Kartverk og stadnamn

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

I.

I dei seinare år hev det vore skrive ikkje lite i bladi um kartverki våre og skrivemåten av stadnamni der. Eit høgdepunkt nådde ordskiftet med repræsentanten Bakke sin interpellasjon i Stortinget den 17. mars i fjor um kartet «Halden umland», og avispolemikken ikring den. Ikkje minst hev vitskapsmenn vore med. Gong på gong hev det kome kvasse åtak frå den kanten yver dei principp som det offentlege fylgjer i skrivemåten av stadnamn på kart og i ymse andre greiner. Kritikken hev golde at der skal vera for mykje utjamning og normalisering. Namni burde skrivast nøgnare etter målføri. Framgangsmåten som vert brukt no er uvitskapleg, ja beint fram «tåpelig» (ordet er citat).

Underskrivne er usamd i denne synsmåten. Eg vil få leggja fram her nokre tankar um det officielle namneverket og den officielle namnepolitikken.

Fyrst må det like vel vera lov å skjota inn: Mangt kann vera tvilsamt i namnesaker, men ei tvillaus vinning for vitskapen vilde det vera um dei som skriv på vitskapen sine vegner jamt sette seg so heilt inn i sakene, at dei skreiv berre det som er faktisk.

I fleire år hadde vitskaplege herrar ved det historisk-filosofiske fakultet til eit hovud-eksempel på taktlaus normalisering som burde skræma, at den kjende turiststaden Spiterstulen i Nord-Gudbrandsdalen hadde vorte «umdøypt» til Spiterstølen. Namnet er ikkje brigda, og hev i det heile ikkje vore framme for namne-instansar i dette hundradåret. Men ein lærar ved Universitetet hadde brukt det til eit hypotetisk døme: Tenk um Spiterstulen vart brigda! Hine skreiv: Det hev vorte brigda! Då det hadde gjeve seg med Spiterstulen, fekk ålmenta vita at namnerettarane hadde namna um Garborgs Knudaheio; so gjekk det runda si, med kommentar. Ikkje det namnet heller hev vore fyrehavt hjå nokon offentleg namneinstans i dette hundradåret, det eg veit um. Dette er ikkje eineståande døme på ukorrekte upplysningar som hev kome fram i namnesaki med vitskapleg autoritet. Framfyre interpellasjonen um «Halden umland» og den kongelege namne-resolusjonen frå 8. februar 1929 upplyste direktøren for Noregs Geografiske Uppmæling offentleg: «Kartets navn er utformet i nøiaktig overensstemmelse med resolusjonens retningslinjer, og de foretatte forandringer er en konsekvens av disse» («Aftenposten» 7. mars 1931, morgonnummeret). Resolusjonen var eit viktugt stridsemne då. Eit augnekast syner at fleire nettupp av dei namn som det var klage på, og som offentleg gav orsak til uroi kring kartet og resolusjonen, dei var imot sjølve ordljoden i resolusjonen.

Dersom dei som skriv eller gjev fråsegner, stødt hadde sett seg heilt inn i dei faktiske saktilhøvi, vilde mangt ha vore uskrive um namnespursmål som hev vorte skrive i dei seinare åri.

Det vilde òg ofte klåra umgripi um det kom greidt fram jamt kva som var kjernen i den store yvergangen med namneverket på karti 1908—13. Det var at del gjekk yver frå unasjonal til nasjonal skrivemåte. Dette kom t. d. slett ikkje fram i interpellasjonsinnlegget frå repræsentanten Bakke. Innlegget vart av den grunn misvisande.

II.

Den øvste grunnsetnaden for skrivemåten av stadnamn hjå oss må vera at ein legg den norske uttala på staden til grunn. Den norske uttala, i motsetnad til ei unorsk eller norsk-dansk, som embættsmenn m. fl. ofte brukar, og som mangmannen òg ikkje sjeldan brukar når han skal gjera seg fyre. Dei fleste torde gå med på dette no, at ein lyt byggja på den norske segjemåten — i minsto i teorien. Det hev ikkje vore soleis jamt. Til 1908 (Nord-Noreg) og 1913 (Sud-Noreg) lagde dei den norsk-danske uttala til grunn (med bokmåls rettskriving). Princippet hadde vorte ymist gjenomhola ved den tid. Det var like vel hovudprincippet til då. Det var ikkje lett å koma laus ifrå det.

Men når det gjeld å setja i verk den nye grunnsetnaden, so stoggar semja. Der hev kome fram tvo syn. Sume segjer: Fylg no målføri heilt ut, «så langt råd er med det alfabet vi nu engang har» (prof. J. Sverdrup). Altso ein strengt fonetisk skrivemåte: t. d. volt, vøll, vodl, vødl, vaull, vøyll, nett som det lyder på folkemunn rundt um. Og ved bøygjingsformer, holmane, holmadne, holmadn, holma, hølmane etc. etc.

Andre segjer: Å byggja på målføri er ikkje det same som å fylgja deim slavebunde i alle avbrigde. Me må setja grunnsetnaden i verk soleis at me jamnar ut segjemåtane etter ein norm som byggjer seg upp på dialektane; samla under hovudtypar. T. d. voll til samnemnar for alle dei dialekt-avbrigdi me nemnde; og holmane, eller i høgdi eit par hovudtypar som holman, holmane for alle dei nemnde fleirtalsformene.

Fyre 1908—13 normalisera dei etter unorske målreglar samstundes som dei bygde på unorsk uttale. No må me normalisera etter norske målreglar.

Det fylgjer av tilhøvi at ei slik normalisering som desse siste vil ha, mest vert ei tilnærming til nynorsken. For den nynorske skriftnormalen byggjer seg upp på dei norske målføri. Ofte vert det ei tilnærming til bokmålet og. For dei tvo skriftmåli hev mykje sams. Men i mange høve vert det ikkje tilnærming til bokmålet. For det stend «på en række fundamentale punkter i motsætning til (praktisk talt) samtlige dialekter» (Falk og Hæg¬stad).<a href="#21">¹</a>

Desse tvo standpunkti hev støytt saman. Det offentlege hev fylgt ei normaliseringsline. Fleirtalet av filologane våre — og sume andre — hev vore ihuga for dialektlina; og dei hev felt harde domar yver den officielle namnepolitikken og deim som er samde i denne politikken. — Sume hev havt ei millomstode. Dei vil ha «mest mogeleg», men ikkje rein dialekt. Dei gjeng i lag med dei reine dialekt-mennene i ordskrifti og den politiske verksemdi.

<a name="21"></a>¹ Sjå boki mi «Norsk namneverk», side 194.

III.

Eg trur ikkje at me kjem ut med berre målføre. Eg trur ein lyt nytta vanlege rettskrivingsreglar på stadnamn òg, og skriva namn liksom andre ord i målet, — heretter som til no. Ein lyt gå heller langt med dette når det gjeld ålmenne, velkjende ord. Eg trur dette vilde ha vore ei tolleg samstelt meining millom deim òg som no er hardast imot, dersom dei målpolitiske tilhøvi hadde vore onnorleis her i landet enn dei er.

Det store avgjerande momentet som valdar at me lyt bruka normalisering, er dei praktiske umsyn. Namni skal ikkje stå berre på kart. Og dei skal ikkje berre vera til hugnad for fagfilologar. Dei skal vera for anna folk òg. Ein hev bruk for deim i skulen, på styringskontor, og i det praktiske liv (forretningslivet, pressa m. m.). På alle desse stadene er det tungvint og ofte umogelegt å fylgja dialektane for mykje. I skulen lærer alle born å skriva t. d. voll, fjell, bjørn, holme. Då fell det naturlegt for deim å bruka desse skriftformene i namn òg. Borni skynar at dei hev med same ord å gjera både i det eine og det andre høvet, og det vil vera uskynlegt for deim kvifor dei skal skriva det same ordet onnorleis i stadnamn enn dei alltid gjer elles (bjørn, men Bjødndal, Bjønndal o. dil.). Det vert for brysamt for deim å hugsa, i minsto når dei vert litt større so tenkje-evna veks.

For administrasjonen vert det umogelegt med innfløkte serreglar for skrivemåten av stadnamn. Folk på styringskontori kann ikkje halda greide på kvar i landet det heiter voll, vøll, vødl, vaull, vøyll, og kvar botn, bøtn, bonn, bønn (kor mange fag-filologar greider det utan dei slær upp i bøkene sine?). Dei kann ikkje halda greide på heller korleis dei grammatiske endingane skifter, millom holmane, holman, holmadne, holmadn, holma; elva, elvi, elvo osb. Ikkje um dei vilde aldri so gjerne. Ein fær vera svært nøgd um dei greider rett det skiftet som dei noverande kartreglane set upp millom hovudtypar som holmaneholman, elvaelvi. Gjev ein innfløkte dialektreglar, vil eitt av tvo henda på styringskontori. Anten skriv kvar funksjonær alle namn etter det målføret han slumpar til å kjenna. Eller so held dei fram med å bruka ein vanleg rettskrivingsnormal. Soleis som alt ligg til, vil i det siste tilfellet dei fleste enno halda seg til den unasjonale norsk-dansken. Likeins vil det gå i det praktiske liv utanfor styringsverket. — Ein skal vara seg for å gjera det so vanskelegt når det skal vera norsk at folk flest ikkje kann skriva det.

Vil dei setja upp skrivereglar for namn som skal få noko å segja for den daglege tenesta i administrasjonsgreinene og for det praktiske livet, so lyt reglane vera so einfelde som det er råd. Ein lyt normalisera dei grammatiske bøygjingsendingane sterkt i namn der tydingi kjennest greidt; og velkjende ord lyt stort sét skrivast etter vanlege kjende rettskrivingsreglar.

Ei onnor sak er det med avgjort individuelle namn der tydingi ikkje kjennest eller stig sterkt fram, og med mindre kjende ord. (Sjå um deim her lenger ute).

Det røynlege er, at endå til på karti, og endå til for målkunnige vert det for vanskelegt med rein dialekt, so lenge kart-upptakingi er skipa som no. Topografar, — officerar frå Landkartverket og Sjøkartverket utan filologisk skuling, — er det som no skriv upp namni i marki. Um det so er dugande menn, greider dei aller fleste slett ikkje å skriva namni upp heilt pålitande etter målføri, — ein kann ikkje venta det. Etter topografane er ferdige, hev ein filologiske fagmenn til å sjå igjenom uppskriftene. Men ingen språkmann kann sitja på eit kontor og konstruera upp grannsame målføreformer i alle detaljar på grunnlag av uppskrifter som er fonetisk og grammatisk upålitande. Visst fær ein feilar når ein brukar etymologiserande skrivemåte òg, med di ein kann mistaka seg på etymologien av ordi. Ein feil-procent hev der vore, og vil der verta. Men det skulde nok verta noko anna til feilar dersom ein skulde setja seg til soleis og konstruera upp alle talemålsavbrigde, — mistak på dialektformene. Målføri våre er ikkje so vel utgranska at slik konstruksjon let seg gjera. Di nøgnare dei vil fylgja målføri, di vanskelegare vert det, og di fleire feilar. Vil dei ha dialektkart, lyt dei i minsto syta fyre å få sendt ut menn med språkleg skuling til å skriva upp namni eller kontrollera uppskriftene i marki. Dette hev ikkje vore gjort her i landet til denne tid. So lenge ikkje det vert gjort, er kravet um rein dialektskrivemåte på kartverki tomt snakk. Det er vanskelegt å skyna at filologiske vitskapsmenn vil lata publikum og styresmaktene tru noko anna. (Å få sendt ut språkmenn til å skriva upp eller kontrollera namni vilde elles vera ei stor vinning under den skipnaden som er no òg. Stortinget vilde gjera ei sælebot um dei løyvde pengar til det).

— Det vilde snaudt verta so mykje umtykt heller millom folk flest, um ein skreiv for mykje etter målføri. Skrivemåtar som Honnsa, Kvednalann, Rommåstån, for å taka nokre kjende namn, vilde vel ikkje eigarane godtaka (for Hundseid, Kverneland, Romundstad). Folk ynskjer at skrivemåten både i gardsnamn og naturnamn skal syna fram tydingi og upphavet so mykje som råd er. Det er eit fullt rettkome ynskje, som det er rimelegt å taka umsyn til, so sant ikkje namni kjem for langt burt frå det tilvande ved det, og vert ukjenslege. Når gudbrandsdølen segjer «Haunnsjøn» (med i fengen nn), veit han sjølv at det tyder «Hornsjøen». Andre òg tykkjer det er forvitnelegt å vita, og kann gjerne få vita det. Når bygdefolket skynar eit namn, er det namnet tvo ting: ein ljod + eit tydingsinnhald. Det eine like røynlegt som det andre. Det er bra einsynt å herre vilja taka umsyn til det eine — det ytre, ljoden — og ikkje gjeva seg det slag um det andre.

Uttala av namni treng i regelen ikkje verta meir misleg for di um dei normaliserar på rimeleg vis. Ein fær nytta dei same lesereglar for namn som for målet elles. — I mange tilfelle vil elles ikkje ein ljodrett skrivemåte heller ha stort å segja for uttala. Den kjende skulemannen A. B. Vamraak skriv — i brev — um Sogne-ao'en som dei hev i so mange namn i Sogn (Saotao» — Såta): «Denne ao-ljoden bør ein ikkje freista få inn på eit kartverk; dei som ikkje hev ljoden i målføret sitt, kan ikkje segja han, og dei som hev ao-ljoden i morsmålet, dei segjer han um det i namnet stend å». Dette er noko som gjeld ikkje berre for Sogne-ao. Nettupp ved dei mest sermerkte ljodane og dei verkeleg vanskelege namni fær ein ofte ikkje utanbygds folk til å bruka ei korrekt bygdemålsuttale kor mykje ein freistar fotografera dialekten (og bygdefolket brukar det kor som er). Me fær ikkje ein turist frå Oslo til å segja «Haunnsjøn» på Gudbrandsdals-vis — med stutt tviljod, i-fengen nn —, for di um me stavar «Haunn-».<a href="#31" >¹</a> Tydingi vert duld for honom, og han les ikkje anten på bygde-måten eller riks-måten. Det er det einaste dei vinn med ein «ljodrett» skrivemåte i det namnet. Er det då ikkje best i sovorne høve å skriva beint fram etter ein riksnormal? — Tykkjer dei riksnormalen hev lyte, er det den dei fær sjå til å få brigda.

Stundom — ikkje so reint sjeldan — hender det at eitt og same namnet er kjent i fleire bygder, og at det hev ulik segjemåte i dei ulike bygdene. Korleis skal ein skriva då, når ein skal fylgja den strenge dialekt måten? Når det t. d. er eit vatn, og dei segjer vatn ved den eine enden og vann ved den andre? Ein kann vel, soleis som ein brennhuga dialekt-mann gjorde framlegg um, setja Storevatnet på ein vatsende og Storevannet på hin. Etter mi meining vilde det vera betre å falla attende på ei fast riksform.

Stadnamni misser av serdåmen, lokal-dåmen sin, segjer dei, når ein normaliserar deim. Namneverket vert forflata. Dette er der noko i, og det er leidt. Lokal-dåmen er noko av det mest fengslande ved stadnamni. Galdt det eit serskilt karakteristisk namn, so vilde i minsto ikkje underskrivne kvida seg for å gjera brot på alle reglar til å berga det sermerkte. Men når dei talar reint ålment um at all normalisering øyder so mykje at det vert uforsvarlegt, so lyt me no koma i hug at ein må skilja millom viktugt og uviktugt. Me lyt koma i hug òg at det er fyrst og fremst i røynleg individuelle namn det er um å gjera å berga serdåmen. Og ved slike namn ynskjer alle som vil normalisera at det skal vera høve til å taka ser-umsyn (sjå her etterpå stykke V). Ein kjem ikkje utanum det heller, at romantikken — i dette høvet repræsentera av målføreekstasen — er bra nok; men det lyt rasjonalisering òg til. Noko lyt ein ofra for rikssamanheng og praktiske umsyn.

Ikkje sjeldan er det turistar og byfødde lærde<a href="#32" >²</a> som høgast krev skirt bygdemål, på bygdefolket sine vegner. Det er nok helst på eigne vegner dei talar. Turistane og dei lærde kjem til bygdene. Dei er ikkje vane til å føra slike segjemåtar som dei høyrer der yver til skriftmål; associasjonsvegen er ikkje uppgjengen i målkjensla deira, liksom hjå bygdefolket. So tykkjer dei — turistane — at det dei høyrer er so rart, og so «morosamt», at det må skriftfestast i naturtilstand. Ein lyt merka seg dette, at det so ofte er turistsyni som talar når det gjeld streng dialekt-skriving for namni. Turistsyni, og syni åt utanbygds folk i det heile, hev sin rett. Men ho lyt gå for det ho er; ein kann slett ikkje jamt setja henne lik med det dei meiner som hev namni.

So vert det sagt som nemnt, at det er uvitskaplegt å normalisera på namni. Det hev vore det store slagordet millom dei mållærde hjå oss (fleirtalet), og frå deim hev det nått ut i vidare krinsar. Det einaste vitskaplege skal vera å skriva dialekt. Kartverk skal syna dialektgrensor og vera kjeldeskrifter for målgranskarane. Namni vert falske med å normalisera.

I grannelandi normaliserar dei stadnamni ein god mun strengare enn me, etter det eg kann sjå. Vitskapsmennene der er vanleg samde i det, å døma etter det som vert skrive. Der finst soleis andre meiningar enn dei som fleirtalet av filologane våre ber upp. Elles er å segja:

Karti er i alle høve ufullkomne kjeldeskrifter for målgranskarar. Målvitskapen krev nok ein heilt anna grannsam skrivemåte for sine fyremål enn det ein kann få til på eit kart for kvarmann. Kva som skal kallast «forfalsking» er relativt. Dei officielle kartverki våre gjev seg ikkje ut for målførekart. Då vil ikkje ei vanleg, udogmatisk målkjensle kjenna det som forfalsking um ein brukar vedtekne, gjengelege skriftbilæte i namn der desse skriftbilæti stig fram av seg sjølv like vel, eller lett kann kallast fram (det er i meir ordinære namn. — Er det mindre «falskt» å skriva t. d. vollen, men Vøllen for ein og same segjemåten?).

Ordet vitskap må ein bruka noko varsamt. Sjølve det spursmålet um ein skal skriva ljodrett eller hovudsakleg fylgja dei vanlege rettskrivingsreglane, er slett ikkje noko vitskaplegt spursmål. Det er eit praktisk, pædagogisk og nasjonalt spursmål. Det vitskaplege ligg i at ein gjennomfører dei grunnsetningar som ein eingong hev valt, med sakkunnskap og konsekvens og samstundes med språkleg takt.

Dei hev ofte ført fram Oluf Rygh som den store vitskaplege autoriteten for dialekt-skriving, og imot normalisering. Det er ei mistyding når dei gjer det. Dei byggjer på den velkjende utsegni hans i fyreordet til innleidingsbandet av «Norske Gaardnavne». Namnekommisjonen frå 1878, skriv Rygh der, «kom snart til den overbevisning, at den, når den skulde søge at finde praktisk brugbare skriftformer for de nuværende navne, måtte gjøre det til sin første regel, såvidt muligt at nærme sig former til den virkelig brugte udtale». Men dei mistyder desse ordi når dei ikkje les deim i samanheng med anna han hev sagt um skrivemåten av namn (som rett nok ikkje er so lett tilgjengelegt). Oluf Rygh hev tala um det emnet oftare elles. Soleis i ei tilråding til Finansdepartementet i 1877 (Departementstidende 1878, side 257—267), i ein lang artikkel i Morgenbladet 1878 (nr. 153 A), og seinare i ei rad med tilrådingar til departementi, som tilsett namnerådgjevar. Når ein les desse fråsegnene, ser ein at han var alt anna enn talsmann for ljodrett, mekanisk dialektskriving. I Morgenbladet 1878 skriv han, at skiftande dialektformer som t. d. Fjøll, Fjædd, Fjedl, Fill osb. kunde ein ikkje nytta. Ein laut bruka ei samlingsform, — skriftmålet si, Fjeld. I ei officiell fråsegn yngre enn matrikkelen frå 1886, um namnet «Fjølviken», skriv han: «Man vil overalt i landet finde skrevet — viken, selv i tilfælde, hvor det er sammensat med ord, som alene tilhører folkesproget. Dette bliver vel også temmelig nødvendigt; ellers vilde man istedenfor —viken få en mængde forskjellige dialektformer: —vika, —vikja, -vikjo, -vikjaa) -vikjæ». I eit brev dagsett 15. april 1897, til ein målmann som vilde ha namni meir etter norsk segjemåte, segjer han: «Heller ikke kan der tænkes på i skrift at fotografere navnenes udtale på stedet med alle dens dialektiske og lokale eiendommeligheder».<a href="#33" >³</a> Desse utsegnene er tydelege. Oluf Rygh vilde nok normalisera. Det syner no matrikkelen hans òg til fullnads. I ordi hans frå «Norske Gaardnavne» ligg ikkje noko anna, enn at når dei fyrst laut vika av frå det vanlege officielle (norsk-danske) bokmålet for di det var serskilt vanskelegt eller umoglegt å bøygja eit namn inn under det, då skulde dei skriva ljodrett, ikkje etymologisk (ikkje etter nynorsk skriftnormal eller gamal-norsk).

Oluf Rygh vilde normalisera etter norsk-dansken. Andre vil no normalisera etter nynorsken. Det er skilnaden. Og so er der den skilnaden at han var drjugare til å normalisera etter norsk-dansk enn t. d. den kgl. namne-resolusjonen frå 8. februar 1929 er til å normalisera etter nynorsk. Resolusjonen frå 1929 godtek t. d. dei tvo typane viki og vik(j)a der som han godtek berre ein type (det unorske viken).

<a name="31"></a>¹ Ein ihuga dialekt-mann stava Haun-. Vert det rettare?
<a name="32"></a>² Dialekt-zelotane i namne-saki millom filologane ved Universitetet er byfødde alle saman. Dei ifrå bygdene er ikkje imot normalisering.
<a name="33"></a>³ Citati or desse tvo siste dokumenti er etter Ryghs koncept millom papiri

hans i Riksarkivet.</blockquote

IV.

Det er eit umsyn som kann nemnast, at med å fylgja normaliseringslina er ein i samsvar med det som hev vore gjort med namneverket vårt, frå den tid dei tok til med uppnorsking for ålvor. Professorane Falk og Hægstad var dei sakkunnige rådgjevarane då det offentlege tok til å føra namni yver til fullt norsk grunnlag (Nord-Noreg 1908, Sud-Noreg 1913). Dei stod saman um at ein laut jamna ut, — i sume høve etter rikstypar, i andre høve etter hovudtypar for større landsluter eller dialekt-vald. Dette kjem fram i dei reglane dei gjorde framlegg um i 1912—13 og 1917,<a href="#41" >¹</a> og det offentlege fylgde deim både då og sidan. Dei noverande fyresegnene um skrivemåten av stadnamn, den kgl. res. frå 8. februar 1929, fylgjer òg den same lina; stadfester og byggjer henne ut meir i detalj (i det einskilde er nokre brigde). Resolusjonen kom til på den måten at i 1926 byrja nokre dialekt-menn — direktøren for Noregs Geografiske Uppmæling og nokre språkmenn — ein aksjon hjå styresmaktene for å få nye skrivereglar etter målføreprincippet. Styresmaktene laut velja, og dei valde å halda den gamle leidi. Med å halda på normalisering, held ein soleis uppe kontinuiteten. Det er eit reint mistak når stundom det motsette hev vore sagt. Kontinuitet hev sitt verd. Etter dei princippi som ein fylgjer for kartverki er t. d. no namni retta i ei rekkje andre greiner: postverket, telegraf- og telefonverket, jarnvegsverket. Revisjonen der er frå 1918—20 og utetter. Skulde ein no skifta leid og gå yver til det reine målføre-princippet, laut ein til å revidera desse namni att. Elles vilde det verta altfor mykje rot. Etter ein nyleg hev retta allfares ifrå vold til voll, laut ein svært mange stader retta um att til vøll, vodl, vødl m. m. Namni på t. d. bjørn, horn, holt som aldri hev vore fordanska, og som difor ikkje trong brigdast ved den fyrre revisjonen, laut ein retta for det meste ved dei tvo fyrste ordi, i stor mun ved det siste (til bjønn, bjødn; honn, hønn, hodn, hødn; hølt m. m.). Osb. Det vilde verta ei mengd med slike uturvande rettingar. — Sume trur at normalisering fører med seg mange fleire brigde enn dialekt-skriving. Det motsette er tilfelle med alle slag namn som er skriftfeste fyrr.

Det er mi tru, at skal ein fyrst gjera brigde burt ifrå det som hev vore brukt til no, so lyt det bera i den leid at det vert meir normalisering. No brukar ein t. d. for hankynsord fleirtalsendingane -ane og -an: både Holmane og Holman. I ordinære namn av ålkjende ord trur eg ein fyrr eller seinare vert nøydd til å gå yver til ei ending (-ane for heile landet). Ein kunde utan skade gjera det alt no. I sterkt hokyn brukar ein -i og -a: elvi, elva. Ein lyt nok med tidi velja ei av desse formene i «appellativiske» namn. Det er snaudt tidi til å gjera det enno, so lenge som båe formene hev rang i det officielle nynorske målet som jamstelte former.

<a name="41"></a>¹ Res. frå Forsvarsdepartementet 13. juni 113 for kartverk, Kgl. res. 3.

november 1917 um inndeilingsnamn m. m. Reglane frå 1913 samlar t. d. dei sterke hokynsformene under dei tri hovudtypane -a, -i, -o (elva, elvi, elvo). Seinare gjekk Falk og Hægstad yver til tvo typar: -i og -a. Dialektformene i dativ fleirtal samlar dei under typane -o, -om; fleirtalsformene i hannkyn under typane -ane, -an (og -a). Res. frå 1917 set upp riks-typar for ymse vanlege

ord (øy, vatn, elv, fjell, voll er nemnde til døme).

V.

Me hev her i det fyregåande fleire gonger tala um «ordinære» namn; namn av ålkjende ord, med si fulle og tydelege tyding; og på hi sida «individuelle» namn. Me hev skilt millom deim.

Me vil strika under at det som er sagt her um normalisering, det gjeld det fyrste slag namn. Ved individuelle namn med uklår og burtgløymd tyding, og ved ukjende eller sjeldsynte ord, der lyt ein vera varsamare med å bruka vanleg rettskriving. Eit namn med burtgløymd tyding stend meir løyst ifrå det vanlege målet enn namn med full og tydeleg tyding. Eit sovore namn er berre ljod, utan etymologiske associasjonar. Ved slike namn — namn som Uskjo, Madla (ved Stavanger), Bjølvo — kann ein gjerne bruka ljodrett skrivemåte, det valdar ingi praktiske ulempor. Di mindre tydeleg tydingi kling med, di meir einsidugt kann ein skriva berre etter ljoden.

Denne skilnaden millom lettskynlege namn som hev tydeleg og livande samanheng med målet ikring seg, og so namn med veikare samanheng soleis, kjem ein ikkje burt ifrå når ein vil dryfta praktisk skrivemåten for namn.<a href="#51" >¹</a>

Eit atterhald til lyt me gjera imot normaliseringi. Det gjeld gardsnamni, og bustadnamn i det heile. I det namni hev for det fyrste ordi ofte fenge ei yverførd tyding. Mjøndalen (Eiker) er ikkje lenger ein Mjøln(e)dal, d. e. Mylnedal, og folk tenkjer ikkje på at det er det upphavlege. Namni hev då løyst seg frå dei upphavlege associasjonane, og kjem inn under den gruppa me nettupp hev tala um: namn med mindre greidt tydingsinnhald. Men dinæst er det serlege umsyn å taka til skrifttradisjonen ved gardsnamn. Ein bør gå varsamt fram imot historisk rette skriftformer, um dei so både er imot daglegtala og imot dei vanlege normaliseringsreglane (rettskrivingsreglane) no. Namn som Hage, Skøyen, Sandven kann vera langt ifrå bygdemålsuttala (Haga, Hågå, Håwå; Skøe; Sammena), og ein kjem ikkje fram til deim alle med skulerettskriving heller. Men ein treng ikkje vera so brå til å brigda. Dei som sit på gardane tykkjer ofte gjævt um dei tradisjonelle namneformene. Den tradisjonskjensla er det god grunn til å taka umsyn til, so sant det er tale um historisk og nasjonalt forsvarlege skrivemåtar. Eg trur ein gjerne kann vera ein grand varare her enn ein stundom hev vore. Med å vera tøygjeleg her, kjem ein òg til møtes so langt det er råd dei viktugaste av dei klagemåli som til sine tider hev kome ifrå sjølve bygdefolket. Oftast når dei klagar yver utkomne kart, lyder kravet at (gards)namni skulde skrivast meir som det røynleg heiter i bygdi. Men populært blandar dei svært mykje saman tvo ulike ting: «røynleg uttale i bygdi» og so «tilvande skriftformer». Det er jamnast det siste bygdefolket meiner, og vil ha.

Merknad. Dialekt-ryttarane tek stundom døme ifrå andre land — t. d.

Tyskland — til å syna at der rettar folk seg etter dei skiftande målføri. Det er å merka seg at då tek dei nettupp bustadnamn til døme, gjerne endå til bynamn (som er best kjende). Altso namn som etter det me her hev sagt stend i serstode; namn med sterk skrifttradisjon, og med yverførd tydtng i ordi (Heilbronn t. d. er då ikkje namn på ein brunn lenger, og ingen kjem i hug til dagleg heller at det er eit gamalt brunn-namn). Ein kann ikkje draga parallelar frå dilike namn i serstode til den yrjande mengdi av naturnamn og andre namn utan skrifttradisjon, og med bokstavleg tyding i ordi. Det einaste nokon gjev prov på med sovori parallelisering, er at han er utan sans for

andre skilnader i dette mangfaldige livet enn ljod-skilnad.

Reint litterære namn, som hev vorte namngjetne og innvaksne frå bokverk, bør ein stundom vera varsam med å røra, når dei elles er norske. Kartverket hev t. d. late det litterære namnet Rondane stå. Segjemåten i Gudbrandsdalen er Råndæin, og etter normaliseringsreglane no skulde det ha vore Rondan.

Stundom vil det vel vera so at livande bøygjingsendingar kann ein bøygja meir inn under rettskrivingsreglar enn sjølve ordlikamen, roti i ordi. Stivna dativ bør ikkje bytast um med nemneformer. Dersom eit ord hev kløyvt seg i fleire former som stend for den ålmenne målkjensla som skilde ord, bør det koma fram i namni (rud — rød, gata — gutu, i motsetning til holm — hølm, vatn — vann, som ikkje gjeng for skilde ord).

Altso: Varsemd ved tradisjonelle gardsnamn, so sant dei alt fyrr hev forsvarlege og nasjonale skriftformer. Varsemd òg ved sermerkte og vanskelege, «individuelle» namn elles, med minder kjenneleg tyding. Der lyt det vera høve til å taka kvart tilfelle for seg. Men ved den endelause hopen med ordinære namn av typen Storevatnet kann ein hugheilt jamna ut etter vanlege rettskrivingsreglar.

Det vil verta tvilstilfelle, sjølvsagt; millomtilfelle då ein spør: Er dette eit «ordinært» namn? Eller eit meir individuelt? Då lyt den som fær med det bruka eit personlegt skyn. Språklivet er so rikt, at det let seg aldri femna i ein formel for alle sine høve. Som Falk og Hægstad ordlagde det i 1913: «Det gjælder her, som overhodet paa skriftsprogets omraade, at en enkelt eksakt regel sjelden lar sig gjennemføre uten at man støter den sunde sans for hodet, — der blir altid rum tilovers for den sproglige takt».<a href="#52" >²</a> Alle fyresegner um skrivemåten av stadnamn lyt difor vera med eit attåt-tenkt eller utsagt atterhald: «so langt det er råd». —

Men for di um ein ikkje kann setja upp ein fullkomen eller altfemnande regel, kann ein ikkje gjeva seg yver til det som faktisk vert villvokster og slump; ein kann ikkje lata vera å setja upp arbeidsreglar. Det lyt vera arbeidsreglar som ikkje berre eit laug av faglærde, men anna folk òg kann ha lette og nytte av.

<a name="51"></a>¹ Ein av dei fyrste gongene det er peika greidt på denne praktiske skilnaden

her hjå oss er i bladet «Svein Urædd» 1869, nr. 13, i eit stykke um «Norske Nomn». (av Steinar Schjøtt?): «Største Deildi av dei Normn paa Land og Sjø, som Forfederne vaare brukad, er enno i aalmenn Bruk utyver Landet, og Tydingi av deim er kjend nog fyr kvar Mann, som talar det norske Maalet. Brigda dei seg enn etter dei serskilde Maalføre, so kann det do inkje vera vant aa vita, korleids ein skal skriva deim. Mynsteret er funnet fyr dei andre Ord i Maalet: desse aalment brukad Nomn maa fylgja same Mynsteret, fyrdi um dei festa seg paa ymse Maatar paa ymse Stader». «Det vilde inkje sjaa godt ut aa kalla eit elder annat Fjellet i Telamork: Fjøddet, naar ein elles skreiv: Fjellet».

«Ein annan Ting er det med dei Nomn som inkje vert brukad elles som aalgjengne Ord i Tala». «Dei hava òg brigdat seg etter Maalføri, so dei stundom inkje er gode aa kjenna atter. Ein kann segja, at Ljoden i deim er det einaste livande; Tydingi er komi burt. Her hava me soleids inkje lenger nokot livande Mynster til aa taka til; men det fyrste og fremste Kravet vert

daa aa skriva deim so nær Uttala som moge1egt».
<a name="52"></a>² «Norsk namneverk», s. 195.

VI.

Me kjem til spursmålet: Kvifor hev storhopen av lærdomsmennene hjå oss (og sume andre) i våre dagar slik mothug mot all normalisering, og slik umsut for målføri? Kvi hev dei ei onnor syn på skrivemåten av stadnamn enn vitskapsmennene i grannelandi, — land med nærskylde mål? Kvifor skal Noreg vera ein aparte republikk?

Svaret ligg tolleg greidt for hand. Me hev vore inne på det fyrr i denne boki (side 20—21 [Her fyrste bolkane av <a href="http://www.ivaraasen.no/bokstova.php?bok=austlands-mal_og_vestlands-mal-framandord.html">Austlands-mål og vestlands-mål</a>]).

Det heng saman med målstriden, som me hev og grannelandi ikkje hev.

Fleirtalet av vitskapsmennene våre — likso vel som akademikarane i det heile — er for bokmålet, og imot nynorsken. So lenge som det var tale um å normalisera namni etter norsk-dansken, var difor normalisering og rettskrivingsreglar ein rimeleg ting, og målføri ubrukande. Jamfør Oluf Rygh, han vilde ha samlingsformi Fjeld, dialektformene Fjø11, Fjædd, Fjedl, Fill osb. kunde ikkje nyttast. Men no hev ein officielt løyst seg heilt ifrå bokmålet med stadnamni, — den fyrste teigen der slikt hev hendt. Og der er ikkje veg attende; av den grunn som Falk og Hægstad nemner i 1913. «En korrekt riksmaalsskrivemaate vilde fuldstændig denationalisere hele navneverket». Dermed hev spursmålet um nynorsk meldt seg. Då hev normalisering og rettskrivingsreglar vorte av det vonde. Umslaget synte seg so å segja momentant, i same augneblinken dei skulde kasta laust ifrå bokmålet. Falk og Hægstad kom med det grunnleggjande framlegget sitt i 1912. Geografisk Uppmæling spurde Riksmålsforbundet til råds; og so gjorde ho framlegg um: anten bokmål som fyrr, eller, dersom det skulde vera brigde: rein dialekt; ikkje «kneble» målføri med å normalisera etter sernorske målreglar. «Ti en liten dialekt bør ha samme ret til at leve som en stor; den bør ikke knebles blot fordi den er liten».<a href="#61" >¹</a> Sidan hev umsuti for målføri halde seg. Dialektane hev vorte gjæve.

Dei godkjenner ikkje nynorsken som eit røynlegt, sjølvstendigt skriftmål; unner honom i minsto ikkje den styrkjingi som vil liggja i at namneverket rettar seg etter honom. Bygdemåli skal halda honom ute. Derav det nye standpunktet. Dette vert ikkje annleis for di um nokre målmenn av serlege grunnar hev slege lag med dialektmennene.

Men kvart standpunkt vil ha sin filosofiske underbygnad. So hev det vorte ortodoks språkfilosofi hjå oss: rein dialekt det einaste vitskaplege. I fullt ålvor sjølvsagt. Når ynski um at noko skal vera so og so gjeng saman med stendig uppatt-taking, fær ein dei fastaste truene både hjå upphavmennene til ei lære og hjå det publikum som høyrer på deim.

Kor stor den røynlege kjærleiken til målføri er, so snart målføri ikkje trengst til å halda nynorsk ute frå officielle kartverk og officielt målbruk, merkar ein i skriftene frå desse dialekt-talsmennene. Der set dei tidt og ofte namni på rein norsk-dansk. Dersom ein vilde hema slikt som vert sagt underhand, eller endå til på officielle møte, kunde ein få sett den hjartans kjærleiken til målføri i eit endå tydelegare ljos.

Striden um namneverket er ei side av den ålmenne målstriden her i landet. Hovud-fronten i dag er dialekt imot nynorsk.

Men nordmennene liver ikkje under andre vilkår her i verdi enn kulturfolki rundt um oss. Me lyt stydja namni våre til ei skriftmålsrettskriving me òg, likso vel som andre: det lyt verta anten til bokmål, eller til nynorsk. Sidan namni eingong er løyste for ollo ifrå bokmålet, og det ikkje er veg attende, lyt det verta nynorsk. Det eplet lyt dei bita i, både dei som tykkjer det er søtt, og dei som tykkjer det er surt.

«Norsk namneverk», s. 125.