Høgnorskdagane:Eit nynorsk normaltalemål

Frå Sambandet
Versjonen frå 16. april 2020 kl. 18:21 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

Av Lars Bjarne Marø

Kvifor er det viktig med eit høgnorskt talemålsideal ? Kva vil det ha å segja for målrørsla innetter og utetter. Det finst ei rad grunngjevingar for normaltalemål. Her skal eg nøgja meg med å nemna fire som språkforskaren Einar Lundeby hev peika på.

Det vert sagt at eit normaltalemål lettar kommunikasjon. Anten ein vil det eller ei vert det lettare å forstå folk når dei nyttar eit normaltalemål. Når ein snakkar eit normalisert talemål vil ein òg leggja vekt på å snakka tydeleg. Det er sjølvgjeve at ein normaltalemålsbrukar ikkje vil fokusera på sermerke i ein dialekt,men heller meir samlande nasjonale former som samtalepartnaren eller tilhøyrarane vil ha lettare for å kjenna att enn sermerke i dialekten.

Med eit normaltalemål vert lettare å læra språket frå seg til utlendingar. Dette er eit av dei tungtvegande grunnane til at me bør ha eit norskt normaltalemål. Utlendingar sit ikkje inne med den same språkkunnskapen som oss. Når dei skal læra norsk er det dei færraste av dei som kann læra seg ein dialekt. Mange av dei kjem til ein by. I ein by er det folk med mange ulike talemål . Då må dei finna fram til det som er sams for desse talemåli. Dei kann ikkje læra seg å forstå alle på ein gong. Dessutan må dei i fyrste umgang halda seg til målet dei kann finna i bøker og tidsskrift evt. bøker.

Det er svært vanskeleg for utlendingar å orientera seg um nynorsk. Det er vanskeleg nok for nordmenn. Men utlendingar må slita di meir. Ein utlending eg vart kjend med hadde lese Tarjei Vesaas og nytta målet hans på ein eksamen,men det kunde denne utlendingen ikkje gjera for Vesaas hadde sitt eige mål. Det var ein dialekt. Sånne fylgjor fær det når me ikkje ein gong hev eit einskapleg skriftmål. Når det ikkje er nokonslags einskap i skriftmålet,fær me heller ikkje nokor talemålsnorm,for det er ingen som kann læra seg målet. Og då fær me ikkje med oss utlendingane for dei må læra seg å tala ei standardnorm i fyrste umgang,med mindre dei er språklege flogvit.

Eit normaltalemål gjev oss ein nasjonal einskap. Ei talemålsnorm gjev oss ein einskap og ei sams referanseråma. Det er med på å styrkja samkjensla i folket,og det gjev oss eit språkleg medvit,um kva som er rett språk. Det er ikkje tilfeldig at norskdansken vert nytta som eit modellspråk og eit teaterspråk som folk frå heile landet som vil verta skodespelarar må læra seg. Nynorsken hev ikkje noko tilsvarande. I Bergen er det tradisjon for å nytta eit vestlandsfarga nynorsk riksmål. I Oslo er det austlandsmålet som stend sterkast i den nynorske talemålsnormi. Det heiter seg at målet i Oslo er kunstig,medan målet i Bergen er for mykje vestlandsfarga. Kor som er. Dette målet maktar ikkje å fungera som noko slags modellspråk. Det vert eit scenespråk og ingenting anna. Det er knapt nokon som gjev seg til å herma etter det eller å taka lærdom av det. I Nord- Noreg skal dei helst spela alt på dialekt ved Hålogaland-Teater. På filmar skal folk snakka dialekt. Det er berre nokre heilt fåe forfattarar som nyttar nynorsk og fær uppført filmar,og målet kann vera mykje ulikt der. Ein nasjonal einskap i målet her hadde vore ein stor styrkje

Eit normaltalemål hev ingi lokal tilknyting. Det er ikkje til å koma frå at dialektane til sine tider kann bera tydeleg merke av det stadbundne. Folk som høyrer dialekttale kann festa seg so ved sermerkte ord og fomer at innhaldet berre vert gløymd. Ein ting er at ein skal ha respekt for andre dialektar enn eins eigen. Noko anna er det å venja seg til nye serdrag i talemåli kringum i landet heile tidi. Det hefter målreisingi at kvar o g ein held på dialekten sin i eit og alt. I røyndi er det fåe som gjer det,men dei prøver,og når dei gjev upp sermerke i dialekten sin er det svært ofte norskdansken som vinn. Då er det betre at ein venjer seg til å snakka uppmot nynorsken fyrst som sist.

Kann eit nynorsk normaltalemål ver med på å løysa nokon av dei vanskane som målrørsla strid med ? Kva vanskar hev målrørsla ?

1 Å vinna fram i byane. Det er i dei store byane at ein hev dei største institusjonane som spreider språk utetter til resten av landet. Det er her restriksjonane på skriftmålsbruken kjem inn. Private institusjonar legg press på arbeidstakarane sine um å nytta eit visst språk,nemleg norskdansken. Når avisor og fjernsynskanalar,private verksemder og forlag vil ha norskdansk og ikkje vil ha noko med norsken å gjera då stoggar utviklingi upp. I praksis skal alle kunna velja språk. Eg trur ikkje det er nokor privat verksemd som vil gå mot den prinsipielle retten til å velja språk. Det er vel heller ikkje mange andre som vil gjera det.

Men når ein vil ha dei til å endra språk sjølv,eller når ein vil endra språket umkring dei. Då vert det leven. Då kjem dei med den eine orsakingi etter den andre.

Eg lyt nemna alle verksemdene på Sunnmøre som burde ha nytta norskt mål i reklame- og salsarbeid,sidan me no ein gong hev fylkja oss her i Volda. Det er mildt sagt undermåls. Kva hev dei å tapa på å reklamera på norsk. Dei hev gode produkt som dei kann selja til heile verdi ?

2 Å gjera målsaki til ei aktuell og viktig sak i dag er kanskje den tyngste utbydingi målrørsla stend framfor i dag. Det er so mange andre saker som folk vil engasjera seg i. Det må dei sjølvsagd ha lov til,men målsaki er ikkje nokor tilfeldig sak. Det er ei sak som hev mykje å segja for kvar einskilt i dagleglivet. Soleis treng me fleire av dei som er med i andre organisasjonar til å verta aktive målfolk. Me kann ikkje springa rundt å vinna kvar einskilt for målsaki. Me kann ikkje få kvar einskilt til personleg målmann med medlemskap i mållaget. Men me kann få kva einskilt som nyttar og vert yvertydd um å nytta nynorsk til å taka målet med seg inn i sin organisasjon. Då må målsaki vera enkel å tileigna seg. Me må ha ei pakkeløysing. Dette er det me stend for les det og det,og lær det og det,so veit de so burtimot kva me arbeider med og kva som skal til for å vera målmann. Utanfor målrørsla finst det hundrevis av ulike tolkingar på kva det vil segja å vera målmann reint praktisk. Den definisjonen som det er enklast å leggja upp til av målmann er vel : Ein person som er ihuga uppteken av at andre skal velja nynorsk og som elskar å skriva nynorsk. Men stort meir veit vel ikkje folk um kva det vil segja å vera målmann,og dei fleste gjev blaffen.

Kva vil det so segja å vera tilhengjarar av norskdansken ? Det er det vel lettare å svara på. Ein som er tilhengjar av norskdansken aksepterar at norskdansken er det nasjonale målet. Han vil ha norsk og ikkje nynorsk. Det er ingen tvil um den nasjonale einskapen millom dei norskdanske. Han rettar seg etter det einskaplege norskdanske språket når han skriv,og han er i stand til å snakka norskdansk standardtalemål til utlendingar dersom det krevst. Han dyrkar den lokale dialekten sin på heimstaden,men lukar ut dei fåe avstikkande formene i bymålet sitt når han hev kontakt med folk utanfrå byen. Han hev klåre språklege rollemodellar i det norskdanske daningsidealet som vert nytta i filmar,på teater og yveralt elles. Og han nyttar målet sitt yveralt,utan å kjenna seg sjenert eller brydd yver å stikka seg ut. Målpoltikk er uinteressant for han. Men han er stort sett samd i dei fleste utspeli frå dei norskdanske.

Stutt sagt. Dei norsdanske hev ikkje berre dei økonomiske maktposisjonane i samfundet. Dei hev den psykologiske makti. Det er denne makti som er viktig. Dersom målrørsla fær det psykologiske yvertaket vil det vera underordna med dei økonomiske maktposisjonane,for ingen kann stogga eit folkekrav eller ei nasjonal reising,dersom ho hev grunnlag for seg. Det er ikkje skriveføre folk med manglar. Det me manglar er ein ideologi. Det er ei sjølverkande kraft hjå folk. Ei kraft som fær folk til å akseptera målet som noko sjølvsagt og som ein del av deira interessa for samfundet og umværet umkring dei. Målsaki må verta eit hopehav millom folk frå ulike delar av landet.

Norskdansken må verta uppfatta som knot. Den nasjonale og kulturelle kompetansen som me sit med i målrørsla må nå ut. Folk må få evna til å sjå den nasjonale einskapen som norsken stend for.

Kann høgnorsken hjelpa oss frametter ?

Kvifor høgnorsk ?

Kvifor skal me strida for eit høgnorsk mål og ei høgnorsk målreising ? Dette spursmålet hev det dryfta i denne helgi. Sume av dykk hev ikkje all verdsens tru på at høgnorsken er vegen å gå. Andre av dykk meiner kanskje at det er utaktisk å arbeida for høgnorsken. Sjølv hev eg berre nytta høgnorsk og høgnorsknært mål,og eg hev aldri vore i tvil um at det er rett for meg. Endå um de er usamde med meg,trur eg at skriftmålsbruken min hev gjeve meg røynslor og tankar som mange av dei som kjem frå kjernestroki ikkje hev. Når ein hev lært seg eit mål gjenom mange år i skulen, greider ein ikkje å sjå fyre seg eit alternativ til det ein hev lært. Når ein veit at ein møter hindringar og fordomar kvar ein set foten hen og stikk seg ut i målvegen,vert ein varsam med å markera seg.

For meg hev det ikkje alltid vore soleis. Eg hev markert meg frå fyrste dag av då eg valde høgnorsk. Alle venene mine hev reagert på at eg hev bytt mål. For eg bytte både munnleg og skriftleg. Når ein skifter mål både munnleg og skriftleg til norskt mål glid ein tilslutt inn i målet soleis at det vert unaturleg å nytta norskdansken eller ein blandar inn mykje målgods frå norsken når ein skriv norskdansk. Halvdan Koht nytta ein del norsdansk,men ettersom han vart meir og meir vant til å nytta norskt mål,vart norskdansken so uppnorska at det var mest ikkje råd å vita kva mål han skreiv. Det var synd at ikkje Koht vart heilnorsk då hadde me gjerne sloppe den ufjelge samnorskpolitikken hans.

Men kva er det for slags prosessar som gjeng fyre seg når ein endrar mål munnleg og skriftleg ? Og kva er det som skal til for at ein skal greida å få til noko slikt ?

Fyrst lyt eg gjera greida for nokre av dei umgrepi eg nyttar : Bokmålet kallar eg norskdansk,talt og upplese norskdanskt mål kallar eg for det norskdanske daningsidealet eller normaltalemålet. Dei som nyttar det norskdanske talemålet eller lesemålet kallar eg for det norskdanske hopehavet. Eg held meg mykje til å snakka um det høgnorske måldaningsidealet eller liknande. Men eg meiner det er eit poeng for heile målrørsla å venja seg til å snakka likare den nynorsken dei skriv,dersom dei stend inne ideologisk for denne nynorsken. Eg ser ikkje nokon grunn til at nokon skal leggja seg etter å snakka upptil eit mål dei hev vorte tvangsfora med i skulen.

Evna til å manipulera med språk på same måte som å visa tame og kunnskap i andre kulturelle syslar som t.d. musikk reknar eg for nasjonal og kulturell kompetanse. Dei som er i stand til å snakka eit mål eller å snakka upptil eit mål anten det er høgnorsk eller norskdansk tileignar seg krav på ein tame. Dei hev lært av soga og av litteraturen vår. Dei hev vunne sams røynslor med folk som hev gjort det same andre stader i landet.

Kva er det so som fær folk til å verta medvitne um korleis dei nyttar målet munnleg ?

Dette er truleg noko av det meste kompliserte ein kann gjeva seg inn på å forklåra. Sjølv medvitne nynorskbrukarar kann få seg til å segja dei mest utrulege ting på nynorsk. Det er skremande å høyra når ein lærer seg til å leggja merke til det. Då eg skulde skifta til høgnorsk var det eit ordlag som eg hadde nytta mykje forleden for nyss eller for ei stund sidan eller liknande. Eg hadde ikkje tenkt yver korleis eg nytta målet i eit og alt og vanen sat att,men det var folk som passa på meg å sa dette kann du ikkje segja på norsk. Sameleis etter fleire år hev eg nytta eit og anna norskdanskt ord . Eg hev havt for lite påpassarar umkring meg,og mest ingen i målrørsla hev sagt noko til at eg nytta slike ord. Etter mitt syn treng me tukt nokon kvar i målvegen.

Slike einskildord er viktige,men ikkje so viktige som heile målsystemet. Det å taka upp i seg hovuddragi i eit mål er trass i alt det viktigaste.

1 Einskap i eit mål er svært viktig for at det skal kunna lærast. Det må ikkje vera for mange former som varierar. Men einskap er ikkje nok. Det hev vore hevda at det er større variasjon i målet i bladet Vestmannen enn i Dag og Tid. Likevel uppfattar vel folk flest målet i Dag og Tid som mykje meir variabelt enn målet i Vestmannen ? Her ser eg burt frå ordtilfanget der skilnaden truleg er mykje større. På same måte er det stor einskap i norskdansken sånn som det vert nytta i dei viktigaste massemedia,men slær ein upp i ordlista fær ein eit heilt anna inntrykk. Her hev fleire av sideformene som me mest ikkje ser til vanleg vorte til uppslagsformer. Sett utfrå ordlista er det soleis ein ovstor skilnad innanfor norskdansken,men i praksis er skilnaden minimal.

Læreboknormalen er einskapleg innanfor nynorsken. Men skuleelevar i nynorskumråde flest vert vel uppflaska med at dei skal skriva nært upp til talemålet sitt. Soleis vert einskapen ikkje noko som ein tek med seg inn i det daglege målet,med mindre ein skulde slumpa til å ha eit talemål som er likt med læreboknormalen.

2 Det daglege målet ein skriv er viktig. Eg meiner det kann ikkje underdrivast. Når ein skriv normerar ein målet sitt aktivt og medvite. Ein vel ut det ein vil,kann og meiner er rett å skriva. Då byggjer ein på litteratur ein hev lese på det ein hev lært i skulen og på den målpolitiske ideologien ein hev fenge med seg anten frå heimen eller frå skulen. Ein byggjer stutt sagt på den nasjonale og kulturelle kompetansen ein hev tileign seg. Me er ulikt utrusta. Nokre kjem frå ein heim med boklærde foreldre,nokre kjem frå ein heim med foreldre som les mykje for borni sine,nokon kjem frå heimar der det er viktig å vera flink i teoretiske skulefag. Og slik kunde eg halda fram med å leggja ut um skilnader millom målbrukarar.

Hovudpoenget er at me leitar etter ideal og etter inspirasjon til skriftmålet vårt. Når me so finn oss til rette med dette skriftmålet anten det er likt slike me snakkar eller ulikt,so vil det påverka talemålet vårt. Lærarar som er målfolk peikar på at det er vanskeleg å halda den stadbundne dialekten i hevd,dersom dei berre skal høyra på at elevane les upp frå skriftlege uppgåvor enn dersom dei skal ha elevane til å fortelja noko aktivt.

Men endå vanskelegare er det å endra skriftmålsvanar og den påverknaden dei hev på talemålet. Når ein legg sitt eige talemål inn i det skriftlege målet smeltar måli saman. Ein kann berre tenkja på når nokon hev skrive um eit eller anna. Kor upptekne dei då vert av det dei nett hev skrive. Ein kann hugsa kva ein skreiv i langt på veg i detalj kanskje heilt upptil ein dag etterpå. Når ein då snakkar med folk um det ein hev skrive vil ein retta målet sitt etter det målet ein nyttar når ein skriv. Då eg byrja å snakka ein nynorsknær dialekt uppdaga eg at sume av klassekameratane mine tok upp setningar eller ord eg hadde nytta. Det hadde dei gjort alltid når me snakka bergensk saman,men då la eg aldri merke til anna enn det individuelle serpreget i talen,sjølve språket var det same.

Det er på denne måten at ein endrar målet sitt. Det er på denne måten folk som bur på den same staden utviklar eit talemål og eit skriftmål som hev mange samse drag. Når skuleelevar gjeng på skule saman fær dei eit einskapleg språk av at dei les dei same skulebøkene. Dei ikkje berre les bøkene dei puggar bøkene,og det som læraren skriv på tavla. Itillegg skriv dei sjølvstendige tekster som dei legg fram innhaldet av til dei andre i same klasse. Då vert det til sjuande og sist ikkje rom for mange avvik.

3 Men det ikkje so eins laga med alle målbrukarar som eg gjev dykk ein tokke av ovanfor. Personlege eigenskapar spelar inn. Nokon er i stand til å skilja seg ut språkleg utan umsyn til umværet umkring dei. Det er serleg millom dei som nyttar norskdansk at ein finn slike folk. Dei snakkar norskdansk. Dei rettar seg etter det norskdanske måldaningsidealet. Dei treng ikkje å taka umsyn til talemålet på heimstaden,eller dei hev budd fleire stader og hev ingen fast heimstad. Målet til foreldri kann stå so sterkt for dei at dei ikkje bryr seg med eller greider å læra seg talemålet på den staden dei bur. Eller dei tek upp litt språkstoff frå fleire stader,sånn at dei snakkar ein idiolekt dvs. eit serspråk. Dessutan kann det liggja ideologiske synsmåtar bak. Sume born av foreldre som snakkar norskdansk kann kjenna seg i opposisjon til dei lokale born som snakkar eit målføre som ligg nært upp mot nynorsken.

4 Språklege modellar i det norskdanske evt. det høgnorske målhopehavet hev sitt å segja. Når ein set seg til å skriva eller når ein snakkar med folk er ein knytt til modellar eller fyrebilete. Desse fyrebileti hev vist seg fram på ein sånn måte at ein identifiserar seg med dei. Når fyrebileti hev sagt noko på ein måte som verkar yvertydande og gjev god respons t.d. på fjernsyn eller i radio i sermerkt språk smittar det yver. Det er ikkje sånn at det glid beint inn. Ord og vendingar kann bruka tid på å vinna fram. Dei kann gå via skrift og via dei i klassen som hev låg prestisje til dei som hev høgare eller umvendt. Dei kann koma inn gjenom samhandling med folk utanfor skulen eller på mangfaldige andre måtar.

Det er rart at me legg so lite vekt på å ha uttalte språklege fyrebilete. I musikk og idrott er det ingen tvil um kven som er fyrebileti våre,og me viser aktivt til dei,og til dei teknikkane dei nyttar. I Vestmannalaget driv med aktiv talemålsrøkt. Me freistar å vera talemålsideal for kvarandre,og me hev eit uttalt daningsideal i skriftmålet. Me er samde um korleis me skal leggja upp talemålet vårt.

5 Språklege klisjear frå samfundseliten vert spreidde i offentlege meldingar frå styresmaktene i reklamen osb. Desse klisjeane gjev eit ankerfeste for norskdansken. Klisjeane spreider seg og er med på å læsa fast språkvanane våre,slik at me ikkje kann tenkja sjølvstendig. Norskdansken pressar seg fram sume stader sånn at tek domene frå nynorsken. Nynorsken skal ikkje kunna nyttast for det vanlege og ålment fastslegne er det norskdanske. Det norskdanske hopehavet vil ha sitt språk til det einaste. Difor tek dei ikkje umsyn til nynorsken når dei skriv avhandlingar,og hev faglege utvekslingar med kvarandre. I juss og økonomi skal alt vera so effektivt at nynorsken vert eit heft. Folk må tenkja seg um når dei ser nynorsk, og dei som nyttar nynorsk vert pressa til å leggja um språket sitt,sånn at det ikkje ber til misskyningar.

Men hjelper det å bøygja seg for slikt press. Nei, det gjer ikkje det. For dersom det vert akseptert at nynorsken ikkje er høvande på eit umråde kann det snøgt verta fleire. Då er statusen til målet i fåre, for då kann ordlag og klisjear frå eit fag og eit miljø her og eit fag og eit miljø der berre verta på norskdansk. Då kann ein få dei same tendensane yver alt.

6 Språkleg kontakt millom folk frå ulike heimstader. Det vert jamnast meir kontakt millom folk frå by og bygd. Nye samferdslevegar hev gjort og gjer at avstandane vert kortare millom byane og nærumrådi. Det hev ført med seg at folk flytter lengre og lengre burt frå bykjernen og at dei som bur i bygdene umkring kjem oftare inn til byen. Dei som hev tala dei nynorsknære talemåli hev vorte meir medvitne um at dei snakkar ulikt kameratane som bur på same staden eller like burtanfor. Kameratane snakkar eit bymål som fell saman med norskdansken. Det vert uppfatta som det yverlegne målet,og det kann pressa seg fram. So lenge målrørsla ikkje greider å markera seg mot norskdansken,finst det ingen studnad attum norsken. Når norsken ikkje kann stå fram som eit ideal,so er det bypatriotismen og den norskdanske nasjonsbyggjingi som vinn seg råderom.

Lærarane kringum på bygdene spela ei sentral rolla i å byggja upp fedrelandskjensla då norsken var i framgang på 1920 og 1930-talet. Dei køyrde på med allsong av norske songar. Dei norske talemålsidealet vart kvardagskost gjenom songen. Idag er det vel ikkje stort anna enn i songtimane at det vert sunge,og det er vel knappast norske songar som er på repertoaret. Istadenfor å nytta mange timar på å pugga norske songar og å få det norske talemålsidealet inn på den måten,nyttar ungdomen tidi si til andre ting som t.d. å sjå på fjernsyn,høyra på engelsk musikk. Talemålsidealet vert meir engelsk/amerikansk og norskdansk enn norsk. Det er det byane og bymåli som vinn på. Dei likast norskdansken og dei er mest interesserte i å taka upp i seg det engelske og det amerikanske. Kanskje serleg avdi det ofte er den urbane røyndi som vert formidla gjenom amerikanske filmar.

Og kvifor hev me so lite trening i det norske måldaningsidealet ? Jo,avdi det ikkje hev prestisje. Då videomaskinone kom og seinare parabolantenone og kabellnettet var det gromt. Ein tenkjer alltid på kva som gjev best utteljing i samvær med andre. Og når ein er ung og ikkje hev vit til å tukta seg sjølv ,so er det det som er vilt og trøysamt i same stundi som er lettast å kasta seg yver. Ein må for all del ikkje verta uppfatta som ein treging eller som eit utskot millom venene..

Nynorsken er ikkje noko ideal for ungdomen. I alle fall ikkje for breide gruppor av ungdom. Det kann vera ei serinteressa for ein og annan,men ikkje meir. Det kann ikkje gjeva norsken nokor framgang,og gjev tilbakegang når norsken kjem under press.

Myten um det avaldra

Same kva som gjer mest til at folk ikkje er språkleg medvitne andsynes det høgnorske måldaningsidealet,kjem me ikkje utanum ein myte som er sjølve utgangspunktet for at medvitet vert knekt. Myten um at det norske målet høyrer ei framand tid til. Her kjem me inn på vanskane til målrørsla. Samnorskpolitikken endra vilkåri for nasjonsbyggjing. Då Garborg hadde sett seg mot Ibsen og Bjørnson,byrja dei som forsvara det danske målet i Noreg å argumentera for at det var målet deira som var norsk. Dei laut gå med på å endra språket sitt mot det norske målet,og so lenge norsken ikkje vart pressa meir av det danske målet,kunde norsken eta seg inn i dansken på harmlaust vis. Men når uppnorskingi av dansken stoppa upp,og ein byrja å umtala dansken som gamal norsk,kva skulde ein då gjera med det norske målet ? Ein kunde ikkje kalla det for gamal norsk, for då var det tvo former for gamal norsk og det høvde ikkje med den norskdanske nasjonsbyggjingi.. Nei, ein triumferte yver å ha knust samnorsken,og so tok ein til å nytta samnorskideologien mot målrørsla sjølv. Når målrørsleleidarar som Koht m.fl. hadde avdømt Aasen-målet og høgnorsken,kunde andre gjera det same. I serleg grad det forkvakla Dagbladet.

Høgnorsken og dei som hadde reist fram målsaki på Vestlandet skulde slåast attende. Dei var potensielt fårlege. Dei vilde driva målreising. Dei avviste samnorsken på prinsipielt grunnlag. Difor kunde ein tale av Halvard Framnes, austlendingen Fridtjov Sørbø eller Sigurd Sandvik i studentsamfundet i Oslo få stor merksemd på 1950-talet. Dei måtte ikkje få ungdomen med seg. Dei måtte ikkje koma å snakka imot samnorsken i hovudstaden der striden mot høgnorsken og Aasen-målet hadde gjenge frå den eine institusjonen til den andre. NRK, Det Norske Teatret og Samlaget yveralt hadde ein greidd å drepa ned høgnorsken austpå. Myten vart skapt og sterkna seg etterkvart som tidi gjekk, og ungdomen ikkje fekk høve til å møta for mange kritiske mottankar. Myten um at høgnorsken var avaldra. Myten um at norsk mål offisielt var avskaffa og at norskdansken skulde få råda.

Folk som kom frå landsbygdi til byane vart tvinga til å godtaka denne myten. Dei skulde ikkje koma å markera seg for sterkt. Dei skulde vera glad til at dei slapp undan dei karrige levekåri på landsbygdi. Dei kom til eit nytt samfund. Eit samfund med tekniske nyvinningar på alle umkverve. Dei frygda seg,og dei godtok at det tradisjonelle skriftmålet deira var avaldra. Det var eit høgtidsmål som kunde dragast fram ein og annan gongen på 17 mai eller ved andre sermerkte høve. Men i botn og grunn var målet daudt.

Denne myten er det Faarlund i fagnemndi i Norsk Språkråd surfar på når han kallar den avmerkte nynorsken og høgnorsken for museumsspråk. Han trur den einaste måten å gjera nynorsken meir tevlefør på er å gjera nynorsken meir moderne. Norsken skal vera eit bruksmål og ikkje eit museumsmål.

Er ikkje høgnorsken eit bruksmål,endå um me er ei fåtalsgruppa som nyttar han ? Det hev stødt vore ei fåtalsgruppa som hev nytta høgnorsk i heile etterkrigstidi. Um det er umoderne å bruka t.d. moderat høgnorsk. Kva er det då som er moderne ?

Det må vera å leggja språket sitt mot norskdansken. Det norskdanske målhopehavet og dei som nyttar norskdansken i skrift segjer at deira språk er norsk i kraft av at dei er nordmenn og i kraft av at språket hev utvikla seg. Dansk er kort og godt umoderne norsk. I samnorsktidi skulde ein få norskdansken til å verta norsk ved tilnærming til norsken,og brukarane av norskdansken nytta då meir og meir moderne norsk. Men frå 1981 av vart norskdansken reversert. Um ein skal fylgja tankeføringi til brukarane av norskdansken vart språket meir umoderne..

Men det er fåe av dei norskdanske som vil segja at norsdansken er umoderne,for det er norskdansken som skal styra måluppfatningi vår anten me nyttar norsk eller heimedansk. Difor er det dette målet som fær avgjera kva som er moderne i dag. Fyrr Alf Hellevik medverka til 1959-rettskrivingi i nynorsk, hadde nynorsken vore premissleverandør for kva som var moderne. I ettertid er det norskdansken som hev vore premissleverandør. Nynorsken hev soleis vorte eit umoderne språk med Helleviks ordlistor,og langt frå noko moderne språk.

Høgnorsken viser oss soleis eit ålment problem i målrørsla. Nynorsken er ikkje på moten. Hadde norsken vore på moten hadde ingen brydd seg med å hyla upp um at nokon nytta høgnorsk. Kva skal de som er her i dag gjera for å gjera norsken på moten ?

De skal læra dykk alt de kann um norskt mål. De skal vera grenselaust kritisk til alle som snakkar på vegner av norskfaget. 90 prosent av det dei segjer um det norske målet er målpolitikk og langt frå vitskap. De skal dyrka ideal for skriftmålet dykkar på same måte som andre dyrkar ideali sine i idrotten og musikken. Korleis skal me gjera ideali våre so rådrikne at det fører til t.d. ei sånn ekstatiske hylling som idrottsutøvarane fær ? Eller til store tilskipingar for musikkarane.

Me skal peika på regelbroti og fylgjebroti i nynorsken. Me skal skuva kritikkarane til sides.

Me må samla oss um forfattarane våre. Me må studera soga . Kva er det for minne som er knytt til høgnorsken og høgnorsktradisjonen som ikkje hev vorte kuva ?

Me lyt finna dei og hevda dei,og når motstanden kjem frå dei norskdanske og frå myteforvaltarane må me reisa folk upp mot dei. Aasen-tradisjonen i målet som hev funnest i landet heilt frå Aasens-tid og framtil i dag hev sett sine spor. Det er desse spori de må finna. Anten de vil syngja songar på klassisk norsk,lesa dikt,romanar, lesa og skriva fagprosa. Høgnorsken hev sett sine spor. Målet vårt hev ikkje kome på museum, me kann nytta det fritt. Det er upptil du og eg kva som skal vera bruksmål i Noreg.

Det er det daglege målet vårt som avgjer korleis me ser på målet umkring oss. Det daglege målet vårt kann me leggja um,og me kann nytta det trass i at me ikkje ser det anna enn når me les de me sjølv skriv. Mange av oss kjem til å skriva mykje,difor må me òg lesa mykje av de me sjølv skriv. Då er det ikkje vilkårleg kva for eit språk me venjer oss til å lesa. Det er snarare noko av det viktigaste me gjer. Eg segjer med Garborg :

Vår elsk og beste akt,

vårt liv og all vårt makt,

skal vera Noregs vakt,

til siste stund

Dette er fedrelandskjærleik og slikt vil ikkje kritikkarane våre vita for mykje av,men fedrelandskjærleiken kann dei ikkje setja på museum. Kjenslone våre kann ikkje stemplast som avaldra. Kjenslone våre lever i beste velgåande.

Vitskapsfolki hatar kjenslone våre. Når me kjem og argumenterar mot fagnemndi i Språkrådet og andre. Vil dei stempla dei for fordomar. Då kjem dei med tabellar og statistikk og evar seg ikkje for å snakka um intellektuelle argument. Men det er kjenslor og kjærleik som gjer at me hev eit høgnorskt mål. Hadde vitskapen kunna stogga folk frå å nytta høgnorsk, hadde høgnorsken vorte avgløymd for lenge sidan. Men han lever.

Ei onnor sak er um det er nok med kjenslor og kjærleik. Mange av oss vil vel likevel ikkje vera radt framande for at målet og målsynet kann knytast til samfundssynet vårt. Sume vil meina at høgnorsken og nynorsken er ein protest mot makteliten i landet og med på å samla folket mot dei rådande makttilhøvi. Andre kann hevda at retten til å nytta målet sitt er ein rett som kvar einskild må ha og at staten ikkje må blanda seg inn i den individuelle fridomen til å velja mål so vel som til å gjera andre individuelle val.

Same kva nett du som høyrer på tykkjer,so må du ikkje lata vera å knyta ålmennpolitiske synsmåtar til ditt eige målsyn,um du tykkjer det gjer det lettare å strida for norskt mål. Det kann vera med på å motivera deg sjølv. Men gløym ikkje at målet er styrd av kjenslor og kjærleik. Blandar ein haldningar til korleis målet skal sjå ut saman med ålmennpolitiske synsmåtar kann ein lett koma skeivt ut. Tru ikkje at utsjånaden på målet heng saman med sosialisme,konservatisme,sosialdemokrati,liberalisme eller andre politiske ståstader. Berre innanfor medlemsflokken til Vestlandske Mållag er det so mange ulike politiske ståstader at ein ikkje kann segja at lagsflokken kann knytast til nokor ålmennpolitisk gruppering. Likevel trur eg ikkje at det er nokon av dei mest aktive som ikkje hev klåre ålmennpolitiske syn,og det er til bate for oss alle.