Høgnorskdagane:Vårt rike språk og vår fatige språkbruk

Frå Sambandet
Versjonen frå 17. april 2020 kl. 07:57 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Av Johannes Volle

Ivar Aasens Ordbog over det norske folkesprog inneheld 25.000 ord. Det store nynorske ordboksverket Norsk Ordbok vil truleg innehalde 300.000 grundig definerte ord når det ein gong vert ferdig. (På 50 år har ein nådd så langt som til bokstaven h).
Etter planen skal ho vere på 12 band, bygd på eit arkiv med om lag 3 millionar setlar med innsende opplysningar frå dialektane og utdrag frå litteraturen, attåt eldre ordbøker og annan kjeldelitteratur. Og kjeldene er ikkje uttømde. Det har serleg Ragnar ørstavik synt når det gjeld dette omkvervet. Berre dei siste par åra har det kome ut fleire ordsamlingar. årsskrift for 1eksikografi 2000 omtalar ei frå Stange i Hedmark,ei frå Sandnes, Jæren, tre trønderske, ei frå Byneset, ei frå Orkdal, ei frå Selbu,dessutan ei frå dette fylket, nemleg "Ord og uttrykk frå Sykkylven" ved Jan Grebstad. Ho er på 289 sider og inneheld 2700 lokale ord og seiemåtar. Sykkylven sogenemnd står for utgjevinga. "Ord frå ei anna tid" med ord og ordelag frå søre/ytre Sunnmøre er for ny til å kome med i denne årsmeldinga. Denne boka er på heile 447 sider og inneheld 4600 oppslagsord. Pensjonert trygdesjef i Sande, Per Sandanger busett på Larsnes, har hatt gode hjelpesmenner, men har gjort storarbeidet sjølv.

Konklusjon nr 1:
Me har eit rikt norsk språk,ufatteleg rikt. Eller som ordbokutgjevaren Herbert Svenkerud har sagt det: Me har det rikaste språket i verda for nordmenn. Men kor mykje nyttar me denne rikdomen? Eit vanleg opplyst menneske brukar mellom 5000-9000 ord og skjønar tre gonger så mange. Hevdar dei som har granska ordbruken vår.Den norske litteraturspråkrekorden skal Henrik Wergeland ha, han skal ha bruka 58.000 ulike ord. Hamsun tek andreplassen med 32.000 ord. Dette er likevel berre ein liten del av den ordmengda redaktørane av Norsk Ordbok reknar med å ha på lager og med kvart på sin rette plass i ei ordbok.

Konklusjon nr 2:
Det aller meste av den ordskatten me har i ordbøker, i ymse dialektar, er såleis løynt for dei aller fleste av oss og unytta. Treng det vere slik? Ord kan då lærast. Me gjer det frå me er små,og ei tid er me svært så nyfikne på nye ord. Så når me visst stadium der me synest me kan nok. Det er fortalt om den amerikanske forfattaren Jack London at han skreiv ned ordrekkjer på papirstrimlar. Somme stakk han inn i sprekker attmed spegelen slik at han kunne lærenye ord når han barberte seg, andre strimlar hengde han på ei klesnor slik at han ikkje kunne unngå å sjå ord når han gjekk gjenom det romet, andre kunne han ta fram medan han sat til bords eller gjekk ein tur. Når han så møtte personar med mei utdaning enn han hadde fått, eller når han sette seg ned for å skrive, hadde han støtt fleire ord å hjelpe seg med.

Konklusjon nr.3:
Eg trur vi kunne gjort meir i norsk skule med å øve elevar i ordkunnskap. Kall det gjerne ordleik, ordglede. I staden har ein vel heller gått den motsette vegen: forenkla lærebokspråket slik at elevane ikkje skulle vere nøudde å stanse opp for eit ord dei ikkje kjende. Ingenspråk har dette lærebokspråket vorte kalla. Nye granskingar tyder derimot på at born lærer lettare tekster der målet har ein meir personleg svip, at meir fargerik ordleggjing fengslar, gjev lærehug. Andre granskingar fortell oss at born og unge menneske les mindre bøler og blad enn tidlegare. Fylgja av det er at ordkunnskapen også vert mindre. Difor skulle det vere meir naudsynt enn før å vekkje sansen for ordmangfald. Så det store spørsmålet korleis ein best skal gjera det. Når eg retta skriftlege arbeid i mi tid som norsklektor, skreiv eg gjerne eit alternativt ord eller ordlag over det daglegdagse, velbruka uttrykket vedkomande student hadde nytta. Eg ville syne litt av den ordmengda han eller ho hadde til sitt frie bruk. Eg veit det var dei som held meg for ein pedant, rein pirk av den grunn, og det kunne hende at eg var møtt av argumentet "Du forstår no kva eg skriv, gjer du ikkje? Det er ikkje feil det eg skreiv". Neivel, ikkje alle likar språkleg rettleiing dei ikkje har bede om, det har med sjølvbiletet å gjera må vita, med identitet og integritet for å nytte slike honnørord. Det er kan hende difor språkleg rettleiing ber så magre frukter? Det kan kanskje vere ei slags fatigmanns trøyst at det morsmålslærarar i andre land ikkje har det lett dei heller. Ein dansk kollega har gjort den røynsla at "Meget få glæder sig over sprogets rikdom og udtryksmuligheder. Sprogvariation betragtes som et problem." Det er lettare med born, dei har ikkje så mykje prestisje å verne om. Det vert hevda at klisjear, dei velkjende orda og ordelaga lettar informasjonen, kommunikasjonen. Eit nyhende når snøggare fram når det ikkje er noko språkhinder på vegen. Det er vel difor at ord som rask/raskt går att, ikkje snøgg, svint, jobb/jobbe og ikkje arbeid, strev, slit, sjokk og ikkje fælske, vondt, gru, otte. Politiet, brannfolka kom raskt til staden, bi jobbar med saka, store delar av det norske folk går visst i ein vedvarande sjokktilstand. Me kjenner desse standarorda i nyhendesendingane. Kor mange gode norske ord skal ein ofre for det ein trur er den mest effektive informasjonen? Dette ingenspråket er kanskje meir sløvande enn interessevekkjande når alt kjem til alt?

"Hvor man derimod har flere forskjellige Ord af een og samme Betydning, kunde de alle betragtes som almeengyldige, forsaavidt de behøves, da det ofte er nyttig at have flere Ord til Afvexling for eet og samme Begreb. Og i dette Tilfælde er det det at mærke, at det rigtignok er tjenligst at tage det mest bekjendte Ord til Brug i Skrift, men at man dog maa komme i hu, at det ikke altid er det bedste Ord, som er det mest bekjendte, og at man heller ikke bør forskyde et godt Ord fordi det er lidet kjendt, da det netop ved at bruges i Skrift vil blive mer bekjendt og derved tjenlig til større Brug." (Aasen)

Ordval er ein ting, rettskriving noko anna, men ein viss samanheng er der. Den som slurvar med rettskriving, vil gel heller ikkje sjå så nøye på kva ord han/ho nyttar. Den som gjerne vil gje orda den rette form, vil vel og ha større sans for og ha større interesse for å finne dei rette, dei beste orda. Eg las nyleg at redaksjonssjefen i Bergensavisen har kome til at den einaste måten å få bort skrivefeil på, er å bøteleggje journalistane for kvar feil dei gjer. Dei listene med rettskrivingsrettleiing han tidlegare har sendt ut, har falle på steingrunn. Etter eit par dagar var dei gløymde. Eg har hatt den same røynsla med mine avisinnlegg om typiske språkfeil. Innlegga har vorte prenta, men nokon etterverknad har eg ikkje oppdaga. NRK har sin språkkonsulent, kva gjer han i grunnen? Eller er det slik atrundskriv med språkråd går rett i papirkorga hjå mottakaren av di ein får seg til å tru at ein veit best sjølv? Sylfest Lomheim var NRK-språkrettleiar i 14 år. Eit sysofosarbeid, skriv han. Sysofos var som kjent ein gresk segnfigur som fekk det til straff at han skulle rulle ein stein oppetter ein ås, og då han hadde kome nesten opp, laut sjå at steinen rulla ned att. Eit fånyttes strev med andre ord.

Me retta kanskje for mykje i mi tid, raudblyanten har fått uord på seg, ein lektor ved Høgskulen i Volda hadde nyleg ein kronikk i Vårt Land som vel var som ein liten gravtale over dette illgjetne norsklærarvåpenet. Raudblyant og peikefinger er forhistoriske reiskapar, las eg i ein annan artikkel. Det kan nok vere at hugen til å skrive kunne verte meinka på det viset. Mitt nokså subjektive inntrykk er at pendelen no har svinga til motsett side, i alle fall dersom ein skal døme etter mengda av språkfeil hjå dagsens studentar. Det høyrest logisk nok ut at ein bør ha lært den rettskriving som trengst etter mange års skulegang. Rettskriving og ordkunnskaop bør då vere kvar einskild students personlege ansvar, ikkje noko undervisaen skal ha bry med. Er ein i tvil om korleis eit ord skal skrivast, så har ein ordlister til det bruk. Men vert dei nytta? Ein innsendar i Språknytt nr 4 1995, meldingsbladet åt Språkrådet, skriv om ordlistefobi, dvs ein uvilje mot å bruke ordlista. Han med fortel om låke røynsler han har hatt som språkrådgjevar i papirmedia. Ordlistefobien me vere svært utbreidd. Dei fleste skriv ordet slik dei ser det føre seg på sin indre skjerm, og det biletet er laga av det dei har lese i aviser, blad, på TV-skjermen eller dataskjermen. Og då vert det stundom slik at ein blind leier ein blind.

Ein bør vere varsam med å seie at "da jeg var pige da var det piger til…"

Ei rad større og mindre rettskrivingsombøter, ein litt mindre laus læreboknormal og litt friare skulenormal, med valfrie former som anten var jamstelte, eller med hovudformer og sideformer har skapt ein ustabil, ein forvirrande, rettskrivingspraksis. Stil, altso ordval og setningslaging, har kome i bakgrunne for rettskrivingsmas.

Ei fylgje av denne flytande språksituasjonen er at bokmålsord og bokmålspåverka ordelag trengjer unna tradisjonelle, levande nynorskord og ordelag. Døma er mange. Eg tøyer vel kanskje tolmodet dykkar vel langt når eg no listar opp ei rad døme på ei utvikling som skræmer meg. Språkinteresserte som de er, har de nok sett det same, og difor har drege den slutninga at boteråda må vere attende til den klassiske nynorsken.
Så døma mine. Fyrst ord der bokmål har ein annan vokal enn nynorsk. Der ser me at dukke trengjer ut dokke, våken - vaken, voksen - vaksen, vold - vald, holde - halde, folde - falde, bud - bod, bur - bor, brudd - brot, skudd - skot, sang - song, trang - trong, trapp - tropp, åpen - open, forlot - forlet, gave - gåve, klar - klår, klær - klede, mandag - måndag, male - måle, måle - mæle, hånd - hand, let - lot, rokke (no godteke) - rikke, urokkeleg - urikkande.

No vil vel somme seie: Spelar det noka rolle i grunne kva for vokal som vert bruka i slike ord? Er ikkje orda like gode, like meiningsberande anten vi seier vold eller vald? Det at bokmålsvarianten vinn, fortell i alle fall kva lei det ber.
Nynorsk har langt fleire diftonar enn bokmålet, utanlandske språkfolk vil påstå at det er ein rikdom ved eit språk. Men korleis er stoda no? Forma døde for døydde, strøm for straum er vel nokså vanleg her ikring no… Ein diftong meir eller mindre, er det noko å bry seg med? Svaret vert atter at dette fortell om ein trend, ei utvikling eller avvikling rettare sagt…

Tendensen er sjølvsagt tydelegare der orda er meir ulike, som når forbehold trenger ut atterhald, forberede - førebu, bu seg, forhold - tilhøve, formål - føremål, forskjell (godteke) - skilnad, erfaring (godteke) - røynsle, bekymring - otte, beherske - meistre, hensikt - føremål, forslag - framlegg, forutsetning - føresetnad/vilkår/skilord, begrep - omgrep, behalde - ha, midlertidig - mellombels, bekrefte - stadfeste, beklage - seie seg lei for, bestille - tinge, bevis (godteke) - prov, einstemmig - samrøystes, fortsetje - halde fram, (fortsetje er godteke for nye ordlister av Språkrådet!), nabo - granne, håpe - vone, overbevise - overtyde, skjebne -lagnad, lav - låg, plutseleg (godteke) - brått, salg - sal, valg - val, løfte - lovnad, innrømme (godteke) - vedgå/medgje, bevisst - medviten, forbindelse - samband, krets - krins (krets er godkjent), anbefale - tilråde, selvfølgelig - sjølvsagt, forpliktelser vert forpliktingar i staden for skyldnader, splittelse vert splitting og ikkje kløyving, uhaldbart for utoleleg, ikkje gjennomførleg, kan ikkje godtakast, utallige - tallause, tusener - i tusental, veiledning - rettleiing.

Forklåringa er sjølvsagt at det er det fyrste av desse ordpara ein oftast seg og høyrer av di bokmålet er så allestadnærverande. Frekvensen, mengda av synlege og høyrande ordformer me er utsette for er og forklåringa på at meir keivelege ordformer slær ut dei einfelde, som når tjene slær ut tene, stjele stele, når bokmålsverb med vokalskifte i fortid slær ut dei tilsvarande lint bøygde verba i nynorsk. Døma er traff og truffe er staden for trefte-treft, trakk-trukke for trekte-trekt, rakk-rukke for rekte-rekt(ein liten gut rakk opp handa), tvang-tvunge for tvinga-tvinga, satte-satt fir sette-sett, hjalp-hjulpe for hjelpt-hjelpt.

At sterke nynorskverb vert bøygde lint - når bokmål har linn bøying er ikkje så rart, drepe-drepte, lese-leste td.

Så har me st-verb som finnast, minnast, møtast osb. I presens skal det sjølvsagt heite eg minnest så vel dette land, me finst, ikkje finnast, me møtest. I "Møre" har eg funne fleire døme på at forma trivast vert nytta i presens, det skal sjølvsagt vere trivst. "Minnast i kjærleik" står det på fleire gravsteinar. Har vedkomande som gjorde framlegg om eller utførde denne innskrifta tenkt seg eit underforstått "skal", men har sløyfa det av plassomsyn?

I bokmål kan refleksive st-verb brukast utan hjelpeverb. Døme: Pakken leveres i skranken. På nynorsk treng me eit modalt hjelpeverb, i regelen kan eller skal. Døme: Pakken skal leverast. Eg har sett fleire skjema der førelegget tydeleg er på bokmål. "Leverast i resepsjonen ved ankomst" stod det på eit skjema frå Muritunet, Valldal. Her burde det stått: "Skal leverast", eller greiare, "Lever dette i resepsjonen når du kjem". Eit liknande døme: I nynorske sendingar i fjernsym og radio heiter det no stendig at det og det skuldast det og det. Her er det bm skyldes som er utgangspunktet. Tradisjonell nynorsk har fleire ordelag å velje mellom: Det kjem seg av, det skriv seg frå, det botnar i, årsaka/grunnen må vere…

Dei innlånte prefiksa an- i td ankomst, be- i td begrave, suffiksa -bar i brukbar, -else i td forkjølelse og -heit i td grådigheit skulle tradisjonell nynorsk greie seg utan, og har gjort det langt på veg. No er tankegangen den at når desse føre- og etterstavingane er så venlege i daglegtalenm bør dei og få sleppe til i eit skriftspråk som byggjer på dialektane. Språkrådet har no vedteke allmenne retningsliner, der det heiter at ord som har stor utbreiing i norske dialektar ikkje bør haldast ute frå nynorske ordlister og ordbøker. Avgrensingane er då at ein skal leggje vekt på om ordet er i vanleg bruk i skriftleg nynorsk. Ein tek såleis ikkje opp ord med førestavingane an- og be- der nynorsk i same tyding har same ordrota utan den aktuelle førestavinga, eventuelt med etterfylgjande preposisjon. Ettersom vi alt har tal, treng vi ikkje antal og uttrykket tvila på gjer at vi ikkje kan godta betvila. Men ord som anerkjenning, anta og antyde, antrekk, uansett er godtekne. I desse dagar får me tilbod om å kjøpe andelar, ikkje luter, andre er bedne om å kome med anbod (pristilbod).
Godtekne i nye ordlister er også bedragersk, begeistre, begripe, begripeleg, behaldning, bemanne, bestråle, besynderleg, begjær, ubegripeleg, beskjeden og bestikking.

Ei anna førestaving som no et seg inn i nynorsk, er gjen-. Vi gjentek hovudsakene, seier dagsnyttlesaren. Verbet og substantivet er godkjent no. Før sa me tek oppatt. Andre døme: gjenhør, gjenkjenne for kjenne att. "Dette gjenspeglar lokalavisene sin situasjon i Noreg i dag," skreiv Møre nyleg.

Etterstavinga -bar er ikkje nemnt i dette høvet. Om etterstavinga -else heiter det i fråsegna frå Språkrådet at ord på -else berre kan godtakast når ein ikkje har synonyme ord på -ing, -nad eller utan suffiks. Ein godtek såleis ikkej frigjørelse, det heiter frigjering på nynorsk, ikkje besvarelse når me har ordet svar. Men følelse, hevelse, skuffelse er godtekne. Når det gjeld etterstavinga -heit skal ikkje ho brukast der nynorsk har suffiksa -dom, -leik og -skap i allmenn bruk. Det heiter fridom, tryggleik og likskap på nynorsk. Ein godtek heller ikkje heitord der stuttavleiingar er i bruk i dialektane. Det heiter vanske, samvit, rettferd. Men det kan heite drektigheit, dumheit, frekkheit, godheit, griskheit, grådigheit, hyppigheit, leiligheit, moglegheit, myndigheit, tomheit, tospråklegheit, travelheit, trøysamheit, fruktbarheim, enkelheit, høflegheit, og kunstferdigheit, gyldigheit, ømheit.

Så langt Språknytt. Langt fleire detaljar enn dei eg har nemnt, er prenta i eit serskilt hefte. Kva vert så resultatet av dette frisleppe? Vil ikkje mange sitje att med den oppfatninga at no er det fritt fram? Morten Sandøy i TV2 seier både sikkerheit og heilheit. Russarane si stoltheit, tala ein annan om. I alle kortheit, sa nyleg ei nynorsktalande professorkvinne i radioen. Stutt sagt. Kvifor har ein valt ordet nyheit når me har eit like stutt ord og eit meir meiningsfullt ord i nyhende. Nynorsklesarane vekslar mellom nyheiter og nyheter. I lærarstudenttid nytta me ordet tame om dei meir praktiske, fysiske faga. No heiter det ferdigheit. Offentlegheit er vel det same som ålmenta?

Så langt om verb og substantivblying.
Men det er fleire utsette ordklasser. Bokmål har td pronomenet enhver, noe for enhver smak. Gjeldande regel er at ein må ordleggje seg annleis i nynorsk. Døme: Noko for kvar smak. Kort og greitt. Men det nyttar visst ikkje lenger å minne om det, uttrykket einkvar, samanskrive eller i to ord, spreier seg som eld i turt gras. Eit kvart menneske.

I mi tid heitte det at pronomenet den berre var peikande pronomen i nynorsk, men kunne brukast som personleg pronomen når han peika attende på noko abstrakt, elles han om hankjønnssubstantiv, ho om hokjønnssubstantiv og det om inkjekjønnssubstantiv. No er det vanleg å lese setningar som denne: "Bilen køyrde på ein hjort og skada den så mykje at den dauda".

Så vedgåingskonjunksjonen sjølv om som ikkje finst i eldre nynorskgrammatikkar, der stod det endå om, jamvel om. No rår nylånet sjølv om grunnen heilt. Og sjølv. Sjøl det, han, seier ein. Ikkje endåtil det, til og med det o.l. Tenk om ein kunne byte på litt i det minste.

Kvar har det vorte av spørjeordet kvar? "Kor då?" står det på skjermen i Norgerundt-programmet der det gjeld om å finne fram til ein eller annan stad i landet vårt. "Det er vlitt ny strid om når og kor spelemannen Myllarguten vart fødd", heiter det i eit oppsett frå Nynorsk pressekontor. Aasentundirektør Grepstad skriv om den norske folkesporten: "Kor er du ifrå?" Ivar Aasen skreiv som kjent (i "Gamle grendi"): "Og når eg ukjende folk fekk sjå, spurde eg radt kvar dei var i frå, og dei var like milde."
Eit avbrigde, ei presisering mindre, eit lite språktap. Er spørjeordet kvar for avstikkande, medan kor liknar so mykje på bokmål hvor at det kan godtakast av dei fleste?

Preposisjonen på vert nytta til overmål. Svensk lån, seiest det. "Vi har hatt ein diskusjon på dette med munn- og klauvsjuke". På gang, på alvor. Skulle ikkje skulen kunne greie å snu denne utviklinga, eller i alle fall bremse henne litt?

"I den hele Sammenstilling af Ordformer og Bøiningsformer bliver og det nødvendig at stræbe efter en Eenhed, saa at der ikke bliver opstillede flere Former i Stedet for een, da dette ville føre Sproget tilbage til Landskabsmaalenes Stilling, og saaledes gjøre det vanskelig at lære. En fast og stadig Sprogreform er nødvendig til skriftlig Brug, for at Læseren altid skal finde samme Tanke betegnet paa samme Maade, eller fot ar Utdtrykket for ethvert Begreb kan blive desmere bestemt og utvivlsomt." (Aasen)

No er det visst det som trøystar seg med at ut av dette kaoset, denne smeltedigelen skal eit samlande norsk språk stige fram, dei to språkformene skal nærme seg kvarandre meir og meir og gå opp i ei høgare eining til slutt. Den som trur det, må ha fylgt dårleg med. Den såkalla tilnærmingslina overlevde ikkje siste krigen. Så lenge nynorsken vart oppfatta som ein fårleg medtevlar, var bokmålsfolk viljuge til å kome nynorsken i møte med tilnærmingsformer. No kjenner ein seg nok heilt ovanpå, ein venar den endelege og fullstendige siger. Departement og andre statlege institusjonar kan sabotere mållova utan vidare. Store aviser nektar journalistane sine å bruke nynorsk. I 1981 fekk bokmålet kvitta seg med hokjønnsformer på -a på den måten at det skulle vere lov å sakrive -en i alle slags hokjønnsord, til dømes jenten og bikkjen og hytten for jenta, bikkja, hytta. Formene nu, efter og sprog har fått ein renessanse, kong Harald nyttar dei. Den danske forma lave for lage kjem ut av stendig fleire munnar, kulturministeren vår til dømes. Ho håber at ho skal kunne lave et utkast til NRK-styre. Mediafolk som Toppen Bech og Brita Blomquist laver. Snøen/sneen er ikkje lenger åleine om å lave. Frå før har dei dei danske formene mave, have, krave, farve.

Riksmålsmannen og forfattaren Andre Bjerke skilde millom edelsten og gråstein, sten for det edle, stein for det grove. Stein og bein er framleis tillatne former i bokmål, men korrespondenten i Midausten fortel om stenkastende palestinere, og han er ikkje åleine. No skriv avisene om T-benstek som ikkje kann innførast frå Storbritannia. Vinden skal blåse frå øst, ikkje frå aust, grøt er bra, graut er ekkelt, vondt. Kristina Reitan undersøkte språkbruken i ein del norske aviser - det var forresten ei semesteroppgåve på medialina på Høgskulen i Volda, prenta i Språknytt nr 2 99. Ho fann då at avisene brukar lite eller ingen av det som skulle vere tilnærmingsformer til nynorsk. Stoda er jamt og samt den same i litteraturen, det er dei konservative formene som er i siget. Det same resultatet har også andre kome til. Aksjonane mot tilnærmingslina har vore mange og vellukka. Fyrste utgåva av Riksmålsforbundets ordliste kom i 1952, og vart straks nytta av fleire dominerande aviser med Aftenposten i spissen, av mange forfattarar, forlag osb. I 1953 var Det norske akademi for sprog og litteratur skipa, som eit motstykke fyrst til Språknemnda som hadde tilnærming på norsk folkemåls grunn til mandat, så til Språkrådet som skal ha til oppgåve å støtte tendenser som på lang sikt vil føre dei to norske språka nærare kvarandre, men som vel helst har gått den motsette vegen. Det norske akademi for sprog og litteratur skal om riksmålsarven, eit bokmål med tradisjonelle, konservative former. Faneord er sprog, efter, nu osb. Ein pendel slær gjerne langt ut på motsett side når han vert sett i sving.

Og det er vel slik at unge menneske har verre lærevilkår enn eg hadde når det gjeld å tileigne seg nynorsk. Bokmålet er mykje meir påtrengjande i dag enn det var då eg gjekk mine skular. Den nynorsken dei ser og høyrer er slett ikkje alltid noko dei bør etterlikne. Ein skulle tru at nynorske lærebøker er eit godt læremiddel. Men det syner seg at dei ofte har ein trong fødsel, forlaga kvier seg visst i det lengste, nynorskutgåva er gjerne omsett i all hast frå bokmålsutgåva. Nok er det at det ferdige produktet gjerne skjemmest av språkfeil, les eg i meldingbladet frå Norsk Språkråd (nr 1 -92). Lærebokmanuskriptet har vorte retta i samsvar med rettskriving og god målføring. Likevel kjem det ofte lærebøker på marknaden med språkfeil og manglar som har kome til etter at manuset var til gjenomsyn i Språkrådet. årsaka er mest utan unntak slurvet korrekturlesing i forlaga.

Ulikt dei fleste andre land me kan samanlikne oss med, har norsk språkpolitikk gått ut på å la skriftmålet fylgje tett på talemålet. Det nynorske skriftmålet skal byggje på dialektane. Når talemålet endrar seg, må også skriftbilete brigdast. Det er det såkalla ortofone (lydliknande) prinsippet som har rådt grunnen her til lands. Knud Knudsen, riksmålets fader, bokmålets bestefar, jamgamal med Ivar Aasen, var ein sterk talsmann for det prinsippet. Rettskrivinga skulle byggje på "den alminneligste Uttale av Ordene i de Dannedes Mund". Og den uttalen, sosiolekta, var vel bra heilrend den tid. Prinsippet høvde ikkje så bra for Ivar Aasens landsmål, fordi uttalen i folkemålet skifte så mykje frå landslut til landslut. Landsmålet skulle vere ein samnemnar for fleire norske dialektar, ikkje byggje på ein serskild dialekt. Sammenheng og Eenhed var kjerneorda i Aasens målbygging. Dei rettskrivingsendringane me har hatt etter han, har ikkje teke for mykje omsyn til det prinsippet. Strevet med å nærme dei to norske språkformene til kvarandre har m.a. ført til at ein har forskottert ei språkutvikling som ikkje kom. Eg tenkjer då på mest 1938-reforma der serleg mange bokmålsord fekk ei form som det store fleirtalet av bokmålsbrukarar ikkje ville ha. Men og nynorskfolk.

Har ikkje all denne lovpriste ortofonien gjort rettskrivinga uturvande vrien for folk flest? Nokre døme: Før skreiv ein td kann med dobbel n. No med èin n. Kvifor? Fordi ordet er trykklett i ein setningssamanheng, og då vert den utlydande konsonanten stutt. Me skal skrive fylle, men fylte. Regelen er då som kjent at framføre ei ending som tek til med konsonant skal den eine av dei doble konsonantane falle bort. Kvifor? For elles vert stavinga for lang. Det som ligg bak her er det ein kallar kvantitet, dvs stavingslengd. Norrønt hadde fire slag pluss kvantitet: stutt, lang, overlang, moderne norsk berre lang, dvs ei staving har anten ein lang vokal pluss stutt konsonant, eller stutt vokal pluss lang konsonant, det vil seie anten dobbelkonsonant, eller konsonantgruppe.
Men me skriv fullt med dobbel l- Kvifor? Fordi me har eit ord ful - fult, og det er eit heilt anna ord. Kor mange kjenner forresten det ordet i dag? Kva er ei fulhøne? Fullt er teoretisk sett ei overlang staving, som moderne norsk ikkje skal ha. Me skriv visste av vite, for me har verbet vise, viste. Men der er då i-en lang, og elles går det då fram av samanhengen kva for ord me har føre oss. Det er sant og visst, finnest - finst. Samanhengen med grunnordet, rotstavinga ville vere klårare om me skreiv og skreiv fyllte med dobbel l, liksom fullt. Aasen skreiv tunnt, men trygt, bygde. Unntak frå det ortofone prinsippet er også skrivemåtar som geit, gild, sky, gjere. Reglane for samskriving og serskriving føreset nok ein del grammatikkunnskap. Dei reglane er elles annleis no enn dei var då eg lærde skrivekunsten. I dag, i går, om bord, om lag skal no skrivast i to ord. Kvifor? Fordi dei er preposisjonsuttrykk (komplement), og fordi trykket ligg på andre ordet. Kvifor skal altfor i uttrykk som altfor ille, skrivast i eitt ord? Fordi trykket ligg på fyrste staving, og fordi det her er gradsadverbial. Men alt for Norge, fordi dette er to sjølvstendige ord, der alt er ubunde pronomen og for preposisjon. Imot har trykket på siste staving, men det er ein samansett preposisjon og skal difor skrivast som eitt ord. Aviser, blad, bøker bryr seg ikkje mykje om desse reglane. Regelen for når ein skal bruke og eller å krev vel og eit minstemål av grammatikkunnskap. Ein bør vite kva ein infinitiv er, kva to jamstelte setningsled er.

Det er rart å leggje merke til kor snøgt eit nytt ord og ordelag, eller det som har vore rekna for feil, kan breie seg. Det beste provet på at mennesket ættar frå apane er denne tankelause etterlikninga av kvarandres språkbruk. Vi tek saka på alvor, heiter det. Ikkje kort og greitt alvorleg/ålvorleg. Det og det er på gang. Dette svensklånet har slått ut det norske i gang. Grammatikken fortell at det er skilnad på enno og endå, det fyrste er tidadverb, det andre gradsadverb.
No seier mest alle enno/ennå/ennu større. Lån frå svensk, seier somme. Men kvifor låner me noko som er rangt etter norske reglar? Det galne vert ikkje rett om alle gjer det, er ein god etisk leveregel. Men når det gjeld avvik i målvegen, vert det range rett dersom dei fleste gjer det.

Ein filolog vil hevde at når eit stutt ord og eit langt ord seier det same, bør ein velje det stutte ordet. Men me likar dfei lange orda, problematikk og eller problemstilling høyrest visst gjevare ut enn problem, og problem meir enn vanske, målsetting smakar betre enn mål, forvente meir enn vente, forurensing/forureining for ureining… Me pyntar oss med ord, me skriv innan for i. "Dette kan samanliknast med det beste innan konjakk", skreiv "Møre" (den beste konjakk).
Me skriv omkring for om, overfor, i løpet av, akkurat no, på det noverande tidspunkt, i utgangspunktet, i forkant, i etterkant. Me nøyer oss ikkje med å stille spørsmål, me stiller spørsmålsteikn, me startar opp, dekkjer opp, knyter og vurderer noko opp i mot nokom jobbar opp imot ei utviding av verksemda, kaos er ikkje sterkt nok, det må vera fullstendig, komplett.
Likaste pynten er framandord. Me er involverte, engasjerte, frustrerte, fokuserte, imponerte, impliserte, me arrangerer, har ambisjonar, prestasjonar, driv med prosjekt og har det prekært definitivt.

Frå Lovtale yver Culturen av Ivar Aasen:
"Det er nødvendig at optage adskillige nye Begreber og give dem et Udtryk her som i andre Maal, men det er verken nødvengidt eller nyttig at man hertil altid skal tage det første fremmede Ord, som tilfeldigvis tilbyder sig. Det er ønskelg at faae en vakkel og velklingende Stiil, men det er ikke ønskelig at optage den stive og kunstige Periodebygning, som er kommen i Brug i visse andre Sprog." (Aasen)

Utanlandske namn og ordformer er populære, me har rikesleg av dei i Volda, som de veit. Då eg gjekk på gymnas og lærarskule her, mttest me på Gjestestova eller Kaffistova eller Bondeheimen eller Nordfjordheimen. No er det berre Det grøne treet som minner oss om at me er på norsk grunn, og ikkje ein stad i Midvesten. Er det serleg likare i ørsta?
Får me betre mat på ein Cafe enn på ein kafe? Vert det meir sveis på håret når Form frisør vert Hårconcept med to c'ar? Karibien, det smakar vel meir luksus av det enn Karibia. Skal me heller velje Spanien eller Italien?

Moteord kan vere så mangt, no ei tid har ordet rimeleg/-lig vore populært som gradsadverbial. Nokre døme plukka frå radio og fjernsym: "Det er rimelig uansvarlig å gjøre det slik", "Det er rimeleg håplaust". Jan Petersen var "rimelig kort". Kva er kort når det gjeld ein politikar? Ein eigedomsmeklar i Oslo fortalde at "hussøkerne er rimelig desperate". I januar 99 vart ein buss teken av eit snøskred i Lyngen i Troms og fem menneske miste livet. Reporteren fortalde at "bussen var rimelig knust" og at bergingsarbeidet var "rimelig dramatisk".

NSP sette i gang det dei kalla Språkleg miljøvern, med ei form for utmerking til dei verksemdene som valde norske namn for utanlandske, som td Fjølastubben snøbrettlag. Villokk eller Vriomsveisen frisørsalongar. Det har ført til at ein del har funne gode norske namn på verksemda si, men det er visst langt att.

Når me har slik ei utruleg mendt norske ord til rådvelde, burde me vere meir varsame med å tale om papirord, påstå at det og det ordet er forelda, hevde at folk ikkje skjønar det eller det ordet lenger.

"Man maa rigtignok søge at blive forstaaelig, men man maa dog ikke agte for meget paa den Indvending, at der bliver et og andet som ikke alle forstaa. Et Sprog som er så gjennemklart at hvert Menneske i Landet strax forstaar hvert eneste Ord, er noget som er umulig at skaffe, men der er ogsaa noget man heller ikke have havt, iallfall ikke i de seneste Tider. De sjeldnere Ord som maatte komme til Brug, burde opstilles med nogen Agtsomhed for at kunne forstaaes af Sammenhengen." (Aasen).

Ordboksutgjevaren Steinar Schøtt skreiv i føreordet sitt i 1906 "Man bør være forsigtig med å afvise eller haane et ord fordi man ikke kjender det. "Er ikkje det mange gjer? Nynorskord har ein del menneske gjort seg lystige over. Veit du kva telefonkiosk heiter på nynorsk? Ringebu!" Kjem bokmålsorda inn av di mange tykkjer det er flaut å bruke eit avvikande nynorskord?

I 1974 fann eg eit lite innlegg i Sunnmørsposten med titelen RART. Innlegget tok til slik: "Sist norsktime då vi hadde i lekse å samle rare uttrykk kom det fram så mykje rart at vi vil gjengi litt av det her. Og så kjem ordsamlinga. Det er ord som bykse (hoppe), hive (kaste), fjæsa (andleta), ijaftes (i går kveld), laje (laget), hanj hinj (han hin, den andre), skakje (skal ikkje), veikje (veit ikkje), hekje (hev ikkje), bessode (best som det var). Det var ei grunnskuleklasse i Herøy som hadde gjort denne ordfangsten. Korleis har desse borna fått denne haldninga til språkarven? Er det kanskje tydpisk norsk dette at ein ergrar seg over ord ein ikkje skynar, eller møter dei med ein gapflir?

Det er frå dette valdet Sandanger har samla så mange ord frå ei faren tid. Utgåva i år er i andre opplag, noko auka. Fyrste boka vart utseld på stutt tid. Kanskje haldninga til dei rare orda er ei anna no enn i 70-åra?

Kva sa Ivar Aasen:
"Det er ikke med ordene saaledes som med de levende Dyr, at de engang nødvendig maa døe, og siden aldri komme til live igjen: det er iike verre at lære gamle norske ord end at lære nykomne tyske eller franske, og der er dessuden den Fordeel ved de norske, at vi dog kudne udtale den rigtig og uden Vanskeligheder.

Man vil bemærke at der i Talebrugen som i visse andre Skikke er en viss Omskiftelighed, en vis Bevægelse frem og tilbage. Saavel i Bygderne som i Byerne vil man saaledes have fundet at visse Udtryk, som på en Tid have været lidet brugte, kunde ved visse Leiligheder opfriskes og komme i meget Brug. Man kunde slutte at det især ere hjemlige Ord, som forsvinde og fremmede Ord som komme op, men allikevel er ikke dette altid Tilfælde. Tvertimod høre vi ofte Exempler paa at et Ord gaar af Brug, som ikke have noget synderlig Værd, og at der iblandt de opkommende Ord ere adskillige som netop er gode gamle hjemlige Ord, som altsaa paa en Tid har ligget i Hvile, men dog ikke vare ganske forglemte. Den Talemaade at et Ord er forældet, har saaledes ikke altid saa meget at betyde. Vi se også lignende Exempler i Bogmaalene i andre Lande, idet adskillig gamle forsømte Ord blive atter opfriskede medens enkelte nyere Ord om en kort Tid bliver forskudte, og paa denne Maade er det ligesaa vel mulig at forbedre et Sprog som at forvanske det."

"Snakk dialekt, skriv nynorsk!" var eit av slagorda til Noregs Mållag. Dei har ikkje grunn til å klage på resultatet når det gjeld dialektbruk. Men så var det dette med å skrive nynorsk utan noko haldepunkt i levande tale, eit normert talemål. Sylfest Lomheim, språkrettleiar i NRK i 14 år seier det slik i ein artikkel frå 1994: "dialektane står no så høgt i allmenn verdsetjing at me bør passe på så me ikkje forsømer dyrkinga og utviklinga av den nynorske talenorma - i NRK og andre stader".

Ja, kor mykje nynorsk talenorm har me no fått i denne statsinstitusjonen, og er desse spreidde talenorminnslaga av det slaget at ungen menneske gjerne høyrer på? Stoda er vel at dei aller fleste unge sjeldan høyrer eit nynorsk normalmål dei kan ha til modell. Det dei jamnast høyrer er eit blandingsmål. Bokmålet derimot får vi i normert utgåve mange timar i døgeret. "Landsmål er noko ingen snakkar", var ei innvending då landsmålet steig fram, heller ikkje Ivar Aasen tala det landsmålet han skapte. Argumentet har ikkje gått ut på dato. Talemålsnormering har vore og er eit fyord i nynorskkrinsar. I andre land, td Sverike, Danmark og Tyskland, er det gjennomført. Og det på ein slik måte at dialektbruk har fått ein mindreverdsstempel på seg. Det burde la seg gjere å fremje det eine utan å meinke det andre. Jatakk, båe delar, seier Ole Brumm.

EU og Europarådet vil gjere dette året til det europeiske språkåret. Det er planlagt ei rad tilskipingar som då skal fremje sansen, kunnskapen om det språkmangfeldet me har på dette kontinentet. Norsk Språkråd er med i referansengruppa. Dette kan tydfe på at det er ei vaknande interesse for språk i det språkkløyvde Europa, fleire såkalla minoritetsspråk har opplevd ein slags renessanse, ei atterføding. I den seinaste Grand Prix-tevlinga nytta målsmennene frå land i Sør-Europa morsmålet sitt, Sveits med minoritetsmålet italiensk. Nordmennene song engelsk. Mektige språksamfunn som Tyskland og Frankrike freistar å bremse på presset frå den angloamerikanske språkverda. Tyskarane har ordlaget "Amideutsch" og franskmennene "anglais" om språklån dei meiner dei kunne greie seg utan. Noreg er vel endå meir utsett enn dei.

På internett har eg høve til å lese litt i islendske aviser. Eg ser kor flinke dei er til å byggje vidare på heimlege språkemne når nye omgrep skal takast i bruk. Islendingane heldt også på å drukne i dansk ei tid, men greidde å berge målet sitt trass i alle vanskar og gjere det til ein fullgod reiskap også i ei tid som vår. Det fortell kva som kan hende når folk har den rette innstillinga til morsmålet sitt.

"Det er ein Ting som er altfor litet kunnig her i Landet at Islendingarne hava dyrkat og drivet sitt gamle Maal til ein stor Fullkomenskap som ein kann sjaa i deira Avisor og Aarbøker og andra Skrifter. Det syner seg der, at dei hava fylgt med Tidi og funnet seg nye Ord og Nemningar av sitt eiget Maalvyrke, etter kvart som det trengdest, so at de no kunna skriva um allskyns nye Maalemne utan at dei trenga nokot stort til framand Ord." (Ivar Aasen 1858)