Skilnad mellom versjonar av «Harald Trefall»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
 
Line 18: Line 18:
  
 
-Ludv. Jerdal
 
-Ludv. Jerdal
 +
 +
== Målungdomen si dømekraft ==
 +
 +
Eg ser i avisa for nokre dagar sidan at Målungdomen sin leiar Gudrun Kløve Juul har oppdaga at Harald Trefall i Fædrelandspartiet er med i Vestmannalaget. Dette finn ho so heise at ho kallar han rasist for å stempla han, og ho har skrive til laget og bede dei om å hiva han ut. Kven er det som er full i fordommar her? Er det ein person frå eit lovleg parti i Noreg, eller er det ho som prøver å stempla han som rasist, i von om at han då vert urein i alle livet sine samanhengar? For det fyrste kan eg ikkje heilt sjå samanhengen mellom hans to medlemsskapar, og for det andre er det ikkje lenger serleg injurierande å verta kalla rasist av alle i våre dagar. Må eg velja mellom dei som vert kalla rasistar av venstresida, og dei rabiate antirasistane som med sugerøyr ned i statskassa prøver å gjera meiningsmotstandarar tause og "spedalske" i debattar med sine sjølvdefinerte nemningar, veit eg kven eg vil velja. Og eg er sjølv medlem i Mållaget.
 +
 +
KNUT P. BØYUM, FJÆRLAND
  
 
== Målungdomen og Trefall ==
 
== Målungdomen og Trefall ==

Siste versjonen frå 30. juni 2020 kl. 19:10

Harald Trefall var ein norsk fysikkprofessor, politikar og målmann.

Trefall var aktiv i Vestmannalaget i Bergen. Lars Bjarne Marøy fortel at han var ein sentral aktivist i målsaki når han vart pålagd å halda seg til den saki. "Elles fekk han driva med kva han vilde for min del. Det skal då vera politisk friytring i Noreg, men temaet til Trefall var aldri eit tema når me samarbeidde. Aldri."

Innlegg i Bergens Tidende, 17. april 2002: Norsk Målungdom på rasistjakt

Det hender når ein les debattinnlegg i pressa at ein må lesa uppatt, for ein kan ikkje tru at ein hev lese rett.

Det var eg ute for no då eg las noko som hadde tittel «Ingen plass for rasistar i målrørsla», underskrive av Gudrun Kløve Juuhl, som upplyser at ho er «leiar» i Norsk Målungdom

Ho fortel at ho hev lese uppslaget i Bergens Tidende um årsmøtet i Vestmannalaget, og at ho fyrst og fremst er uroa yver at Harald Trefall får vera medlem i laget.

Og leiaren hev gjenge til aksjon snøgt, no er det ingi tid å spilla, tenkte ho vel. For no er Vestmannalaget ille ute. Uppslaget i Bergens Tidende stod i bladet 15. mars, og ho fortel i innlegget sitt at landsmøtet i Norsk Målungdom 15.-17. mars 2002 uppmoda Vestmannalaget um å ekskludera professor Harald Trefall. For rasistar fortener ingen plass i målrørsla! Ho set utropstegn etterpå, for å vera viss på at folk skynar kva ho meiner.

Me er nok mange som hev trudd at Norsk Målungdom var ein samskipnad som vil fremja eit veldyrka mål i Noreg. Det hev vore ukjent at dei ogso driv med andre ting.

Og no vender samskipnaden seg til Vestmannalaget og vil styra med medlemskapen der. «Leiaren» kan ikkje ha fylgt med. Harald Trefall er ein vyrd mann ogso i vestmannalaget, me er glade for å ha ein mann med hans kunnskap og hans innsyn med i laget. Han hev òg vore med i stjorni ei tid. Og på det årsmøtet som «Leiaren» er so forferd yver var det ein av dei unge i Ivar Aasen-Sambandet som gjorde framlegg um Trefall til møtestyrar. Til no hev eg trudd at Norsk Målungdom og Ivar Aasen-Sambandet hadde same fyremål: Godt og veldyrka norskt mål. Etter å ha lese Gudrun Kløve Juuhl skynar eg at den eine samskipnaden driv jakt på rasistar, medan den andre flokken vil bruka rasist i organisasjonslivet. Harald Trefall er ikkje rasist. Han er so glad i landet sitt at han vil at nordmenn skal styra her. Og han er nok like forfærd som dei fleste andre yver dråp og innbrot og narkotikabruk som me høyrer dagelege meldingar um. I det virvaret er det mange som «Leiaren» kan venda skytset imot. Og då med god grunn.

-Ludv. Jerdal

Målungdomen si dømekraft

Eg ser i avisa for nokre dagar sidan at Målungdomen sin leiar Gudrun Kløve Juul har oppdaga at Harald Trefall i Fædrelandspartiet er med i Vestmannalaget. Dette finn ho so heise at ho kallar han rasist for å stempla han, og ho har skrive til laget og bede dei om å hiva han ut. Kven er det som er full i fordommar her? Er det ein person frå eit lovleg parti i Noreg, eller er det ho som prøver å stempla han som rasist, i von om at han då vert urein i alle livet sine samanhengar? For det fyrste kan eg ikkje heilt sjå samanhengen mellom hans to medlemsskapar, og for det andre er det ikkje lenger serleg injurierande å verta kalla rasist av alle i våre dagar. Må eg velja mellom dei som vert kalla rasistar av venstresida, og dei rabiate antirasistane som med sugerøyr ned i statskassa prøver å gjera meiningsmotstandarar tause og "spedalske" i debattar med sine sjølvdefinerte nemningar, veit eg kven eg vil velja. Og eg er sjølv medlem i Mållaget.

KNUT P. BØYUM, FJÆRLAND

Målungdomen og Trefall

Aldri hadde eg tenkt at eg skulde gå ut offentleg og leggja inn eit godt ord for Harald Trefall. Til det er me politisk altfor usamde - og hev dertil stade på kvar vår sida i striden i Vestmannalaget. Men eg tykkjer det er urettvist når yngre målfolk no ynskjer å ekskludera den mannen som nettupp yngre målfolk (som delvis tilhøyrer/hev tilhøyrt Målungdomen) ynskte å ha som ordstyrar på det siste årsmøtet i laget. Ei slik åtferd luktar av hyklarskap. Fleirtalet i det styret som no sit hev derimot aldri hatt ynske um å gjeva Trefall uppgåvor i laget. Men so langt me kjenner til, hev ikkje Trefall i dei åri han hev vore medlem agitert for eit spesielt politisk syn i lagssamanheng - eller på anna vis vore illojal mot det som Vestmannalaget stend for. Då kann me heller ikkje sjå at det er grunnlag for å gå so drastisk til verks som Målungdomen tek til orde for - serleg ikkje i eit lag utan eksklusjonsparagraf, og med stor takhøgd for ulike syn og meiningsskilnader.

JON ASKELAND, FORMANN I VESTMANNALAGET

Nekrolog: Trefall er burte

Trefall vart 82 år. Han var ein svært sentral person i striden kring Vestmannalaget i åri 2000 til 2002. På tvo årsmøte var han ordstyrar, og han jobba heilhuga for laget med ynskje um at det skulde koma til eit forlik millom dei tvo partane i striden, men sjølv tok han dei tunge taki i ungdomsstyret som tok makti etter det umframme årsmøte i 2000 og sat fram til 2001.

Han var ein trugen varamann som møtte på kort varsel og alltid hadde sers god orden i sakspapiri. Rettferdssansen var sterk og nådelaus. Når nokon prøvde seg med lureri, sa han definitivt frå um kva han meinte. Det var fleire som fekk merka det.

Personleg var han den fyrste til å uttrykkja studnad til meg og dei unge i laget etter kuppet i mars 2000. Den studnaden varma meir enn alt anna, og eg kjem aldri til å gløyma dei gode ordi hans den gongen. Som bergensar var ikkje fyrstevalet til Trefall nynorsk, men han kunde nytta godt nynorsk mål, um han vilde. Når dei vinstreradikale i NMU og andre stader meinte at Trefall sverta målsaki, må ein segja med å venda ordi til ein av dei: "Det er berre til å rista på hovudet av".

Trefall gjorde sitt ytste for å ikkje trekkja inn ålmennpolitikk i Vestmannalaget. Men då han ein gong fekk spursmålet frå ein fyredragshaldar: "Kva meiner du at du hev vunne med å skipa ditt eige politiske parti." Då kom svaret kontant: "Eg hev vunne min eigen sjølvrespekt." Meir komisk var det då han på eit møte spurde Ludvig Jerdal: "Kvifor vilde du ha meg med i Vestmannalaget." Jerdal svara: "Eg hev alltid lika deg. Eg vil ikkje kalla deg ein fargeklatt, men du er ein fargerik person."

Det er ein talefør, intelligent og sterk person som hev fare frå oss. Minni etter han vil vera der.

-Lars Bjarne Marøy