Høgnorskdagane:Norskt mål frå slaget ved Hafrsfjord til rikssamlingi på Eidsvoll

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Av Terje Torgilstveit

-Original: Heyrðir þú í Hafrsfirði | hve hizug barðisk |</P> <P> konungr hinn kynstóri | við KiQtva hinn auðlagða: |

-Omsetjing: Høyrde du kor hardt dei | i Havsfjord kjempa, |</P> <P> den høgætta kongen | med Kjøtve den rike? |</P> <P> Med desse strofone frå Rafnsmål eller Haraldskvædi av Torbjørn Hornklove, hev me gjenge frå forhistorisk til historisk tid. Dette er ei augnevitneskildring av slaget i Hafrsfjord, med andre ord ei samtidskjelda. Og herfrå kann me stydja oss på ymse skriftlege kjeldor; runeinnskrifter med dei yngre runene, sagaer, lovtekstar, diplom, brev o.s.b..

Formverket i norrønt var sers rikt. Til dømes hadde norrønt 4 kasus, medan nynorsk hev ingen (burtsett frå nokre restar i pronomenbøyingi). Substantivet fjord vart då bøygd soleis: i eintal; fjQrðr, fjarðar, firði, fjQrð, og fleirtal; firðir, fjarða, fjQrðum og fjQrðu. Eit anna døme kann me taka frå verbbøygningi, der norrønt óg hadde ei eigi verbform, konjunktiv, for å uttrykkja millom anna ynskje eller tvil. I det 11. århundret kjem den bundne artikkelen inn. Dei eldste handskrifti me hev idag er i frå kring 1150, og gamalnorske skriftstykkje syner at mange av skilnadene millom dei ulike norske dialektane gjeng attende til gamalnorsk tid. Til dømes verka den sokalla yngre U-umljoden sterkast i Vest-Noreg. Døme: vest-norsk; Qllum mQnnum, mot aust-norsk; allum mannum. Men skriftmålet heldt seg likefullt merkjeleg einsarta i tri hundrad år.

Målet er som ei elv. Nokre stader deler ho seg og andre stader fær ho tilsig frå bekker. Um du på ein plass tømer flytande nitrogen ned i elvi, vil denne luten frysa til is. Norrønt kann sjåast på som eit slikt fastfrose punkt. Ein kann ikkje segja at denne luten er betre enn det som rann fyre, eller det som renn etter.

Kvifor er då norrønt so viktig? Millom anna på grunn av at det er norrønt som ligg til grunn for dei "reinaste" nynorske dialektane.. Og avdi den fyrste litteraturen vår vart til i denne tidi. Og for ein litteratur: Mykje innan den norrøne bokheimen reknast den dag i dag for å vera eineståande innan verdslitteraturen. Og um me skal tala med våre skyldfolk på Island og Færøyane, som i mangt og mykje hev halde fast på den norrøne arva, lyt me ha kunna om norrønt.

På 1300-talet ser me at det gjekk fyre seg mange avstyttingar/forenklingar i det gamal-norske bøygningsverket. Til dømes kjem det nynorske me av at eintalsformi mér byrja å verte nytta i fleirtal óg. Bokmålet sitt vi er difor meir upphaveleg. Men endå ein gong var det pest som hadde hovud-skuldi for måluppløysingi.

Skiljet millom norrønt og millom-norsk vert sett til kring 1350. Dette avdi svartedauden nådde Bergen frå England sumaren 1349, og førde til at ein stad millom halvparten og 2/3-partar av folket døydde. Pesten førde til at bygder vart avfolka og gardar lagt aude, og det skulde ta mange hundrad år fyrr folketalet tok seg upp att. Adel og kyrkje miste makt og inntekter frå jordleiga. Svartedauden reiv óg burt dei fleste skrivekunnige, og dei som overlevde klarte ikkje å læra upp etterfylgjarane i det gamle skriftmålet. Frå 1370 av syner dette tradisjonsbrotet seg for fullt. Hovudskilnaden millom norrønt og millomnorsk ligg i umfanget av bøygningsystemet. Vokalar vart kutta og endingskonsonantar fall ut. Kasus-systemet, person- og modusbøyingi av verbi vart avstytt/forenkla og gjekk nærast i uppløysing. Alle trykksterke stavingar vart lange, døme: norrønt /koma/ > /ko:ma/ eller /kom:a/..

Men det var fleire årsaker til krisa. Hanseatane hadde sett seg fast i byane, og treiv til seg meir og meir av handelen. Det breidde um seg med lågtyske ord og vendingar i bymåli og skriftmålet. Koggen trengde burt vikingskipet, og den gamle norske leidangsflåten rotna i nausti. I 1319 gjekk Noreg inn i ein personalunion med Sverike, i 1380 med Danmark og i 1397 gjekk me inn i Kalmarunionen. Ei fylgja av desse ytre umstendi var at svenske og danske målformer fekk innpass i norsken. Sverike trekte seg raskt ut or unionen, men Noreg vart verande i union med Danmark til 1814. Som det veikaste riket vart Noreg tilsidesett i styringi og utlendingar vart sett inn i viktige postar. Og alt fyrr 1500 var norsk mål trengt ut av dansk i kanselliet og riksrådet. Men kyrkja heldt fast med å nytta norsk mål fram mot reformasjonen.

I denne tidi gjekk truleg fleire tusund norrøne skriftverk tapt, i brannar og avdi ingen tok vare på dei, og kring år 1500 var ikkje det gamle norrøne skriftmålet lenger skyneleg for folk flest. Men korleis var millomnorsken? Døme: Utdrag frå diplom 1515; "Wii willom yder kunnuctgørande med wore opne bref ath wij worom til kraftde wm witnisburdh wm Alness." Som de ser er dette eit heilt anna mål, enn det i Haraldskvædi.

Då den danske kongen og adelen i 1536 avskaffa det norske riksrådet, skreiv dei at Noreg skulle vera eit "ledemod" av Danmarks rike - Noreg var ikkje lengre eit sjølvstendig land. Skiljet millom millom-norsk og ny-norsk er òg sett til kring 1540, med utgangspunkt i reformasjonen og innføringi av dansk som kyrkjemål. Alle prenta bøker som vart utgjevne var på dansk, norsk hadde vorte eit skriftlaust mål. Målet heldt no fram å utvikla seg utan dei store broti mot dagsens mål.

No hev eg fortalt soga um det norske målet frå dei eldste tider, og so hev me kome fram til 1814. Då hadde me atter fenge eigne styringsorgan, og ein ny unionspartnar i Sverike. Den politiske røyndi var altso at me hadde fenge auka fridom på mange umråde, men skriftmålet var framleis den framande dansken. Tidi var mogi for å kasta av oss mål-åket òg.

Kjeldor:

Dei fleste døme er henta frå:

· Ragvald Iversen: Norrøn grammatikk

· Odd Einar Haugen: Gunnbok i norrønt språk

· Gustav Indrebø: Norsk Målsoga