Høgnorskdagane:Mannjamning millom høgnorskt og norrønt

Frå Sambandet
Versjonen frå 16. april 2020 kl. 18:19 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

Av Terje Torgilstveit

Eg vil av skjønelege grunnar berre sjå på einskilde luter av måli i samanlikningi. Difor er det nok mykje eg ikkje fær teke med.

Aasen skriftfeste ein ny-norsk normal. Berre i dette ligg eit stort steg burt frå norrønt, men i denne skriftfestingi gjorde han óg eigne val, på godt og vondt. Um de les Indrebø si Norsk Målsoga, so vil de sjå at sjølv han ikkje alltid var like glad i Aasen sine val.

Verbi:

Høgnorsk; -a i alle infinitivsformer av verbet, som i norrønt. Ikkje noko tull med -e infinitiv eller kløyvd infinitiv.

Elles er det store skilnadar, p.g.a av nedbrytingi av person- og modus bøygningi av verbi. For å visa kor nedbrote t.d. personbøygningi hev vorte, vil eg nytta verbet å vera, i presens(notid):

sg.

1.pers em - eg er

2.pers ert - du er

3.pers er - han/ho er

pl.

1.pers erum - me er

2.pers eruð - de er

3.pers eru - dei er

Me nyttar ei verbform der norrønt nytta seks!

Kasus:

I millomnorsk tid gjekk kasusbøygningi i uppløysing, likevel var det i nokre dialektar fleire restar av dativ enn dei Aasen slepte inn. Deim og honom, hev jo motstykke i riksmål; dem og ham. Når det gjeld genitiv var det òg dialektar med betre haldne og meir av bøygde former, enn dei som er slepte inn i det høgnorske skriftmålet.

Substantiv:

I-forma i hokjønn:

I-forma er ein måte å nedteikna eit skilje me finn i nokre dialektar, millom til dømes solæ og visa / sola og viso.

Eg hev sett at i-former, bundi form av hokjønns substantiv, vert kalla sterke. Dette er tull, avdi skilnaden mellom sterk og linn bøying av hokjønns substantiv, berre gjeld i norrønt. Der det er eit skilje millom fåe og mange bøygningsformer.

-Sterk bøying m/bunden form:

Her kunde fleire stamme-typar vore valde, men eg hev teke eit døme frå ó-stammane.

Mynster; mQn, man/faks.

Eintal: N mQn + in = mQnin

A manar + innar = manarinnar

G mQn + inni = mQninni

D mQn + ina = mQnina

Fleirtal: N manar + inar = manarnar (bortfall av i)

A mana + inna = mananna (bortfall av i pga av a)

G mQnum+ inum = mQnunum

D manar + inar = manarnar

-Linn bøygning m/bundi form:

Mynster; saga.

(Dette mynsteret gjeld hovudsakleg urnordiske ón-, wón-, jón- og ijón-stammar.)

Eintal: N saga + in = sagan (bortfall av i pga a)

A sQgu + innar = sQgunnar

G sQgu + inni = sQgunni

D sQgu + ina = sQguna

Fleirtal: N sQgur +

A sagna + O.S.B.

G sQgum +

D sQgur +

Sams for dei andre nordiske måli er at dei hev halde på -n i hokjønn óg. Aasen ville ikkje det, avdi han var redd for danske tilstandar:

Dansk, 2 kjønn, bestemt form: Drengen, pigen og huset.

Men i t.d. svensk hev dei utljodane -n, og hev likevel halde på hokjønnet:

Svensk, 3 kjønn, bestemt form: Pojken, men flickan og huset.

Endingsvokalar:

I gamalnorsk ofte: a, e og o/u(ofte vokalharmoni).

Gamalislandsk: a, i og o(eldre?)/u(yngre?).

I norrønt, ikkje noko kjønns-skilje millom i og e: armrinn og mQnin / (gamalnorsk:) armrenn og mQnen. Men der er det skapt eit skilje i høgnorsk: mannen mot soli.

Umljod:

Eit kjenneteikn på vestnordisk er at omljodane hev verka sterkare enn i austnordisk. I dette høve hev høgnorsk halde betre på omljodsvokalane. Døme: gåve mot gave.

Høgnorsk hev òg halde på det gamle skiftet millom ikkje-omlydt eintal, døme barn, og omlydt fleirtal, døme born.

Ordtilfanget:

· Dei høgnorske/ny-norske ordi er tufta på norrøn grunn, og ein hev prøvt å luka ut millom anna lågtysken. Men óg andre framandord, der me sjølve hev gode ord. Kor flink ein har vore med å halda oppe ordi, kann de sjå sjølve med å fyrst slå upp i norrøn-orboki, og deretter slå opp i den ny-(/høg-)norske.