Høgnorskdagane:Høgnorsk målbygnad

Frå Sambandet
Versjonen frå 16. april 2020 kl. 21:11 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

Av Anders Olsen

De hev nóg høyrt um "samanhengslogi", dei kallar. Eg veit ikkje um det er nokor god nemning, for det er vel snaudt tale um ei log, meir eit prinsipp. Ivar Aasen skriftfeste nynorsken, dei ulike målføri, etter visse prinsipp. Han valde gotisk skrift og store fyrebokstavar i namnordi, båe beggje etter tyskdanskt mynster, for di folk var vane med det. Soleis vart det nye skriftmålet minder framandt. Skrivereglar som fyrrtid bygde til å byggja og ei skam men skammi, det vil segja eit skifte millom einskilt og tvifeldt medljod i same ordet, kjem til deils frå dansk. Um det ikkje er lettare, so er det tidsparande, og dessutan skriv me ei bygd og ei skjemd. Skrivmåtane godt, kaldt, hardt osb. er kav danske (burtsétt frå at dei tvo sistnemnde heiter koldt og hårdt på dansk), men dei er morfematiske og syner samanhengen med god, kald, hard beter en gott, kalt og hart, som han kunde valt etter gamalnorskt, islendskt og svenskt mynster. Og då er eg inne på det med samanheng. Samanhengen millom ordi og jamvel bøygjingsformene av eit ord, kann verta skipla av det me kallar ljodloger. Ljodlogene gjerer gjerne taleframburden lettare. Her talar me um loger, natturloger mest, av di tungerørslone er avgjerande her. Assimilisasjon og disimilisasjon, apokope og synkope, hiatus og ljodbrigde, opning, runding og lågning, alt dette er ljodloger. Analogi, derimot, tykkjer eg ikkje er nokor ljodlog, for det er det tanken som styrer, og då er det menneskjeleg systematisering det spyrst um. Det same gjeld ofte nyskylda (reetymologisering), at universitet vert til undervisitet og dil.., for det det er tanken, ikke tunga, det vert greidare for her. Me kann segja at tanken og tunga stridest.

Sume høgnorske ordskap hev nyskylda, t.d. bustyvel, dumbjølla og skjelpadda, jmf. gn. burstígull, dynbjalla og *skjaldpadda, der Aasen tok det for å vera høvesvis yva reisa bust, dum døyvd og skjel skal som låg attum, endå han visste det upphavleg var dei same samansetjingslekkjene som i nyn. igulkjer kråkebolle, toredyn/-dun torebrak og skjeld-/skjaldtile bordklædning (som vernar veggen som ein skjold). Her er det uvisst um ljodlogene eller reetymologiseringi, tunga eller tanken, verka fyrst.

Då gjeld det å finna ein midveg millom ljodrett skrivevis og etymologisk og morfematisk skrivevis. Etter di Asen skulde reisa det norske målet att, kunde han gjera det. Sume ljodrette skrivemåtar som kvit, kven (jmf. gn. hvítr, hverr), namn, stemna (jmf. gn. nafn, stefna), opna for den vanlegaste norske segnaden og stengde for den austnorderlendske (jmf. d. hvid, sv. vit (då: hvit), der h-en ikkje er høyrleg), eller stengde ute dansk segnad men opna for svensk (jmf. d. navn, sv. namn). Det var um å gjera å rettferdiggjera eit nytt og sjølvhjelpe norskt skriftmål, og det kunde gjerast med 1) å strika under det serhåtta, 2) merkja av kva som skil det frå kolonimålet, dansken, og 3) stydja seg til eit stort og mætt mål, svensken. I tillegg kjem det å visa til eit eige upphav og gamal stordom, det er gamalnorsken, men det vart grunnlaget for ei etymologisk rettskriving, so sambandet til gamlemålet vart skillegt.

Mange ord i målføri var so like at dei måtte koma av eit og det same gamalnorske ordet, men so ulike at berre eitt av dei, anten det som låg nærast upphavet eller det som høvde best inn i heilskapen, eller inkje av dei, dugde til samform. Soleis skreiv Aasen drjug, ikkje dryg, for di det heiter drjúgr i gn., men tykte i fyrrtid til tykkja, endå mange målføre hev totte, gn þótti. Og i ordboki hans er kongurvåva hovuduppslag, so samanhengen til veva vert synleg, jmf gn kongurváfa, endå nett den formi ikkje fanst i målføri.

N-burtfall i utljod er det beste merkjet på hokyn i nynorsk, difor skreiv Aasen boki og gjenta i bundi form, endå både svensk, dansk, islendsk og færøysk hev halde på n-en her. I inkjekyn bundi form fleirtal er det like eins, soleis husi, epli og augo. Når n-en høyrde med til nemneformi, var avleidingsending, vart det annleis, difor skreiv han morgon og aftan/eftan (undantak: åre jmf gn arinn), og adverbi utan, undan, sunnan osb. Han skreiv t-ar og d-ar i bøygjingsendingane òg, jamvel um det gjorde målet minder ljodrett, soleis kastade, hev kastat, mannen vart utkastad, hev funnet og eit rotet eple. Sameleis skreiv han hestarne,gjentorna og skålerna. Alt detta gjorde han av umsyn til grannemåli, og av umsyn til målet sjølvt. Mange av desse formene var sjeldsynte eller fanst ikkje i det heile, men dei trongst for samanhengen skuld. Nynorsken no hev, jamvel høgnorsken, er minder fylgjerett. Men høgnorsken held fast på vokalrikdomen, det at endingane er ulike sjølvljod som anten stend for seg sjølve, eller fær ein konsonant, sjeldan fleire, etter seg. Difor heiter det å kasta, han kasta henne ut, ho vart kasta ut,det er burtkasta, ei visa, den visa, tvo augo, båe augo, ein bakke, eit lite stykkje, ho hev skrive ei bok, boki er velskrivi osb. Til vanleg er det berre u som ikkje kann standa i uljod, men i midlandsnormalen, som millom andre Arne Garborg var med på å forma ut, het det ei furu, ei sogu og tvo augu osb, med bundi form på o. Midlandsnormalen er høgnorsk å kalla, men hev jamvekt i linne hokynsord og i infinitiv, noko som vert minder samlande, og vanskeleg for alle deim som ikkje hev noko slikt i sitt målføre.

Former med halden konsonant i høgnorsk er han kastar, karar, kjerringar, øyar, skåler, månader, vegg(j)er, gjentor, rydig, ledug, vitug, undan, sunnan, funnen, senden, sandut, huset, eplet osb. Her er det mykje og merkja seg. For det fyrste er r-en i notid av a-bøygde verb det som gjerer det råd å sleppa d-en i fyrrtid, elles hadde tidene falle saman. For det andre er dei bundne fleirtalsformene til substantivi ljodrettare og uvandare en hjå Aasen, me skriv karane, skålene, gjentone osb, endå det finst grunnlag for Aasen-formene kararne, skålerna, gjentorna osb i målføri. Det er minder fylgjerett, men sernorsk og samlande. Når rn-sambandet høyrer til roti i eit ord, skal det skrivast, som i kòrn, stjerna osb. Me burde skriva birna og kirna òg, so samanhengen med bjørn og kjerne kjem fram. Det same gjeld daud d, det heiter lid og snaud liksom tid og raud, og skard og urd liksom hard og ord.</P> <P> Når med fyrste er inne på daud d, so er nóg det grunnen til at nad-ordi hev halde på undantaksbøygjing, sidan framburden oftaste berre vert månar, sjilnar, søknar osb. i målføri. Det er nemnande at Aasen skreiv månadar, skilnadar osb, noko Eivind Vågslid gjerer nogso fylgjerett i verki sine. At denne bøygjingi nyleg vart lov att, kjem vel av at skriftsegnaden med høyrleg d hev vorte utbreidd og fenge vanleg hankynsbøygjing i mange mållydskor. Men i høgnorsk held me på undantaksbøygjingi her, nett som me skriv øyar og vegg(j)er, tvo representantar for ei liti gruppa sterke han- og hokynsord som "skifter kyn" i fleirtal, ei av fåe leivder etter gamalnorsk stomnbøygjing.

Midlandsnormalen og Vågslid hev eg alt nemnt, og dei hev meir i bøygjingane en Aasen, til liks med islendsk og færøysk: skålir, veggir, funnin, hev funni, sandin osb. I midlandsnormalen kjem detta i tillegg til boki er velskrivi osb, og der heiter det endå til gjentur, vikur, vikublad (men ei gjente, ei viku osb jmf. ei furu osb som nemnt ovanfyre). Ur- bøygjing var vanleg i nynorsk skriftmål tidleg i siste hundradåret. Ir-bøygjingi var sjeldnare, endå ho hev den fyremunen at ho merkjer av tonem 2, eller tvostavings tonelag, sidan ho skil seg endingi bøker, menner osb, som hev tonem 1, eller einstavings tonelag, og der e-en berre er ein innskotsvokal, sidan gamalnorsk berre hev konsonant her. Norske målføre hev anten sleppt konsonanten, eller berga han med hjelp av ein vokal. Denna vokalen er gjerne ein meir eller minder slapp e. I sume målføre er det a i dei nemnde og dilike ord, soleis bøkar, mennar osb, difor hadde midlandsnormalen det same. Elles hev dei sleppt r-endingi heilt, og her slær høgnorsken fylgje. Det heiter kjem, blå, bratt, ein kjepp osb, jamvel um former som kjem’e(r), blår(’e), bratt’e og sjeldnare ein kjepp’e finst i nokre målføre. Gamalt mål på Voss og Hardanger hev innskotsvokalen u i alle dei nemnde tilfelli, til liks med islendsk og færøysk.

Um i og e er det meir å segja. I mest all nynorsk er gamalnorsk i/e j-førande, me kallar, etter g og k. Eg skriv i/e for di dei var allofonar av det same fonemet i gamalnorske endingar, det vil segja at det ikkje var tydingsskiljande um ein skreiv i eller e i endingane, som det kann vera det i høgnorsk. Det same galdt u og o. Aasen valde eit ljodeverk der a, e og o var endingsvokalar, som i svensk, men han måtte nytta i i dei ovannemnde ordi for skuld n-burfallet, etter di e-en var "uppteken". Når han valde former som rydig, ledug, vitug og sandut, ser me at han bruka både a, e, i, o og u i endingane, men at han sette klåre grensor millom deim. Detta hev, som eg alt hev synt, vorte skipla, sidan sume hev skrive i der Aasen skreiv e. No er det vanlegast å skriva e, men ikkje berre der Aasen skreiv e, for no skriv dei ei jente, mange jenter, å kaste, sandete osb, og ug-endingi minkar til fyremun for ig-endingi. Ein grunn er at mange, kann henda fleirtalet av målføri hev slike endingar, men ein like stor grunn er tilnærmingi til norskdansken, som for det meste hev e, sjeldnare a i endingane. Men ordskapet ikkje gjev ikkje nynorsken slepp på, og det snart det einaste merkjet som er att av j-føringi. I høgnorsken derimot, held me på former som eit stykkje, eit merkje osb, endå Aasen berre hadde desse j-formene i klomber etter uppslagsformer utan j i ordboki si, so folk skulde sjå korso dei skulde segjast. Seinare vart skrivemåten med j vanleg, og det var so den norske segnaden skulde halda seg. Det vart naudsynt når dei skreiv e der Aasen og gamalnorsk hadde a, og det difor ikkje var nokor veikjing, eller j-framburd. Ord med g, som Aasen stødt skreiv j i, t.d. løgjen, eit lægje, segja osb, vert oftaste sagde med tviljod, difor vert dei skrivne løyen, eit leie, seie osb no. Her held høgnorsken på Aasen-formene. Andre døme på høgnorskformer med j er veggjer, byggjing osb. Ovanfyre sette eg j-en i veggjer i klomber, og det er av di han er sjeldsynt jamvel i høgnorsk, endå Aasen tidt skreiv dilike former. Annarleis er det med byggjing, som er forbode i rettskrivingi no, men som er ålgjengt i høgnorsk, endå um "i-en og y-en gikk en tur i byen…" Orsaki er at det heiter å byggja og at skrivemåten bygging radt misser j-segnaden, jmf ein stygging o dil, som skal hava hard g. J-føringi veld mykje hovdebrot for rettskrivingi, men dersom me held oss til Aasen, er mykje gjort.

Eit anna vandemål i rettskrivingi er rotvokalar. Aasen valde å skilja millom å og open o, endå mange nordmenner ikkje skil millom deim i daglegtalen. Like eins valde han å skilja millom æ og open e, o og open u, ø og open y og e og open i. Han fylgde ikkje stødt gamalnorsken, for det hende at opningi og lågningi var so ålmenn at det var greidast å velja den låge vokalen, difor skreiv han mån, bær, rone, løn (treslaget) og fred o dil, mot gamalnorsk mon, ber, runi, hlynr og friđr </I>o dil. Elles var han nøgjen på at i-ljodbrigde former av eit ord skulde samsvara med den upphavlege rotvokalen, og at ord som var nærskylde skulde hava lik rotvokal dersom dei hadde det i gamalnorsk. Difor heiter det <I>å træda i ein tråd, å fara same ferdi osb (når det gjeld dei andre vokalane vert i-ljodbrigde meir innfløkt), og floten hev flote nedetter elvi, umgripet "å vera på net" hev gripe um seg osb. At det heiter å nækja seg um å klæda seg naken er eitt av mange døme på at Aasen sumtid valde å skriva det som han høyrde det, av di han var uviss på upphavet og samanhengen.

Eg hev alt nemnt i-ljodbrigde. I tillegg til det hev me u-ljodbrigde og a-ljodbrigde, og det kann vera med på å skipla samanhengen millom ulike former, når ingi av deim hev den upphavlege rotvokalen lenger. For skuld detta hev me hand - hender, strand - strender osb mot stong - stenger, tonn - tenner osb, og rud (i gardsnamn) - rydja, full - fylla osb mot folk - fylkja, mord - myrda osb. Det var helst u-ljodbrigde som var ulikt gjenomført i målføri, medan a-ljodbrigde var meir ålment. Aasen braut med gamalnorsk og islendsk her, dersom me ser på nemneformene, for han valde ofte uljodbrigde former sterkt hokyn eintal der gamalnorsk og islendsk hev ljodbrigde og umsnutt i lint hokyn eintal. Difor heiter det ei hand, strand mot gamalnorsk/islendsk hond/hönd, strond/strönd, men ei soga, tvora mot gamalnorsk/islendsk saga, þvara. </P> <P> Ser me på dei sterke verbi, finn me ulike stig som kjem av noko som heiter ljodsprang. I tillegg til at dei tri nemnde ljodbrigdi kann hava verka inn på eitt eller fleire av stigi. Ordet vinna heiter vinn i notid, vann i fyrrtid og vunne i tillegsmåten. Finna, spinna osb fylgjer same mynstret. Her ser med tri stig, i - a - u, og inkje av deim er ljodbrigde, det er berre ljodsprang. Men mange ord i same klassen hev ljodbrigde òg: brenna - brenn - brann - brunne, spretta - sprett - spratt - sprotte, syngja - syng - song - sunge, tyggja - tygg - togg - togge, søkka - søkk - sokk - sokke osb. I andre klassar finn me i-ljodbrigde i notid: gala - gjel - gol - gale, blåsa - blæs - bles - blåse osb. I tillegg hev andre ljodloger verka inn på på eitt eller fleire stig i sume bøygjingsrekkjor, men det er korkje tid eller rom til å taka upp det her.

Det vert for mykje å ganga igjenom dei linne verbi òg, men det bør nemnast at høgnorsken held beter på den bøygjingi Aasen sette upp for kvart verb. Svara, baka, tapa osb er helst a-bøygde, og festa (setja/gjera fast), dryfta, lyfta osb er helst e-bøygde. Ein god regel, som er full av undantak og vanskeleg å læra, som alle gode språkreglar, er at alle verb som er i-ljodbrigde avleidingar til eit anna verb, eit namnord eller eit adjektiv, skal e-bøygjast. Men sumtid kann ordet det er avleidt av vera utdøytt, eller so er det ikkje stødt like lett å sjå at det er ei avleiding.

Då høver det å segja litt um avleiding og samansetjing. Der er det fullt av ord og taka av i norsk, men du lyt kjenna reglane fyrst. Avleiding er ei vanskeleg sak i nynorsk, for det er so lett å triva til dei norskdanske avleidingane og avleidingsfesti me kjenner frå bøker, blad og kringkasting, noko me ikkje gjerer i høgnorsk. Det er ein arv frå Aasen at me so lang råd er nyttar heimlege ord og avleidingar, noko me kallar purisme, eller målreinsking. Norsk morfologi er rik. Dei ovannemnde stigi i sterke verb er ei kjelda til ulike avleidingar, det vere seg både namnord, verb, adverb og adjektiv. Til skjera – skjer – skar/skåro (det siste er ei gamal fleirtalsform) - skore hev med ein heil flokk: eit skjer, ei skjera ein sigd, ein skare (på snjoen), eit skard, å skjerda skjera ned på, ein skår(e) eit slag med ljåen, skjær mogen, ein skjære/ei skjæra ei soks, å skora laga: ei skora eit hakk (i tre), ein skurd osb. Nyttar me ut den rikdomen som finst her, vert det ikkje vanskeleg å finna avløysarar til framande ord.