Historisk målpolitisk lineskifte

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:46 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Av Jostein Krokvik

Stortingsmelding nr. 13 (1997-98) um Målbruk i offentleg teneste markerar eit endeleg og eintydeleg brot med den målblandingspolitikken som tok til fyre krigen. No er det atter etter 60 år offisiell målpolitikk å driva offentleg måldyrking og målvern til gagn for måli kvar for seg. Det ligg sogedåm i meldingi frå Kulturdepartementet.

Stortingsmeldingi lyt fylgjast upp, og no på opningssteget vil Vestmannen nemna nokre innlysande punkt i so måte. Lovi um Språkrådet lyt reviderast, og det famøse, illgjetne, målblandingspunktet ($ 1b) må burt. Attåt lyt dei no sjå på heile språkrådssamansetnaden, og det må verta slutt på den urimelege uskipnaden med tvo talsmenn for riksmålsakademiet, men berre ein for målakademiet og høgnorskfolket. At den tvihovda målblandarsamskipnaden skal vera med i eit målvernorgan no, synest urimeleg. Eit lag som vil konstruera eit nytt kunstmål etter ›ydeleggjing av dei tvo måli som finst, er ein anakronisme i eit organ som nett skal verna dei tvo eksisterande måli!

Og der er andre utnemningsinstansar som det og kann reisast spursmålsteikn ved. I dag er det mange kanalar i eiteren, og det er ikkje innlysande at ein av dei, NRK, skal sitja i eit offentleg språkråd. Forlagssamskipnadene hev utnemningsrett til Språkrådet idag, og attåt hev eit handplukka nynorskforlag serutnemningsrett. Det er råd å tenkja seg ein bakgrunn for dette, sidan forlagsspissar var nærknytte til statsberarane den gongen. Men det finst andre målforlag, og Norsk Bokreidingslag kunde like gjerne ha utnemningsrett.

Sumt anna kunde nemnast. Det er rein mistyding at mange utnemningsinstansar fører til eit meir demokratisk Språkråd. Utnemningi gjeng gjerne fyre seg ved utpeiking og handplukking, stundom slumpesamt, og demokratiet er soleis helst kjøvt i startgropi. Dette fær likevel vonleg mindre å segja for eit rådgjevande organ som skal dyrka og verna dei måli som folk hev lært seg, slik det vert heretter.

Kanskje er det endeleg på tide å få eit heilt kløyvt språkråd? Eller rettare tvo råd, eitt for nynorsk og eitt for bokmål. Dette hev tradisjonelle målfolk ynskt heilt frå fyrsten. Men innlysande nok tvo organ utan tette skiljevegger; i spursmål som gjeld båe måli, må dei sjølvsagt ha formalisera samarbeid. I alle høve bør me få tilsvarande Språkråd for måldyrking og målvern som dei hev på Island, Færøyane og i Sverige, Danmark og Finland. I Finland hev dei og tvo mål.

Og, som me hev sagt tidlegare. Me treng no ein tvidelt nynorsk læreboknormal med val millom anna millom jamstelte i-former og a-former. Og skulemålet må vera so vidt at ingen elev fær "feil" so lenge han/ho nyttar former som ein gong hev vore ålment godkjende i nynorsk, frå og med Aasen.

Dette var dei fyrste tankane som fall oss inn etter at målblandingslina fekk kongens stempel på at ho høyrer den attumlagde soga til.

Prenta i Vestmannen.