Ivar Aasen-almanakken 2001

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:25 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Av Jostein Krokvik

Det er nokre år sidan Dag og Tid tok til å gjeva ut den nynorske Ivar Aasen-almanakken no, men almanakken hev kome årvisst sidan byrjingi. Eit tiltak som fortener ros.

Utgåva for 2001, Garborg-året, er tydeleg merkt av Arne Garborg som er heidra med bilete, lista yver viktuge livshendingar, kjende Garborg-dikt og eit utdrag frå "Den burtkomne Faderen". Den nynorske nasjonalsongen "Gud signe Norigs Land" er påhugsa. Alt, sjølvsagt, på upphavleg mål.

No er ikkje Aasen gløymd, må vita. Foto, viktuge årstal og Aasen-dikt er med. Den ukruna nasjonalsongen "Nordmannen" ("Millom bakkar og berg"), er prenta med 8 vers, tri vers meir enn dei fem klassiske me møter i songbøker og som Aasen sjølv valde.

Og ordtøki etter Aasen er med, det var vel, eitt for kvar dag; dei er den raude tråden i boki, dei. Nokre er utskifte sidan sist, det gjer seg godt, og på siste dagen i 2001 finn me det velvalde: "Ein Gong lyt Enden koma".

Prenta i Vestmannen nr. 10 2000