Høgnorsk målreising

Frå Sambandet
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 12:19 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<h2>HØGNORSKNAMNET OG UMGREPET</h2> <p>I målordskifte dette hundradåret råkar me her og der på ordet <i>høgnorsk</i>. Bruksmåten er både positiv og negativ, både r…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

HØGNORSKNAMNET OG UMGREPET

I målordskifte dette hundradåret råkar me her og der på ordet høgnorsk. Bruksmåten er både positiv og negativ, både rosande og vanrosande.

I negativ leid hev sume freista knyta høgnorskumgrepet til målaristokratiske og ufolkelege synsmåtar, nærast ein motpol til det som etter same tankegangen gjerne hev vore påsett merkjelappen måldemokratisk. Sume hev rett nok meint og hevda at den måldemokratiske namnelappen ofte hev dekt eit innhald som slett ikkje var serskilt demokratisk; ja, etter slike meiningar var demokratinamnet helst villeidande. Ord og røynd bak ordi er ofte tvo ulike ting.

Uordi mot høgnorskumgrepet var serleg sterke i den samnorske stordomstbolken, då tilsikta målblanding var eit vilkår for å få tyna dei tvo skriftmåli i landet - det norskrøtte og det danskrøtte - og konstruera eit tridje, samnorsk, på målteknokratisk vis og med politisk statshjelp. Ordet samnorsk skal Moltke Moe (1859-1913) vera meister for, folkeminnesamlaren som var ein tidleg målsmann for samvokster av norsk og dansk, og velkjent er likningi hans um dei tvo elvane som skulde renna i hop. Den målteknokratiske frukti av elvebiletet med kroniske offentlege målblandingsorgan, øygnde han knapt. Andre vil føra samnorskstrevet heilt attende til Knud Knudsen (1812-1895), som, med feste i "det dannede talemål", arbeidde for ei jamn uppnorsking av dansken.

Det tilsikta målblandingsstrevet mislukkast, det er so. Men medan det stod på som stridast, hasta det med målblandingi i augo til framdrivarane. Me aldri fær eitt mål, um det i dag ei skjer, syntest vera meiningi, sagt med dei umskrivne ordi til Johan Herman Wessel. Det store hastverket vart framdrege ope og ofte. Og det er visseleg so at me som levde i denne målpolitiske stormen vart, mykje eller lite, påverka av den godt som einsretta agitasjonsstraumen, i minsto i slik mun at endåtil den sterkt tvilande og mothuga langt på veg vart døyvd til gjerandsløysa og tagnad. Det er skynleg at i ei slik øsingstid då norsk sogehopeheng og folkearv i målvegen vart nedstøytt og vanvyrdt, høvde høgnorskordet klent. Etter målblandingssyn måtte høgnorskordet tvert imot vera noko av eit hefte og ein uting. Svart reaksjon heitte dei sterkaste klagemåli imot høgnorsken. Eller eitkvart liknande.

Det finst mange utslag av slik tankegang, til dømes i heftet Arbeidarreising og målreising frå millomkrigstidi, 3. upplaget kom i Oslo 1939. So langt eg finn ut og hugsar, kom denne nedrakkingi godt som berre frå tilnærmingsvenlege målfolk, ikkje frå bokmålsfolk.

Høgnorsknamnet skulde tynast og gravleggjast. Men same kor sterkt mange prøvde å brennemerkja høgnorsken og høgnorsknemningi til skamord, tvilar eg på um dei nokon gong greidde det eintydeleg. Ikkje eingong millombils og for den tidbolken då bylgjone slo hardast. Klangfargen og klangbotnen i høgnorskordet løyste snaudt ut dei avstyggkjenslone og avstyggtankane som trongst til brennemerkjing.

Siste åri - ei 15-20 år eller so - hev det kome ein umsnunad i folks tenkjemåtar um mangt. Høgnorsknemningi hev kome i eit anna ljos. Det er ikkje lenger beinkløyvt alltid å retteleg vita kva som er progressivt og reaksjonært, progresjon og reaksjon, framsteg og baksteg. Og slett ikkje er det beinkløyvt å vera bomviss i målspursmål på vår eigen vesle norske jordflekk. Mange påhevda sanningar hev synt seg usætande. Og mang ei sovori påhevda sanning hev synt seg å vera det motsette av sanning.

Høgnorskordet er langt ifrå daudt.

Når høgnorsknamnet etter kvart hev kome i ein meir eintydeleg positiv glans - i minsto er bruksmåten meir sakleg jamvel millom dei som sjølve ikkje reknar seg for høgnorskfolk - hev det kanskje litt å gjera med noko so endefram som ættledsskifte. Dei som var mest bundne til den mislukka målblandingsfreistnaden, vart litt um senn burte, gav upp, eller dei skifte syn. Den greske gydja for hemn og rettferd heitte Nemesis. Til henne er det knytt eit ordlag som segjer at "det gjeng ein nemesis gjenom livet". Med det er meint at du lyt bøta for det du gjer. Det var lenge ei framimot fast utsegn millom målblandingstalsmenn - frå 50-åri og utetter, eg hev høyrt og lese det mange gonger - at høgnorskfolk og det dei stod for var fossile, nostalgiske og avaldra til det utilreknelege, subbande rundt på gravkanten og dilikt. Du skal vera varsam med å draga tenkjeleg høg alder negativt inn i eit ordskifte. For det fyrste er det stundom utslag av at saklege grunnar vantar, og for det andre slær slikt attende. Ein vakker dag er du sjølv i den tilsikta alderen. Og du ber kanskje på kjøpet byrdi av eit tapt sak på ryggen. Framleis er svinnande atterljom høyrleg av gamal lurlåt; sernorske ord, ordlag og former skal vera so arkaiske, lydest det i sume krær. Kvifor berre dei ser-norske ordi, ordlagi og formene?

Um i-formene var mynsterformer som målfolk samla seg um og ynskte, bruka einskilde like vel a-former, i skulen òg, frå den fyrste tidi. Millom andre prøvde Garborg a-former ei stutt tid, men vraka dei. I 1917 vart i-former og a-former jamstelte, med parallelle grunnbøker. Einsretting og røynleg forbod mot eine formi, i-målet, kom fyrst i 1938 med målblandingsstrevarane som vilde løysa målstriden på ein ættled!

Samanbrotet for den politiske målblandingi førde på målsida til motløysa, vegvildring og - verdfullt nok - ettertanke. For ei målreising som tek seg sjølv på ålvor, finst det vanskeleg att meir enn éin veg - den høgnorske. Det som hev vorte kalla dialektlina, vil rett nok kunna vera ei tilleggshjelp, men truleg i avgrensa mun. Munnleg målførebruk må sjølvsagt stydjast og setjast høgt, men eit skriftmål altfor, mykje uppsmuldra i målføreformer, vil snaudt ha von um å halda seg imot eit prestisjesterkt og tolleg fasttimbra norskdansk bokmål. I so måte er lærdomane frå målblandingsfreistnaden klåre: det norskdanske bokmålet evnar, med si lange soga og sin prestisje i ryggen, å støyta frå seg altfor nærsøki målteknokratisk fikling; nynorsken er for ungt eit skriftmål til å makta det same. Målet løyser seg upp. Eller folk vrakar det. Eller båe delar. På 90-talet er skulenynorsken so utblanda med bokmål og sviplaus eller preglaus, at offisiell nynorsk stend på vippen til å missa karakteren av å vera eit eige mål.

Dei som i si tid freista gjera høgnorsknemningi til eit fyord, lukkast ikkje. I staden vart tvert um samnorsknemningi eit fyord. Deira heilage utvikling gjekk sin eigen veg.

I Norsk Allkunnebok skreiv Per Thorson sist i 1950-åri at høgnorsk er nemning for mynstergildt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag. Denne umgrepsfestingi er råkande, ho tyder det same som målet i sitt 'beste lag", som Ivar Aasen skreiv det. Fyrebils nøgjer me oss med ei slik umgrepsfesting; men sumt hev vorte lagt til, og sumt let seg enno leggja til.

PÅVERKNAD UTANIFRÅ

Ordet høgnorsk hadde kanskje aldri kome i bruk her i landet, um det ikkje fanst tilsvarande målnemningar utanlands. Nær for hand ligg ordet høgtysk, motsett lågtysk, nedertysk, platt(tysk), som er ulike nemningar på same målet. Platt(tysk) er vanlegast.

Lågtysk, med hovudfeste i det nordtyske låglandet, var ein gong målet til hanseatane, og det var det framherskande tyske målet. Sidan Luther si tid hev høgtysk etter kvart vunne fram millom tyskarane til sams nasjonalmål eller standardmål eller høgmål. Framgangen hev halde fram til det siste. So seint som på 1980-talet vart det listeført i Nord-Tyskland at munnleg høgtysk kvardagsmål vann fram i heimar i strok der lågtysk og nordfrisisk heimemål tidlegare hadde vore vanleg. Dette byggjer på skjematiske upplysningar frå skuleborn. Medvite arbeid for å halda uppe lågtysk og nordfrisisk er av heller ny dato. Korleis dette arbeidet må slå ut i framtidi, skal få vera eit ope spursmål.

Dei som arbeider for lågtysk, hev ein lettsynleg servanske. So langt eg skynar, er dei oftast nøgne med å understreka at dei ikkje arbeider for eit eige mål, men for eit serskilt målføre, ein dialekt. Etter denne reknemåten er lågtysk soleis ei regional undergrein av det tyske målet. Fråvikande tankar finst; sume hev hevda at læra er umstrideleg, for lågtysk og nederlandsk ligg kvarandre nærare enn lågtysk og høgtysk. Dette fær vera som det vil; eg hev ikkje ynskje um eller nok kunnskap til å segja noko visst for eigen part. Men dei som soleis vil styrkja og lyfta fram lågtysk i bruk og rang, set alt i startgropi bom for å gjera arbeidet sitt til ei nasjonal - folkeumfemnande - målreising i dei lågtyske landebelti. Dei driv etter eigi umgrepsfesting dialektarbeid, med den avgrensing som fylgjer av det. Lågtysken vert heller ikkje einskapleg nytta, men fær både i tale og skrift teikn til stadbundi uppflising; lågtyskbrukarane godkjenner, stort sétt, høgtysk nasjonal yverhøgd i målvegen.

Alle målskilji millom høgtysk og lågtysk skal me ikkje koma inn på. Nemnast må det likevel at høgtysk mål er merkt av den tyske ljodskuvingi frå kring 600-talet, då millom anna germansk d hadde lag å verta til t; t vart til z; p til pf m.m. - Dochter, Tähn, Pand mot Tochter Zahn, Pfand. Verdt å merka seg er det at høgtysk er mykje meir formrikt enn lågtysk, både for namnord, gjerningsord og eigenskapsord. I norsk målpolitisk ordskifte hev det ikkje vore uvanleg å hevda at formburtfall skal vera eit teikn på målvokster i framstegsleid, men i minsto i tysk hev den formrike målutgåva vore i framgang i mange hundradår, og er det i dag. I det store og heile vil formrikdom stundom kunna halda ved lag ei tydeleg og presis ordleggjing med stor meiningsklårleik. Ein mindre visshøv og meir halvklår og slarkande ordleggjingmåte bør snaudt gjerast til skriftmynster - her då tenkt på norske måltilhøve.

Skiljet millom høgtysk og lågtysk er fleirgreina. Geografisk er det eit skilje millom nordtysk lågland med lågtyske målføre, og syndre og høgreliggjande landsluter med høgtyske målføre. Dessutan gjev namni ein viss dåm av at høgtysk er eit høgre mål enn lågtysk, i meiningi betre eller kvalitativt høgre. Slik er den psykologiske verknaden. Dertil er høgtysk eit høgre mål i tydingi eit sammål, standardmål, nasjonalmål som stend yver dei lågtyske målføri. Dette sistnemnde gjev seg sjølv. Høgtysk er eit riksfemnande mål, med lang soga og faststøypte og grunnfaste serdrag.

Stoda for måli var umsnudd i millomalder og hansatid. Dette til ettertanke.

Den sjelelege verknaden av ordi høg motsett låg veg so tungt at det finst lågtyskstrevarar som hev undrast på um dei ikkje burde ha valt eit anna namn på målet, til dømes saksisk. Men å skifta ut eit fastvakse namn på eit mål med eit nytt og ubruka namn, er ingi lett sak! Skulde dei freista halda seg regelfast til Niederdeutsch/Nedderdüütsch i staden for Platt/Plattdüütsch som er det vanlegaste, meiner dei at nieder/nedder hev nokolunde same ulempone som platt. Tysk tyding av ordet platt er noko nær som den norske - låg, flat, slett, i yverførd meining stundom simpel, det vil segja det motsette av upplyft/upphøgd.

Kunnskapane mine i tysk er ikkje fullkomne, men i tysk skriftliv hev eg råka høg/låg-nemningane um andre mål. Soleis um dansk. Det er då tale um høgdansk og lågdansk - høgdansk um standarddansk, lågdansk um sørjysk. Målbruk av slikt slag er ikkje avgrensa til tyske målvanar, og nemningane er ikkje nye. Ordet Høidansk finn me hjå Arne Garborg i Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877). Og nemningi høgsvensk er ikkje ukjend.

Nordfrisarane er ei liti gruppa i det danske og serleg det tyske folkehavet i grenselandet i Slesvik-Holstein. Målet deira er uppkløyvt i målføre, munnleg og skriftleg. Nordfrisiske målstrevarar hev sakna, sume, eit sams nordfrisisk høgmål - dei hev bruka det tilsvarande ordet - som kunde taka upp i seg målføri og vera ein nordfrisisk målsamnemnar. Nokre meiner dei hadde stade sterkare med eit sovore nasjonalt høgmål. Men det finst dei som trur at nådetidi for å få eit nordfrisisk høgmål er umme.

Dette var nokre døme på at ordet høgmål hev brukshevd utanlands. Negativ misklang knytt til høgmålnamnet hev eg ikkje uppdaga, då ikkje på utsida av norskegrensa.

TORLEIF HANNAAS OG NORSK AARBOK

Kven som fyrst bruka høgnorskordet, veit eg ikkje. Men Torleiv Hannaas er tillagd æra for å ha slege det fyrste klåre slaget for namnet. Det gjorde han i stykket "Høgnorsk eller flatnorsk?", eit programstykkje, i tridje årgangen av Norsk Aarbok, i 1922.

Torleiv Hannaas (1874-1929) var ifrå Hornnes i Setesdal. I 1918 vart han professor i norsk målgransking ved Bergens Museum, og han styrde Norsk folkeminnesamling. Han tok til med Norsk Aarbok i 1920, og til Hannaas døydde i 1929, styrde han årboki, "dette byrge organet ... som var sjølve flaggskipet for høgnorsken", slik Nils Hallan ordlegg seg i "Gustav Indrebø og boka om han", ei inngåande melding av Indrebø-boki til Kjell Venås, i Mot-Skrift nr. 2/1985 frå Nordisk institutt ved Universitetet i Nidaros. Etter Torleiv Hannaas fall burt, styrde Gustav Indrebø og Lars Eskeland i lag 1930-årgangen av Norsk Aarbok; sidan stelte Indrebø åleine med årboki. Norsk Aarbok kom med i alt 19 årgangar, til og med 1939. I 1937 kom ikkje årboki av grunnar som eg ikkje kjenner, soleis vart det berre 19 årgangar. Årboki stogga med ufred og hersetjing, ho kom ikkje i 1940 og hev ikkje kome sidan.

I stykket "Høgnorsk eller flatnorsk?" fører Hannaas med rette høgnorsktanken attende til Ivar Aasen:

Ivar Aasen var ein spak og stillfarande mann. Men i maalspursmaalet var han ein raud radikalar. Det hadde vore maalstrævarar fyre honom. T.d. Wergeland. Men han endaatil dreiv det ikkje stort lenger enn til dette smaapuslet med aa ”berige skriftsproget”.

So kom Ivar Aasen og lyfte sitt lysande merke: Eit høgnorskt skriftmaal, nyreist fraa roti av, bygt paa dei beste bygdemaali, utan umsyn til dansken.

"Maalreisingi hev gjenge fraa siger til siger", kunde Torleiv Hannaas skriva byrgt den gongen, i 1922. Men midt i framgangen kom uppløysingstilvik, soleis med det ulikt umdømde Østlandsk Reisning, som sume meinte vilde farga skriftmålet med austlandsmålføre, og som andre heldt for eit kløyvingslag. Østlandsk Reisning gjekk snart i stå; hovudmennene var Eivind Berggrav, Halvdan Koht og Didrik Arup Seip. Medan Koht vart flaggberar for tilnærmingsstrevet, enda hine tvo på same bokmålssida som dei kom ifrå, det heile vart eit sprel. Kring rettskrivingsumboti i 1917 var det ymse målblandingsutspel, utspel som likevel ikkje vann serleg fram i det obligatoriske lærebokmålet. Men alt i 1922 fann Hannaas det turvande å leggja til: "Og no er avslaget og moderatismen og samrøringi i full gang".

I Norsk Allkunnebok skreiv Severin Eskeland um Torleiv Hannaas at i stykkjet sitt legg Hannaas fram programmet for Norsk Aarbok og for norsk målodling. Årboki skulde vera - og ho vart verande - eit høgnorsk flaggskip.

Hannaas sa nei takk til det skriftmålet som høyrde til "avslaget, moderatismen og samrøringi":

Eller som dei sjølve segjer, ”samnorsk”, ”den norsken som dei fleste talar". For dei moderate byggjer maalstrævet sitt paa statistikk og næringsuppgaavor. I byane og paa flatbygdene i Viki bur det meir folk enn i fjordane og fjellbygdene. I byane og paa flatbygdene sit rikdomen, handelen og ”næringslivets mænd". Og sjølvsagt skal dei hava fyrsteretten og førarskapen i maalspursmaalet og.

Det var ikkje soleis han dømde Ivar Aasen.

Han var skamdjerv nok til aa gjeva dei fatige fjell- og fjordmaali fyrsteretten. Dei var nærast i ætt - ikkje med dansk, men med det gamle norske kulturmaalet. Dei hadde halde uppe mest av gamall rikdom, og vunne seg mest av ny venleik. Difor heldt Aasen desse maali for dei beste og dei mest ekte. Dei var det som kunde gjeva mest tilfang til det nynorske kulturmaalet, til høgnorsken.

Slik Hannaas brukar ordi høgnorsk og flatnorsk, fær ordi nokre gonger eit geografisk tilvik som minner um dei tyske nemningane. Det geografiske talemålsskiljet her i landet er no elles ikkje berre eit skilje millom høglandsmål og flatlandsmål, men eit skilje millom norsk og mindre norsk som syner seg vide stader i Noreg, i byar og herad, i mangt eit skilje millom eit meir bokmålsfarga sentrum og ein meir norsk målførefarga umkrins. Med ymse avbrigde og tillempingar. Elles er ekte flatlandsmål kring Oslofjorden ikkje so avnorska som ålmenn vankunna gjerne hev meint tidlegare, ikkje eingong i byane. Midlandsmålet hev utgreiningar heilt ned til kysten, og i Vestfold, Grenland og Austfold kling den friske namnordendingi -ær (hestær) for nynorsk hestar. Me finn ordformer som sova, gæli (gale), svipur, svipune og anna. Gustav Indrebø tok til motmæle mot ordleggjingi til Hannaas i nett dette stykkjet, som me skal sjå litt lenger ute.

"Maalet er ei ovring av aand og vit. Og i aandslivet spyrst det ikkje etter makt og rikdom, og ikkje etter folketal heller", skreiv Hannaas. Norske ord og norsk målføring frå nordlendingen, sørlendingen, austlendingen vestlendingen, rikar upp målet. Onnorleis med formverket. Skal kvar landslut lyfta fram det stadtilknytte, vil det enda i formløysa, og det er ute med målet. I formverket lyt det leggjast vinn på å halda uppe dei sernorske formene.

Hannaas la vekt på stil og ordfelling - målføring og ordfylgd. Det er stundom viktugare enn ord og former, og godt mynster finst i arbeidi til folk som Johannes Skar, Arne Garborg, Jens Tvedt - og ikkje minst i hermingane og dømi i ordboki til Ivar Aasen. Ingen vert for gamal til å læra, og ungdomen er ikkje so fårleg i målvegen som mange trur. Skreiv Hannaas i 1922.

Det var både løgleg og syndleg å sjå kor dei norskdanske vreid og vrengde seg i prosedering for å få målet sitt til å vera "norsk". Skreiv Hannaas. Dei burde få vera åleine um åtferdi. Er målet so bleikt og blanda at det er tvil um nasjonaliteten, er det ikkje eit mål for målfolk.

Ivar Aasens veg skulde me fylgja, um me ikkje i eitt og alt trong blåhalda på hans former. Ei god rettesnor er den gamle litterære tradisjonen- folkevisone, stevi og sogone.

Hannaas rekna midlandsmålet for eit steg i rett leid. Men midlandsmålet trong ei meir praktisk utforming enn Rasmus Flo og Arne Garborg gav det kring hundradårsskiftet - det vil segja i den attåtutgåva til normalen frå 1901 som kunde nyttast i skulen av dei som ynskte det. Hovudnormalen hev vorte kalla hægstadmålet etter hovudmannen bak, Marius Hægstad, han som skreiv fyrste nynorske lovteksti og ikkje vilde sleppa "handi til Aasen”. Midlandsmålet hev namnet sitt av di det byggjer mykje på målet i Mid-Noreg - I Telemark, Setesdal, Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen og derikring, med svip av folkevisemålet. Ser me målet Hannaas sjølv skriv i "Høgnorsk og flatnorsk?", er det ansande at han skriv a-nemne form (a-infinitiv) i alle gjerningssord og han skriv e-ending i ubundne linne hokynsord eintal. (Etter Flo/Garborg-normalen skulde det vera kløyvd nemneform, og kløyvd ending i ubundne linne hokynsord eintal - ei kyrkje men ei sogu. Hægstadnormalen hadde -a, kyrkja, soga).

Hannaas lyfte gamalnorsk, norrønt, til styrkjekjelda og upprikingskraft. Alle vellærde nordmenn burde kunna gamalnorsk og lesa det. Eit Snorre-laug i Heimskringla var beste kuren mot all modsott og moderatisme i målvegen.

Hannaas fylgde det høgnorske programmet i Norsk Aarbok og i åImenn gjerning. Eit høgnorsk program som søkte grorkraft i målarven både i Noreg og på Island og Færøyane.

GUSTAV INDREBØ (1889-1942)

I den nemnde utgreidingi si i Mot-Skrift nr. 2/1985 skriv Nils Hallan:

Indrebø slost for sitt høgnorske mål gjennom 20 år, og han brukte mange argument: historiske, sosiale, pedagogiske og jamvel kristelege, alt etter som det høvde. Men han var så ærleg at han sanna både for seg sjølv og andre at for han var det eitt omsyn som vog meir enn alt anna, nemleg det nasjonale. Tindrande klårt la han fram sitt syn i 1934 i ein artikkel om ”Idé-grunnlaget for maalreisingi” som sidan har vorti prenta oppatt nokre gonger. Artikkelen er like aktuell i dag som i 1934 - ja, enda meir.

Det som serleg hev vekt for vårt emne i dette hermet, er at Indrebø arbeidde utrøytteleg for høgnorsk på so mange måtar, millom anna heldt han siglande sjølve det høgnorske flaggskipet, Norsk Aarbok. Og han heldt i hevd det høgnorske grunnlaget for årboki, i-målet. No kjem me litt inn på spursmålet i-mål og a-mål seinare. Her nemner me at når sume hev sparka etter Indrebø fordi berre i-mål er bruka Norsk Aarbok, so kunde Indrebø svara at alt innsendt tilfang var nett på i-mål. Og me legg til at a-målet sanneleg korkje då eller seinare hev vorte støytt ut i myrkret. Utstøytingi hev gjenge einsideleg andre vegen. Og alle dei krinsane som heldt fast på i-mål i skulen so lenge dei fekk høve til det - eller førde inn att i-mål etter stuttvarande freistnader med a-mål - dei gjorde det ved demokratiske val i krinsane. Men det skal dessutan leggjast til at um skriftstyraren i Norsk Aarbok med redaksjonelle råder hadde sytt for i-mål i årboki, so var ikkje det urimeleg, sidan årboki etter fyreloga skulde lyfta fram den høgnorsken som flestalle meinte bygde på i-målet. I Bjørgvin bispedøme hadde mest alle målkrinsane i Hordaland i-mål i 1929, storparten av krinsane i Sogn og Fjordane og halvparten på Sunnmøre. Sjå Mål og vanmæle s. 78. På 30-talet gjekk i-målet atter fram. At i-målet stod sterkt i målbygder i andre bispedøme, treng me ikkje tvila på, um eg ikkje hev statistikk. Soleis var det då demokratiet fekk tala.

Etter ymist lærararbeid tok Gustav Indrebø filologisk hovudfagseksamen på den gamle kongesoga Fagrskinna i 1917. I 1925 tok han doktorgrad på utgreidingi "Norske innsjønamn". Frå 1917 var Indrebø amanuensis ved Riksarkivet, samstundes hadde han universitetsstipend i soga. I 1921 vart han dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, og frå 1930 vart han professor etter Torleiv Hannaas ved Bergens Museum i vestlandsk målføregransking, og styrar for Folkeminnesamlingi.

I Norsk Aarbok 1930 kjem Indrebø i minnestykkjet sitt um Torleiv Hannaas inn på stykkjet "Høgnorsk eller flatnorsk?" som Hannaas skreiv i 1922, og Indrebø tykkjer at Hannaas er noko urettvis "imot bygdemåli på flatbygdene og i Viki; der finst meir god norsk i deim enn artikkelen [til Hannaas] gjev tanke um . . . " Men Indrebø er samd i at me bør reindyrka det norske, og ikkje reddast for det sermerkte. Gustav Indrebø umgrepsfestar i same stykkjet høgnorsk til rotekte norsk mål. Det er ei stutt og klår uttyding.

Ei rykande god utgreiding, "Einskap i rettskriving", hadde Indrebø i Firda Folkeblad i 1929 (nr. 74, 77, 79 og 80), utgjevi i serprent, og sidan prenta i samlingi "Nynorsk og bokmål" (Bjørgvin 1932). Indrebø mana til samling kring hovudformene frå 1917 etter at sume skular hadde teke i bruk tillatne sideformer frå bokmål, og sume krinsar hadde gjenge yver frå i-mål til a-mål. Maningi bar frukt. I-målet seig inn att, det upplyste Olav Midttun på landsmøtet i Noregs Mållag i 1936, slik det er nemnt i Ivar Eskeland: "I strid for norsk mål" s. 124 (Oslo 1956). I utgreidingi gjev Indrebø mange gode grunnar for høgnorske former i nynorsk, og han klårlegg kvifor dei høgnorske formene tener og fremdar einskapen i det nynorske formverket. Han dreg serskilt fram desse typeordi til døme på samlingsformer: burt, upp, um, bera, kasta, opi, visor, soli.

Gustav Indrebø let etter seg ei ovmengd skriftlege arbeid, og med skrivingi si stend han i aller fremste lina millom dei mynstergode høgnorske klassikarane etter Ivar Aasen. Eller rettare sagt, han er den fremste etter Aasen.

PETER HOGNESTAD (1866-1931)

Peter Hognestad var frå Time på Jæren. Saman med Elias Blix og Bernt Støylen la han grunnmuren under det nynorske kyrkjemålet. Hognestad gav ut liturgiske bøker for kyrkja, var hovudredaktør for den den fyrste norske bibelen i 1921, og saman med Støylen og Anders Hovden sende han ut Nynorsk Salmebok i 1925. Frå 1903 var han stiftskapellan i Oslo (Kristiania) med seruppgåva å halda gudstenestor på norsk. Slike gudstenestor heldt han i Johanneskyrkja, Garnisonskyrkja og til slutt i Slottskapellet. Han slutta i dette arbeidet i 1908 då han vart kalla til lærar i gamaltestamentlege fag på Menighetsfakultetet. I 1918 vart han bisp i Bjørgvin. Peter Hognestad var ein stor stemnetalar. Han var verksam med boklege og skriftlege arbeid, og han hadde mange umbod. Han bruka nynorsk mål i si beste og reinaste form i alle hopeheng - høgnorsk - og det medvitne og grunnleggjande kyrkjemålsarbeidet hans syner framleis att i Bergen, med fullnorske gudstenestor i St. Jørgenskyrkja, og nynorske messor i Domkyrkja.

I Bondeungdomslaget i Oslo heldt Hognestad ei utgreiding um høgnorsk den 12. desember 1924. Utgreidingi vart prenta, og heftet kom ut på Gula Tidend Forlag i Bjørgvin i 1925 med tittel Høgnorsk, og hev på sitt felt vore rekna for noko av ei grunnskrift.

Høgnorsktanken var Ivar Aasens kongstanke, heiter det. Mot Aasens målnasjonale samlingstanke stod tankane um småkongevelde og jarledøme, ei noko biletleg umskriving for ei sundrivi dialektreising, uppflisa i bygdemålsavbrigde med ei serform på kvart nes, dømd til ustanseleg indre kjekl. Ei uppflising på veg inn att under framandt herredøme. Hognestad sa sers mykje godt um bygdemåli i tydingi bygdemål; dei meistra bygdepolitikken, men ikkje den nasjonale - riksdekkjande - samlingstanken på norske målrøter.

Hognestad godtok i det store og heile hovudformene frå 1917, lærebokformene, fordi dei i det meste fylgde hovudlina frå Ivar Aasen. Dei målbar ein vokster på Aasens eigen grunn. Med yvertydande kraft gjekk Hognestad imot bunde eintal av inkjekynsord utan -t (huse, lande). Han drog fram dette av di sume vilde ha burt t-en, soleis dei som heldt på midlandsmålet, ein freistnad som snart døydde burt og med tidi mykje godt vart gløymd. Den t-lause formi gav i visse høve lesevanskar og tydingsvanskar. Soleis i "det spurdest langt um lande" og "dei for ut or lande(t)". I setningi "himmelen er det einaste ljose yver landet", er det ikkje godt å vita um "ljose" er eigenskapsord eller namnord.

I-former laut det vera, ikkje minst av di i-form er ein ekte erving etter gamalnorsk. Byg∂in og visan vart til bygdi og visa. A-formi er rett nok fleirtalsform, men er helst å rekna for ei målføreform, korso, og ho bryt med det norrøne hopehavet. Andre vanhøve med a-formi er at ho fell saman med dei uhorveleg mange a-endingane i namnord, i gjerningsord, i nemneform (infinitiv), partisipp og bjodeform, og sumtid er a-formi uklår og valdar lesevanskar: er a-målsordi forma, forma det same som på i-mål forma, formi eller formi, forma eller formi, formi eller forma, forma? Slike døme finst det mange av, og dei kjem fram berre i skriftmål, ikkje i talemål. At nemneform skulde ha -a, heldt Hognestad for sjølvklårt.

I-målet fall saman med folkevisemålet. Det sat "midt i landet" og freista binda i hop Noreg: Gudbrandsdal, Hallingdal, Valdres, Telemark, Setesdal, Sogn, Hardanger, Hordaland. Ein liten attåtmerknad skal leggjast til. I-mål lét seg umgrepsfesta både i trong og vid meining. Um det tronge i-målet stend sterkt i målføri i Mid-Noreg, då med utgreiningar, so rekk i-målet i vid meining ut til store luter av landet. I-endingar ein stad i formverket, som i supinum, finst i flatbygdene austanfjells, og ikkje alle tykkjer det er urimeleg i eit systemfast skriftmål å sleppa fram i-en i sterkt hokyn bundi form eintal og bunde inkjekyn fleirtal - soli, viki, epli, husi. På Nordvestandet og andre stader skil målføri millom sterkt og lint hokyn med annan endingsbokstav enn -i (bokja, gatå); i trøndsk finst skilje i fleirtal (grytan, bygden), og Nord-Noreg finst døme på skilje millom linn og sterk hokynsbøygjing både i eintal og fleirtal. I-målet i vid meining hev soleis eit sterkare strukturfeste i norske målføre enn sume ved fyrste augnekast trur. Dét er det nokre som atter hev kome til.

Soleis tyder Peter Hognestadnamnet høgnorsk:

Med høgnorsk meiner me eit maal som alle norske maalføre kjenner seg heime i av di det er fullnorsk, men paa same tid ser upp til og bøygjer seg for av di det er mynsternorsk. Fyrebils er det i skriftmaalet det gjeld aa hava denne mynsterformi. Som i dei fleste land kjem talemaalet til aa halda seg mest til maalføri, men etter kvart kjem høgnorsken ogso til aa verta mynster for talemaalet, serleg i høgre stil og til offentleg bruk. Høgnorsk er soleis ikkje berre samnorsk, men ogso mynsternorsk, det ligg eit ideal i namnet.

Og annan stad i same skrifti segjer Peter Hognestad: Ivar Aasen er i maalspursmålet den einaste som er stor nok og hev autoritet nok til at me alle kann bøygja oss inn under han.

KNUT LIESTØL (1881-1952)

Professor Knut Liestøl, folkeminnesamlaren, kyrkjestatsråden og måpolitikaren, tala for høgnorsk og høgnorsktanken i Norsk Aarbok i 1924, i "Framgangsvegar i norsk målreising". Det norske skriftmålet må vera eit kulturmål og eit nasjonalmål, og Liestøl åtvara mot den endelause striden millom provinsnormalar og landsnormal. Ein slik strid fører lett målet attende til tidi fyre Ivar Aasen, men stoda vert røynleg endå verre enn fyre Aasen si tid; det vert korkje målføre eller nasjonalmål. Han spotta den villeidande - demagogiske - måten ordet folkemål vart bruka på - sume tala jamvel um "virkelig folkemål". Han vilde ikkje setja høgnorsk upp imot folkemål eller folkemål upp imot høgnorsk; det var eit både-og, både det eine og det andre i heil og rik samklang.

Samstundes tala Knut Liestøl varmt for eit akademi for det norske målet. Tanken vart i 1928 til Norsk Måldyrkingslag med innvalde lagslemer. Knut Liestøl høyrde til dei fyrste lagsmennene - saman med Lars Eskeland, fyrste formannen, Alexander Seippel, Nikolaus Gjelsvik, Ola Raknes, Torleiv Hannaas, Sigurd Kolsrud, Olav Aukrust, Olav Hoprekstad, Johannes Lavik og Hans Aarnes. Knut Liestøl tala vidare for ei norsk-norsk ordbok - ei ordbok med norske uppslagsord og norske ordtydingar. Ordbokstanken, Norsk Ordbok, var det folk tilknytte Norsk Måldyrkingslag og Det Norske Samlaget som gjorde upptak til - det var den gongen oftast same folki båe stader. Då arbeidet med ordboki kom i gang, vart det administrera av Det Norske Samlaget med fagleg tilsyn av Norsk Måldyrkingslag. I 1945 tok Samlaget yver heile arbeidet åleine, og ordboki kom inn i eit anna spor enn fyrst tenkt. Dette etter Norsk Allkunnebok og etter Gustav Indrebø, ei livsskildring av Inger Indrebø Eidissen. (Norsk Bokreidingslag 1993). Frå 1972 hev arbeidet med ordboki vorte eit offentleg tiltak. Dette i motsetnad til Norsk Riksmålsordbok, der medvitne riksmålsfolk stend bak, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. I norsk målstoda er det snaudt noko som tyder på at riksmålet og riksmålsordboki hev tapt på dette.

Underleg er det å hugsa at nett Knut Liestøl var kyrkjestatsråd i vinstreriksstyret til Johan Ludwig Mowinckel i tidi 1933-1935, då den departementale og herostratisk kjende rettskrivingsnemndi vart nedsett. Utfallet vart, meiner eg, eit skadeverk mot norsk skriftmål og skriftmålsarv med 1938-rettskrivingi. Det beste som let seg segja um rolla til Liestøl her, er kanskje at han kom under sterkt politisk press. Og det vart løyst ut krefter som det ikkje stod i hans makt å råda med, noko eg hev vore inne på fleire gonger tidlegare, m. a. i Mål og vanmæle s. 70-71 (Norsk Bokreidingslag 1991). Liestøl var elles snaudt lett å vippa til sides, men då han freista revidera nynorskrettskrivingi i 1937-38 - gjeva større rom for innarbeidde og hevdrike former - møtte han veggen i form av eit ultimatum frå bokmålsrettskrivarane og vedtak i Nygaardsvold-riksstyret der Nils Hjelmtveit var kyrkjestatsråd! Bokmålsmennene som fastsette reglar i nynorsk skulerettskriving var Ragnvald Iversen og Torgeir Krogsrud. Dei var med i ei offentleg revisjonsnemnd saman med Liestøl, og nynorsken var, ikkje uvanleg, underrepresentera.

Knut Liestøl hadde bruka høgnorsknemningi fyrr han skreiv stykket "Framgangsvegar …” i 1924. Han bruka ordet i 1918 i "Den nye rettskrivingi" - medteke i Målpolitiske artiklar 1905-1920 ved Olaf Almenningen (Oslo 1981). Her sette han høgnorsk imot flatnorsk, nærast med geografisk bakgrunn. Men til vanleg la Liestøl den tyding i ordet høgnorsk som me møter i namnet klassisk norsk, ei nemning mange hev nytta, millom andre Olav Aukrust. I nemningi ligg mynstergod norsk på Aasens grunnlag.

I kyrkjestatsrådtidi fall det på Knut Liestøl å stella med Norsk Rikskringkasting som no vart ei statsverksemd. Her fekk han sett den framståande målmannen Olav Midttun med eit mynstergildt talemål i sjefsstolen, og det gjekk ikkje utan strid. Millom andre Arbeiderbladet vilde ha den konservative riksmålsmannen Chr. Gierløff til sjef, og son til statsminister Mowinckel var søkjar på stillingi! Etter upplysningar av Hans Fredrik Dahl i boki Hallo-hallo! Kringkastingen i Norge 1920-1940 (Oslo 1975) var arbeidarpartitalsmannen, den seinare ikkje ukjende Haakon Lie (f. 1905) samnorskframpiskar og i-målsmotstandar i Kringkastingsrådet; i radiomålet skulde kringkastingsfolki bruka ord og former "som anten var like på båe mål, eller låg nær kvarandre". Mangfeldet og sermerki i målet vart etter dette medvite utestengt. Knut Liestøl var ikkje med i Kringkastingsrådet etter han vart statsråd, men han stod bak, kor som er, og me skynar at Liestøl, Midttun og den i-målsbrukande Karl C. Lyche ikkje alltid hadde det lett. Målfolk som enno hugsar Karl S. Lyche, talar framleis um det mynsterlege målet hans i radioen. Radioen hadde ikkje det store lydartalet i fyrste halvparten av 1930-talet, og lydarane var i stor mun ein avgrensa krins av velhaldne byfolk. I dette mediet slo stridsame og umsynslause samnorskkrefter til ved dette tidlege leitet.

Dei veksande samnorskkreftene stod ikkje åleine. Då kringkastingi vart ein fristelt statsinstitusjon (1933) og Olav Midttun vart kringkastingssjef - og det kom målsendingar i radioen, ikkje minst vermeldingar - hagla det med sterke og sers vondlynde åtak på nynorsk i eteren, der Riksmålsforbundet var pådrivar og prenta brevkort med protesttekst. I avisinnlegg med hatefullt innhald kom det til krenkjande personutskjelling av eit slag som i dag kanskje vilde koma på kant med injurielovi. Meir um dette finst i boki til Hans Fredrik Dahl, serleg frå s. 297. Det var soleis ikkje nytt under soli når skarvord kring 20 år etterpå svirra i avisinnlegg til dømes i Aftenposten i foreldreaksjonsòta på 1950-talet, men det flokute biletet av stormfull målstrid i denne uppheta bolken, skal få liggja. Det var i tilknyting til denne bolken samnorskvener greidde gjera sitt eige flaggord, samnorsk, til fyord, medan nynorsken til sist låg att med mindre enn halve mannskapet, skamfaren og ribba, nærast som vrak.

NOKRE ANDRE HØGNORSKE TALSMENN

Anders Hovden og Kristofer Uppdal hadde innlegg for høgnorsk i Den l7de Mai i 1924. Tankane til Uppdal er nyprenta i målungdomsbladet Eg nr. 2 og nr. 5/6 1990. Sermerkt for Uppdal er at han skreiv a-mål, og det hev han no elles ikkje vore åleine um. Han spådde at "millombils sigrar truleg a-forma" med a-ending i bundi form eintal av sterke hokynsord (sola). Men Uppdal tenkte lengre fram (Eg nr. 5/6-90):

Den dag kan koma, at i-forma trengjer seg fram, ja so ho høver for oss, og at vi alle skjønar at ho gjer norsken rikar og vakrar. Og eg skal glad gjeva løyve til, at det eg har skrive då blir retta i i-forma, - um so er mine ting endå lever.

I eit anna avsnitt skriv Uppdal (Eg nr. 2/90): "I alle dialektar er slagg. Og mange pyntar seg med slagget. Og trur det er so hævt."

Olav Midttun studde høgnorsktanken i same bladet eit par år seinare - Den l7de Mai - den 4. juni 1926.

Ingolf Kvamen, den gongen teologisk student, gav ut eit 16 sidors hefte, Høgnorsk, på eige forlag i 1936. Han tala for den historiske lina i målreisingi. Det var det same som høgnorsklina.

Høgnorsktanken låg etter måten langt framme i ålment ordskifte i millomkrigstidi. Snaudt meir enn glimt er vel med her, um eg nok vonar det er klårgjerande glimt.

Ufreden og hersetjingi 1940-1945 vart til framhjelp for målpolitisk avideologisering, og den uppløysing av sjølve målet som fylgde etterpå, var ei frukt av 1938-målbrigdet, med skakande atterslag både på indre og ytre plan. No var målblanding og samnorsk offisielle flaggord. Det ytre skulemålsframspranget kring 1939/1940 enda i den katastrofen som serleg Gustav Indrebø og Nikolaus Gjelsvik (1866-1938) såg fyreåt. Det kom langvarande stogg for høgnorsktenkjing. Nikolaus Gjeisvik var ein av dei store høgnorske merkjesmennene, serleg med det norske rettsmålet som han bygde upp, og med rettleidingsboki i norsk målføring "Von og veg" (1938) - som enno er å få i ny utgåva.

Samrøringsstrevet nådde eit høgdepunkt på 1950-talet, med ny læreboknormal for nynorsk - eit nytt målbrigde - i 1959. I røyndi var dette eit målpolitisk antiklimaks. Vogt-nemndi, utpeika i 1964 av statsråd Helge Sivertsen, fekk sterk tilnærmingsyvervekt på målsida, men det var motsett på bokmålssida, - riksmålssamskipnader vart rådspurde um personval fyreåt, medan dette vart nekta målsamskipnader. Frukti av Vogt-nemndi var Norsk språkråd (1972), som heller snøgt opna skulane for det tradisjonelle bokmålet, men derimot ikkje for den tradisjonelle nynorsken, høgnorsken. Soleis er det enno i 1997.

Vestmannalaget melde seg ut or Noregs Mållag i 1962 av di laget ikkje vilde vera medandsvarleg for den rådande målblandingspolitikken i landssamskipnaden. I 1965 vart Ivan Aasen-sambandet skipa, og i 1970 vart det brot millom Noregs Mållag og Vestlandske Mållag som gjekk inn i Sambandet året etter. Dette skilsmålet er nemnt stutt og skjematisk, utan umtale av dei ufjelge stridane som fylgde med. I 1997 er stoda i Noregs Mållag ei onnor, lagsfolk er ofte med båe stader, men høgnorskfolk flest meiner det er tenleg med tvo frie samskipnader som er ubundne av kvarandre. Uppgåvone skil seg noko.

1970-talet var ei yvergangstid, serleg for ungdomen. Medan tilnærmingseliten vedvarande kunde gjera høgnorsken med sitt etymologiske mynsterformprinsipp til eit spottord og eit slag "aristokratisk" rudiment, kom det fram motsette synsmåtar og i-målsinnlegg. I Mål og Makt nr. 1-1975 tykte ikkje Jostein Mykletun at nokor nynorskform vart råka av dei sosiale åtaki. Me bør minnast at høgnorsk er tilnærma Aasen-mål, og Aasen sjølv avviste at dette målet skulde vera serskilt "aristokratisk" i brev 29. april 1871 til bladstyret for Andvake.

På 1980-talet og endå meir på 1990-talet hev høgnorskordet og høgnorsktanken fenge ei nyvakning og ei framkraft som tykkjest sterkare enn nokon gong tidlegare.

Til uppklåring av ei mistyding: Einskilde mistek ordet høgnorsk for ei nemning på eit stilslag, høgstil. Men høgnorskvener hev aldri, det eg hev sétt, tenkt seg eller bruka høgnorsknamnet på slik måte. Høgnorsk er eit mål eller kanskje rettare ei målform, velflidd, med rimeleg typologisk valfridom, som femner um alle stilslag, høgstil, normalstil og kvardagsstil. Slik høgtysk gjer det.

Anders Skásheim (f. 1880), bankmann, mangslungen vestmann og målreisar, tala på eit møte i Vestmannalaget 28. september 1948 um Aasen-målet og ein høgnorsk med mynster i målet til Olav Rusti og Johannes Lavik (Vestmannalaget 110 år, s. 276). Rusti og Lavik bruka eit sermerkt velflitt, gjenomarbeidt og reint mål, med norrøn á for å, og det same gjorde Skásheim sjølv. Domprost Rasmus Haugsøen (1867-1951) la til på same møtet, nok med tanke på målet, at Vestmannalaget var ein lysande varde.

Sume hev nytta høgnorsknamnet beint fram til ei nemning på nynorsk. Slik brukar Anders M. Andersen ordet i stykket "Prosjekt: å bryta ned eit skriftspråk" i Dag og Tid nr. 6/1996. Dei fleste vil truleg likevel leggja litt meir i ordet, i det minste at høgnorsknamnet borgar for eit standardmål eller ein samnemnar for dei nynorske målføri, og dermed på ein måte stend yver målføri med di det femner vidare og tener til haldfeste og mynster. Dette kjem til dømes fram i innlegg av Målungdomen i Volda i voldabladet Møre (28/8 og 4/9-1997). I 1997 kom Lars Eskelands "Norsk Ordliste" (frå 1921) i ny og fotografisk avprenta utgåva, kalla Høgnorskordlista, og Håvard G. Tangen melder ordlista utførleg i Vestmannen nr. 8/1997. Elles hev høgnorskordet vorte so vanleg bruka utetter 1990-talet, at det må kallast legio, og det er uråd å etterspora alt. Ålment vert ordet bruka positivt og til motpol mot den bokmålsiblanda skulenynorsken.

EIT DØME FRÅ RIKSMÅLSHALD

Korleis ser riksmålsfolk på nemningi og umgrepet høgnorsk? Det skil seg vel noko frå ein til hin, men i kvartalsskriftet til Riksmålsforbundet, Ordet nr. 3/1994 s. 26, finn me ein liten umtale av Olav H. Hauge og artikkelsamlingi um han, Tunn is, redigera av Terje Tønnesen. Det vesle uppslaget er skrive sakleg og velviljugt av Sv - bladstyraren Iver Tore Svenning. "Høgnorsk lyriker" heiter tittelen. Og i stykkjet som millom anna peikar på det eksistensielle innslaget hjå Hauge, les me: "Da han døde, godt og vel 85 år gammel, var han fortsatt både "doldis" i hjemlandet og en av våre mest kjente (og oversatte) lyrikere i utlandet. En dikter og gartner hvis tentakler strakte seg helt til Kina. En europeer, stolt av sitt høgnorske mål."

***

Same um Olav H. Hauge lite la seg beinveges fram i målstrid, høver det nett her, tykkjer eg, å taka med eit dikt på det målet hans som vonleg alle semst um å kalla høgnorsk:

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

MOTTANKAR OG MOTMERKNADER

Det er ikkje uvanleg å føra antihøgnorsk tenkjing attende til Olaus J. Fjørtoft. Etter alt å døma med ein viss rett. Fjørtofts slumpesame og lite fylgjerette stavemåtar - ljodnære eller ortofone, vilde vera - kunde ha upp upptil fleire skriftformer for same ordet på same lina. Dette sagt med atterhald og utan at eg hev gjenge nøgje igjenom slike regelbrot hjå Fjørtoft. Det er sjølvinnlysande at i eit vidsveimt land med mange målføre der talemålsformene skifter, er det heilt og fullt ugjerleg å velja ei einskild skriftform som er talemålsnær til meir enn i høgdi eitt eller nokre målføre. Og jamvel i slike høve vert skriftformi ofte herre nokolunde eller tilnærma talmålsnær. Det hende at Fjørtoft og hans medfylgjarar skreiv "e" og "va" for er og var. Dette samsvarar med talemålet vide stader i vest og nord, der den historisk rette r-en er uhøyrleg. Men det bryt med talemålet andre stader, og det bryt med eit system som held uppe sambandet med målet i fortidi; og i sume høve er r-en klårgjerande. Det er snaudt a nokon grunn til å hevda at "e" og "va" er meir ljodnært, landet sett under eitt, enn "er" og "var". Same kva som må kunna segjast um skrivemåtane til Fjørtoft, kan det ikkje segjast at dei er høgnorske. Dei er ikkje mynstergode til normalformer heller: e, dæ, me, kvæ, va, elde, ore, kvia er ikkje på nokon måte betre enn er, det, med, kven, var, eller, ordet, kvida.

Upplysande um antihøgnorsk tenkjemåte er den lettvinte og villeidande ordleggjingi i tidlegare nemnde Arbeidarreising og målreising, der det heiter um Fjørtoft: "Han stridde ikkje for noko "høgnorsk", stivt landsmål, han stridde herre for retten åt det levande talemålet i dialektane". Og ein annan stad i same heftet:

Det er det demokratiske ved målreisinga som for oss er det avgjerande. Vi vil ikkje stri for nokon "høgnorsk" normal og setje oss imot det som er levande og har livsens rett. Dei målfolka som arbeider såleis, er plent like reaksjonære som riksmålsfolka som frå den andre kanten set seg imot utviklinga.

I desse småe sitati er det nøgdi av innebygde påstand, halvkvedne visor og skjematenkjing. Eit godt halvt hundradår etterpå myldrar motspursmåli fram: Kva er demokratisk i målvegen? Er det å tvinga på folkefleirtalet/målfolkfleirtalet offentlege målbrigde som dei ikkje hev bede um eller ynskjer? Er det å tvinga på folket ei offentleg målplanleggjing som hev til siktemål å tyna tvo skriftmål, kjære for mange, og kunstkonstruera eit nytt? Er det å tyna den tradisjonen som det unge skriftmålet nynorsk hev vunne seg, og med eit byråkratgrep arkaisera og setja forbod mot dei skriftvanane som folket hev lært seg? Er det å setja ei fåmannsnemnd, endåtil utan serskilde språklege fyresetnader, til å råda og rikja etter eige hovud yver det målet som høyrer heile folket til? Er det å riva sundt systemet i dette målet? Kva er demokratisk ved å tvinga folk til å skriva li i staden for det tilvande og historisk rette lid, når dei likevel lyt skriva tid og nid? Er demokrati i målvegen noko heilt anna i Noreg enn alle andre stader? Er ein systematisk høgnorsk normal - ein samnemnar for det heimlege tilfanget i målføri - meir fiendsleg mot det levande enn ein usystematisk normal?

Slik er det råd å halda fram. Klårt er det at det demokratiske i målvegen ikkje er ei ortofon avspegling av talemålet, men å vinna folk for ei målform med yvertydande grunnar. Bokmål er ikkje udemokratisk so lenge eit stort fleirtal nyttar det friviljugt. Høgnorskrørsla lyt aksla fyreloga si med å vekkja viljen til å reisa nynorsken i "sitt beste lag".

Utvikling? Ordet og umgrepet segjer ingenting um hendingane og grunnlaget for hendingane i ein tidbolk, plent ingen ting. Men slik ordet hev vorte bruka av målblandingstalsmenn, ligg det under at dette fantomet - utviklingi - stod for ei ubendeleg kraft, ei naturkraft grunnfest i ubrigdelege naturlover, som det ikkje berre var nyttelaust og fåfengt å setja seg imot, men bakstrevande. Utvikling? Ordbruket er i beste fall grunntenkt - grunn her bruka i tyding motsett av djup - i anna fall medvite villeidande. Kva var den tenkte utviklingi fyre krigen? Kva var den røynlege utviklingi? Og kva var den påtvinga utviklingi? Utvikling kann vera alt som hev med hendingar og hendingsgang å gjera. Det var då sanneleg ingenting anna enn utviklingi i Tyskland som førde til Hitler og den tyske nazismen.

Det fær vera med dette. Gustav Indrebø sa i utgreidingi si på umframtårsmøtet i Noregs Mållag den 13. februar 1938 (med i Fram daa, Frendar, 1957): "Det er skilnad på på å skriva um demokratiske grunnsetningar, og å liva etter dei".

Per Ivar Vaagland gav ut Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra i 1982. Det er eit upplysande og yversynleg arbeid, tilsikta sakleg, men ikkje heilt umerkt i ord og umdøming av meiningane til bokskrivaren, noko som sjølvsagt heller ikkje er ventande, um det etter mitt skyn med gagn gjerne kunde ha vore sagt ope kvar bokskrivaren stend. Det nasjonale tankegrunnlaget for høgnorsken er gjenomsyra av historiske synsmåtar, skriv Vaagland. Han legg til at heile grunnhåtten i høgnorsk historietenkjing var statisk; "kjernen var den nasjonale apokatastasis-læra (læra om oppattreising eller tilbakeføring til det opphavleg fullkomne)".

Dette er eit påstand og knapt meir, og eit påstand som ikkje er dekkjande for "heile grunnhåtten". Grunnhåtten i høgnorsk historietenkjing er meir samansett enn som so. Til dømes høyrer det med estetiske og systematiske umsyn.

Um det finst spreidde innslag i høgnorsk sogetenkjing som let seg tolka i den leid Vaagland tolkar dei, vil høgnorskfolk flest snaudt vedkjenna seg dei påhengde synsmåtane. Ei atterføring av norsk mål til det upphavlege, måtte vera til gamalnorsk (som heller ikkje er upphavleg). Ei slik atterføring hev ingen tenkt seg - med eit lite atterhald for Jan Prahl i ein viss tidleg livsbolk, og kanskje 1-2 andre einskildmenn. Ingen trur heller at gamalnorsk skulde vera noko fullkome mål. Og ikkje er det rett at i høgnorsktankane hev norsk mål vore "ein slags konstant". Nei, men derimot ligg det i høgnorsktanken at skal nynorsk skriftmål ha framvon og livsvon, må målet vera like "konstant" som andre skriftmål, som svensk, dansk, engelsk, tysk, fransk, færøysk, arabisk, gresk, russisk, polsk -. Skal eit ungt og nyreist skriftmål i ei trengd tevlingsstoda greida seg, må det få festna seg i fred, utan klåfingra umbrigding og fikling, like lenge som gamle og innarbeidde kulturmål fær vera i fred. Eit skriftmål som vedvarande er i støypeskeidi fær ikkje folk med seg. Slett ikkje eit ungt skriftmål. Det hev vorte stadfest til yvermål i 50 år!

Kristian Ihle Hanto brukar høgnorskordet mykje deskriptivt - til namnemerkjing - i Ideologiar i norsk målreising (1986). Meiningane til bokskrivaren er ikkje heilt usynlege, men han legg vinn på å skuva dei i bakgrunnen og yta rettferd til alle kantar. Han skil millom på den eine sida nasjonalt og høgnorsk tankegrunnlag, og på hi sida sosialt, sameina med ymse avbrigde av nemningi i folkemål.

NASJONAL ELLER SOSIAL? INDRE MOTSETNADER I EIT MÅL

Eit par linor um ordi nasjonal og sosial. Det er ei mistyding at høgnorskfolk, ålment, skulde avnekta dei sosiale grunnane for målstriden. Dei sosiale grunnane er sjølvinnlysande. Med sosial er då meint målsleg tilknytnad til samfundslivet og til ymse samfundsgruppor, og reint serskilt tenkjer me på folketilknytnad - det vil i vårt fall helst segja tilknytnad til den norske ålmugen som var vanleg namn på folket til folket umsider vart kalla folk. Nasjonal og sosial norsk målreising er i røyndi tvo ord for det same. Det ynskte samsvaret millom skrivemåte og segjemåte, som sume sosiallynde målreisarar talar um, er ofte ei rein synkverving eller ei unåeleg luftspegling. Med eit lite undantak for tilfelle med høyrleg t i Austfold, segjer folk her til lands eller da eller de eller anna liknande. Men alle skriv i dag like fullt det. Dei tykkjer endåtil det er rett og rimeleg med denne innvande skrivemåten; dei upplever korkje undertrykkjing eller identitetstap. I målføreskriving møter me serhendes til dømes "dæ", og der er det ein høveleg plass. Sist på 1800-talet freista einskilde med "dæ" i normalnorsk, men det døydde burt. Ingen upplever skrivemåtar som "dæ" for serskilt frigjerande!

Slik er det med so mange ord, ordlag og bøygningsformer. Som h i hjelp, k i skjera, g i gjerne. Me skriv folket, huset, landet, men dei fleste segjer folke, huse, lande. Alle skriv gutar, hestar, bygder, men dei fleste vestpå og nordpå segjer guta, hesta, bygde. Heller ikkje dette bryt tilsynelatande ned identitet og sjølvkjensla. Sume målskrivande segjer nokre stader solo, bygdo osb., språkleg sétt ligg det like nær å skriva "soli", "bygdi" " som "sola", "bygda". Den fyrstnemnde formi, i-formi, held uppe det vidspreidde skiljet millom linne og sterke hokynsord. Bokmålsbrukarar skriv "jeg", men segjer "jei", "jai", je" og liknande. Dei skriv som dei talar. Trur dei gjerne. Bokmålsformene "solen, gjerningen" ligg like nær "soli, gjerningi" som "sola, gjerninga". Men kvifor setja forbod mot det vidspreidde notidordet hev av ha(va) og mot den ålmenne fortidsendingi -de i modale hjelpeverb - kunde, skulde, vilde? Her kom eit kunstlaga regelbrot inn i offisielt skriftmål, eitt av mange uturvande brot med systematikken.

I vårt vide og lange land er det mengder med talemålsavbrigde, stundom innanfor same heradsgrensone. Skulde me få røynleg samsvar millom tale og skrift, laut det brukast ljodskrift. Eit slikt skriftmål vilde i det heile ikkje lata seg læra. Og i røyndi vilde det tyna all tanke på eit landsdekkjande norskrøtt normalmål. Det er heller ingen som for ålvor hev kravd noko slikt; derimot hev sume tala lettvint og luftleg um at det må vera samsvar millom munnleg og skriftleg mål.

Noko sjølvsagt: Det munnlege talemålet vert uppfanga frå spedbarnsalder, usystematisk og umedvite, og med tilsig frå mange og mangslungne kjeldor. Skriftmålet vert innlært medvite og systematisk når barnet hev nått ei viss mogning; det vert bruka på andre måtar enn talemålet, det hev andre uppgåvor; det skal yverføra bodskapar ikkje berre millom samtidsmenneskje, men til komande ættleder slik tidlegare ættleder yverfører bodskapar til oss. Og det hev - eller bør ha - ei mynsterform som på andre steget verkar inn att på talemålet. Det er røynleg slik leveføre skriftmål flest verkar. Ein slik høgnorsk er det me ynskjer, ein høgnorsk som held uppe og tek vare på systematikk og norskrøtt grunnfang i målføri.

Venteleg kjem folket og talemålet, i alle høve og i minsto i all synleg framtid, til å verta verande uppkløyvt i slike indre og kulturgjevne ulikskapar som me og finn utanfor vårt land - ulikskapar med bakgrunn i landsluter, lægje, landslag, yrkje, stand, klasse, alder, utdaning og meir. Det er tale um skifterikdom og mangfelde. Med vekttunge grunnar er det sagt av naturkunnande at mangfelde er eit serkjenne og eit vilkår for liv og livsvokster. Det er ikkje urimeleg å knyta dette til målet, for målet er òg ei frukt i naturen sin store hage, som mennesket sjølv er det. I eit slikt biologisk hopeheng finn me heimstadrett, leverett og vern for vårt mål og alle dei andre småe måli. Innanfor vårt norske målvald er det òg råd, på same grunnlag, å finna verjemål for talemålsavbrigdi og målføremangfeldet. Ser me det under nasjonalt ljos, er det etter mitt syn like klårt at skal vårt nynorske nasjonalmål greida seg millom dei andre måli, so trengst det for oss som for andre ei riksform som i vårt serhøve bør og vera romsleg serleg i formverk og som ikkje stengjer av for indre liv og avbrigderikdom.

At ei slik høgnorsk riksform skulde sikta på å verta statisk, er ei like stor hildring som å tru at det let seg gjera å reisa eit sams nasjonalmål som siktar på å vera uppsmuldra i ei endelaus myrja av jamstelte og understelte skrivemåtar og former. Her trengst ein millomveg både på den eine visi og hi. Det er stor skilnad på ein tilsikta nokolunde fri umvokster i målet, og ei tilsikta offentleg utflating og målblanding og einsretting.

I Danmark hev dei ei målnemnd av anna slag enn her til lands. Målnemndi skal verna og vyrdsla um det danske målet "som bærer af tradition og kulturel kontinuitet". Opnar målnemndi i Danmark for eitkvart nytt i skriftmålet - det hender sjeldan og sers finhendt -so er det vanleg at det nye kjem med når rettskrivingsordboki deira skal ut i ny utgåve. Soleis var det då dei i 1996 (Nyt fra Sprognævnet 1/1996 og 3/1997) opna for nye kommareglar - tenk for eit målbrigde! -, då tok dei inn det nye kommasystemet, men med fullt høve til å bruka det gamle. Dette siste er grunnleggjande: um ein ny skrivemåte eller ei ny form vert godkjend, so må den gamle skrivemåten eller formi få vera jamstelt heilt til den eine, gamal eller ny, um lang tid, kanskje meir enn eitt hundradår, hev vore einerådande. Og vert dei ikkje einerådande nokon, so fær tvo former eller tvo skrivemåtar leva jamsides. Det hev frå dansk målnemndhald vore fastslege at brigde i skriftmålet må vera småe og fåe - ja, so fåe og småe at dei ikkje er merkande frå den eine ættleden til den andre. Dette er i godt samsvar med Ivar Aasens synsmåtar; han sanna fleire gonger at det unge norskrøtte målet trong tiljenkingar "i småting", men elles var han imot uturvande målbrigde. Aasen hadde alltid umsynet til det jamne folket i tanke, umsynet til alle dei som hev minst tid og høve til å sysla med endelaus nylæring av vårt lands mål, det er nett dei som hev mest plaga og ulempa av eit skriftmål som ustanseleg er i umstøyping. Dette er ei avgjerande sosial side ved skriftmålet, som vart og vert godt som iheltagd av målreformistar. Dette òg hev med demokrati å gjera.

Ein ting for seg er at målblandingsstrevarane og målet deira slett ikkje er mindre elitære eller "aristokratiske" enn høgnorskvenene og høgnorsken. Tvert um. Målreformismen på nynorsksida hev vore og er ei fåmannsgjerning for serutvalde skulelærde; ordlistemålet deira er so uppbrote og tilfløkt med slumpesame petimeterreglar at sume kallar det ulærleg for folk flest. Og utan indre styrke og tildragingskraft. Det flyt på offentlege direktiv.

EIT UPPTAK PÅ SUNNMØRE

I 1972 vart det freista å reisa eit Sunnmøre Høgnorsklag. Noko stort fyrebuingsarbeid vart det snaudt drive; dei som arbeidde med det var fyrst og sist Sigurd Slyngstad, Vatne på Nordre Sunnmøre, og Lars Festøy, upphavleg frå Vartdal på Sunnmøre, men buande i Tresfjord i Romsdal. Desse tvo var drivkreftene bak Sunnmøre Vestmannalag, serleg då Sigurd Slyngstad. Fyrebuingi av Sunnmøre Høgnorsklag heldt seg til det personlege planet, gjenom brev og telefon. Lars Festøy skreiv innlegg i Sunnmørsposten 25. mai 1972, "Honnør for høgnorsk", og "Høgnorsk" 9. mars 1973.

Volda gjekk Reidar Strand ikring med underskriftslista for det påtenkte laget, og på nokre fåe dagar fekk han kring 40 underskrifter, dei fleste frå Volda og Ørsta. Og fleire hadde det nok vorte, um Strand hadde rokke yver meir. Underskriftslista hev titel Sunnmøre Høgnorsklag, og i teksti, underskrivi i Ålesund 14. april 1972, heiter det millom anna:

Motivet for det nye laget er godhugen for eit vel vyrdsla norsk mål.

Planen um at nynorsk og bokmål kunde arbeidast saman til eitt mål, vart definitivt avliva i 1950-åri av Foreldreaksjonen. I tidi etterpå gjekk bokmålet attende til si norsk-danske form. Nynorsken derimot heldt fram med målblanding som øydelagde vyrdnaden for målet vårt. Denne klåre fylgja av samnorsk-ideologien, drog og dreg folket burt frå nynorsken som skriftmål.

Våre beste målkunnige visste at målblanding kom til å draga den vegen. Det er klårt for alle no at dei såg rett.

Me trur det er filologisk og politisk rett å arbeida inn namnet Høgnorsk. - Det er ikkje noko nytt namn. I Norsk Aarbok for 1922 skreiv professor Torleiv Hannaas om: "Høgnorsk eller flatnorsk". Han skreiv imot målblanding, og for ei radikal fullnorsk målreising: Eit høgnorsk skriftmal, bygt på bygdemåli utan omsyn til norsk-dansk, men i harmoni med folkevisone og onnor norsk folkedikting.

Kjende menn som sokna til a-målet, t.d. Kristofer Uppdal m.fl. sa seg samde i kravet om eit vyrdsla og fastbygt norsk mål. I læreboknormal og praktisk målarbeid må i-mål og a-mål vera jamstelte. Talemålet og den litterære tradisjonen i nynorsken gjer ei slik jamstelling naturleg.

Med den gode tilslutnaden vart det tillyst skipingsmøte på Kafeteria i Volda i februar 1973. Frammøtet var ikkje yverveldande, millom 5 og 10 personar, men eit skralt frammøte som dette var no ikkje uvanleg på andre målmøte heller. Laget vart formelt skipa den 24. februar 1973. I styret kom Lars Festøy, formann, Anfinn Teigen, Sigurd Slyngstad, Havtor Hovden, Reidar Strand og Synnøve Røys. I fyremålsparagrafen heiter det: "Høgnorsk er nemning for mønstergodt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag. Vår uppgåva er å vyrdsla um Høgnorsk so det kan ha rett til dette namnet".

Laget vart nemnt med utførleg melding frå lagsskipingi i voldabladet Møre 3/3-1973, og det var meldingar i Gula Tidend (9/3), Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten. Elles vart laget og ikkje minst lagsnamnet påansa millom målfolk vide stader i landet. Større arbeid vidare gjorde ikkje laget, noko kanskje av di dei mest verksame budde langt ifrå kvarandre og drog på åri, noko av di sume underskrivarar truleg var noko tvilande serleg til namnet. No rundt eit kvart hundradår etterpå er det vel klårt at tidleg 70-talet var leivdene av samnorsktenkjing enno for sterke til at eit slikt lag kunde få røynleg spelerom då. Laget gjekk soleis i dvale straks det var skipa. Det var for tidleg. Sidan fall dei tvo upptaksmennene burt.

Utetter 70-talet og endå meir på 80-talet og no på 90-talet hev nye tankar vunne aukande styrke. Dei nasjonale grunnane for målet og målreisingi hev kome i frontlina att, men ikkje åleine. Sosiale drivkrefter er no som tidlegare klåre nok, og det er ikkje lenger tabulagt å visa til estetiske umsyn. Det er heller ikkje ulovleg lenger å halda målsaki mest av alt for ei kultursak. Eit nytt forsvarspoeng og ei ny framkraft for mynstergod nynorsk hev vorte synleg, det er tankar framme um miljøvern i målvegen. Slike tankar dukkar stundom upp utanlands når det er tale um å verja små fåtalsmål som stend veikare enn høgnorsk i Noreg.

Samnorskslagord som no på 90-talet endå måtte flagra i vinden, er biletleg å rekna for visna nedfallsblad. Um samnorskstrevet med tidi kunde ha ført til eitt mål i landet, er det klårt for alle eller aller fleste at det hadde vorte eit heilt anna mål enn det høgnorskfolk og måIfolk hadde tenkt seg. Det hadde vorte eit moderat bokmål, med trygt ankarfeste i dansk målarv. Um offentleg teknokratisk målkonstruering hadde fenge halda fram - av einskilde kalla målplanleggjing - vilde vårt mål truleg gjenge inn i eit pinefullt millomstade, døyingsstadet, på vegen til endeleg avskiping av målet til røynleg alternativ i skule og styringsverk. Men um enn i jamn nedgang, hadde nok målet i lenge halde seg skriftleg so vidt synleg, som ein raritet for serinteresserte.

HØGNORSK ATTERFØDING MOT ÅR 2000

Høgnorsk atterføding - det er grunnlag for å nytta eit so kravstort ord - hev ete og et um seg, ordet og tanken bak ordet. I målpressa og millom målfolk. Ikkje minst millom dei som no er unge, dei hev ikkje den trollsflisi i augo som mange eldre dregst med etter uforlikleg målstrid under hardare himlar. Høgnorsknamnet hev vorte synleg att, rosande, eit mål å strekkja seg etter. Namnet er ingen sjeldsynt fugl lenger. Det er stovereint. Nils Hallan skreiv i bokmeldingi si, um Norsk Aarbok

Dette byrge organet som stansa i 1939, var sjølve flaggskipet for høgnorsken og det målstrev som søkte inspirasjon både i "Det skjulte Norge" og på Island og Færøyane. Om Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og alle som ynskjer eit heilnorsk mål, ville reise eit æreminne over avlidne hovdingar, skal dei vekkja oppatt Norsk Aarbok. So gjer dei ei kulturell bragd som munar.

Og ei kulturbragd er det å atterreisa til jamstelling sjølve målgrunnlaget for Norsk Aarbok, høgnorsken. I Eigenproduksjon nr. 37/1990 frå Universitetet i Bergen hev Bjarte Birkeland ein merknad til bokmeldingi åt Hallan. Her brukar han høgnorsknamnet som motpol til samnorsk. Med rette. I Ordet, kvartalsbladet til Riksmålsforbundet nr. 2/1996, ordar redaktøren um kva han legg i høgnorsk: "Høgnorsken - den konservative, vestlandsfarvete skriftnormal - fører sine aner tilbake til Ivar Aasen …" Dette er greidt, um nok ikkje alle blankt vil vera med på at høgnorsken skal vera serskilt vestlandsfarga, dei godtek typologiske avbrigde frå andre landsluter. Sume segjer heller midlandsfarga um formverket, men som det vonleg kjem fram i dette heftet, grip det høgnorske formverket ålmenn djupstruktur som rekk vidare enn Vest-Noreg og Mid-Noreg. I stavemåtar, ordskatt og målføring femner høgnorsken um alt landet. At høgnorskvener med bakgrunn i Aasen ynskjer etymylogisk og historisk rettkomne skriftformer, er det ingen tvil um. Ordet konservativ, verdekonsevativ, er til dels dekkjande um høgnorskrørsla dersom me med målkonservatisme meiner den konservatismen som brukarar av snart sagt alle andre skriftmål reknar for sjølvgjeven. Og som i vårt tilfelle, slik me ser det, er eit livsvilkår for målet. Rettare er det helst å kalla høgnorskrørsla radikal, med di ho bryt radkalt med den dominerande bokmålisera skulenorsken av i dag, og held fram eit eige alternativ. Eit stødt og fast skriftmål hev med tradisjon å gjera, motsett reformisme, og slik sétt kann me kallast radikale tradisjonalistar.

Me tek med korleis diktaren Olav H. Hauge såg på det, han rekna seg for høgnorskmann. Hans Olav Brendberg og Bård Eskeland var til Ulvik i Hardanger og tala med Olav H. Hauge og Bodil Cappelen sumaren 1989, og dei fortalde um møtet i målungdomsbladet Eg nr. 3/1989, utdrag attgjeve i Vestmannen nr. 7/1990 og uppattprenta i Norsk Tidend nr. 2/1994. Olav H. Hauge sa um høgnorsk: "Eg ser dei reknar målet mitt for høgnorsk. Det tek eg for ei æra".

Upptakti til eit Sunnmøre Høgnorsklag i 1972 hev bore ei viss frukt. Etter noko fyrearbeid millom anna av bladstyraren for Vestmannen, fekk me i 1994 Høgnorskringen, ein heller lausleg ihopbunden ring av frittståande og jamstelte korresponderande høgnorskvener, spreidde kring i landet. Meiningi var fyrst å vekkja liv i Sunnmøre Høgnorsklag att, men sidan folk melde seg frå vide kantar, vart landslutnamnet lite høveleg, og me stogga ved det landsdekkjande namnet Høgnorskringen. Um Høgnorskringen skal verta til ein vanleg samskipnad med formann og styre, eller um ringen som no skal verta verande eit lausleg ihopknytt og flatt - horisontalt - skipa hopelag av frie og ubundne høgnorskvener, det lyt tidi og dei innmelde høgnorskvenene avgjera.

Valfridom er eit vilkår for demokrati, slik me kjenner umgrepet. Sidan nynorsken kom inn i skulen, hev det yore valfridom millom viktuge typeformer. I 1892 hadde dei godkjende mynsterbøkene i skulen ulike formtypar, i 1901 vart det valfridom millom tvo målavbrigde, hægstadnormal og midlandsmål, i 1910 kom det inn nokre nye valfrie former, og i 1917 vart det full jamstelling millom i-mål og a-mål, med sume parallelle grunnbøker som krinsane sjølve valde imillom. Fyrst med tvangstilnærmingi av måli og 1938-brigdet vart det slutt på røynleg valfridom millom formtypar med bakgrunn i målføri, og i staden kom uppløysing av stavemåtar og formverk og påtvinga bokmålsiblanding. Nokor betring for det offisielle målet er, slik eg ser det, knapt ventande på indre eller ytre plan utan demokratisk valfridom kjem att med parallellutgåvor og fritt val millom i-mål og a-mål og millom sume andre grunnleggjande hovudtypar. Valfridomen hover truleg best på krinsplan eller grasrotplan der det er gjerleg.

Rettskrivingsmakarane dette hundradåret hev skapa mykje rot og røra for nynorsken, og kravet til Indrebø frå 1929 um større einskap, hev gode grunnar for seg i dag. Men dersom det skal verta på kostnad av tradisjonelle former, må høgnorskrørsla avvisa eit slikt einskapsstrev. I tvikløyvingi millom i-mål og a-mål er full og røynleg jamstelling ei gjenomgripande grunnsetning, men sidan i-målet i femti hev vore offisielt utestengt, er det i dagsens stoda påkravt for høgnorskrørsla å stydja i-målet, og vekkja folk, ikkje minst ungdom, for det fullklingande målet.

Høgnorskprogrammet stend fast og programmet ligg i namnet høgnorsk. Høgnorsk tek vare på den norskrøtte djupstrukturen i målføri, og er eit ideal for målføri å strekkja seg etter, men hev rom for gjenomgripande valfrie typeformer på norsk rot. Grunnmynsteret er Aasen-målet slik det i hovudsak vart medstelt og vyrdsla fram til kring 1920.