst millom måli kring endepunkti for samisk busetnad i nord og sør, det vil segja millom nordsamisk og sørsamisk. I Sverige er det uppgjeve eit tal på 10 000 - 15 000 samar; i Finland noko mindre; i Sovjetsamveldet nokre få tusund.

Lat oss sjå nøgnare på samisk busetnad i Noreg. Den nordsamiske busetnaden strekkjer seg frå Finnmark, gjenom Troms, og til og med Ofoten i Nordland. Samar lenger sør - i Nordland sør for Ofoten, i Trøndelags fylki og Hedmark - høyrer til sørsamane. Taluppgåvor for samane sprikjer i grannelandi, og det same gjer taluppgåvone i vårt land. Grovt rekna er det vel forsvarleg å setja på papiret at etter dei vanlege uppgåvone soknar kring 40 000 - 50 000 menneske til nordsamane, til sørsamane soknar kring tiandeparten eller noko meir.

Desse tali må berre verta tilnærma rette, men i alle høve er samane etter ålmenn reknemåte ei svært lid folkegrein. Dertil er busetnaden spreidd i storsamfunn der andre folk med ein annan kultur hev vore og er rådande. Og endå hev ikkje samisk mål og kultur vorte reint burte.

Det hev vore vanleg å rekna samisk til den finsk ugriske målgruppa, og sakkunna kann syna til mangt som er sams eller tolleg likt i samisk, finsk og ungarsk. No er det likevel dei som meiner at det kann vera tale um ein andrehands påverknad, og at dei samiske måli/målføri ættar frå eit ursamisk som i slikt fall ikkje treng stå i beinveges skyldskap til noko anna kjent mål. Ei rad ord og ordgruppor skal kunna tyda på det. Dette fær vera som det vil. I vår samanheng gjer det ikkje frå eller til.

Diskriminering er eit ord som i våre dagar er mykje bruka, og som me syrgjeleg nok framleis treng. Offentlege styresmakter i vårt land hev ikkje berre diskriminert norsk mål gjenom tidene, men diskrimineringi av samisk hev vore grovare. Medan norske elevar hev fått plukka av seg sitt utlædde norske måltilfang frå kateteret inne i skuletimane - det hender visst den dag i dag - so hev sameborn til heller nyleg havt forbod mot i det heile å tala sitt morsmål på skulen.

Diskrimineringi av samane hev ikkje berre vendt seg mot samisk mål og kultur, men hev havt økonomisk brodd mot samisk næringsdrift. Til tider hev rasismen vore lettsynleg. Det kann godt vera at J.A. Friis hadde godhug for samane, og den kjende boki «Lajla» var for si tid kanskje vidsynt og romsleg. J.A. Friis er rekna for den fyrste som granska samisk vitskapleg her i landet, og «Lajla», utsend i 1881, hev kome i mange upplag, vert umsett til nynorsk, er filma og hev vore svært so i vinden, romantiserande som boki er. Men den som i dag les boki, kann vanskeleg fri seg heilt frå den rasistiske usmaken - som sant nok ikkje er sterk.

Fjernsynsserien som vart laga etter Hamsuns «Benoni og Rosa» hadde tvilsame innslag, og det er ikkje vanskeleg å forstå at det hev falle hogg mot regien. So seint som i 1970 kann politikaren Hans Rønbeck kunngjera sitt stuttsyn med å snu saki på hovudet og venda våpni mot det samiske urfolket:

«Med apartheidpolitikk forstår jeg at en eller flere grupper har rettigheter som andre ikke har. Og det er en slik politikk sameaktivistene vil gjennomføre».

Slik talar makti til alle tider, med å leggja skuldi på den maktlause.

Og ein annan stad skriv den same Rønbeck:

“Det jeg driver er en økonomisk politikk. Vårt land vil kanskje bli et kulturelt fattigere land når den samiske kultur forsvinner, men ingen kan leve av kultur”.

Slike synsmåtar, mildt sagt hårreisande, hev denne politikaren snaudt vore åleine um, endå andre kanskje hev vakta seg betre for å setja dei på prent. I den norske målstriden hev eg visst ikkje råka noko liknande, ikkje eingong i verste basketaki, men det må leggjast til at eg ikkje hev lese alt som der er skrive. Og ordi um den økonomiske politikken? Jau, dei minner um den økonomiske bokhaldarreknemåten som sume stundom finn det tenleg å leggja på målreisingi.

Same um tregskapen og blindskapen millom norske politikarar stundom ikkje tykkjest mindre enn i rettsstell og på embetsplan, er den aukande pågangsviljen til samane like tydeleg som landevinningane. I den norske ålmenta ser me og eit umslag, med aukande sans for samiske tilhøve, tankar og krav.

Attende til samisk mål.

Sameborn fær nokor upplæring i sitt mål på skulen no, etter ein seig strid som me - kanskje noko lettvint - kann segja tok til då unionen med Sverige vart uppløyst. I unionstidi kunde sameborn søkja skulegang i Sverige som den gongen hadde større sans for samisk mål og kultur enn norske styresmakter. Etter unionsuppløysingi kom det forbod mot slik skulegang.

Kor velskipa grunnskuleupplæringi i samisk er i dag, skal eg ikkje ha sagt noko visst um sidan eg kjenner for lite til spursmålet. Mange hev hevda, veit me, at upplæringi i samisk morsmål burde vera betre. Det hev skorta på samiske lærebøker, og ikkje mindre hev det skorta på samiskkunnige lærarar. Og timetalet i samisk burde vera større.

Ja, ingen med aldri so lite kjennskap til norsk målreisingsarbeid er vel i tvil um at slike ankemål er rettkomne. Morsmålsupplæring hev aldri vore so høgt verdsett i vårt land som andre stader. Men når det er sagt, må det ikkje stikkast for glugg at samisk mål og kultur i dag vekkjer ei forvitne som mange knapt drøymde um berre for fåe år sidan. Både nordsamane og sørsamane hev eigne skular - sørsamane i Hattfjelldal og Snåsa. Bøker kjem på båe mål som er i framgang, kvar på sin kant.

Eg finn grunn til å skriva upp att folketalet i dei samiske målsamfunni her til lands:

Nordsamar kring 40 000 - 50 000.

Sørsamar tiandeaparten av dette, eller noko meir.

Og med dette folketalet vinn dei fram.

Eit under?

Å nei, for dei små målsamfunni rundt oss og millom oss krevst det fyrst og fremst arbeidsvilje og atter arbeidsvilje. Og eit visst minstemål av tru på det rettkomne i eigi sak. Både denne arbeidsviljen og dette minstemålet av tru hev etter alt å døma samane, eller nokre av dei.

Men brukar me deira meterband på den norske målreisingi, er mål rørsla i ei privilegert stoda, svært privilegert. Ja, mælt med deira mæleband skulde det heller ikkje vera meningslaust å arbeida for den klassiske landsmålnormi med fritt rom for i-formene.

Dei som heilt eller halvt og i vid meining soknar til i-målet, er truleg meir enn ti gonger so mange som nordsamane. Til i-målet i noko trongare meining skulde etter ei grov utrekning kanskje sokna 300 000 - 400 000 menneske. Sjølve desse tali skal likevel ikkje gjerast til nokor hovudsak, dei er ikkje nøgje ettersedde, men skulde vera nøgne nok til jamføring.

Kanskje vil målsoga til våre grannar og nære frendefolk syna oss at me er sterkare enn sume trur.

SAMANHENG

For ei tid sidan las eg ei vidfemnande bok um soga til jødefolket, ei kjend bok, skrivi av den likeso kjende israelaren Abba Eban. Um lesnaden av denne boki kann føra tankane i so mange leider, skal eg nøgja meg med å stogga litt ved det som er sagt um det gamle tungemålet til jødane, hebraisk.

Hebraisk høyrer til den semittiske målslekti, og etter tidsrekningi skil dei målet i bibelhebraisk, misjnahebraisk, milomalderhebraisk og moderne hebraisk.

Bibelhebraisk hev kjende røter meir enn 3000 år att i tidi, og det er i denne målformi storparten av Det gamle testamente er skriven. Misjnahebraisk er frå dei fyrste hundradåri etter Kristi fødsel. Ordet misjna tyder uppattaking, og på misjnahebraisk skreiv dei upp gamle lovtekster etter munnleg tradisjon. Talmud som er ei viktig bok for jødefolket, kom på misjnahebraisk. Kva som ligg i ordi millomalderhebraisk og moderne hebraisk segjer seg sjølv.

Lenge før vårt hundradår kom, fanst ikkje noko hebraisk talemål. Hebraisk hadde vorte eit litteraturmål, og den munnlege bruken av hebraisk var avgrensa til høgtlesing, ofte i synagogane der jødar las frå dei gamle skriftene. Det boklege målet, millomalderhebraisk, hadde jamt vorte meir ueinsarta og kunstig. Elles tala jødane målet i det landet dei budde i, um dei då ikkje bruka blandingsmålet jiddisch. Ordet hev tysk upphav (jüdisch) og vert stundom umsett med jødetysk. Men målet hev vorte bruka langt utanfor Tyskland, i Aust-Europa, Amerika og Afrika.

Den jødiske kulturen tok til å bløma att. Og då Israel vart ein jødisk stat, melde spursrnålet um mål seg. Dei valde å gjera bibelhebraisk til grunnlag for moderne hebraisk, nasjonalmålet til jødane og det offisielle målet i Israel. Jamvel um det eldgamle målet var utdøytt munnleg slik det nett er nemnt, er det likt til at den språklege rådgjerdi hev vore vellukka. Israelarane slær ring um målet sitt som er i vokster og framgang.

So langt um hebraisk.

Eitt anna gamalt tungemål er arabisk, det med ein kvist på den semittiske målgreini. Det er vanleg å skilja millom sørarabisk og nordarabisk. <p>Sørarabisk som gav upphav til etiopisk, lever berre få stader att i talemålet i dag. I annan samanheng kan sørarabisk vera viktig nok, men me held oss her einast til nordarabisk, oftast kalla berre arabisk.

Arabisk nyttar dei i Arabia, Egypt, Irak, Syria og Marokko. Sameleis er det målet til palestinarane. I skular kringum i andre muslimland gjev dei upplæring i dette målet som me gjerne kunde kalla høgarabisk, eit mål som hev greidt seg gjenom uppgangstider og nedgangstider, og som trass i sin alderdom framleis er levande. Med byrgskap fortel muslimar at folk i dag kann lesa og skyna Mohammads bodskap slik profeten sjølv skreiv. Mohammad levde frå år 570 til år 632 etter Kristus, og ingen treng tvila på at det ligg ein uvanleg styrke både for mål og på onnor vis i denne skriftspråklege einskapen som knyter saman tusundåri.

Like liten grunn er det til å tvila på at ymsande målføre med millom anna geografisk avvik hev skift gjenom tidene for arabisk som for andre mål, målavbrigde hev funnest og finst. Men hadde arabarane ått den same språklege styrken og upplevt den same einskapen, uskipla av lange tidbolkar, dersom dei brigda skriftmålet um ikkje kvart tjugeår, so kvart eller annakvart hundradår? Hadde Koranen vore lesande på grunnmålet i dag?

Eg kann ikkje tru det.

No skal me som snarast sjå på eit språksamfunn som ligg oss nærare enn Israel og Arabia.

Frankrike.

Me skal halda oss til fransk, og i dette høvet dreg me ikkje inn at fransk hev spela den sterke underkuvingsrolla mot veikare og i nokre tilfelle eldre tungemål i Frankrike, ein velkjend ting som ikkje skal segjast noko godt um. Etter lange tiders forbod og utestengsla er det fyrst heller nyleg at dei i Frankrike fekk lov til å gjeva upplæring i millom anna bretonsk og provencalsk i vanlege skular.

Men so var det fransken. Etter det uppslagsverk fortel, festna nyfransken seg for kring eit halvt tusundår sidan strukturelt og grammatisk, i ord leggjingsvanar og stavemåtar. Og på lag soleis hev målet halde seg. Tru um fransk hadde vorte eit so finstilt instrument for tankar og kjenslor dersom dei ikkje let skriftmålet vera i fred, men skipla det ustanseleg etter tilfellelege politikarars påfunn og godtykkje, eller gjorde det til kasteball i filologistars like ustanselege leik?

Ein nordmann - og endå meir ein målmann - må vel falla i undringsfylt age for den veldige språklege samanhengskrafti i måli som er nemnde, vane som me no ei tid hev vorte med at det vesle som lagar seg av samanhengskraft i vårt skriftmål, helst skal tynast noko nær på fostersteget.

Men me treng ikkje fara so langt som til Frankrike heller, um me leitar etter ubrotne skriftspråklege band som strekkjer seg frå ættled til ættled attende mot upphavstidi for den skrivne soga. Islendingane les Snorre på grunnmålet. Hjå oss er det derimot sume som jamleg vil ha den mykje godt rudimentære upplæringi i gamalnorsk ut or all vidaregåande skule, kanskje eit rimeleg ynskjemål i eit land som kostar kortare upplæringstid på tvo morsmål enn grannelandi kostar på eitt, og der folk rett som det er ikkje berre spring til avisone og briskar seg av si språklege vankunna, men der avisone attpåtil øydslar prentesverte på denne dårskapen. <p>Spyrja um samanheng?

Å nei, slikt er knappast på moten, heilt visst var det ikkje på moten so lenge det her i garden krydde med meiningsskaparar - ofte på høg kontrollplass - som saug kunstig næring av noko som likna dei minkande restane av ein forloren marxomani, like grunnbotna som flat. Der heiter det at du skal skjera laust det gamle, knusa fortidi og byrja ved det absolutte nullpunkt.

Ja, ja. Forloren marxomani eller ei. Den grunnbotna og flate tankegangen trivst i so mangt eit selskap.

Men ingen løyser seg frå si fortid, slett ikkje den norske målstoda. Og um sume meiner slikt er høveleg til å gapflira av, finst det nokre hjå oss med som hev tala um «tusundårslina i vår målsoga».

EIN BUMERANG

Eg veit ikkje talet på alle gonger eg hev høyrt og lese svivyrdslege ord um det so ufræge og avaldra og avbaklege og skadelege me-hev-fenge-soli-målet, millom reformistane i lang tid rekna nærast for eit umgrep på alt som var åfått og låtteleg og reide for bosdungen i norsk skriftmål, eit knusande skjellsord.

Umgrepet dekkjer meir enn sjølve dei attgj evne ordi - me-hev-fenge-soli. Um desse ordi og ordformene - me hev fenge soli - hev aldri so lang heimstadrett i landet, og um dei framleis er livs levande i mange og svært vidfemnande målføre, so vart dei vraka. Ikkje av di ordi og ordformene ikkje skulde vera godt nok norsk folkemål - for det var dei, og det er dei - men av di dei braut for mykje med den norskdanske tradisjonen. Og so fekk me tuta øyre fulle um at dei som bruka ordi og formene var uhjelpeleg gamaldagse, dei høyrde heime i avdalane og utgrendene, det lukta fjøs av dei; dei og målet deira var roti til alt vondt for det norske skriftmålet og målreisingi.

Kanskje hev desse klagemåli tagna noko no.

Men langt på veg hev målreformistane våre vunne fram.

Me-hev-fenge-soli-målet fekk dei mykje godt utrudt og bannlyst i skrift. Sjølve sessa dei seg trygt i alle riksens språklege vakttårn, der dei i skule, stat, styringsverk og stykkevis bokheim med sin offisielle antipurisme innbite kunde driva nett purisme. Vel å merka purisme med motsett forteikn. Dei kunde reinska målet for slikt sernorsk folkemålsslagg som til dømes me-hev-fenge-soli.

Med so gjort skulde dei vinna målstriden.

No veit alle korleis det gjekk. Den påventa framgangen for vårt mål kom ikkje, sigersvissa synte seg å byggja på ei synkverving, draumen um det lova landet vart til ein bleiknande draum. Derimot kom atterslagi. Den store framgangsvoni hev meir av hildringi i seg i dag enn for femti år sidan.

Men reformistane hev flytt grensone.

Fåe talar i dag kanskje um-me-hev-fenge-soli-målet. I dag er det andre ord og former som hev vorte livsviktige alternativt livsfårlege for vårt arme skriftmål. Det finst enno att eit og anna i målet som kann utskiftast, må vita, eit og anna norsk sermerke som kann vika plassen for eit likare ord, til dømes leilighet for husvære; hurtig for snøgg; mulighet for vilkår, råd, von, utveg, høve; bestemmelse for avgjerd, vedtak, regel, fyresegn, fyreskrift m.m. Og kanskje skal an-be-het-else-syndromet frelsa det norske skriftmålet?

Går det etter våre utrøyttelege reformistars hovud, skal nok grensone flyttast heretter med. Ja, so lenge det finst skilnad på våre offisielle skrift mål, finst det, innlysande nok, grunnlag for grenseflytting. På vår kant. Samstundes set me upp nye grensor bak oss. På hin kanten, på bokmålssida, vil del nok framfor seg opna sine grensor, aldri so lite, mot oss skriftmålet deira toler godt ei viss norskleg uppmjuking - men dei set seg ikkje nye grensestengsle i ryggen.

Grenseflytting?

Utfallet gjev seg sjølv. Eit gamalt ord nemner noko um å slå barnet ut med vaskevatnet.

Det reformistane våre gløymde når dei skreik som hardast mot me-hev-fenge-soli-målet og det som til dette målet høyrer, er at i neste sving kann alt del segjer, sa og hev sagt, vendast mot dei sjølve. Det kann vendast mot norsk mål i det heile. Og det hev vorte gjort. Mange gonger. Alle vanaktelege skjellsord som våre uppglødde reformistar hev nytta mot tradisjonelt mål, kann med like stor rett eller urett nyttast - og hev vorte nytta - mot nynorsken ålment.

Den ufræge nynorsken er gamaldags, høyrer heime i avdalane og avgrendene, luktar fjøs og er roti til alt vondt i den norske målstoda.

Er det ikkje noko kjent ved desse ordi?

Ja, der er me ved yttergrensa. Der råkar bumerangen våre vonleg so velmeinande reformistar.

SO LIKT SOM RÅD ER?

Det var i slutten av 1950-åri. Eg var på eit målstudentmøte.

Ein tilnærmingsuppglødd filolog, snart ferdig med studiet, vilde slå eit slag for samnorsken, i dette høvet den nye læreboknormalen. Han meinte studentmållaget skulde gå ut og uppmoda målfolk um å taka normalen ikkje berre i bruk, men skriva so likt bokmål som råd var.</p>

På lag soleis ordla han seg.

Å skriva so likt bokmål som råd var, trur eg var ei naturleg fylgje av tilnærmingstanken for denne studenten. Og tenkjer me etter, må me vel vedgå at tolkingi hans ikkje var so reint av vegen heller. Tvert um, tolkingi er ikkje berre rimeleg, men klåre grunnar talar for at det tilmed er ei svært fylgjerett tolking.

At utgangspunktet for tilnærmingsstrevet var å leida bokmålet inn i stemnefaret til det norske skriftmålet, er ein annan ting. Sist i 1950-åri var slikt for lengst iheltagt og gløymt, som det var iheltagt og gløymt at bokmålet var renningen etter eit kolonimål, upphavleg påtvinga Noreg av utanlandske stormenn.

Nei, slikt tala ingen um. Og kanskje var det ikkje stort å tala um heller. Fortidi står fast. Slik soga er, slik fær ho stå. Endå det høyrer til den same soga at gjenom heile den lange bolken som hev vorte kalla 400-årsnatti, heldt det norske målet seg i live på folkemunne, til det skirsla steig fram skriftleg i Ivar Aasens samlande form.

Men dette er barnelærdom, og eg skal ikkje trøytta nokon med slikt, sidan det som sagt heller ikkje vart umtala på den nemnde målstudentsamkoma. No var det nynorsken som skulde leidast inn i stemnefaret til bokmålet. Soleis hadde det vore i mange år.

Til si undring fekk ikkje studenten det medhald han venta og med rette rekna med. Dei fleste målstudentane på dette møtet tok visst til å sjå seg uroleg rundt når spursmålet soleis vart sett på spissen. Dei tenkte seg um og fekk kalde føter.

Likevel trur eg sume som held seg for målfolk, både var og er merkte av liknande synsmåtar som studenten vår, um dei kanskje ikkje ordlegg seg so klårt. Les kva dei skriv og hev skrive, sume som målfolk skal vera. Alltid finst det dei som atter og atter, jamt og samt, vil maka skriftmålet vårt etter bokmålet. Alltid finst dei som meiner språkleg nedfallsfrukt frå eit anna mål er den sanne og røynlege kjernen i norske målføre. Og samstundes som språkrådet hev opna vegen attende til upphavet for bokmål, stengjer dei vegen for vårt mål attende til sitt norske upphav. I sume ordlistor er det likt til at snikavnorskingi er eit medvite siktemål.

Å skriva so likt bokmål som råd er?

Dei mest bokmålslike ordi og formene finn me i bokmålet sjølv. Den som på liv og daude vil skriva so likt bokmål som råd er, bør difor skriva bokmål. Dette er den logiske fylgja av tilnærmingstanken. Det er den endelege fylgja. Men venteleg er det ei logisk fylgd som gjeng noko lenger enn sume tilnærmingsfolk ynskjer.

Vår tilnærmingsuppglødde målstudent høyrer nok til dei som hadde mælt imot det eg her hev skrive, for han vilde trass i alt gjerne reknast for målmann. Han vilde i det minste. Men soga seinare hev stadfest at ein målmann som gjerne vil skriva so likt bokmål som det let seg gjera, gjerne endar med å skriva bokmål.

Det er lenge sidan målstudenten var målstudent no. Meir enn ei bok målsbok hev kome på marknaden frå hans hand. I det daglege arbeidet sitt brukar han eit mål, jamnast, som ingen kann kalla anna enn bokmål. Endå han i namnet brukar vårt mål.

No er ikkje dette noko nidskrift mot vår kjære målstudent, hev vore. Me let togni kvila kring han. Men soga um den tidlegare målstudenten kann vera lærerik. Dersom me i målrørsla eller andre stader ikkje er viljuge til å taka fylgjone av meiningane våre, so hev me ikkje tenkt godt nok igjenom kva me i røyndi meiner.

Um målfolk vi skriva so bokmålslikt som råd er, so gjeng det venteleg med dei som det gjekk med målstudenten. Med tid og stunder endar dei i bokmål. Og det er ei ærleg og lovleg sak.

Men det er ingi målreisingssak.

For kvar må nynorsken enda dersom dette målet vedvarande skal nærma seg bokmålet?

VELKLANG

Frå den tidlege ungdomen av hev eg høyrt og lese, gong på gong, um att og um att, kor langt utanfor alle land det er å tala um venleiken eller velklangen i eit mål, serskilt då i vårt mål. Å orda um ein slik venleik er verre, snart, enn å banna ved altaret.

Språkleg venleik?

Nei, var det likt. Noko so avskapleg som språkleg venleik finst ikkje; det er ei hildring, berre, med rot i vane. Sa dei, våre språklege herrar som med statsmakti i ryggen meinte seg rettkomne til å råda og rikja med det skriftmålet som var ein ervelut til heile folket.

Godt hugsar eg kor baus han stod fram for ei samling studentar, ein mann, med departementalt mandat, som eg ikkje skal nemna namn på sidan mykje rosverdig nok på andre måtar må segjast um han. Fram steig han, og det kravdest ikkje stor evnerikdom til å gjera narr av ordet venleik, lite bruka som ordet er fordi det til liks med so mange andre abstrakt ikkje høyrer heime i det ordfanget som folk treng til kvardags i prat um ver og vind. Noko gale var det med ordet, veit du; det var ufolkleg. Men her skulde mannen forsvara eit offentleg nemndmål, endåtil venleiken i dette nemndmålet.

Det vert alltid vent nok, sa han med nett den vekt som stund og siktemål kravde.

Den sat.

Ingen tok visst ordet vent på tunga meir den kvelden.

Nei, språkleg velklang var lenge rekna for ein fiksjon, ei grille, eit blendverk utan røynleg grunnlag. Tanken bak - kanskje ikkje framlagd i klårtekst - var nok at all venleik, ikkje berre den språklege, var eit uppdikta fantom svivande i tomt rom, eit slaggkorn frå den so baktala metafysikken, i beste fall ei frukt av påverknad, tilvenjing og vane. Og kunde venleiken få annan plass etter trussetningar som - firkanta i sin materialisme - var innpota i dei fleste. Dåmen i eit mål kann snaudt gripast av filologiske petitmetrar.

Venleik?

Noja, at endåtil dei argaste venleiksavnektarar kanskje upplever ein viss skilnad i fagerdom når dei hev augnefare fyrst ein kommunal avfallsplass av dei mest vanflidde og deretter ein velstelt hage, er ein ting for seg, slett ikkje til å blåsa burt.

Estetikken ligg ikkje høgt i kurs, nei, som han sa i eit avisintervju sumaren 1984, den meiningssterke bladstyraren frå Bergen, Arthur Berg, upphavleg vestfolding, kjend millom anna for sin fine nynorsk. Estetikk tyder læra um det vakre, um venleiken, og Arthur Berg hev so rett, so rett. Det er lenge sidan estetikken låg høgt i kurs.

Soleis var det. Språkleg venleik, serleg i vårt mål, tala du ikkje um so framt du ikkje med opne augo vilde skjemma deg ut. Soleis er det kanskje enno.

Like fullt er språkleg velklang røynleg nok for den som sansar denne velklangen. Og reint tappa for målsans er vel få, um nokon? Alle kjenner vel større glede ved målet i diktverki til Hamsun enn ved målet i Gabriel Langfeldts utgreiding um den same Hamsun. Og kven sansar ikkje skilnaden ved å lesa Olav Aukrust eller Olav Nygard og - nei, eg namngjev ingen.

Diktaren Jevgenij Jevtusjenko kjem ein stad inn på rikdomen og velklangen i det russiske målet, slik han møter dette målet uskjemt millom folk på den vidstrekte taigaen. Ja, han skriv audmjukt um den friske og ekte venleiken i målet til folk buande so avleites. Hjå oss? Eg tykkjer eg so tydeleg hev høyrt sume tala alt anna enn audmjukt um det arkaiske målet til folk i avdalane og på utøyane.

Nokre av grunnane til at dette skriftet fekk denne målformi, hev eg kome inn på andre stader. Ein grunn for seg skal nemnast her, kanskje ikkje den minst viktige.

Det vilde seg so at eg kom til å tala med ungdomar i ei teater- og litteraturgruppe som millom anna dreiv med høgtlesing. Sume var gode 20 år, sume knapt so mykje. Berre eit fåtal av dei hadde nynorsk upplæring, ein var svensk. No kom dei til å lesa bolkar or Bibelen, eg trur eit eller fleire av evangelii, og då fann dei ut at dei vilde lesa på nynorsk. Då uppdaga dei at dei hadde tvo nynorske biblar, ein med klassisk nynorsk mål og ei nyutgåve med umbrigda mål. I fyrstningi las dei or båe desse biblane etter som det fall seg, men um litt synte det seg at ungdomane alle som ein, fann størst gleda i det klassiske nynorske bibelmålet.

Det hadde rikaste velklangen og var venast, tykte dei; det greip djupast.

Her er det ikkje råd å tala um påverknad, tilvenjing og vane. For dette hende i 1984, framimot eit halvt hundradår etter at den klassiske nynorsken vart lyst utlæg i skule og styringsverk, lenge etter at dette målet skulde vera daudt og gravlagt og dei siste petimetriske minneordi skrivne.

Ungdomane hadde ikkje i sine levedagar, nokon av dei, lese ei lærebok med tradisjonelle nynorske former. Um dei i skulen hadde lese utdrag frå bøker upphavleg skrivne på dette målet, var utdragi venteleg «normaliserte». Fyreåt visste dei knapt nok at målet fanst.

Og endå tok dette målet sterkast desse ungdomane som i språkleg medvit truleg ikkje skil seg stort ut frå ungdomar flest.

Kvifor?

FRÅ SOGA UM ORDET ME

Riksmålsmannen Aksel Lydersen fortel i Aftenposten 22. februar 1984 at han er tolleg nøgd med det riksmålet hev vunne gjenom Norsk språkråd. Flestalle gamle riksmålsformer er atter tillatne i skule og kringkasting; dei språklege forbodi som enno stend ved lag, kann burttakast litt i senn, meiner Lydersen. Han hev med rette grunn til å vera nøgd.

Det er godt at riksmålsgruppa finn stoda toleleg. Svært godt. Andre gruppor må uppleva verdi onnorleis.

Etter siste krig sette riksmålskreftene i gang den stormgangen mot målreformismen - kanskje like gjerne målrevisjonismen - som fekk Arne Bergsgård til å undra seg, slik me såg lenger framme. «Noko av det merkelegaste som har hendt i norsk målsoge i nyare tid», skreiv han i Er oppnorskinga eit mistak (Oslo, 1953). Han var ikkje åleine um å undra seg. Sigmund Skard er like undren i nyutgåva av Målstrid og massekultur. (Oslo, 1985).

Når alt vert ihoplagt, hev det hendt merkelegare ting i nyare tids målsoga enn denne stormgangen, same kor lite Bergsgård og Skard og andre av våre vener på den vengen tykkjest forstå grunnen til den so hardsette riksmålsstormen. Stormgangen var - med alle sine skjemmande og ufjelge innslag - ikkje meir gåtefull enn at kjernestyrken i den norske målrørsla alt i 1930-åri såg kva som måtte koma.

Det er lett nok å døma rett etterpå og mine takseringar er, i so måte, berre etterpåklokskap. Men den kvasstenkte Nikolaus Gjeisvik skreiv alt i 1938 i boki Von og veg:

«Ein kann trygt segja at det norske folket kjem aldri fram til eit norsk mål på den tilnærmingslina som no er vald. Av dei linune det kunde vera tale um, er dette den låkaste. Det kann segjast utan all tvil og tviking. Og ho skapar ikkje målfred. Tvert um. Kvar gong ei ny «tilnærming» skal gjerast, er det ein stridsbrand som vert utkasta i folket».

Det var framsynte ord, heimehøyrande i eit arbeid som er skrive med måtehald. Men framsyn og måtehald talde lite. Den mekaniske tilnærmingi skulde trumfast igjenom, og gjenomtrumfa vart ho. Når me hugsar dette i 1980-åri, ligg det nær å tenkja at aktørane sist på fekk slurpa i seg sin eigen velling. Dei hausta storm der dei sådde vind.

No er riksmålsfolket nokonlunde nøgde. Men korleis er det med vårt skriftmål?

Anten me kallar dei gamle tilnærmarane for målreformistar eller målrevisjonistar, so hev dei sine arvtakarar i det språklege maktapparatet. Um dei i dag er aldri so talveike, driv dei på nynorsksida sitt ustanselege avnorskingsgnag. I sume ordilstor gjeng snikavnorskingi for seg i det stille; i språkrådet vert det stundom litt bulder som likevel ikkje alltid hindrar at språklege rotgnagarar tykkjest ha eit stort spelerom. Og framleis balar me med den siste læreboknormale gåva som språknemndi etla oss før nemndi for godt vart avskipa, ein læreboknormal som var eit lite - og endå påbøtt - brigde for bokmål, men eit større og ubøtt skadeverk for nynorsk, noko meir enn ein ny læreboknormal.

Jau, noko hev fleirtalet i språkrådet etla målfolk òg, kanskje med eit skrik. Atter er «me» jamstelt med «vi».

Etter framimot femti års nedring er det atter jamstelt dette ordet, som venteleg hev folkefleirtalet bak seg i landsluter med nynorsk hovudmål, og som heilt visst hadde lengst hevd og tradisjon i skriftmålet vårt då ordet i 1938 vart sett i klamrat og bannlyst frå lærebøkene. Er det ikkje so at «samnorsklina» var språkleg demokratisk? Jau, den som umakar seg med å lesa litt av den rike grøda med uppbyggjelege innlegg frå den kanten og den tidi, møter ei syndflod med ord um det makelause måldemokratiet som var i vente. Å ja, ordet demokrati er nytteleg til mangt, det er jamvel ein lekk i den språklege meiningsløysa folkedemokrati. Og det umklamra ordet «me»?

I namnet kunde ordet brukast av skule-elevar i skriftlege arbeid, men eg veit um at på mange skular på ulike kantar av landet fekk elevar med «me» i heimemålet ordet brigda til «vi» av læraren.

Soleis er det so mange klammerord og klammerformer, frå før godt innarbeidde. Dei finst ikkje i lærebøker. Dei finst ikkje i hjelpebøker i morsmål. Dei finst snaudt nok i barnebøker og ungdomsbøker. Forlagi ser helst at nynorske bokskrivarar held seg til læreboknormalen so bøkene ikkje skal terga på seg den velkjende petimeterkritikken frå visse skulehald, noko dei er redde for kann skada boksalet. Og so kann ein som kjenner kallet sleppa frå seg nokre knirk um at målet ikkje er moderne nok, ei verknadsfull hjelperåd attåt den løynlege sensuren.

Når so mykje er sagt, må eg leggja til at ordi «me» og «vi» etter det meir kunnige folk enn eg hev hevda, kvar for seg er like folkelege og skal ha ein like ubroten heimleg vokster bak seg. I so måte vil eg tru ordi er jamgode, og eg vil slett ikkje pronomenet «vi» til livs, so mykje meir som eg sjølv oftast brukar dette ordet, mest naturleg som det fell meg. Men kvifor ikkje ålment unna andre den same retten, iser når desse «andre» tek vare på sernorske målrenningar? Kvifor vera so redde for jamstelte tviformer der det røynleg er grunnlag for slike tviformer? Og eit grunnlag godt nok, skulde for oss vera vår eigen grunnleggjande skriftmålstradisjon.

Systemet med hovudformer og tillatne klammerformer er ein utlevd leivning etter den fallerte tilnærmingslina, eit petimetersystem. Me treng det ikkje meir enn dei treng slikt i andre land. Løysingi ligg upp i dagen. Me vender atter attende til kjeldone, i dette høvet til Ivar Aasen som heller ikkje her avnektar si romsemd og sin kunnskapsmetta genialitet.

I Ivar Aasens ordbok finn me, på alfabetisk plass:

Fyrr-før, fyre-føre, fylgja-følgja, skyna-skjøna, mynster-mønster, spyrja-spørja, segja-seia, tegja-teia, nøgje-nøye, tøygja-tøya, turr-tørr, turka-tørka, mun-mon, so-så, no-nå, tunn-tynn, lukka-lykka, sumar-somar, um-om, upp-opp, yver-over m.m.m.

Aasens einaste rangering er at bak siste form i ordpari gjerne stend ei tilvising til fyrste formi. Stod det tilvising bak båe former, var jamnstellingi fullkomi. Og jamstelling i ordlistone tykkjer fleire enn eg trengst.

Jamstelling?

Ja, ordet «me» er jamstelt att. Sant nok. Etter eit halvsekels utlegd er det jamstelt att dette ordet som etter målrevisjonistisk teori longe skulde ha vore knekt og ute or dansen. Forunderleg? Kanskje. Med vissa må det vel vera forunderleg for dei som hev putla med einsrettande språkplanleggjing.

Men kva med alle dei andre ordi og ordformene? Medan Språkrådet kom riksmålstradisjonen i møte so Aksel Lydersen er tolleg nøgd, gav dei motviljug oss att den einslege svala «me». Elles står den offentlege diskriminering ved lag; dei tradisjonelle norske målformene er utestengde som før, eller dei er klammerformer, noko som er utestengjing god nok. For målfolk som vil halda uppe tradisjonelt norsk skriftmål er dette so mykje meir øydeleggjande, sidan me på vår kant er utan den mektige og pengesterke pressa til riksmålsfolket, og difor ikkje i same mun maktar å halda levande i skrift det klassiske landsmålet som nok i hovudsak hev målføregrunnlaget uskipla, men som er forbode av det sentrale styringsverket.

Me hev grunn til å ynskja noko meir enn den einslege svala. Ingenting her på jordi er æveleg, ikkje Språkrådet heller. Det er gjenge ei stund sidan me fekk rådet i 1971, og kanskje er det snart på tide at riksmaktene ser nøgnare på lov og vedtekter for dette rådet som etter mandatet skulde verta eit «råd for språkvern og språkdyrking». Kvifor skal til dømes samskipnaden til tradisjonelle riksmålsfolk, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, ha tvo medlemer i rådet, medan den tilsvarande samskipnaden på vår kant som hev eldre tradisjonar, Norsk Måldyrkingslag, berre hev ein? Og kvifor hev ikkje den andre samskipnaden som vil verna og dyrka vårt mål, Ivar Aasen-sambandet, representasjonsrett i Norsk språkråd?

Eg meiner ikkje at riksmålssynet skal fråtakast noko av sin innverknad i rådet, men derimot er jamstelling i dette høvet med eit godt ord.

SPRÅKALKYMISTAR

Dagbladet stod ein gong på svært god fot med målrørsla, og etter krigen, serleg i 1950-år, var bladet rekna for umframt tilnærmingsvenleg. Endå målet i Dagbladet nok ikkje alltid var like tilnærmingsmerkt som målsynet, noko som til tider gav riksmålsrørsla og foreldreaksjon kjærkomne kort på hand. Skiljet millom liv og lære var lett å ettervisa. Det var i Dagbladet at høgsterettsadvokat Magne Schjødt stod fram (i 1956) og prøvde skriva røynleg radikalt bokmål i artikkelrekkja «Når kommer samnorsken»

Velmeinande Magne Schjødt kunde gjerne spyrja um når samnorsken kom. Han var ikkje åleine som spurde. Og samnorsken kom ikkje.

Tidene skifter.

I Dagbladet for 12. mars 1984 les me ei bokmelding av Ingar Skrede.

Han er ingen språkleg talsmann for bladstyret, det er so, men det han skriv er snaudt heller plent i strid med gjengse tankar millom dagsens etter måten tolelege bokmålsfolk både i bladstyret og elles:</p>

«Er radikalt bokmål levende norsk skrftmål? Ja. Og nei. Det holder vel på å bli levende, etter at de pedagogiske fornorskerne fra 1950 dra la opp som språkalkymister».

Språkalkymistar? Ja, her møter me eit ord - frå arabisk - um dei som lenger framme er kalla målreformistar, eit par stader målrevisjonistar. Um dei gamle alkymistane var gullmakarar, er språkalkymistane som namnet segjer målmakarar. I si store tarvløyse meinte dei seg evnelege til - på politisk uppdrag - å skapa eit nytt skriftmål av tvo mål som alt fanst og som dei, smålåte nok, trudde seg serrettkomne til å råda og rikja med som dei lysta.

I god meining? Ja, me fær tru det. Rosverdige motiv vert påkalla i so mang ein samanheng, i dette høvet sikkert med rette.</p>

Ingar Skrede melder boki «Læreår» av Yvonne Percy, umsett av Eli Oftedal. So langt hev eg ikkje lese boki, og den fær me halda utanfor. Det er synsmåtane på umsetjingi som vekkjer til ettertanke.

Bokmeldaren hev vondt for å melta det språklege etterslepet i bokmålet frå 1950-åri. Han saknar sosialskilji i målet til umsetjaren, og han trur ikkje fine fruor vil ordlleggja seg på denne måten: «Du ser ut som du nettopp hadde kravla opp av ei jordhule.»

Jamført med det bokmålet som i lange tider var rekna for radikalt - det tyder her norsk - tykkjest dømet snarare moderat enn radikalt. Og eg lit ikkje heilt på at alle fruor - um dei måtte vera fælt so fine - slik til kvardags vilde sky målet i den attgjevne setningi. Endå det er freistande å leggja til at språkleg hadde det kanskje gjort seg betre med «jordhole», alternativt «jordhol» eller «jordhøl», sant nok ein vågal påstand frå ein som berre hev lese denne eine setningi or umsetjingi og som ikkje eingong sjølv skriv bokmål.

Lat dette vera som det vil.

Men soleis kjem ikkje fine fruor til å ordleggja seg på lenge enno, skriv meldaren i Dagbladet i 1984.

Eit halvsekel tidlegare - i 1938 - var det tett før kvinnor som menn, fine som ufine, kom til å ordleggja seg minst like norsk. Det var fullvisst, fortalde dei som då sat med den språklege makti, dei pedagogiske fornorskarane, som bokmeldaren kallar dei, språkalkymistane. I 1958 var det like fullvisst, sa dei same pedagogisk fornorskande alkymistane, urikkande. Snart skulde deira målalkymi valsa ned alle dansknorske riksmålstradisjonar. Og likso grundig skulde alkymistane gjera det av med dei unge nynorske skriftmålstradisjonane, liki frå fortidi, som dei med litt ymsande ordbruk sa. Dei språkplanleggjande pedagogiske uppnorskarane skulde skapa framtidsmålet. Trudde dei.

«Et påfunn av kontorius og papirius», skreiv Arnulf Øverland, med vanleg snert (Frisprog, 1955).

Bokmålet hev i det store og heile gjort upp med sine språklege alkymistar. Det gjekk som dei spådde, slike vekkdrøymde attergløymor som Gustav Indrebø, Sigurd Koisrud, Nikolaus Gjeisvik, Anders Hovden, Lars Eskeland, Severin Eskeland, Torleiv Hannaas, Per Tylden, Torvald Kvamme, Andreas Haavoll, Per Thorson og ei lang rekkje andre. Dei indre samanhengskreflene var for sterke i bokmålet; målbrigdi måtte gjerast um eller i det minste gjerast meir tøygjelege med nytt rom for valfridom.

Med nynorsken hev alkymistane havt lettare spel. For nynorsken hev havt «lettare for å tilpasse seg dei nye reglane», skriv Per Ivar Vaagland i Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra (Oslo, 1982), eit hovudfagsarbeid (ikkje ringt) som er kome i bok. Slik kann det segjast.

Men det er ikkje sanning alt som er sanning likt, sa dei gamle. Og sanningi er at det slett ikkje er tale um «tilpassing», men um tvang. Vårt mål, veikare enn det andre skriftmålet, hev med si stutte soga ikkje so fastmura tradisjonar og ikkje so sterke indre samanhengskrefter. Her kunde språkalkymien bera frukt, her er det enno liv i dei språkalkymistiske røtene.

Ja, med den vegville målrørsla ribba for meir enn halve skulemålsunderlaget, med dei arme skriftmålstradisjonane vaklande og fallande, med bandi i skulemål og styringsmål mykje godt avskorne jamvel til vår svært nære skriftspråklege fortid - ja, endå med slike usigrar bak seg tutar alkymistar på den herja slagmarki at no må, hjelpe oss, nynorsken til å jenka seg etter austlandsmålet og trøndermålet og nordlandsmålet so me kann vinna att dei austlandskrinsane og trønderkrinsane og nordlandskrinsane som me tapte då nynorsken i 1938 og 1959 jenka seg etter aust landsmålet og trøndermålet og nordlandsmålet.

So her skortar det ikkje på framsyn, nei. Du lyt undrast på um ikkje sume av våre realistiske og djuptskodande språkalkymistar er mindre i stand til å sjå etterpå kva som hev hendt enn Aasen-folk såg fyreåt kva som kom til å henda.

Det våre språkplanleggjande alkymistar jamnast tenkjer på når dei talar um austlandsmålføre og trøndermålføre og nordlandsmålføre, er helst bokmålsnedfallet som finst i talemålet jamsides med den norske målkjernen kring i heile vårt vidsveimde land. Nynorsken må moderniserast, mel dei ustanseleg, men kanskje litt meir lågmælte enn for nokre år sidan.</p>

Moderniserast? Ja, dei hev rett. For dei set bokmålet til mynster for kva som er moderne mål her til lands, og då vert nynorsk skriftmål aldri moderne nok so lenge målet i det heile er til.

Er vårt skriftmål umoderne, språkleg sett, utan bokmålsmynster? Nei, innlysande nok er det ugjerleg å påvisa noko slikt. Vårt klassiske skriftmål med sitt tolleg fylgjerette og fylgjefaste regelverk for bøygningar og stavemåtar, eig ein styrkje i sitt indre system som gjer målet lett å læra og skriva. Det merkar ikkje minst den som er upplærd med ordlistenynorsken. Men um dei hev skipla det faste regelverket, er det likevel vonleg ikkje heilt tynt, endå tilmed den som dagleg skriv, vert bunden til ordlista so framt han vil halda seg til den skrymsla som heiter «gjeldande rettskriving», ei frukt av den språkalkymistiske pedagogikken.

Kanskje hadde einkvan venta at eg gav meg til å klaga for vinglingi og truløysa i verdi, serleg då i Dagbladet, eller at eg tok den nemnde bokmeldaren i skule for språkleg ranglære. Ingenting er meg meir utenkjeleg.

Den som ikkje vil læra av si soga må gjera henne um att, skal filosofen Santayana ha sagt. Og bokmålsfolket hev lært so mykje av si soga at dei hev bøtt på verste mistaki til sine pedagogiske språkalkymistar. Meldaren i Dagbladet står etter alt å døma på trygg grunn, og ordet hans målalkymi - hev vunne vonleg stor frægd med å pryda tittelen på dette skriftet.

Jau, bokmålsfolk hev bøtt på verste mistaki.

Er ikkje turen komen til nynorsken og målfolket?

For oss er det ikkje tale um ein uppnorskande målalkymi, men ein avnorskande.

Forbod og språktvang er ikkje betre å byggja framtidi på for målfolk enn for bokmålsfolk, heller ikkje dei forbodi og den tvangen som sume kanskje tykkjer snart hev vunne hevd etter våre handplukka språkalkymistars kvasivitskaplege gjerning. Alt i alt er det ikkje so uhorveleg mykje som trengs av upprydjingsarbeid før nynorsken kjem dit bokmålet stend i dag tolleg velnøgd i fredsemd. Ein kjend nordmann, no avliden, las fransk i sin ungdom i Frankrike. Han fortel at det hende fransklæraren sette merknaden Ronsard under sume ord han skreiv, læraren vilde ha fram at ordi var nytta slik det var vanleg for 500 år sidan på diktaren Ronsards tid. Dette var ei upplysning frå læraren, det var ikkje tale um nokon «feil». For attlevande språkalkymistar er dette kanskje likso uskynleg som det er uskynleg at med dei konsesjonar som er gjevne til heller ufolkelege skriftformer i bokmål, skulde det vide stader vera ein rimeleg rett for skuleelevar å ikkje berre få skriva til dømes «so», «hev», «soli», «ei vaksi jente», men å få lærebøker/hjelpebøker med desse ordformene. Det er ordformer med grunnleggjande heimstadrett i norsk skriftmål, folkelege og framleis svært levande i mange målføre.

So lenge i-mål og a-mål var jamstelte og fekk tevla fritt, hadde i-målet ei sterk tildragingskraft. Held me oss til Bjørgvin bispedøme, hadde folk på demokratisk vis i 1929 teke i-mål til upplæringsmål i framimot alle krinsane i Hordaland og Sogn og Fjordane; på Sunnmøre var i-mål upplæringsmål i kring halvparten av skulekrinsane. Målføregrunnlaget er so vidt nemnt annan stad i dette skriftet. Det skal leggjast til her at talemålsgrunnlaget truleg er sterkare for i-målet enn for en-endingane i hokjønn som er på innsig att i bokmål. Millom i-mål og a-mål er det ikkje alltid skarpe språklege grensor; ofte er det rettare å tala um vide grensebelte som det i dag ligg nær å kalla språklege gråsonor. I «Målform og framtid» lenger framme skreiv eg nokre få ord um mitt eige heimemål. Dette målføret hev dei tradisjonelt gjerne rekna for a-mål til liks med resten av sunnmørsmålet, rubb og stubb. Men som før påymta er det ikkje alltid like endetil å få skoen på foten med mindre du kappar både av hæl og tå. Eg burde vel ikkje nemna sunnmørske palataliseringsreglar sidan ein filolog med fagkjensle sakleg visshøvt skal ha kalla dei tullprat. Men galataliseringi som helst svarar betre til i-mål enn til a-mål, både høyrer eg og brukar eg anten eg pratar tull eller ei. Det heiter til dømes vikja, eggja, markja.

Språkleg demokrati?

Nei, det var ikkje demokratiske avgjerder som dreiv i-målet ut or skulen; det var diktat ovanfrå; det var språkalkymistisk pedagogikks trumfspel.

Sume hev kalla framferdi mot i-målet i 1938 for språkleg valdsferd. Når eg eit halvt hundradår etterpå granskar gamle aktstykke, tykkjest ikkje nemningi grunnlaus. I 1938 gjorde den pedagogiske språkalymien sitt store varp so langt det gjeld norsk skriftmål. Med eitt slag sette dei forbod i lærebøkene mot den målformi som heldt plassen sin i målføri, som heldt plassen sin i skulen, kyrkja og pressa, som blømde i diktingi, som styrkte vårt skriftmåls rotfeste i millomnorsk og gamalnorsk, som bar hovudtradisjonen i målet frå den fyrste dag dette unge skriftmålet vart teke i bruk, som greip store luter av folket.

Forbodet står ved lag.

I dag talar dei, sume, um å frigjera dialektane. Godt, godt. Tanken er ikkje meg imot. Frigjer dei norske dialektane, eit anna ord for dei norske målføri. Eg ser med all velvilje på folk som brukar eige målføre der dei ferdast. Men kva slag målførefrigjering er det tale um so lenge eit so viktig serdrag i norsk mål er underkuva som i målet og det formverket som høyrer i-målet til? Må me ikkje sjå tvilande på ei «dialektrørsle» som ikkje gjer rettferdstanken for i-målet til ei av merkesakene?

Sjølv er eg likso vel imot uturvande måltvang som annan tvang. Er det på ei eller onnor språkleg brotmark trong til å opna for større innslag frå til dømes verkeleg austlandsmål eller trøndermål eller nordlandsmål i nynorsk, so gjerne for meg. Um ordtilfanget er elles å segja at skuleordlistone etter 1938 slett ikkje hev vore serskilt opne for tilsig frå målføri, same kva landslut tilsiget kjem frå.

So lenge skriftmålsbrigdi siste femti åri hadde til siktemål - og lukkast i - å gjera målet lettare for dei fleste eller for mange - eller å gjera sjølve skriftmålet betre - skal eg i grunnregelen ikkje klandra dei. Endå dei verste broti på indre samsvar i målet bør i alle fall reviderast, noko det i dag vel er framimot ålmenn semje um.

Med slike atterhald kunde skriftmålsbrigdi stundom kanskje tolast i stavemåtar og formverk - dersom brigdi berre hadde auka den skrftspråklege fridomen og ikkje samstundes skar av våre språklege rottæger med forbod mot norske sermerke som frå før høyrde til ein fast skrifttradisjon, godt innarbeidd i skrivevanar og lesevanar.

Som skrive tidlegare er klammersetjing i ordlistone på vår sida jamgodt med forbod.

I dag er det ikkje berre på språkleg plan at gamle tankar sviktar og må nytenkjast. Um det nok er so at beinhard materialisme - likso marxistisk som merkelappen stundom er anti-marxistisk - ser ut til trivast godt i ekteskap med like beinhard sosialdarwinisme, hev vel endå dogmatisk marxomani med sitt innebygde hypermaterialistiske verdssyn i mangt køyrt seg so grundig i grøfti - i teori og praksis - at ei rad læresetningar, lenge rekna for tabulagde sanningar, brotnar og fell. Men for den pedagogiske språkalkymien var nett halvmarxomane synsmåtar eit grunnlag, um ikkje plent einaste grunnlaget.

Folk som skreiv eit slikt mål som kann lesast på desse linone, var lenge rekna for fossil, snart sjølvdaude. Lat gå. Men tidi hev fare frå våre språkalkymistar, og um ingen visseleg hev grunn til å triumfera av di soli gjeng sin gang, nærmar dei seg sjølvdauden, dei med. Dei nye straumdragi er ihopfløkte og kanskje mangsiduge, men sansen er veksande, er det likt til, for åndssamanheng, røter og mangfelde. Språkalkymi er ikkje i vinden. Totalitarismen er ikkje på nokon måte noko lokkande fyrebilete lenger, ikkje den språklege totalitarismen heller. Og slett ikkje i den norske målstoda.

1944Nynorskelevar34,1 %
1950»29,7 %
1960»22,5 %
1970»17,9 %
1980»16,4 %