Idé-grunnlaget for målreisingi

Frå Sambandet
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 11:33 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<h2>I.</h2> <p><i>Kvifor driv me med målreising?</i></p> <p>Det hev vore ein grand ordskifte um dette spursmålet i det siste.</p> <p>Den unge filologen Olav Rytter hev…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

I.

Kvifor driv me med målreising?

Det hev vore ein grand ordskifte um dette spursmålet i det siste.

Den unge filologen Olav Rytter hev havt ei forvitneleg utgreiding no nyleg i «Syn og Segn» um målrørslor i slaviske land. Utgreidingi byrja med å dryfta utførleg kva grunnlag ei målreising i det heile kan ha, og kva grunnlag målreisingar faktisk hev havt i ymse ulike land.

Målstudentane tok til 2. september i år med å gjeva ut eit blad, ei liti fagskrift: («Mål og Makt». Det er mykje nettupp idé-grunnlaget for rnålreisingi dei utkomne nummeri krinsar um.

I samband med den nye rettskrivings- (eller nøgnare målbrigdings-) nemndi hev det kome fram eit og anna innlegg um sjølve grunnsetningane for målreising og målpolitikk hjå oss. Og det kjem meir. I samband med rettskrivingsbrigdet, eller nøgnare målbrigdet som dei emnar på, lyt me taka eit ålvorlegt prinsipielt ordskifte, ei uppgjerd um kva grunn me stend på, og kva de er me røynleg vil. Ei uppgjerd som gjeng radt onnorleis breidt og djupt enn ordskiftet for det meste hev gjort til dessar.

Men alt no kan me altso merka ein trong på fleire kantar hjå deim som er vakne til å tenkja igjenom på nytt og få utgreidt for seg sjølve kva som er grunn og endemål for målreisingi i Noreg; kva som er ideologien hennar som dei gjerne segjer på moderne landsmål, — det er slikt eit greidt og godt norsk ord.

— Eg meiner dette er gledelegt. Ikkje minst at ungdomen tenkjer målsaki igjenom prinsipielt.

For kvar stor rørsle treng ein greid lærebygnad å stydja seg til. Eller rettare: Kvar stor rørsle treng ein stor, endefram tanke å byggja på. Ein tanke som på den eine sida gjev fast logisk grunn, det vil segja er vyrdlaust sannferdig og let kvar ting vera det han er, og ikkje kunstigt eller hektisk gjer nokon ting større eller mindre enn han er. Og ein tanke som på hi sida hev fengjande makt i seg. Hev evna til å gjera folk uppglødde og til å setja hugar i brand.

Det er radt naudsynt for ei rørsle å ha ein slik stor, endefram tanke. Og det er um å gjera at dei som skal bera rørsla fram, er fullt klåre yver honom, og er samde um kva som røynleg er hovudtanken deira. Og dersom dei er usamde, lyt dei sjå etter um ikkje det som kvar legg vekt på kan førast attende til eitt og same grunnfaktum; um det ikkje er ulike, kan henda meir eller mindre avleidde sidor av ein og same hovudtingen dei legg vekt på; soleis at i det fundamentale vert det noko eins like vel.

II.

Eg vil få koma med nokre tankar um kva eg meiner det er som ber målreisingi og er sjølve kjernen i henne.

— Det er heller moderne no å segja at den norske målreisingi er ei sosial reising, ei klassereising.

Dette er sant. Målsaki er ei reisings- og lyftingsmakt for bonde og arbeidar og fiskar, og for alle lag i folket som soknar saman med deim. Målreisingi er ei frigjering i serskild mun for desse klassone i folket. Og eg lyt segja, eg skynar lite deim som vil vera førarar i bonde- eller arbeidarpolitikk og ikkje tek målsaki med, men arbeider imot eller stend likesæle, eller jamvel sjølve i tale og skrift gjeng ifrå bonden og arbeidaren sitt mål yver til norsk-dansken.

Det sosiale momentet er ei side ved saki som me ikkje kjem utanum, og som me lyt halda sterkt fram. — Like vel er etter mi meining ikkje den sosiale sida den viktugaste sida. Og den sosiale reisingstanken er ikkje sjølve den sterkast berande tanken som hev halde målsaki uppe, og ikkje den som sterkast kan halda henne uppe heretter.

Kor stort verde målreisingi so hev for bonde og fiskar og arbeidar, so stend det like vel fast, at alle desse klassone kan då greida seg utan henne, og hevda seg utan henne i maktstriden og i den økonomiske striden i samfundet.

Bøndene hadde si politiske og sosiale reising i det fyrre hundradåret, med dansk til mål i offentleg ferd. Dei braut seg fram, og greidde det, på dansk.

Arbeidarane hev bygt seg upp den økonomisk og politiske maktstoda si i dag, og hev greidt det veldige organisasjonsverket sitt. Det er alt saman tufta på dansk og norsk-dansk mål, frå fyrst til sist. <p>Dette er røyndeting som me ikkje kan neitta eller lata att augo for. Målreisingi vilde verta til ei sann velsigning for bonde og arbeidar. Men me fær gå ved: Tvingande naudsynt er ho ikkje for at den sosiale rørsla skal nå det som er hennar viktugaste og nærmaste fyremål: dei økonomiske og dei sosial-politiske makt-resultati. Difor vert ikkje den sosiale tanken på lengdi den avgjerande aktive framdrivingskrafti for målsaki heller.

* * *

Andre peikar på den pædagogiske sida, — kor stor ei hjelp nynorsken vil vera for upplæringi i skulen, og kor urettferdigt og kraftspillande det er at borni ikkje fær lov å nytta eit mål som kan vera meir naturlegt for dei fleste av deim, enn norsk-dansken er.

Det er sant, at målreisingi vil vera ei veldug hjelp for upplæringi i dei fleste skular, ei veldug frigjeringsmakt for den unge ætti. Det kan ikkje heller segjast for sterkt. Det er ikkje for ingen ting at fleirtalet av folkeskulelærarane i landet er målvenlege.

— Men like vel, so er etter mi meining ikkje det pædagogiske heller — umsynet til kva som fell lett og ikkje lett i barneskulen — hovudsida ved målreisingi. Det er ikkje den fundamentale grunngjevingi.

For kor stort eit velgjerds verk det so vilde vera å sleppa ungdomen i landet til med nynorsk, so stend det fast at dei kan då nå fram til ei hjelpeleg upplysning på dansk og norsk-dansk òg. Dei hev slite med det til dessar. Det hev vore eit synda verk imot ungdomen. Men greidt det hev dei, og fenge lærdomen, og vorte bra og dugande menneske dei fleste.

Me lyt koma ihug her, at borni i Noreg hev det ikkje verre enn borni i dei fleste andre land, jamvel i dei bygder som hev norsk-dansk skule. Det er i røyndi større skilnad i dei fleste andre land millom skriftmål og målføre, enn det er millom norsk-dansken og målføri her hjå oss. Urettferdi her hjå oss ligg ikkje i at skilnaden millom skriftmål (norsk-dansk) og bokmål i og for seg er so uvanleg stor. Urettferdi ligg i at skilnaden er større for størsteluten av folket enn han treng um å vera. Han er ikkje verre enn at intelligente folk som nordmennene fær då lært det meste av det dei skal på norsk-dansk òg.

Difor vert ikkje det pædagogiske umsynet heller — umsynet til lett og ikkje lett ved kunnskapstileigningi i skulen — sjølve det berande, sjølve den inste framdrivande krafti for den norske målsaki, kor viktugt det so er.

* * *

Me kunde nemna den kyrkjelege og religiøse sida. For sume er innan målmannsflokken, og det ikkje av dei minst verdfulle, er det eit hovud-moment.

Folket sitt eige mål vil vera til gagn for det kyrkjelege og religiøse livet, segjer dei — vil føra Ordet næmare hjarto, gjeva inderlegare uttrykk for det som rører seg inst inne, frigjera den religiøse tunga. Det er ein stor ting, segjer dei, at eit folk fær vigsla målet sitt og fær det lyft upp i helg og trudomsliv.

Me kan segja heilt ut ja til dette òg. Nynorsken vilde vera eit stort aktivum for den norske kyrkja, um ho tok honom i bruk so langt som det til kvar tid let seg gjera, og sette honom i høgsætet.

— Men ikkje her heller ligg etter mi meining sjølve det berande livsgrunnlaget for målreisingi.

Kor stort gagn kyrkja so vilde ha av å taka nynorsken til reidskap og tenar, so stend det fast at eit kyrkjelegt og religiøst liv i Noreg kan halda seg utan honom. Det kyrkjelege og religiøse livet tapar på å halda det som er hjartemålet for storluten av folket utanfor. Men dette livet kan halda seg med berre norsk-dansk til heilagt mål, og jamvel skjota fager frukt.

* * *

Sume endeleg — helst noko litterære folk — talar som so: Målreisingi ligg fyrst og fremst i stilen. Målreisingi er fyrst og fremst å få burt alt tungt og kunstigt kancelli-mål — soleis kallar dei det — og få ein naturleg stil, ei naturleg, folkeleg målføring. Det er det sentrale.

Kravet um ein naturleg, folkeleg stil er uskiljande bunde til den nynorske reisingi. Og eg vil segja: Det var ynskjande at målfolk vilde koma det meir i hug enn dei ofte gjer.

Men det er eit grundigt mistak å meina at kravet um folkeleg stil, um naturleg og endefram ordleiding, er noko so sers sermerkt for den nynorske reisingi. Ein folkeleg, naturleg ordleidingsmåte arbeider dei då for, og dei arbeider imot den tunge, kunstige tysk-latinske stilen i norsk-dansk òg. Det same kan dei gjera, og det same gjer dei t. d. i svensk og dansk.

Stil-ideali i minsto her i Norderlandi, er ikkje so ulike i grunnen. Det fylgjer slett ikkje med anten dansk eller norsk-dansk som ein naudsynt grunnhått at dei skal vera kunstige eller latinsk-unaturlege i stilføringi. Når sant skal segjast, er det ikkje så fåe norsk-danske her i landet som skriv vel so naturlegt og folkelegt mål som dei fleste nynorske, — endå um dei norsk-danske for norsk kjensle ikkje hev eit so rikt instrument.

Me marserar berre i takt med ei ålmenn rørsle i den næmaste kulturkrinsen vår når me krev folkeleg, naturleg målføring. Då segjer det seg sjølv, at kravet um slik målføring er ikkje det som skil den norske målrørsla ut og gjer henne til noko sermerkt. Dette kravet tvingar ikkje målfolket inn i ein beisk strid med det andre målpartiet her i landet.

III.

Kva er då den berande, djupast aktive idéen i målreisingi?

Det er den nasjonale reisings- og sjølvhevdingstanken. Og truskapstanken. Det er ein ting me ikkje kan få med norsk-dansken, men berre kan få gjenom nynorsken: Det er eit norsk mål. Der er nynorsken eit u-ettergjevande, naudsynlegt vilkår. Og so sant som der då er ein trong hjå nordmennene til å vera eit folk for seg sjølv, vert det nasjonale argumentet ståande der som eit uromoment so lenge måltilhøvi er som dei er. Det vert ståande som eit argument me ikkje kjem utanum og ikkje kan få rudt burt.


* * *

Me målfolk meiner, at eit i sanning norsk mål vil gjeva folket vårt meir reisning og større livskjensle. Det vil gjeva folket meir indre styrke. Å vita, og kjenna, at me hev noko som i inste meining er vårt eige, noko som er verdt å verja, det er i røyndi det sterkaste styrkebeltet eit folk kan ha um det skulde røyna på.

Me vil kjenna oss meir i samband med vår eigi fyrrtid når me fær eit norsk mål. Der ligg ei underleg makt i det Olav Duun talar um «gammelkarane» i Juvikingar, folki hans lyt vita at dei hev deim med seg. Olav Duun talar um noko røynlegt her, og det er ikkje onnorleis med eit heilt folk. Det ligg ei veldug styrkjing for eit folk i å kjenna at det hev fyrrtidi og historia si i ryggen.

Me målfolk meiner, at med eit i sanning norsk mål, når me let det opna for alle uppkomor, kan folket vårt gjera større åndsens verks enn utan eit norsk mål. Me kann i minsto gjera meir sermerkte verk, få sett meir stempel av norsk ånd på norsk serhått på det me skapar. Med det kan me fylla eit rom i det store samspelet med alle hine folk. For det er det sermerkte som skapar rom og vyrdnad for eit folk — ogso for eit lite folk — i det store internasjonale kultursamspelet. Ved det sermerkte kan eit folk — ogso eit lite folk - ha noko å gjeva hine folki. Med å skapa ein sermerkt, rotvaksen åndskultur, kan me og — endå um me er eit lite folk — syna vår liverett. Me skapar eit folk ikkje ein sermerkt, heilt-ut ekte nasjonal-kultur av si eigi rot, so hev det folket inkje brev å leggja fram um der skulde koma ein prøvings- og uppgjerdsdag.

Me målfolk meiner stutt sagt: Det å reisa eit norsk mål er ei sunn, og difor etisk og verdfull sjølvhevding. Det er naudsynt for at me betre skal kunna fylla vårt serlege rom. Der er naudsynt til å gjeva ei fullgild form for det som høyrer vårt land til, og for det som folket vårt hev i seg av tanke, kjensle og draum.

Og endeleg: Me meiner, at eit norsk mål vil hjelpa oss til å vera meir ærlege som nasjon, — når me slepp å ljuga for oss sjølve eller å gjera kunster til å få kalla det norsk som slett inkje eller berre prosentvis er norsk

* * *

— Den nasjonale voni, og viljen, som knyter seg til den norske målreisingi, det er — ikkje betre eg skynar — inste sjeli og den logiske kjernen i henne.

Per Sivle vart skalden for nordmennene i den siste bolken av unionsstriden med Sverike. Han sagde det på sin måte:

Me heisar vår flagg, for me er eit folk

og eig oss vårt eige tun,
der merket skal standa bolk etter bolk
og lysa frå brun til brun.
Og tunet det ligg på knaus attned sjo,
og flagget det vert då standande so,
at bjarte skimten kan falla derav

so vida um land og hav.

Desse ordi råkar ei grunnstemning i målreisingi òg

IV.

Difor er løysingsordet etter grunntanken i målreisingi ikkje klassereising. Eller nøgnare: ikkje berre klassereising; men folkereising. Det er heile folket me vil ha reist att til ein sermerkt, sjølvstendig individualitet i målvegen.

Eg trur ikkje at noko anna enn dette fører fram heller på lengdi. Me kann ikkje vinna det som dei stundom kallar yverklasse og stundom provinssamfund — dei tvo umgripi dekkjer ikkje lenger kvarandre heilt — utan med den nasjonale tanken. Med ei trong klassestrid-grunngjeving kan me ikkje få deim med. For ut ifrå ein trong, einsidug klassesynsstad er det imot interessa åt dei mest velhjelpte klassone — «yverklassa» — i dag at målsaki vinn fram. Me kan ikkje venta ein gong at dei skal koma med på det grunnlaget, og me hev ikkje rett til å krevja det. Men når det er nasjonal reising for heile folket me vil, og den tanken me lyfter, so kan me få sume av deim med. Og då er det god von til at me fær dei beste med.

Det fører ikkje fram underklassone dei kallar heller, ikkje ein gong hjå arbeidarklassa, å tala berre um klassereising. Eg veit der er dei som trur, og eg hev høyrt sers kloke folk segja det: Lat underklassa — arbeidarane — få samfundsmakti, so kjem nynorsken, målet deira, til makti med det same. Eg trur ikkje noko på at det gjeng so endefram. Det er sant som ein dansk sosialdemokratisk minister sagde for nokre år sidan, — so vidt eg minnest var det Steincke —: Arbeidarane hev dei kulturelle ideali sine hjå yverklassa, endå um dei kan ha ei heller sterk økonomisk sjølvkjensle. Det han tenkte på, var no dei sedelege ideal, eller sedeleg vanskipnad, — arbeidarane fylgjer etter yverklassa der. Men nett det same gjeld i målvegen òg. Arbeidarane kan godt koma til makti og lata målet sitt verta liggjande att der det var, nedanfor maktsætet.

Skal me få rive arbeidarane med for målsaki, lyt me få skapt ei språkleg sjølvkjensle hjå deim. Men denne naudsynlege språklege sjølvkjensla fær me ikkje skapt hjå deim berre med å tala um at målsaki høyrer med til klassereisingi deira, og at målet deira er eit røynleg eksisterande mål i dag. Me lyt forkynna for deim at deira mål er det nedervde målet her i landet, er adelsmålet um me so må segja, og at det hev den historiske retten. Dermed kjem me inn i det nasjonale tankefaret. Arbeidarane lyt få høyra at deira mål høyrer med til det norske målet, og at norsk skal reisast att til representant for heile folket. Arbeidarane er ikkje ringare enn at dei òg skynar ein nasjonal tanke. Og den tanken er det, trur eg, som lyt kveikja gneisten og gjeva deim den språklege sjølvkjensla som dei no vantar.

Det same som eg hev sagt her um arbeidarane, gjeld um bøndene.

* * *

Men «det nasjonale» hev vorte so misbrukt, segjer nokre. Me trur ikkje på det meir! I røyndi er det ingen ting heller, anna berre påfynster frå visse klassor til å øsa upp og narra og utnytta det arme folket.

Ja, slagord um «det nasjonale» hev vorte misbruka, forferdeleg.

Men det er ovleg dumt å neitta at ein ting er for di um han vert misbrukt. Og det er ingi hjelp i å neitta det. Eit tre løyser seg ikkje frå den jord det hev røtene i. Eit folk løyser seg ikkje frå den natur og dei vilkår det lever under, eller frå soga si. Det løyser seg ikkje frå dei sermerke heller som landet, vilkåri og soga set på det. Då kjem det heller aldri utanum det nasjonale problemet. Og det kjem aldri utanuni det kravet: Sjå til å kjennast ved serhåtten din, og sjå til å veksa på din eigen naturgjevne og historisk gjevne grunn! Eit folk som forsømer det nasjonale i denne tyding, kjem ikkje i frå det utan skade.

V.

Eg trur difor av alle grunnar, at det er ein feil i agitasjonen vår når me so lite brukar ordet norsk um sjølve målet. Me torer ikkje bruka det ordet, og talar i staden um «folkemål» og «landsmål» og kva me no kan finna på. «Folkemål» er i vinden nett no. Og det er vel nok å tala um, eg segjer ikkje noko anna. Men dette ordet åleine eig ikkje den rette slagkrafti reint kjenslevore. Ikkje hjå arbeidarane ein gong. Det råkar ikkje midt i blinken reint logisk heller, dersom me brukar det utan atterhald og utan noko tillegg. For norsk-dansken òg hev vorte folkemål i nokon mun i Noreg no, og vert det for fleire etterkvart i våre dagar, samstundes som nynorsken gjeng fram som bokmål. Men det høyrer ikkje til vår uppgåve å strida for det norsk-danske folkemålet.

Det ordet som hev slagkrafti, det er ordet norsk. Det eggjar fram motsegni, det er sant. Seg sanningi, at «Ja vi elsker» er på dansk, og du skal få sjå korleis ryggbusti reiser seg på deim. Men det kveikjer òg eldhugen og riv med.

Dette ordet hev difor i større mun enn noko anna den eigenskapen som eg nemnde fyrst her at ein berande tanke for ei stor rørsle lyt ha: den fengjande evna. Det hev denne evna hjå alle samfundskiassor når me er so uredde at me torer ropa det ut.

Det hev òg den andre eigenskapen som eg nemnde at ein berande tanke for ei stor rørsle lyt ha: Det gjev logisk fast grunn. For det peikar på eit objektivt historisk tilhøve — det store brotet i soga vår —; og det segjer utan umsveipor nett det som me vil.

VI.

Ut i frå den synsmåten eg hev halde fram her, er det ikkje aller mest um å gjera at målspursmålet vert løyst so brennande brått. Det er so ofte ein høyrer no når folk talar um målet, so brukar dei den faste vendingi: Skal me få eitt mål i Noreg, so —. Det og det lyt til, «dersom det skal verta eitt mål». Stortingsmennene talar jamt soleis. Og no hev den nynorske pressa òg mykje teke til. Nett som det skulde vera meir um å gjera enn noko anna: å få eitt mål so brennande snøgt. — Og det kan vera smakelegt stundom å tala soleis. Og lettvint.

Men etter det som er grunntanken med målreisingi er dette eit fårlegt og ulogisk standpunkt. Var einast det hovudsaki å få eitt mål snarast råd er, so kunde me berre leggja alt målarbeid ned. Då jamna den tingen seg av seg sjølv. Men det er ikkje aller mest um å gjera etter vår tanke å få eitt mål so brennande brått, same kva veg det vert på. Det er um å gjera å få eit norsk mål. So fær me taka oss den tid me treng. Me lyt ha sosialt mod til å segja dette.

* * *

Eg vil få gjera ein merknad her med det same til eit par andre slagord som fyk mykje i mål-innlegg no um stunder, og som ofte gjer den sak me talar um uklår. Det er ordi radikal og konservativ. «Konservative» kallar no sume gjerne deim som vil ha eit norsk, nasjonalt mål utan pruting; «radikale» deim som er meir viljuge til å slå av, og blanda med tyske ord og vendingar og med danske former. Det kan vel i og for seg ikkje vera so um å gjera anten folk kallar oss radikale eller konservative. Det må vera meir um å gjera at ein mann gjer det han tykkjer er rett. Men det vilde gjera saki klårare, når ordi fyrst vert brukte, at dei vart brukte rett, med si vanlege tyding.

Den vanlege tyding av ordet konservativ er: ein som held fast på det som er — lat det vera godt eller mindre godt —, på det som sit trygt, hev æra og makti.

Den vanlege tyding av ordet radikal er: rothoggar, ein som vil brjota med det som er, som sit trygt og hev æra og makti.

— Det som hev æra og makti i dag hjå oss, det er norsk-dansken. Det kjem ingen burt i frå.

Dei «konservative» i målvegen når ordet vert brukt med vanleg tyding, det er bokmålsfolket. Dei held på det som er, som tykkjest sitja trygt, og hev æra og makti.

Dei «radikale» etter vanlegt målbruk er målfolket som vil brjota heilt med det som er, og reisa eit skriftmål på heilt nytt, norsk grunnlag.

Dei som vil gå midt i millom, halda seg både til det eine og det andre og vera «fordomslause», t. d. talar på klokkardansk for ein «måtehalden» norsk —, det er etter vanlegt målbruk dei moderate. — Det kan vera framifrå gilde folk. Og dei kan ha framifrå kloke meiningar. Me vilde berre, at når nokon vil pryda seg med slike fjører som desse fine framande ordi, so måtte dei taka dei rette fjørene. Det vert mindre ugreide og mindre med tarvlaust kjav då.

VII.

Me lyt sjølvsagt halda greidt fram dei sosiale, pædagogiske og kyrkjelege momenti òg. Dei må ikkje gå ut or agitasjonen. Eg vil segja for meg: Eg hev tala — og skrive — sterke ord um alle desse sidone av målsaki. Eg skriv under det alt saman framleis. Og eg vil segja: Det lyt vera høve for den eine til å leggja serskild vekt på eitt av desse momenti, og for ein annan på eit anna, etter som lynde og livsføring hev laga honom. So ulike lyt me få lov til å vera. Men det som er um å gjera, er at me kjem i hug, at ikkje noko av desse momenti er den fundamentale grunngjevingi. Det er alt saman avleidde moment. Dei gjeng alle attende på det grunnfaktum at norsk-dansken er eit innkome, unorsk mål. Me kan segja det soleis: Den nasjonale reisingstanken er det upphavlege, det ålmenne i denne samanhengen. Alle hine grunngjevingane er avleidde, spesielle. Dei hev det historisk-nasjonale faktum til bakgrunn, og fær intensiteten og det meste av evna si til å gjera verknad, derifrå.

* * *

Eg tykkjer at studentane nett no — dei filologiske studentane gjev eit framifrå døme på at det er soleis som eg segjer.

Dei filologiske studentane ved Universitetet i våre dagar lærer, hadde eg so nær sagt, at bokmålet kom upp i Sudaust-Noreg ein stad, og derifrå breidde det seg yver heile Noreg. Det trur eg då slett ikkje dei lærer. Men etter som eg hev kunna skyna, fær mange det i seg (av upplæringi) som eit tvilsspursmål: Kan det ikkje ha gjenge noko på veg soleis? Kan ikkje bokmålet i svært stor mun segjast ha rot eller vera framvakse innanfor dei norske grensone, og soleis på ein måte etter sitt historiske upphav segjast vera eit norsk mål? — Det syner seg at dette grev grunnen undan deim som målmenn. Sjå på dei unge filologane som sit rundt um i landet i dag. Dei sit der valne; kva gjer dei for målsaki?

Skilnaden millom bokmålet og so talemålet åt fleirtalet i folket i dag, han er der like godt. Og dei veit um honom. Dei sosiale, pædagogiske og kyrkjelege vanhøvi som fylgjer av denne skilnaden, er der ogso. For det er objektive realitetar. Men det hev ingen verknad på deim når den historisk-nasjonale grunngjevingi glid undan eller hev vorte utrygg for deim.

Eg kan ikkje få det til noko anna, enn at dette fører logisk til den slutningi, at det historisk-nasjonale faktum er det undste fundamentet, og det som held målreisingi i gang.

— Prov at bokmålet er norsk! Prov at bokmålet og nynorsken er so på lag like norske, so der ikkje er nokon nemnande skilnad på deim soleis! Og den norske målrørsla vil visna burt. Me vil nok få att eit målspursmål her i landet då òg. Der vil verta eit målspursmål av liknande karakter som dei hev i Danmark. Der sit den radikale statsministeren Stauning og kulturministeren hans og tenkjer hardt på um dei skal skifta ut dei store fyrebokstavane i namnordi. Fyrebils hev dei funne ut at det er best å venta. Eller me fær eit målspursmål av same karakter som i Sverike. Der dryfter del m. a. ålvorleg um dei skal finna upp eit radt nytt bokstavteikn for trong o, so dei kan få orden på skrivemåten for ljodane o og å. Eit rettskrivingsspursmål fær me att. Spursmål um ymse rettskrivingsbrigde på bokmålet sin grunn. Men den norske målrørsla er noko anna og meir enn ei rettskrivingsrørsle.

— Sjå òg etter kva det er som hev bore målreisingi fram der som ho er lengst komi, på Vestlandet! Det er den nasjonale grunngjevingi. Landsmålet er norsk, er det umkvædet som hev vore brukt i arbeidet der. Andre argument hev vore med. Men dette hev vore det berande slagordet i dei store tider for målsaki på Vestlandet.


Nordanfjells er målsaki lengst komi i Nord-Trøndelag. Der bar ei sterk grundtvigiansk rørsle henne fram i si tid. Ingen hev tala meir heilhuga um det nasjonale, ser-folkelege, enn Grundtvig og grundtvigianarane.

Det nasjonale argumentet hev synt at det er mektigt i målspursmålet utanfor målbygdene og. I bokmålskyrkjelydar hev dei funne seg ikkje berre i den naturlege og naudsynlege salmevølingi, men hev teke med all den tarvlause og sjølvtykkjelege salmemisfaringi i den revidera Landstadboki, av di dei trudde at den boki vart so mykje norskare ved dette enn det dei hadde fyrr. Det var sanneleg eit stort offer på det dei meinte var det norske altaret. For det som dei trur er norsk, kan heile folket gjera store offer. Uppgåva vår er å få yvertydt folket um det som sant er: at bokmålet vantar norskdom og landsmålet er norsk. Då gjeng det som det stend i Skrifti: Sanningi skal gjera dykk frie. Dei vert innvertes ferdige med norsk-dansken då, og tek gladeleg på seg dei yvergangsulempor som fylgjer med eit målbyte.

Den nasjonale tanken er det òg som best kan halda sjølve målformi saman, so me ikkje no i reisingstidi sig ned i dialekt-kjav — ein fåre som lurer på alle målreisingar, og som gjerne vil veikja deim.

VIII.

Sume vil segja: Du gjer målsaki til romantikk!

Eg svarar:
Ja målsaki er romantikk! I botn og grunn og tvert i gjenom!

Me vert ikkje ei krone rikare av å driva målsak. Statskassa vert ikkje fullare, tariffane ikkje høgre. økonomisk og teknisk kan både «klassone» i samfundet og heile folket hevda seg utan målreising. Eg minner att um bondereisingi i fyrre hundradåret og arbeidarreisingi i dette hundradåret. Og ser me ikkje idag, jamvel på Vestlandet, at nyskipa bonde- og fiskarsamskipnader, som Vestlandske Salslag og Stor- og Vårsildlaget, dei kan godt tena pengar på norsk-dansk og verta til økonomisk vinning for bonden og fiskaren med det målet. Eg vil ikkje tala um noko slikt som handelsfloten vår, eller kvalfengdi. Det hev late seg byggja upp på berre dansk og norsk-dansk målgrunnlag.

Pengar kan me tena på dansk, og tekniske framstig her i landet kan me gjera.


Vinningi som målreisingi kan gjeva, er av åndelegt, ideelt slag.

Då er ho det som dei vanleg kallar romantikk.

Og det er då ikkje noko å vera so redd for å gå ved. Romantikk er ein god ting. Det er ein livsfremjar og ei kraftkjelde, når me tek det rett.

Det folk, og den ungdom som er utan romantikk, kjem aldri til å gjera store gjerningar. Det er eit fatigt folk, og ein fatig ungdom.

Det er so dumt å vera so redd ordet romantikk og alt som smakar av det.

Den engelske statsmannen Lloyd George skal ingen skulda for å ikkje ha sans for det røynlege i livet; — han sagde til ein ung hjelpesmann, han skulde gjeva honom eit godt ord: Draum hev verd, sagde han. For draum er liv!

Romantikk — når me tek ordet rett og ikkje gjer utvokstrar til hovudsak —, det er at ein nasjon vender seg til sine eigne kjeldor, til sitt eige folkeliv og si eigi soge og søkjer vokster av det. Det er ikkje veikjing. Og ikkje bakstræv. «Det största framsteget, er återsteget till sig sjelf», hev den svenske sogeskrivaren Erik Geijer sagt. Det er ei stor ovtru at slikt tyder avstengjing og stogg.

Romantikk, det er etter målbruket no, vilje og evne til å verdsetja åndelege, uhandgripelege verddagar òg, og viljugskap til å gjera ein innsats for slike verddagar.

Målreisingi, det er striden for å vinna verddagar for folket vårt som ikkje hev noko med økonomi og teknikk å gjera; — åndelege og ideelle verde. Det er striden for å vinna slike verddagar for heile det norske folket.

Målreisingi vil vinna fram — det er mi yvertyding at det skal syna seg til slutt — i same mun som me kan hevja oss upp til å verdsetja slike verddagar, og til å gjera ein innsats for deim.

Ein innsats i praktisk og trufast arbeid den jamne dagen. For det er ingen motsetnad millom det å vera fyllt av ideelt syn og tru på ei sak, og so å arbeida praktisk med realitetssans og kraft for henne.