Harald Trefall

Frå Sambandet
Versjonen frå 16. april 2020 kl. 16:28 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

Harald Trefall var ein norsk fysikkprofessor, politikar og målmann.

Trefall var aktiv i Vestmannalaget i Bergen. Lars Bjarne Marøy fortel at han var ein sentral aktivist i målsaki når han vart pålagd å halda seg til den saki. "Elles fekk han driva med kva han vilde for min del. Det skal då vera politisk friytring i Noreg, men temaet til Trefall var aldri eit tema når me samarbeidde. Aldri."

Nekrolog: Trefall er burte

Trefall vart 82 år. Han var ein svært sentral person i striden kring Vestmannalaget i åri 2000 til 2002. På tvo årsmøte var han ordstyrar, og han jobba heilhuga for laget med ynskje um at det skulde koma til eit forlik millom dei tvo partane i striden, men sjølv tok han dei tunge taki i ungdomsstyret som tok makti etter det umframme årsmøte i 2000 og sat fram til 2001.

Han var ein trugen varamann som møtte på kort varsel og alltid hadde sers god orden i sakspapiri. Rettferdssansen var sterk og nådelaus. Når nokon prøvde seg med lureri, sa han definitivt frå um kva han meinte. Det var fleire som fekk merka det.

Personleg var han den fyrste til å uttrykkja studnad til meg og dei unge i laget etter kuppet i mars 2000. Den studnaden varma meir enn alt anna, og eg kjem aldri til å gløyma dei gode ordi hans den gongen. Som bergensar var ikkje fyrstevalet til Trefall nynorsk, men han kunde nytta godt nynorsk mål, um han vilde. Når dei vinstreradikale i NMU og andre stader meinte at Trefall sverta målsaki, må ein segja med å venda ordi til ein av dei: "Det er berre til å rista på hovudet av".

Trefall gjorde sitt ytste for å ikkje trekkja inn ålmennpolitikk i Vestmannalaget. Men då han ein gong fekk spursmålet frå ein fyredragshaldar: "Kva meiner du at du hev vunne med å skipa ditt eige politiske parti." Då kom svaret kontant: "Eg hev vunne min eigen sjølvrespekt." Meir komisk var det då han på eit møte spurde Ludvig Jerdal: "Kvifor vilde du ha meg med i Vestmannalaget." Jerdal svara: "Eg hev alltid lika deg. Eg vil ikkje kalla deg ein fargeklatt, men du er ein fargerik person."

Det er ein talefør, intelligent og sterk person som hev fare frå oss. Minni etter han vil vera der.

-Lars Bjarne Marøy