Skilnad mellom versjonar av «Høgnorskdagane:Den norske målsoga frå dei eldste tider til Ivar Aasen»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
Line 21: Line 21:
 
<B><LI>u-ljodbrigde</B>, det yngste ljodbrigdet (det var framleides verksam i gno.) og det som hev minst utbreidnad. Det er eit vestnordisk, og serlegt vestnorsk, fenomen. Det gjorde <I>a</I> til <I>Q</I> (&quot;o med kvist&quot;). U-ljodbrigde hev me i nynorske ord som <I>bork</I>, <I>gong</I>, <I>song</I>. I fleirtal hev me <I>born</I>, jf. Aasen som &ograve;g hadde <I>lond</I> og <I>votn</I>, og formi <I>m&aring;nnj&aring;</I>, dat. flt., i sunnm&oslash;rsm&aring;l.      </LI></UL>
 
<B><LI>u-ljodbrigde</B>, det yngste ljodbrigdet (det var framleides verksam i gno.) og det som hev minst utbreidnad. Det er eit vestnordisk, og serlegt vestnorsk, fenomen. Det gjorde <I>a</I> til <I>Q</I> (&quot;o med kvist&quot;). U-ljodbrigde hev me i nynorske ord som <I>bork</I>, <I>gong</I>, <I>song</I>. I fleirtal hev me <I>born</I>, jf. Aasen som &ograve;g hadde <I>lond</I> og <I>votn</I>, og formi <I>m&aring;nnj&aring;</I>, dat. flt., i sunnm&oslash;rsm&aring;l.      </LI></UL>
  
 
+
<P><B>Brjoting</B> gjekk ut p&aring; at ein trykktung <I>e</I> vart broten til <I>ja</I> i serskilde ljodlege umgivnader, t.d. *<I>hertan</I> &gt; gno. <I>hjarta</I>, <I>ebnaR</I> &gt; gno. <I>jafn</I>. I n&aelig;ste umgang kunde <I>ja</I> verta runda til <I>jQ</I> ved u-ljodbrigde, t.d. *<I>hertun</I> &gt; *<I>hjartu </I>&gt; gno.<I> hjQrtu</I>, *<I>er&thorn;u</I> &gt; *<I>jar&thorn;u</I> &gt; *<I>jQr&thorn;u</I> &gt; gno. <I>jQr&eth;</I>. Andre germanske m&aring;l, t.d. tysk elder engelsk, hev ikkje brjoting; jf. tysk <I>Herz</I>, <I>eben</I> og <I>Erde</I> og engelsk <I>heart</I>, <I>even</I> og <I>earth</I>. Brjoting er soleides eit typisk nordisk fenomen. Men det er ikkje like godt gjenomf&oslash;rt i all nordisk helder, jf. <I>jak</I> (<I>jag, j&aelig;i, je</I>) i aust, mot <I>ek</I> (<I>eg, e, i</I>) i vest.</P>
<B><P>Brjoting</B> gjekk ut p&aring; at ein trykktung <I>e</I> vart broten til <I>ja</I> i serskilde ljodlege umgivnader, t.d. *<I>hertan</I> &gt; gno. <I>hjarta</I>, <I>ebnaR</I> &gt; gno. <I>jafn</I>. I n&aelig;ste umgang kunde <I>ja</I> verta runda til <I>jQ</I> ved u-ljodbrigde, t.d. *<I>hertun</I> &gt; *<I>hjartu </I>&gt; gno.<I> hjQrtu</I>, *<I>er&thorn;u</I> &gt; *<I>jar&thorn;u</I> &gt; *<I>jQr&thorn;u</I> &gt; gno. <I>jQr&eth;</I>. Andre germanske m&aring;l, t.d. tysk elder engelsk, hev ikkje brjoting; jf. tysk <I>Herz</I>, <I>eben</I> og <I>Erde</I> og engelsk <I>heart</I>, <I>even</I> og <I>earth</I>. Brjoting er soleides eit typisk nordisk fenomen. Men det er ikkje like godt gjenomf&oslash;rt i all nordisk helder, jf. <I>jak</I> (<I>jag, j&aelig;i, je</I>) i aust, mot <I>ek</I> (<I>eg, e, i</I>) i vest.</P>
 
  
 
<P>Det hev vore spekulera i grunnarne til at me fekk den valdsame umleggjingi av m&aring;let i synkopetidi. Forkl&aring;ringar som hev vore nytta er den stor uroi ute i Europa i folkevandringtidi 400-600, og ein pest som tok livet av halve folkemengdi i Europa p&aring; 500-talet.</P>
 
<P>Det hev vore spekulera i grunnarne til at me fekk den valdsame umleggjingi av m&aring;let i synkopetidi. Forkl&aring;ringar som hev vore nytta er den stor uroi ute i Europa i folkevandringtidi 400-600, og ein pest som tok livet av halve folkemengdi i Europa p&aring; 500-talet.</P>

Versjonen frå 16. april 2020 kl. 17:51

Av Klaus Johan Myrvoll

Dei ulike mål slik me kjenner deim i dag, hev vakse fram ved målbrigde. Målbrigdi spreider seg ikkje allvegen yver eit heilt målvald, og nokre målbrigde kann spreida seg lenger enn andre. Soleides kann det koma upp skilnader innanfor eit tidlegare einskaplegt målvald; me fær ulike målføre. Dersom desse skilnaderne vert store nog, og det samstundes vert rikspolitiske brigde, t.d. at eit målføreumråde riv seg laus og danar sin eigen riksskipnad, kann me tala um nye mål elder riksmål. Tilhøvet millom mål og målføre er elles ikkje so beinkløyvt; det kann vera innbyrdes større skilnader millom tvo målføre av eitt mål, enn millom tvo ulike mål.

Det norske målet høyrer til den germanske greini av den indo-europeiske språkfamilien. Det finst ingi skriftlege spor, korkje etter det indo-europeiske urmålet elder utgangspunktet for dei germanske måli, urgermansk, og me kann berre gissa oss til korleides desse måli såg ut ved å samanlikna mål som ættar frå deim. Norsk høyrer vidare til i den nord-germanske elder nordiske gruppa av germanske mål. Dei hine måli som høyrer til her er islandsk, færøysk, svensk og dansk.

Urnordisk mål ikr. 200-500

Dei eldste minni etter nordisk mål er frå 200-talet etter Kristi fødsel. Dette målet vert kalla urnordisk, og ein reiknar med at det var sams for heile Norden. Me hev tri ulike slag kjeldor å byggja på: lånord i finsk og samisk, stadnamn (mest um ordtilfanget) og runeinnskrifter.

Urnordisk er eit sers tidlegt stadium av germansk, og er meir upphavlegt enn alle hine gamalgermanske mål. Typisk er dei lange ordi med mange stavingar: HarjawaldaR (gno. Haraldr), StainawarijaR (gno. Steinarr), AnulaibaR (gno. Óláfr). Nokre lånord kom inn i urnordisk tid. Frå keltisk fekk me jarn, tun, eid, rike, og frå latin katt, kjel (gno. ketill), øyre (mynt).

Synkopetidi 500-700

Yvergangstidi frå urnordisk til gamalnorsk vert kalla synkopetidi etter synkopen, som var det vigtugaste målbrigdet i denne tidbolken. Synkope tyder samandraging, og gjer at ein vokal vert burte millom tvo konsonantar. I synkopetidi fall alle ljodlette, stutte og unasalera vokalar burt, og ordi vart munalegt stuttare. Soleides vart HarjawaldaR til gno. Haraldr og StainawarijaR til gno. Steinarr. Samstundes fekk me språklege fenomen som brjoting og ljodbrigde (umljod).

Ljodbrigde vil segja at ein vokal i trykksterk staving vert påverka av (den trykklette) vokalen i stavingi etter. Seinare kunde so dei trykklette vokalarne falla burt. Ljodbrigdi hev fenge namn etter vokalen som påverkar, og det finst tri typar:

  • a-ljodbrigde: det eldste, finst døme på alt i urnordisk tid. u > o, i > e: hulta > gno. holt, *wigan > gno. vega, *brutanaR > gno. brotinn. Ikkje likt gjenomført i heile det nordiske målvaldet, jf. desse motsetnadspari i bokmål (dansk) og nynorsk (norsk) bud og bod, hull og hol, skudd og skot, bunn og botn, brutt og brote.
  • i-ljodbrigde, det mest umfemnande. Det råka alle germanske mål og verka på både stutte og lange vokalar, og kom til å setja sterkt preg på målet. M.a. fekk målet ei rekkja nye vokalar, æ, y, ø, og diftongen øy (*sárijan > gno. særa, *flutjan > gno. flytja, *dómijan > gno. døma, *draumijan > gno. dreyma), og me fekk vokalvekslingar millom ulike bøygjingsformer (bók - bøkr, mús - mýss, sofa - søfr, fá - fær, ganga - gengr). I-ljodbrigdet er betre gjenomført i vestnordisk enn i austnordisk, jf. skilnaden millom bokmål og nynorsk i presens av sterke verb.
  • u-ljodbrigde, det yngste ljodbrigdet (det var framleides verksam i gno.) og det som hev minst utbreidnad. Det er eit vestnordisk, og serlegt vestnorsk, fenomen. Det gjorde a til Q ("o med kvist"). U-ljodbrigde hev me i nynorske ord som bork, gong, song. I fleirtal hev me born, jf. Aasen som òg hadde lond og votn, og formi månnjå, dat. flt., i sunnmørsmål.

Brjoting gjekk ut på at ein trykktung e vart broten til ja i serskilde ljodlege umgivnader, t.d. *hertan > gno. hjarta, ebnaR > gno. jafn. I næste umgang kunde ja verta runda til jQ ved u-ljodbrigde, t.d. *hertun > *hjartu > gno. hjQrtu, *erþu > *jarþu > *jQrþu > gno. jQrð. Andre germanske mål, t.d. tysk elder engelsk, hev ikkje brjoting; jf. tysk Herz, eben og Erde og engelsk heart, even og earth. Brjoting er soleides eit typisk nordisk fenomen. Men det er ikkje like godt gjenomført i all nordisk helder, jf. jak (jag, jæi, je) i aust, mot ek (eg, e, i) i vest.

Det hev vore spekulera i grunnarne til at me fekk den valdsame umleggjingi av målet i synkopetidi. Forklåringar som hev vore nytta er den stor uroi ute i Europa i folkevandringtidi 400-600, og ein pest som tok livet av halve folkemengdi i Europa på 500-talet.

Norrøn (gamalnorsk) tid 750-1350

I vikingtidi, tidleg millomalder og høgmillomalderen var målet i Noreg det me gjerne kallar gamalnorsk. Som me hev sét hadde det i synkopetidi kome upp nokre skilnader i målet i dei ulike landi i Norden. Me fekk ei austnordisk målgrein med svensk og dansk og ei vestnordisk målgrein med norsk, islandsk og færøysk. Målet innanfor det vestnordiske umrådet var tollegt einsarta, og me nyttar ofta samnemningi norrønt, og like eins vert perioden dette målet vart tala i kalla norrøn tid.

Den norrøne perioden strekkjer seg yver heile 600 år. Jamvel um målet ikkje var heilt det same i byrjingi som i slutten, var det langt på nær so store brigde i denne perioden som i den fyrre. Målet var soleides einskaplegt både geografisk (innanfor det vestnordiske målvaldet) og yver tid (gjenom den norrøne tidbolken). Etter at vikingferderne slutta, feste det nasjonale kongedømet seg, og kristendomen vart innførd. Me fekk det latinske alfabetet og det vart mogelegt å skriva lange, samanhengande tekster. Dette gav den rette vokstergrunnen til framveksten av det norrøne litteraturmålet, som nådde høgdepunktet sitt på 1200-talet.

Dei eldste handskrifterne er frå ikr. 1150. Det var mest historiske skrifter og religiøs litteratur, men etter kvart fekk me òg umsett og dikta riddarlitteratur, offentlege dokument som jordebøker og loger, og frå 1300-talet dei sokalla diplomi, for det meste domsbrev og jordhandelsbrev. Av desse diplomi ser me at skrive- og lesekunsti må ha vore kjend hjå fleire enn berre geistlege og verdslege stormenner (m.a. var mange skrivne av storbønder). Forvitnelegt å sjå er at runorne vart nytta lenge etter at det latinske alfabetet vart teke i bruk. Ein kann segja at me hadde ein tvoskrift-kultur i Noreg i millomalderen, der runor og latinske bokstavar vart nytta alt etter kva som høvde best.

Jamvel um ljodverket hadde vorte sterkt umlaga i synkopetidi, vart sjølve målbygnaden førd vidare i si upphavlege form. Bøygjingsverket og setningsbygnaden var på lag den same i gamalnorsk som i urnordisk. Bøygjingsverket hadde rett nog vorte utvidt mykje p.g.a. dei fyrrnemnde prosessarne ljodbrigde, brjoting og synkope. Ord som fyre synkopetidi hadde havt same bøygjing, kunde no hava ulik bøygjing. Dette gjeld serlegt ulike vokalvekslingar i roti (nagl - negl, fjozrð - firðir), som laga eigne gruppor i m.a. substantiv, verb og adjektiv.

Norrønt er eit kasusmål. Det inneber at substantiv, adjektiv og pronomen (òg artiklar og talord) vert bøygde etter kva for funksjon dei hev i setningi. Det er fjore kasus: nominativ, genitiv, akkusativ og dativ. Sidan dei ulike kasusendingarne fortel kva for funksjonar ordi hev i setningi, kunde norrønt hava ein mykje friare setningsbygnad enn me hev i dag. Andre kjenneteikn på norrønt er sterk og linn bøygjing av substantiv og adjektiv, skilnad millom indikativ (reelt) og konjunktiv (tenkt) i verb og verbbøygjing i person og tal (t.d. ek tek - han tekr, bóndinn fann - bøndrnir fundu).

Av brigde i norrøn tid kann nemnast at me fekk inn noko som kjenneteiknar dei nordiske måli i høve til mange andre, etterhengd bunden artikkel: húsit</I> mot tysk <I>das Haus og engelsk the house. Andre vigtuge nyovringar var pronomeni me (mér/mit) og de (þér/þit). Tidlegare heitte det vér/vit og ér/it. Dei nye formerne voks fram ved at konsonanten frå bøygjingsendingi i verbet vart yverførd til pronomenet når det kom etter: kQllum vér > kQllum mér og kQlluð ér > kQlluð þér. Formerne mér/mit møter me fyrste gong i skrift um lag 1200, og ikring 1400 dominera dei heilt i norsk skriftmål. Formi vi ser ut til å ha kome inn på 1400-talet etter svensk og dansk påverknad. Endelegt må nemnast at den tjukke l’en i austnorsk trulegt utvikla seg so tidlegt som på 1200-talet (’bol’ og ’bord’ vart soleides likelydande: boL).

Lånordi i norrøn tid var i hovudsak kristne umgrip og termar, ord knytte til riddarkulturen frå kontinentet og nedertysk påverknad gjenom Hansaen.

Millomnorsk tid 1350-1550

Til liks med synkopetidi var òg millomnorsk tid ei stor umlagingstid i målet. Namnet kjem av at perioden er eit millomstadium (ei yvergangstid) millom gamalnorsk og nynorsk. Det var store brigde i talemålet, og dei målmerki som ligg til grunn for målføreskili me møter i Noreg i dag, vart utvikla i denne perioden. Ein reiknar me at målføri hadde fenge ein bygnad som tilsvarar den dei hev i dag ut på 1500-talet. Perioden var òg prega av at det norrøne skriftmålet tapte seg og fekk stendigt mindre rom, til det kvarv heilt ut på 1500-talet.

Skiljet millom norrønt og millomnorsk vert sett til kring 1350. Dette heng saman med at det var då Svartedauden kom til landet, og folketalet vart meir enn halvera på fåe år. Gardar vart lagde aude og heile bygder vart avfolka, og dei store jordeigararne; adelen, kyrkja og kongen, vart svekte då dei miste inntekter frå jordleiga. I det heile råka pesten Noreg mykje hardare enn grannelandi Danmark og Sverike, og dette fekk store både rikspolitiske og språklege fylgjor. Noreg vart ein koloni under Danmark, og dansk vart teke i bruk som skriftmål.

Dansk skriftmål trengde seg inn ovanfrå og åt seg nedyver i den sosiale pyramiden. Etter 1478 kom det ikkje norsk frå kongen, seinare slutta riksrådet å nytta norsk, so slutta norske storfolk, kyrkja frå 1510, medan bønderne heldt stand til langt inne på 1500-talet (det siste brevet som vart skrive på norsk er frå 1583 frå Telemark).

Det var fleire orsaker til at det norske skriftmålet kvarv:

  • Talemålet var i ein stor umlagingsprosess, og den norrøne skriftmålsnormi gjekk i uppløysing ved at stendigt fleire målføredrag fekk innpass. Dette opna òg for påverknad frå svensk og dansk.
  • Svartedauden tok livet av mange skrive- og leseføre, og det vart munalegt færre til å føra skrifttradisjonen vidare.
  • Hoffet og riksstyringi fór utanlands (til Kjøpenhamn), og landet vart administrera på dansk.
  • Danske og nordtyske adelsmenner skaffa seg embæte og jordeigedomar i Noreg, både gjenom gifte og i gåvor frå kongen. Dette tykkjest ha vore medviten politikk hjå kongen for å grunnfesta stillingi si i landet. Yverklassa vart m.a.o. dansk, og dei nytta danskt mål.
  • Det vart ikkje skrive skjønlitteratur i Noreg i denne perioden.


Det er vandt å tidfesta talemålsbrigde i tidlegare tider noggrant av di me berre hev indirekte upplysningar um deim i skriftmålet og av di dei ikkje vart gjenomførde til same tid i alle målføre. Nokre brigde som gjerne vert reikna som skilsetjande millom gamalnorsk og nynorsk er endåtil ikkje gjenomførde i alle målføri den dag i dag! Eg skal difor nemna nokre vigtuge nyovringar som serlegt breidde seg i millomnorsk tid:

  • Nye reglar for stavingslengd: I gamalnorsk kunde trykktunge stavingar vera stutte, t.d. skot, vita (uttala med stutt rotvokal og stutt konsonant). Med undantak for Nord-Gudbrandsdalen, vart no alle trykktunge stavingar lange, og upphavlege stuttstavingar fekk anten lang vokal: skå:t, ve:ta (vestnorsk), elder lang konsonant: skått, vætta (austnorsk).
  • Ymse ljodyvergangar: Opning, lægjing og framskuving. Me kann nytta dømi ovanfor. I skå:t og skått er det lægjing o > å. Sameleides er rotvokalen i ’vita’ opna i > I (ein ljod som ligg ein stad millom i og e) i vI:te, so lægd til e i ve:ta, og vidare til æ i vætta. Framskuving hev me i former som føLk ’folk’ og kø:L ’kol’.
  • Vokalveikjing: Dei norrøne fullvokalarne a og u i endestaving vart redusera til e i mange målføre, jf. austlandsk hestar og vísur > hester og viser. Det same gjeld infinitivarne: kasta (halden i sudvestlandsk) > kastæ (helgelandsmål) > kaste (m.a. austlandsk og nordvestlandsk) > kast (m.a. trøndsk).
  • Samanfall og forenklingar i formverket, m.a. kvarv mykje kyn- og talbøygjing (i adjektiv og verb), konjunktiv i verb og dessutan vart kasusbøygjingi nedbroti. Når kasussystemet gjekk i uppløysing fekk målet fastare ordstilling, meir bruk av preposisjonar og andre "utfyllingsord".
  • Ymse konsonantburtfall, m.a. av n, r og t i endestavingar, soleides sólin > soli, hestar > hesta, húsit > huse.


Her ser me altso at mange brigde vart ulikt gjenomførde i ulike landsluter, og at dei ofta fekk noko ulike resultat. Målføri, slik me kjenner deim i si reine og upphavlege form, er resultatet av desse prosessarne.

Endelegt må nemnast at det kom inn ei rekkja lånord i millomnorsk, serlegt frå lågtysk. Millom anna kom anbeheitelse-ordi.

Nynorsk tid frå 1550

Dette er det målstiget me er på no, og som det nynorske skriftmålet hev fenge namn etter. Dei fyrste hundradåri frå 1550 til 1814 vert gjerne kalla dansketidi etter di me vart styrde av danskarne. Typisk for dansketidi er at norsk ikkje lenger fanst som skriftmål, men berre som talemål. Det offisielle skriftmålet var dansk, medan talemålet stort sét var slik me kjenner det frå målføri i dag.

Medan reformasjonen styrkte nasjonalmåli i andre europeiske land, verka han motsett her til lands. Bibelen vart umsett til dansk i 1550, og målformi her vart fyrebilætleg for skrivarar òg i Noreg. Seinare kom salmebok, altarbok og katekisme på dansk. Mange av prestarne var danske, og preikorne vart no jamt yver haldne på dansk; dansk vart jamvel mynsteret for norske prestar. I staden for å frigjera oss frå framandåket, var reformasjonen med å grunnfesta danskt mål i Noreg.

I 1604 vart landslogi åt Magnus Lagabøte frå 1260-talet avløyst av ei dansk logsamling. Dette markerar den endelege yvergangen til danskt skriftmål. Utyver i dansketidi vart nordmennerne stendigt betre til å skriva dansk, og med innføringi av konfirmasjonen og ålmugeskularne på 1700-talet fekk òg vanlege folk tame i å skriva og lesa dansk.

Mange norske storfolk og embætsmenner tala norske målføre til ut på 1600-talet. Av di me ikkje hadde universitet laut alle som skulde taka høgre utdaning, millom deim alle prestar og lærarar, til Danmark for å studera. Dette medverka til at talemålet åt den norske yverklassa brigda seg, og frå 1700-talet tala alle embætsmennerne dansk. Mange av deim var danskar, medan nordmenner lærde seg til å tala dansk. Dette, saman med det vide kyrkjelege romet dansken hadde fenge med reformasjonen, gjorde at dansk vart prestisjemålet i Noreg; jamvel millom vanlegt folk vart det reikna som det "rette" og "gudelege" målet. Dei norske embætsmennerne greidde likevel ikkje å tala rein dansk, dei nytta norskt tonelægje og til deils norskt ljodverk (uttala), og me fekk den underlege blandingi som hev vore kalla "dana daglegtala".

Det som gjeng att gjenom heile dansketidi er altso at dansken fester seg stendigt sterkare i det norske samfundet, fyrst som skriftmål, seinare òg som talemål. Denne leide utviklingi var det ein kar som me kjenner godt til, han Ivar Aasen her frå Sunnmøre, som sette seg fyre å brigda.

Utyver på 1800-talet, serlegt frå 1830-åri, kom det upp ordskifte um kva som skulde vera skriftmålet i Noreg. Med grunnlogi i 1814 hadde me fritt oss frå danskarne, og i åri som fylgde kom det upp tankar um at Noreg òg laut verta kulturelt sjølvstendigt. Nokre vilde brjota dei kulturelle bandi med Danmark og arbeida for ein eigen norsk kultur. Då var det vigtugt å gjera noko med skriftmålet, som var dansk.

Det var ulike meiningar um korleides ein skulde koma fram til eit eige skriftmål for Noreg, og mange idear vart lansera. Sume meinte me laut halda uppe dei kulturelle bandi med Danmark og vilde soleides halda fast på dansken. Andre vilde taka utgangspunkt i dansken og litt etter litt gjera honom norskare ved å taka inn norskt tilfang, serlegt norske ord og segjemåtar. Ein kar som heitte P. A. Munch, som elles var sogegranskar og målgranskar, gjekk hardt ut i mot denne målblandingi og meinte at dersom ein skulde skapa eit eige norskt skriftmål, laut ein byggja på éit einskilt målføre som hadde brigda seg lite i høve til gamalnorsk, og skriftfesta det i jamføring med gamalnorsk.

Den unge sunnmøringen Ivar Aasen forkasta alle desse tankarne. Han meinte at Noreg, som alle andre nasjonar, laut hava sitt eige skriftmål, men dette målet skulde byggja på alle dei ulike målføri som han høyrde folk tala kring um i Noreg på denne tidi. I åri frå 1842 til 1847 reiste han, mykjegodt til fots, ikring i alt landet og samla inn upplysningar um korleides folk tala kring um på bygderne. Resultatet av desse samlarferderne vart ein grammatikk (1848) og ei ordbok (1850) yver det norske folkemålet. Um sumrarne i dei komande åri fór han på nye granskingsferder, og grammatikken og ordboki vart umvølte og fekk si endelege utforming i 1864 (grammatikken) og 1873 (ordboki). Med di hadde det norske målet fenge skriftmålsnormi si, og folk kunde taka til å nytta det og spreida det.

Eg skal ikkje ganga i detalj når det gjeld korleides han Aasen gjekk fram då han sette saman landsmålet. Eg skal likevel freista å setja upp nokre prinsipp:

  1. Målet skulde vera norskt, i røyndi nynorskt.
  2. Det skulde byggja på det livande talemålet i samtidi, dei norske målføri.
  3. Målet skulde vera sermerkt norsk, slikt som var serskilt norskt og gav målet serhått skulde framhevast (jf. me - vi). Her kjem òg purismen inn.
  4. Alle skilje som fanst i målføri skulde spegla seg att i skrift. ("Der målføri skil, skal òg skriftmålet skilja.")
  5. Det skulde berre vera ein skrivemåte av kvart ord. ("Formen skal kun være een.") Difor valde han Aasen typeformprinisippet. Døme: målføre vætta, ve:ta, vI:te > landsmål vita.
  6. Målet skulde hava ei logisk uppbyggjing og skulde syna samanhengen millom ordi (samanhengslogi, døme: taka - tek - tok - teke), og samstundes skilja ut ulike ord frå einannan (ordskilnadsprinsippet, døme: kål, kol).


Nokre serskilde teikn:

Q "o med kvist", vart uttala um lag som nyno. å.

L "tjukk l", som i austnorsk stoL (’stol’) og boL (’bord’)

I open i, millomljod millom i og e.