Ivar Aasen og fyregangsmennene i Bergen

Frå Sambandet
Versjonen frå 15. mars 2021 kl. 08:45 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «Bergen var Noregs hovudstad i millomaldaren. Byen var kongssæte og eit nasjonalt sentrum. Byen var dessutan kyrkjesentrum og den største byen i Noreg fram til 1850-talet.…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Bergen var Noregs hovudstad i millomaldaren. Byen var kongssæte og eit nasjonalt sentrum. Byen var dessutan kyrkjesentrum og den største byen i Noreg fram til 1850-talet. I byen millom dei sju fjell vart det nytta norrønt i millomaldaren, og målet laut lesast av sume, rettslærde iallfall, fram til kring år 1600. Då det norrøne målet gjekk under og fall heilt ut kring år 1600, fanst det ikkje lenger nokor gamal skriftform ein kunde knyta den norske talen til. Det danske skriftmålet vart den viktugaste rettesnori når norsk talemål skulde gjevast att i ulike nedskrifter. Interessa for norsk talemål fall like fullt ikkje burt. Fleire målinteresserte med tilknyting til Bergen og Vestlandet skreiv ordsamlingar med norske ord.

Målgranskaren Gustav Indrebø meiner at ein kann segja at det fanst ei norsk ånd hjå bergenshumanistane på 1500-talet, og ho synte seg i den ihugen dei hadde for norsk soga og den tidi då Noreg hadde eit eige norsk mål. Han meiner at ein kann finna denne åndi hjå bergenshumanistar som Gjeble Pedersson og Absalon Pedersson Beyer. Iallfall er det ei kjensgjerning at personar med nær tilknyting til Bergen og Vestlandet skulde koma til å gjeva ut ordsamlingar med norske ord. Christen Jensson var den fyrste til å gjeva ut ei ordsamling frå norske dialektar. Den fyrste ordsamlingi til Christen Jensson hev vore tilgjengeleg for dei som kom etter han og vilde gjera det same, slike som Marcus Schnabel, Erik Pontoppidan og Laurentz Hallager. Dei nytta alle boki til Jensson. Det kann, meiner Indrebø, finnast ein tradisjonstråd frå bergenshumanistane til Hallager.

Er det rett, so kann me, segjer Indrebø, draga hevdslina lenger frametter. Hallager var ein fyregangsmann for W.F.K Christie som sette upp eit «Norsk Dialect Lexicon. Christie skapa det upplyste kringværet i Bergen som gjorde at biskop Neumann og andre kulturmenn der tok vel imot Ivar Aasen, og at biskopen jamna vegen for honom, segjer Indrebø. (Norsk Målsoga, 1951 s. 348)

Eit viktig spursmål vert då: Kva var denne norske åndi? Korleis kom ho til uttrykk? Og kva rolla spela ho for Ivar Aasen? Lat oss fyrst sjå på ordsamlingane og folki attum deim og so på Aasen og Christie.

Christen Jensson

Christen Jensson var prest frå Askvoll i Sunnfjord. I 1646 gav han ut ei ordsamling på kring 1000 ord. Jensson voks upp i Askvoll, so han kjende målet godt. Jensson skreiv ordi etter målføret, og la skrivemåten lite etter dansk.

Jensson var fedrelandssinna. I fyreordet sitt skriv han at andre bokskrivarar dedikerar bøkene sine til store og høge herrar. Han vilde eigna boki si til sine kjære landsmenn. Han hev prenta henne «paa voris gode oc gamle Norske Sprog (som i Synderlighed med mange Tungemaal oc fremmet Sprog er bemenget, oc daglig Dags mere tiltager …) diss klarligere kunne komme for Dagen, oc fra de andre adskillis … « alle forbemelte gode Norbagger til Tieniste». (Norsk Målsoga s. 343)

Indrebø skriv at den patriotismen og sjølvhevdingstrongen som bokmenn i utlandet knyter til dei litterære nasjonalmåli, den knyter Jensson til det norske talemålet.

Erik Pontoppidan (d.y)

Hundre år seinare tok biskopen i Bergen, Erik Pontoppidan (d.y), upp tråden. Han gav ut ut «Glossarium Norvagicum». Boki kom ut i Bergen i 1749. Denne boki er ei ordbok som er umlag på same storleik som Jenssons Dictionarium. Dei fleste ordi er henta frå Bjørgvin bispedøme, men nokre ord kjem frå andre stader.

Pontoppidan var vitskapsmann og hadde tidlegare skrive ei bok um målet i Sønderjylland – «Det danske Sprogs Skæbne og forrige Tilstand udi Sønderjylland» Pontoppidan var ikkje norsk nasjonalist. Han skreiv derimot boki si av praktiske årsaker. Han hadde uppdaga at det var mange ord i målføri i bispedømet som han ikkje forstod. Han tykte det var viktig å forstå innbyggjarane og sokneborni når ein skulde formidla dei kristne verdiane til deim, so difor var det ein god ting å ha ei ordsamling å venda seg til.

Boki til Pontoppidan var ikkje serleg god etter vitskaplege mål. Indrebø finn meir tiltru til Jensson, men det var viktig for samtidi den gongen at biskopen gav ut ei bok um norsk mål. Det auka statusen og godviljen for det norske målet.

Hallager

Bergensaren Laurents Hallager (1777-1822) gav ut «Norsk ordsamling» i 1802. Då var han student i Kjøpenhamn. I fyreordet skreiv han at dei leivningane som enno var att av det gamle norske målet, fanst ikkje eller var mest burte nær byane. Det var inne i landet ein kunde finna att leivningane av det gamle norske språket. Dei bøndene som hadde lite eller inkje samkvem med byane hadde eit eige serpreg i målet.

Hallager skriv etter Indrebø: “Det adskiller seg fra de tvende andre Nordiske Sprog, ei alene ved et rigt Forraad af egne Ord, en egen Udtale og egne Vendinger, men endog ved en egen Forbindelse af Ordene eller Syntax; saa at man kan sige, det ikkun har manglet Dyrkning ved Skrivter, for at blive et selvstændigt Sprog ligesaa vel som hine.” Hallager tykkjer det er godt gjort at dei norske bøndene kunde halda so vel på målet, ettersom det hadde vore nært samband millom Noreg og Danmark i 300 år. Dei norske bøndene hev havt danske menn millom seg til dømes prestar, og berre danske bøker. Han meiner at det finst ein nasjonal byrgskap millom bøndene.

Hallager vil ikkje ha nokor utskiljing av eit norsk språk. Han vil berre at det norske i ordsamlingi skal rika upp det danske språket, som er sams millom nordmenn og danskar.

Schnabel

Marcus Schnabel planla ein grammatikk for hardingmålet som skulde jamførast med gamalnorsk. Grammatikken skulde ha med ei lista yver gamalnorske ord som fanst att i hardingmålet og nokre gamle brev, som skulde syna skriftmålsyvergangen til dansk. Boki vart ikkje fullførd, og ho var ikkje uppdaga att då Norsk målsoga kom ut i 1951. Eit fyrearbeid vart prenta i 1784. Det er ei ordlista der ein fyrst gjev upp ord på gamalnorsk og so på hardingmål, so ein kann syna at det er samband millom bondedialekten i Hardanger og gamalnorsken.

Schnabel var den fyrste som gav seg i kast med å studera grammatikken i norske talemål. Den praktiske nyttetanken var òg sterk hjå Schnabel. Det var eit mål for prestar og andre som skulde ha med den norske ålmugen å gjera, so at dei kunde lære seg ålmugemålet, so dei kunde nå betre fram til nordmennene.

W.F.K Christie

Kva var det som dreiv W.F.K Christie til å laga ei ordsamling med norske ord? W.F.K Christie er vel for dei fleste kjend som mannen attum Bergen Museum, og mange kjenner honom vel dessutan som president på umframstortinget i november 1814. Etter 1825 laut Christie av helseårsaker trappa ned yrkessyslane sine. Då tok han til å arbeida med å få skipa Bergen Museum. Mindre kjend hev det vel vore at han òg tok til å arbeida med eit Norsk dialektleksikon. Dette er ei ordsamling som ikkje hev so mykje praktisk verde i dag, men som var eit nybrotsarbeid på den tidi det vart laga. Det syner framfor alt at det fanst ein ihuge for å få fram det sernorske i norske bygdemål.

Christie lika å driva med vitskapleg arbeid, og det i seg sjølv var ei drivkraft, men attåt det var det nasjonale grunnar som må ha vore ei viktig drivkraft, meiner Indrebø (1937). Indrebø hermar ein umtale som Christie gav av arbeidet sitt i noko som han kallar «Underretninger» frå 1827: Skulde jeg engang faae dette mit Arbejde færdigt, da haaber jeg dermed at kunde bevise, at, naar man opholder sig over Bergenhuserne og leer dem du for de mange besynderlige Ord og Talemaader, de bruge, ja vel og forkaster dem, at saadanne Ord ere tydske, hanseatiske Levninger, da beleer man dem i Grunden, fordi de have beholdt saameget af deres Forfædres Sprog, eller fordi man selv er saa uvidende eller magelig, at man ikke kjender til eller vil undersøge dette. «  Christie meinte at dei bergenhusiske dialektane var mest i samsvar med det islanske og det gamalnorske målet.

Christies tankar um det norske i målet

Christie nøgde seg ikkje berre med at han og andre oldgranskarar vilde dyrka bygdemåli reint teoretisk. Han ynskte at det norske talemålet som han fann hjå bonden, skulde få noko å segja i den røynlege verdi med. Indrebø hev funne fram til eit manuskrift som ber titelen «Prøver af et norsk Dialect-Lexicon, især i Bergenshusiske dialecter». Det er ei innleiding til ein tidsskriftartikkel som aldri vart fullførd. Her skriv Christie:

“Efterat det norske skrivtsprog er blevet løst af de fremmede Ledebaand, hvordi det igjennem flere Aarhundreder har været ført, seer Normanden nu med Gløde hvorledes det stræber efter at udvikle sig i en mere fri og national Retning, benyttende dertil de Elementer, Fortiden har leveret det og bevaret ikke blot i gamle Sprogmonumenter, men i Folkelivet og den Tale som dagligen høres i dette, Denne Stræben, som kjendeligen spores hos enhver national Skribent nyder ogsaa Understøttelse at Regjeringen i det denne kraftigen virker til at de ældste norske Sprogmonumenter, de ældgamle norske Love og Rettebøder eller Forordninger uforvanskede lægges Folket for Øjne og Saaledes gives det til fri Benyttelse som Material for Sproget. Enhver som med Opmærksomhed lytter til den norske Landalmues daglige Tale, vilde opdage, hvilken Sprogskat der skjuler sig i denne, og hvilken Rigdom den indeholder til Skrivtsprogets nationale Udvidelse samt til fremmede Elementers Udsondring af samme. Flere norske Forfattere have allerede for lang Tid siden leveret større og mindre Bidrag til at kjende og forstaae adskillige norske Dialecter, og nogle af de faa literaire Samfund, Riget hindindtil ha havt, have ogsaa rettet sine Bestræbelser derhen. Det er imidlertid endnu langt fra at man kan siges at have tilstrækkelig Kundskab om Rigets forskjællige Dialecter, hvilken først erholdes naar man har bragt det saa vidt, at et omfattende Dialect Lexicon…” Her gjeng ikkje manuset vidare.

Indrebø peikar på at ei ordleiding som «Skrivtsprogets nationale udvidelse» og «fremmede Elementers udsondring af samme» er ordleidingar som kan tolkast til å vera det same som mange andre hadde tenkt fyrr, altso at norske dialektord kunde koma inn i det danske skriftmålet. Det som derimot var heilt klårt var at dei som hadde skrive um dei norske talemåli tidlegare ikkje hadde havt nokon tanke um eit eige norsk skriftmål, dei hadde med eit Indrebø-ord ikkje nokon utskiljingshug, anten dei var norske eller danske. Christie meinte noko anna og noko meir enn desse forfattarane, slær Indrebø fast. Han hadde ein utskiljingshug og ein sernorsk reisingshug. Indrebø byggjer då på ordleidingar som «løst av de fremmede Ledebaand» og en «mere fri og national Retning for «det norske skrivtsprog».

I eit par litterære prøvor vik Christie av frå det vanlege danske normalmålet. I attforteljingi av Tovarhaugen som han gav ut i 1848 hev han nytta ein uppnorska dansk – norske ord og norsk ordleggjing i stor mun -, med stilistisk evna. I eit gåtemanus som han fyrebudde for tidskriftet Urda i 1849, brukar han, segjer Indrebø, heilt norskt mål, og normaliserar til ein slags bergenhusisk dialekt. Indrebø meiner at det ber i seg ei vitring um korleis Christie tenkte seg at programmet um «National Udvidelse» av skriftmålet kunde setjast i verk. Han var viljug til å taka upp norske element i det tradisjonelle danske skriftmålet, so mykje at det gav skriftmålet i Noreg ein serdåm; han hev samstundes leika med tanken um å få eit heilnorskt skriftmål. Ordboki skulde leggja tilfanget til rettes for deim som vilde arbeida for nasjonal uppbyggjing både på den eine og den andre måten.

W.F.K Christie – Norsk Dialect-Lexicon og nokre folkeminne og brev, 1937, utgjeve ved Gustav Indrebø, s.80-85

Veilor ved arbeidet åt Christie

Indrebø gjeng gjenom ei rad veilor ved ordsamlingi til Christie. Språkleg og vitskapleg etter notidsstandard hev ikkje boki mykje verde, men på den tidi ho vart laga og under dei vilkår som då var, fyre Aasens store arbeid, hadde boki vori til upplysing um det norske målet.

Christie var den fyrste nordmannen som tok fyre seg å laga ei norsk ordbok. Han nytta ordleidingi ei norsk ordbok i eit brev alt i 1828. Han gjorde eit medvite sprang då han gjekk frå å tala um «besynderlige ord i det Norske» til «Ord i det norske». Det at han sette fram ei uppgåva og freista å løysa henne gjev, meiner Indrebø, Christie rett på eit rom i vitskapssoga og den nasjonale soga vår. Det spelar ikkje nokor rolla um arbeidet vart ufullkome og mangelfullt. Han hadde sett seg den uppgåva at han skulde laga ei nasjonal ordbok, og då var det naudsynleg å få ei systematisk skriftnorm for dei ny-norske ordi, visse rettskrivingsreglar og ei grammatisk formfesting.

Christie sette "den "Bergenhusiske Dialekt og Udtale" svært høgt fordi den kom nærast upp til islandsk, det vil segja gammalnorsk. Det var ingen vandemål for "den Bergenhusiske Bonde" å skyna islandsk, slo Christie fast. I 1828 fortalde han at han hadde: "… oplæst for kyndige Bønder hele lange Perioder af Islandsk, og de have forstaaet disse næsten bedre enn vort nu brugelige Skriftsprog." Christie samla på alt som var å finna av norsk kulturarv, og til denne arven høyrde det norske målet, måvita.

Indrebø uppsumerar Christie sitt framlegg til normering med at han i sumt vilde ha det same som Aasen, medan i andre samanhengar hadde han hug til andre løysingar, det ser ein av hovudtendensen dialektleksikonet og gåtemanuskriptet hans. Christie skreiv da, dan, dar. Han kastar ofte stum d etter vokal og r. Han stryk ofte t, d, r, n, m i utljod og i trykklette stavingar, og han brukar meir gj og kj framfyre ljodlett vokal. Dei fleste av desse avviki heng saman med at Christie arbeidde med vestnorske målføre.

Mange av ordi til Christie hadde ikkje vore ordboksførde tidlegare. Det var ei ovstor mengd av ord som for fyrste gongen kunde ha vorte kjend for ålmenta. Hadde boki kome ut fyre hovudverki til Aasen, vilde ho ha auka kunnskapen um norsk mål mykje. Indrebø meiner at boki kann ha kjeldeverde når ein granskar henne kritisk, for ho inneheld ord som ikkje hadde kome inn i andre ordbøker fram til den tid i 1937. Hans Ross som gav ut ei eigi ordbok hev nytta sumt av det tilfanget Christie hadde.


Aasen og Christie 1

Indrebø peikar på at det er rimelegt at ihugen til Christie umveges gav ein tilstøyt til at Ivar Aasen fekk koma i veg med å løysa uppgåva mykje betre enn Christie sjølv makta. Aasen kom til Bergen fyrst i august i 1841. Der råka han rektor Hans Holmboe, Lyder Sagen og framfor alt biskop Neumann. Derimot ikkje Christie.

Christie bruka å liggja på landet på denne tidi og hev truleg vore ute or byen eller på ei eller onnor ferd. Det var biskop Neumann som tok seg av Aasen på vegner av Bergen Museum, men både Neumann og Christie sat i styret for museet. Dei møttest tidt og ofte i det vitskaplege og litterære laget Urdaforeningen. Og der var det Christie som representerte ihugen for norskt mål og kunnigskapen i målet. Her hadde Christie gjort greida for etter måten mange målslege emne, so som samanhengen millom norsk og lappisk, og han hadde greidt ut um stadnamn og um runer. Arbeidet hans med dialektleksikonet hans hev vore vel kjent i Urda-krinsen, måvita. Christie var den som hadde skapt det interessemiljøet i Bergen som Ivar Aasen kom upp i. Det interessemiljøet som gjorde at biskop Neumann med ein gong vart uppglødd for Sunnmørsgrammatikken til den ukjende bondeguten, og tok seg av Aasen. Han skreiv artiklane i «Bergens Stiftstidende», og dimed vart Aasen åtgådd offentleg for fyrste gongen. Slik kom Aasen i samband med vitskapsselskapet i Trondheim. Det er eit umveges samband millom Christie og Aasen.

Jamført med kjennskapen til og interessa for målgranskingi til Christie, spela det mindre rolla at Christie og Aasen møtte kvarandre eit par år seinare, i oktober 1843, segjer Indrebø (Indrebø 1937 s. 92-93).

Ei interessant vinkling som visst ikkje hev vore mykje framme er spursmålet um Aasen kjende til Christie sitt arbeid. Det veit me vel ikkje for vel, men det er iallfall rart at Aasen ikkje tok meir beinveges kontakt med Christie i fyrevegen. Dersom han hadde kjent til arbeidet åt Christie, vilde han vel ha teke kontakt der han hadde venta seg å få mest hjelp. Det måtte vel helst vera hjå ein som hadde same ihugen som han sjølv og ikkje hjå biskopen. Kor vel Aasen kann ha vore orientert um miljøet i Bergen er vel ikkje heilt klårt. Prost Thoresen kann ikkje ha vore kven som helst. Han var trass i alt far til Susanna Ibsen, so noko må han vel ha havt av hopehav nedetter mot Bergen, men det verkar som eit vågelegt tiltak å reisa til Bergen og springa dørene ned hjå dei lærde folki som fanst i byen.

Det vert ofte lagt vekt på at Aasen var den som uppdaga bergensarane og vilde søkja hjelp hjå yverklassa, men det upplagde er vel å segja det motsette: at det var Aasen som vart uppdaga. Aasen kunde koma til Bergen og visa fram lærdomen sin, og det fanst døme på folk som vart hjelpte fram frå bondestanden og til studiar og utdaning, men det kravdest velvilje for at ein skulde lukkast. Når Aasen hadde halde seg på Sunnmøre, hev det vorte lagt vinn på bondebyrgskapen hans og anna standsmedvit, men det var vel heller slik at det var gode tilhøve til å arbeida med språk reint teoretisk der han var. Han hadde ikkje trong til å reisa ut, tykte han.

Men då han kom til Bergen, uppdaga han ei onnor verd. Ei verd der folk hadde kome seg vidare i livet av di dei hadde drive studiar og granskingsarbeid. Aasen møtte andre folk som var idealistar og granskarar og som hadde eit nasjonalt sinnelag. Denne verdi tykkjest å ha vore framand for Aasen fram til då. Aasens mål var at han ikkje skulde lyfta seg yver standsgrensone, men vera ein vanleg innbyggjar i riket, ein tenar for ålmugen so å segja.

Men so kjem det til at Aasen hadde eit uvanleg program fyre seg. Han vilde granska folkemålet, slik det låg fyre. Det var ikkje noko ein kunde gjera frå ein lærestol eller frå ein by, det måtte gjerast på reisefot. Og det må ha hasta for Aasen med å koma i gong. Tidkrevjande studiar vilde ikkje hjelpa han med å henta inn det tilfanget han trong til å verta klokare på det norske folkemålet. Det måtte granskast frå dei bygdene der det var til. Når møtte so Aasen Christie og korleis arta det seg?

Aasen og Christie 2

Aasen kom til Bergen i juli/august-dagane i 1841. Her møtte han altso biskop Neumann og andre lærde menn i krinsen kring Neumann, men han møtte ikkje Christie. Sidan for Aasen attende til Solnør og vart sitjande der til året etter. Då hadde han fenge reisestipend frå Trondheim. Um sumaren 1842 var han i Trondheim og helsa på dei lærde kring Vitskapsselskapet. Seinare byrja han granskingsferdi si. Fyrst i oktober 1843 skal Aasen ha møtt Christie.

Når ein les korleis Aasen introduserar møtet med Christie, verkar det rart at desse tvo mennene ikkje hadde møtt einannan tidlegare. Det kann visselegt forklårast med Christie rett og slett ikkje var tilgjengeleg på dei tidspunkti Aasen var i Bergen og at mennene ikkje innleidde noko brevskifte eller noko anna samband, men likevel må då Christie ha vore godt kjend med Aasen. Biskop Neumann fekk presentert Aasen både i bergenspressa og oslopressa. Aasen var uppdaga. Neumann må òg ha tala med Christie um Aasen. Det verkar merkeleg at Aasen og Christie, um ikkje anna, kom i brevbyte med kvarandre.

I den tidi han budde i Nordhordland, reiste Ivar Aasen ni gonger til Bergen, og i oktober 1843 vitja han altso Bergens Museums grunnleggjar, Wilhelm Frimann Koren Christie. Aasen skriv sjølv: "Paa en af disse Reiser indfandt jeg mig hos forhenværende Stiftamtmand Christie, en Mand som jeg burde have gjort tidligere Bekjendtskab med, da Ingen af de Store i landet har en saadan omfattende Kundskab om Almuesproget forenet med Interesse for samme, som han har. Denne Mand har ogsaa samlet Materialier til en Ordbog over Almuesproget, og hans Ordsamling indbefatter efter hans eget Udsagn henimod 10 000 Ord, hvilket forekom mig næsten utroligt, da min egen Ordsamling uagtet al dens Rigdom paa den Tid ikke var betydelig større.

Christie er desuden i Besiddelse af mange Bøger i det oldnordiske og i beslægtede Sprog; blant Andet fik jeg her see Ihres store Dialektordbog, som jeg saa ofte havde seet Henvisninger til. To vigtige Skrifter, nemlig de nordiske Sprogs Historie af Petersen, og det islandske Sprogs Oprindelse af Rask, fik jeg laant hos ham; og disse Bøgers Læsning var mig udentvivl til betydelig Nytte. Derimod fik Christie min overfor nævnte Grammatik for de bergenhusiske Dialekter til Gjennemsyn, og hans Bemærkninger ved et Par Steder i dette Skrift gjorde at jeg siden forandrede disse."

Aasen var imponert over Christie sitt arbeid, og var hjå honom mange gonger. Aasen hadde òg ordsamlinga hans til gjenomsyn eit par vikor i september 1848: "Denne Samling er meget stor, men en betydelig Deel af Ordene ere anførte i forskjellig Form paa to eller flere Steder." Det er liten tvil um at Bergen hadde vore eit sentrum der interessa for det norske målet hadde vore sterkare enn andre stader. Aasen må ha kjent til dette, men kor store kunnskapar han hadde um målgranskingi til Christie og um tidlegare arbeid med ordsamlingar, er det vel i røyndi ikkje heilt lett å vita. Granskingane til Christie var elles ikkje noko som kunde ha ført fram til noko norskt skriftmål. Dei var altfor ufullstendige og lite gjenomarbeidde. På den andre sida, um Aasen berre hadde vore interessert i pengar, kunde han ha reist beinast til vitskapsselskapet i Trondheim. Det er liten grunn til å tru at dei hadde vist same velvilje, men det veit me ikkje. Tur til Oslo var det nok ikkje tale um.

Avslutning

På ein eller annan måte visste Aasen at det var lurast å reisa til Bergen. Det segjer vel noko um prestisjen attum innsamlingsarbeidet til Neumann og Christie. Bergen var den største byen i Noreg på denne tidi, og i røyndi måtte byen vera det motsette av alt det Aasen såg fyre seg at han skulde lukkast med. På den andre sida, nett det byvorne og det store var det som sette landsbygdi klårast i umriss. Her kunde tankane og utsyni til Aasen opna seg. Her kunde evnone hans koma klårast fram i dagen. Den norske åndi må vera knytt til at Bergen hev vore ein by med nasjonal prestisje og byrgskap. Den nasjonale åndi må ha vore viktug for Aasen. Der folk vilde byggja upp eit vitskapleg sentrum utan røynlege vitskapsfolk, der må ein ha havt noko av den same sjølvstendeviljen. Det viktigaste var ikkje dei vitskaplege titlane og dei formelle lærestolane, men at ein vilde koma fram til noko på idealistisk grunnlag. Det hadde Aasen og Christie sams. Slik sett kann ein vel òg tala um eit romantisk huglag og vilje til å tenkja stort. Aasen fekk ikkje berre høve til å tenkja stort, men til å gjera storverk med.