God norsk. Innlegg i målbrigdesaki

Frå Sambandet
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 11:25 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Dette innlegget i målbrigdesaki formar seg som ei rad med meir frittståande utgreidingar. Sumt er svar på innlegg som hev stade i bladi. Alt saman er — liksom det eg hev skrive fyrr um desse spursmål — motmæle mot det målbrigdeframlegget som ligg fyre, og mot den måten saki hev vorte uppteki på. Det er eit innlegg for ei betre sak-fyrebuing, når målbrigdesaki eingong er reist.

Eg vil fyrst få strika under:

Målbrigdesaki er eit viktugt spursmål.

Ikkje so sjeldan i det ordskiftet som hev vore siste året, hev målbrigdemenn bore fram det argumentet at heile målbrigdesaki hev ovende lite å segja; det er i grunnen ikkje noko å ordskiftast stort um. Det er endefram skam at her hev vorte strid! Helst unge menn, trur eg, skriv soleis, men gamle òg.

Ein lyt undra seg yver å lesa og høyra slikt.

Skriftmålet: lære-emne og eit hovudfag i skulane; åndsens reidskap for heile folket; grunnlaget for høgre kultur; dertil det fremste nasjonal-minne og -merke for eit folk; ei djuptgripande umskiping av det skulde ikkje ha stort å segja! Det er ei ikkje liti sjølvmotsegjing når målbrigdemenn talar soleis. Kvifor er dei då med og reiser stor strid um saki? Løgje er det òg: I utlandi strævar nystavarane av all makt med å visa kor viktugt stavingsspursmålet er pædagogisk, økonomisk og sosialt. Her talar og skriv mange nystavarar um kor lite eit spursmål det er.

Det røynlege er, at ein velskipa og konsekvent ortografi for det ålmenne skriftmålet er ein av dei største kulturelle og pædagogiske godar for eit folk. Ein vanskipa og inkonsekvent ortografi er eitt av dei verste strafferis. Hjå oss er det dessutan ikkje spursmål berre um ortografi, men um målformi òg, dermed stend endå større nasjonale interessor på spel.

Det røynlege er dessutan, at er fyrst eit brigde — ortografisk eller språklegt — vedteke og sett i verk, so er skriftmålet noko av det tungvintaste som finst å reformera um att. Misstig som vert gjorde, kann sers vanskeleg bøtast (jamvel um det nasjonale ein gong skulde koma på mode her i Noreg, som det venteleg gjer).

Difor gjer me alle rett i å lata det stå klårt, at den målbrigdesaki som er uppe, er eit ov-viktugt emne nasjonalt, kulturelt og pædagogisk. Det er ikkje teikn på nokor frigjord syn å låst som ho ikkje var det. Det er likesælt eller tilgjort.

Kva er hovudskilnaden millom norsk og dansk?

Fyremålet med den nynorske målreisingi hev vore å få løyst mål-unionen med Danmark, og få reist eit sjølvstendigt norsk nasjonal-skriftmål. Det som mange no er rædde for, er at det målbrigde som rettskrivingsnemndi gjer framlegg um, skal skada den norske serhåtten i «nynorsken»; at framlegget i seg sjølv skal vera ei utgliding frå den nasjonale lina, og at det skal leggja vegen open for meir utgliding seinare. Andre hævdar likso ihuga at dette er ikkje soleis.

Det kann då vera nyttigt å freista gjera klårt fyre seg kva som er hovudskilmerke millom norsk og dansk, — og kva nemndtilrådingi gjer med desse skilmerki.

Mange vil halda dei harde medljodane (p, t, k) for hovudskilmerket. Dei er eit viktugt merke. Men hovudskilmerket kann dei no ikkje kallast, for «han smaga(r)» høyrest norsk trass i g'en og «han smaker» er halvdansk trass i k'en. — Dei harde konsonantane i nynorsk kjem ikkje nemndi inn på, let deim altso stå.

Dei fleste vil dertil nemna tviljodane (au, øy, ei, og ogso ju, jo). Og dei gamle «ekte» tviljodane er eit sers viktugt skilmerke andsynes dansk, som berre hev nyare, «uekte» tviljodar. Eit norsk skriftmål som vil understrika den norske serhåtten, lyt verna um deim. — Nemndi gjer tviljoden obligatorisk att i nynorsk i ordi aust, draum, haust, saum, straum. Det er eit framstig. På hi sida forbyd ho tviljoden i ei rad med ord (løk, handelsvara, røst, søle, trøst o. fl.), fører inn nye sideformer som østre, dem, deres, og held uppe slike sideformer som drømme, strømme, flomme, høre o. fl. Den umsynslause veidingi ho driv på ljodane ju, jo tener òg til å veikja tviljod-serdraget i nynorsken. I det heile hev nemndi gjort ein god mun meir til å bægja for tvilj odane i nynorsk enn til å hjelpa deim fram.[1]

For fleirtalet av folket kjennest dei linne ljodane kj, gj framfyre ljodlette vokalar som eit viktugt skilmerke, — mot k, g i dansk (tenkja, byggja, tenkjer, byggjer — tænke(r), bygge(r). I stor mun er slik kj, gj eit sosialt målskil òg i Noreg; for svært mange nordmenn er det noko av det mest frigjerande ved nynorsken, at han godtek og lyfter upp dei linne kj- og gj-ljodane. (I Sudaust-Noreg er dette onnorleis. Like vel der òg typane bylgje, syrgjer, og ordet bikkje). — Nemndi arbeider imot desse ljodane, og strævar etter at skriftbilætet her skal verta so likt dansk (norskdansk) som råd er.

Eit anna sermerke er at norsk hev meir av i-ljodbrigde («lint ljodbrigde») enn dansk. — Nemndi let i fleire høve ikkje denne grunnfeste norske ljodlovi gjelda.

På fleire punkt veikjer soleis nemndi den nasjonale serhåtten i skriftnorsk. I same leid dreg det at ho reint ortografisk ofte skipar nynorsk til etter dansk (ved skrivemåtar som skjær — her og mangt anna). Ein ortografisk skipnad som ikkje er tilmåta etter norsk målbygnad, veikjer den nasjonale serhåtten ikkje berre beinveges, men umveges òg. Han gjer det vanskelegt eller umogelegt for mange gode norske folkemålsord å hævda seg i skriftmålet. Og han avlar fordom mot sernorske ord og sernorsk ordleggjing; det fær stempelen «gamaldags» på seg, og unorske ord og vendingar vert i folks tankar det «moderne».

Det hjelper ikkje um dei former nemndi gjer framlegg um finst i sumt talemål innanfor dei norske grensone òg. Um ei form finst på del og dei stadene i Noreg, er det ikkje dermed visst at ho høver i eit normalmål som skal ha nasjonal karakter og nasjonal samanheng. Um drømme er rotekte nok t. d. på Romerike, høver det like vel ikkje i normalmålet, — likso lite som sten, som er rotnorsk t. d. i Øysterdalen, og tab, mad, som er rotnorsk t. d. på Jæren. Former som dette veikjer den nasjonale karakteren og samanhengen åt normalmålet, dersom dei vert upptekne.

Sjølve det aller viktugaste skilmerket millom norsk og dansk hev me like vel ikkje nemnt enno. Det er: I dansk hev alle endingsvokalar vorte avlita til e, i norsk tale hev full-ljodande endingsvokalar halde seg. Dansk: haner, en skriver, sommer, han svarer, snarere, snarest, visen, han kastede, har kastet, springende, deres, kjørrel, gammel; viser; en ilden pige; — norsk: hanar, ein skrivar, sumar, han svarar, snarare, snarast, visa, kasta, hev kasta, deira, springande, kjerald, gamal; visor, vikor, solung, Øyungen, Hurrungane, jøkul; soli (sola), opi (opa) dør, gjenta er utvaksi. Dei fulle endingsvokalane hev ikkje halde seg like godt i alle norske målføre, men dei finst i større eller mindre mun alle stader i bygd og by (so nær som i Bergen). a hev halde seg best. Men i-endingar og o- (u-, å-)endingar òg hev halde seg i rik mun: i t. d. i soli, husi nokre stader (annstad solé, husé med trong e, eller solæ, husæ); hustrin vida; kaldvøli, har biti seg i rik mun: i t. d. i soli, husi nokre stader (annstad solé, husé vestlandet o. fl. st.; skålinn(e) på Nordvestlandet, i Trøndelag o. fl. st.; grisi(r) i sume fjellmål og trøndemål; osb. Mest i er det i sume egdemål, og i nordvestlandske og trøndske mål. Austlands-mål òg hev bra med i. — o (u, å) hev ein t. d. i typen viso(r) frå indre Agder og nordetter, stort sét langs midlina av landet til og med Helgeland;[2] i typen vikur dertil på Austlandet; i typen viku (eintal) på Austlandet og i Trøndelag; i viso, viså (bundi form) på Sudvestlandet, i Møre og Romsdal o. fl. st.; i dativ hesto(m) frå Mjøsa, Voss, Ytre Sogn nordetter til og med Helgeland; osb. Triklangen a — u (o) — i, eller a — o — e eller båe, finst i ei eller onnor form i det aller meste av norsk talemål. Desse full-ljodande endingsvokalane skapar det viktugaste sosiale målskilet òg, etter som norskdansken, yverklassemålet her i landet, hev halde strengt på den danske e-målsharmonien. Det kann ikkje heita båtar, vikor, «har biti» i «det dannede talesprog», og ordet gæli (i-endingi saman med æ-en) merkjer sosialt den kjende militærpersonen «nummer 47» (»det er gæli alt jeg gjør»).

Denne ulike måten som norsk og dansk hev fare fram på med endingsvokalane, heng saman med sjølve måten å segja ordi på, tale-framburden eller aksenten. I dansk legg dei slik tyngd på rotstavingi at ord-enden vert radt avlita og vokalen meir eller mindre upp-eten. I norsk legg me nok òg i regelen hovudtyngdi på rotstavingi. Men me jamnar ljodtyngdi meir ut, so det vert meir ljodkraft att til endingane. Dermed hev endingsvokalane halde seg full-ljodande so mykje her hjå oss. Dansk stend med umsyn til dette målmerket saman med dei sentrale sudlege german-måli: tysk, hollendsk, engelsk. Norsk stend saman med dei andre germanske utkant-måli mot nord: svensk, islendsk, færøysk (målføret på Bornholm, i ytste utkanten av det danske målvaldet burtimot svensk, fylgjer dei nordlege mål i nokon mun). Både dansk og norsk stend soleis inni ein stor samanheng, kvar på sin kant. Målgranskarane hev i seinare tid fest seg meir enn fyrr ved denne aksent-skilnaden millom nord og sud i germansk.[3]

For di del full-ljodande endingane og vokal-triklangen heng saman med eit slikt djupt serlag i taleframburden, er del eit grunnleggjande merke, og me lyt sjå alt i éin samanheng.[4] Og normalmålet for dei norske målføri lyt ha dei full-ljodande endingane, og vokal-triklangen i ei eller onnor form, dersom det skal få ein rett nasjonal karakter. Dette hev ikkje vore klårt for alle målfolk.

Her er då det mest avgjerande punktet når det spyrst um nemndtilrådingi veikjer den nasjonale serhåtten i nynorsken eller ei. Korleis steller tilrådingi seg her?

Tilrådingi forbyd o-endingi i fleirtal visor, vikor, og endingi ung i ordet fjordung (skal tridjung, åttung, solung òg gå ut?), og o-endingi i nokor; tek dertil upp augene, ø(y)rene til «normalformer» i staden for augo, øyro, og gjer noe til sideform for noko. o-, u-endingane vert mesta ut-rudde or normalmålet. Praktisk tala berre endingane ut, ug i adjektiv som flekkut, vitug stend att.[5]

Likeins forbyd ho i-endingi i sterkt hokyn eintal og sterkt inkjekyn fleirtal (soli, husi), og i hokyn av adjektiv og partisip (opi, sliti). Alle i-endingar som hev vore i bruk i normalmålet til no, vert utrudde heilt, praktisk tala, og noko anna er ikkje sett i staden.[6]

a-endingi veikjer ho med å forbjoda notid-endingi ar i verb på -era og «i verb som» baka, smaka, med å tillata er i svarer og resten av a-verb med éin konsonant etter rotvokalen, og med å draga fram fortid-endingi te (de) og partisip-endingi t på kostnad av a i dei same slag a-verb. Dertil forbyd ho ordformene trettan, fjortan, gjer auge, ø(y)re til «normalformer» i staden for auga, øyra, tek upp sideformi Deres til Dykkar.[7]

Med dette veikjer tilrådingi den nasjonale serhåtten i det nynorske normalmålet mykje, — meir enn med noko anna. Den samla klangstyrken vert mindre, endings-triklangen kjem burt. Dei skjer ut or normalmålet eit hovuddrag som høyrer folkemålsgrunnlaget til. For samklangen millom ljodane — um han ikkje kjem fram ved kombinasjon av nett dei same endingar jamt — er eit språklegt faktum likso vel som den einskilde ljoden eller bøygjingsendingi. Kjem samklangen, samhøvet millom ljodane burt, byggjer dei ikkje normalmålet på norsk talemål lenger, men lempar det etter e-målsmynstret sunnanfor den store målgrensa.

I avis-innlegg gjenom mange år hev ein rett nok kunna lesa at bøygjingsendlngane hev ikkje stort å segja for den nasjonale karakteren åt eit mål. Sume hev halde fram dette no i ordskiftet um målbrigdeframlegget òg. Dei som skriv soleis hev ikkje kjennskap til det dei skriv um. Eller so skriv dei tendensiøst, til å verja e-målshåtten i norskdansken og dekkja yver den unasjonale karakteren åt det målet.

Andre løysingar.

På dette punktet lyt ein finna andre løysingar enn nemndi, dersom ein vil taka umsyn til nasjonale krav (som godt kann vera praktiske). Eg hev skrive sumt ved tidlegare høve um løysingar som kann tenkjast. Eg skal få taka litt upp att her.

Det rette, alt det me vil verja den nasjonale serhåtten i nynorsk, er å stydja og verna um dei full-ljodande endingane, og halda uppe vokaltriklangen. Me treng ikkje ottast at denne triklangen skal kverva or talemålet i nokor framtid som me kann rekna med, — so sant me ikkje med vald og med dei maktråder som ei statsmakt eig i dag, sjølve tyner honom ned. Han hev sitt faste grunnlag i den ålmenne norske aksenten eller taleframburden.

Endingi ar bør verta verande obligatorisk framleides både i bakar, smakar, svarar og i alle verb av den gruppa. Det er nærepå uskynande korleis nemndi kunde finna på å føra inn er her. Endingi ar gjeng ein god mun vidare i målføri i verb av denne typen enn t. d. i langstava verb som kastar eller i fleirtalsformi hestar, der ar fær stå. I dei ord der endingi ar hev stødast grunnlag i tala, gjeng nemndi til åtak på henne!

Regelen um fortid av verb som baka lyt formast um. Jfr. merknader frå rettskrivingsnemndi åt Noregs Mållag, s. 45.

Fleirtalsbøygjingi visor, vikor bør verta ståande. Me lyt ha o-endingar i normalmålet. Og denne fleirtalsbøygjingi er då den laglegaste til å ha med o. Typen visor gjeng ikkje lite vidt i talemålet, og typen vikor (stutt rotstaving) er vel fleirtalsform. I dei aller fleste bygdemål der ikkje nokon av typane visor, vikor nettupp råder no, hev me greidt merke etter fleirtalsendingi or. Desse bygdemåli skil strengt millom fleirtalsformer som vike(r), tvoge(r), med hard k, g, og sakje(r), sagje(r) med linn kj, gj; det er bøygjingi vikor, tvogor, mot saker, sager, som liver i desse bygdemåli på denne måten.

Vil dei ha tilnærming, kann dei taka upp dei stuttstava formene vikor, sogor, hosor, svipor m. fl. (eller vikur osb.) i bokmålet, fyrebils til sideformer. Det må kunna gå likso vel som furu, gutu, skyru, turu, boso, roko, som alt er upptekne (no med fleirtal furuer osb.). Det er sers gledelegt å sjå at bokmålet hev byrja taka upp dei norske endingane i ord som furu, gutu, skyru. Det gjer både grammatikken og klangen i bokmålet norskare. Denne gledelege norske voksteren i bokmålet skal ein ikkje setja stengje for med eit trehendt og uvyrde forbod mot o-endingi i nynorsk. — Vikor, sogor osb. opnar vegen so dei langstava ordi, visor (visur) osb., kann koma etter sidan.

I-endingane må ikkje landlysast or det nynorske normalmålet. Soli, husi og sola, husa må stå jamstelte som no. Som tilhøvi er, kann der ikkje gjerast noko brigde i det stykket. Derimot må ein no kunna gjera i-endingi obligatorisk både for «a-mål» og «i-mål» i hokyn av adjektiv og partisip («døra er opi» og «døri er opi», «ei vaksi gjente»). Desse adjektiv- og partisipformene møter ikkje motvilje på Austlandet, det hev me mange vitnemål um. I Trøndelag segjer dei mangestad soleis, og på Vestlandet, Agder, i Telemark og fjellbygdene skriv dei soleis (forutan at dei mange stader der hev denne typen i talemålet). Ein bør tenkja yver um ikkje òg supinum av sterke verb (d. e. formi etter hjelpeverbet hev) kann få ending på i: hev (har) biti. Det er ei austlandsk-trøndsk form. Tykkjer austlendingar og trønder mun i å få henne inn i skriftmålet, so greider egder, vestlendingar og nordlendingar å bruka henne rett. Men ho må i tilfelle koma som obligatorisk form. På dette punktet er det ingi kvasse motsetningar eller andre umstende som gjev grunn til å setja upp sideformer. Gjer me i-ending obligatorisk i hokyn av adjektiv og partisip og i supinum, vert «a-målet» mjukare og vinn storveges musikalsk. Og ein fær lyft upp sosialt i-endingane, som ikkje minst på Austlandet er so sermerkande for talemålet åt den jamne mannen, men som hev ein sterk sosial fordom imot seg der. Endeleg er det god von til at ein med ein sovoren skipnad kunde få bort irritasjonen millom «i-mål» og «a-mål». Og kjem berre denne ulukkelege irritasjonen burt, so kann soli — sola godt liva jamsides i normalmålet kor lenge det skal vera. Noko sideformer toler eit skriftmål godt. — Eg tykkjer det må vera betre å freista ei løysing slik med lempe og med godo, i staden for å gå fram etter dei velkjende standrettprinsippi frå diktaturlandi og freista drepa det eine med makt. Det er ein treneva politikk, forutan at me hev vant oss til her i landet å rekna honom for ufjelg.

[1] Dette gjeld det endelege framlegget òg, endå det skyt ut dem og ø fyre m.

[2] På ein måte lyt me rekna med her fleirtal visa, som ikkje kann gå inn under typen viser. Flt. visa finst mange stader i Trøndelag og Nord-Noreg.

[3] Jfr. A. Meillet, Caractères généraux des langues germaniques. 3. utg. s. 73 fotnote og s. 77 nedst (motsett 1. og 2. utg.). Arnold Nordling, De första germanerna (Finskt Museum 1929, s. 82).

[4] Ei einskild fylgje av denne store mållovi som heile endingssystemet i vårt mål byggjer på, er hokynsbøygjingi i norsk. Det sermerkte andsynes dansk og andre sudlege mål er ikkje at me hev, hokyn i norsk — det hev dei både i dei fleste danske målføre og i tysk —, men at hokynsordi hev fullvokalisk bøygjingsending.

[5] Det endelege framlegget gjeng lenger og gjer flekket til sideform, eller rettare hovudform (lærebokform).

[6] Endingane ig, ing, som stend att (trottig, lesing), kjennest lite sermerkte.

[7] Alt dette stend i det endelege framlegget òg, berre det at -ar vert sideform (men ikkje lærebokform) «i verb som» baka.

Fonetisk skrivemåte.

I ordskiftet som hev vore, hev ikkje sjeldan målbrigdemenn kravt med ofse ein fonetisk (ljodrett) skrivemåte for nynorsk. Det skal vera so moderne, og alt anna umoderne og mindre tenlegt. Ein innsendar t. d. i «Norsk Tidend» 29. mai 1936 talar um «den historisk-etymologiske skrivemåten», at han er ei hindring for all framgang; medan det fonetiske prinsippet derimot skal gjeva nynorsk «ei heilt moderne rettskriving».

Det er mykje uklårt i dette kravet um reindyrka fonetisk skrivemåte. Det kann vera grunn til å tala noko nøgnare um det.

Då er det for det fyrste å segja: Det er på ingen måte slik semje millom fagmenn no som målbrigdemenn vanleg synest tru, um at ein langt-driven fonetisk skrivemåte er ideell for eit kulturmål. Det skal me koma attende til seinare.

For det andre lyt me leggja vel merke til: Um ein reindyrka fonetisk skrivemåte hadde vore aldri so ideell for andre skriftmål i vår næmaste kulturkrins, so er han umogeleg til einaste prinsipp for nynorsk, — so sant nynorsken skal halda fast på det grunnlaget han hev bygt på til dessar. Krev me ein reindyrka fonetisk skrivemåte, forneittar me idealet og den serlege karakteren åt nynorsken.

Nynorsken vil byggja på a l l e røynleg norske målføre, vil vera ein samnemnar for alle dialektar innan det nasjonale målvaldet. Han stend i ei serstode her andsynes riksmåli i grannelandi, dei knyter seg upphavleg serskilt til serlege målføre (dansk til Sjællands-mål, svensk til Upplands-mål osb.).

Med eit slikt ideal for skriftmålet er det berre mogelegt å skriva ljodrett i visse serlege tilfelle. Det er når alle målføre fylgjest åt, anten so at alle i lag hev halde på gamle drag, eller so at alle i lag hev brigda seg på nett same måten. I sovorne tilfelle hev òg nynorsken ein sers ljodrett skrivemåte. Han hev ikkje ein einaste stum vokal. Han hev kasta stum t[1] og n[2] i ljodlett staving, og den stumme fortid-endingi de.[3] Nokre fleire slike brigde var det nok mogelegt å gjera (t. d. huse, de for huset, det; jelm for hjelm; jera, sjilja, sjera, for gjera, skilja, skjera). Men det er ikkje so mange. Og desse brigdi ser det ut til at dei som talar um fonetisk skrivemåte, i regelen ikkje tenkjer på. (Me skal ikkje dryfta her kor praktisk kvart av deim kunde vera).

Utanfor sovorne tilfelle er det ikkje råd til å tala med logisk meining um fonetisk skrivemåte i nynorsken, anten det so gjeld bøygjingsformer, ord eller ljodar.

Når «hest» i fleirtal heiter hestar, hesta, hester, heste i dialektane (ingi form hev absolut fleirtal);

når fleirtal av «vise» heiter visor, visur, visår, viso, visu, viså, visa, viser, vise, vis (ingi form hev vel fleirtal);

når ordet «millom» lyder: millom, myllom, myljo, mylja, milla, mellom, mella osb;

når rotvokalen i ordet «hole» er uttala på minst fire måtar: hole, holo (trong o), håle, høle, —

so er det greidt at det eksisterar ikkje nokon «ljodrett» skriftmåls-repræsentant for kvart av desse ordi. Eit skriftmål kann ikkje gjeva eit ljodrett bilæte av fleire ulike segjemåtar samstundes.

Det som nynorsken, når han skal halda på sitt ideal å vera generalnemnar, kann og lyt gjera, er å finna typeformer. Typeformer som so mange målføreformer som mogelegt, og helst alle, naturleg og organisk kann gå upp i. Som mest mogelegt let det fylgjast åt i skriftmålet som fylgjest i målføri, og let det vera skilt på eikor vis som er skilt i målføri. Ein lyt finna former som er nokolunde lette og greidføre for mange eller alle, um dei so stundom ikkje vert heilt rette anna berre for nokre få. Ofte lyt ein då ty til noko gamalvorne former, — grunnformene. Det syner seg at dei gjerne er romslegast og kann semja saman flest nyare avbrigde (soleis t. d. hestar, og ogso visor (visur), millom osb.). Når Aasens normalmål røynleg hev ymse gamalvorne former, er det ei logisk og naudsynleg fylgje av det fyremål han sette seg: å skapa eit skriftmål som var generalnemnar; og som opna organisk veg beint ifrå alle dei ymsande målføre upp til normalmålet. Vil ein ha det eine her, lyt ein taka med det andre.

Fonetisk skrivemåte for eit mål utanum dei høve då alle dialektar fylgjest åt, kann det berre verta tale um, dersom ein legg eit einskilt målføre til grunn. Og di strengare ein vil skriva fonetisk, di trongare lyt ein draga grensone for det målføret ein vil byggja på. Av den grunn strikar òg dei fonetiske nystavarane i utlandet sterkt under, at skriftmålet må berre taka umsyn til uttala i riksmålet, det er til dialekten åt dei mest velhjelpte, dei tonegjevande og dei boklærde. Dei svenske nystavarhovdingane A. Noreen og J. A. Lundell t. d. hev halde fram dette, Lundell sist i skrifti si «Svensk rättstavning» (1934). O. C. Lendle segjer i den store rettskrivingsboki si, «Die Schreibung der germanischen Sprachen und ihre Standardisierung» (1935): «Grunnlag for ljodmerkjingi og for skrivemåten av ordi lyt den uttala i dei einskilde mål vera som ålment er rekna for mynstergild, normal riksmålsuttale». Vil me skriva fonetisk i nynorsk når dialektane ikkje fylgjest, lyt då me åg sleppa grunnsetningi um at normalmålet skal vera ein generalnenmar som brukar typeformer. Me lyt gå yver til å byggja på ei einskild målgrein, — meir avgrensa di strengare fonetisk me vil ha det. Kva for ei målgrein som då vert lagd til grunn, er det etter umstendi og makt-høvi i landet ikkje tvil um. Det vert talemålet i den folketettaste landsluten, sudausthyrna av Noreg (som like vel ikkje hev meir enn 28 pst. av det samla folketalet i riket). Eit talemål som i ymse ting gjeng ein annan veg enn resten av landet, og som i bystrok og villastrok, serskilt millom yverklassa og millomklassa, er sterkt uppblanda med dansk.

Ikkje alle som krev «fonetisk» nystaving i nynorsk, ser ut til å ha skyna dette. Men fagkunnige skynar det. Professor D. A. Seip t. d., som vil ha nynorsken meir «ljodrett»,[4] krev samstundes sterkt at ei målgrein, den vikske, skal leggjast til grunn.

Det er då radt naturlegt at det hev gjenge som det hev med den departementale rettskrivingsnemndi, når ho freistar — ustødt og slumpesamt — å reformera nynorsk noko i «fonetisk» leid. Brigdi ho gjer, tek fyrst og fremst umsyn til sudausthyrna av landet. Jfr. professor Seips ord: «Mye av det som blir brukt på Sør-Østlandet, får nå en bedre stilling i begge målformer». «Komiteen har nærmet sig til den språkform som har sitt ophav på Sør-Østlandet».

— Sjølvsagt stend det fritt fyre for deim som vil å reisa kravet um eit reindyrka fonetisk skriftmål, og dermed det faktiske kravet um eit viksk dialektmål (med tilvik til å opna seg mot dansk). Dei må berre ikkje segja at dette er etter Ivar Aasens ånd, eller i samsvar med den nynorske målreisings-ideen. Det me fær vert korkje Ivar Aasens form eller etter Ivar Aasens ånd.

«Breidt folkemåls grunnlag». Sume hev meint at det kann vera ein tridje utveg, ein millomveg millom Ivar Aasens riksnorsk og so (dansk-lita) lokal sudaustnorsk: Ein kann i kvart høve velja den form som hev fleirtalet attum seg, det same kvar i landet fleirtalet for kvart einskilt høve finst. So fær me «fleirtalsnorsk». Bokstaveleg på den måten hev visst mange teke ordi um «breidt folkemålsgrunnlag» i mandatet åt rettskrivingsnemndi. Deilvis var vel ordi meinte soleis.

Men her lyt me leggja merkje til:

Fyrst: I svært mange, viktuge høve hev ingi einskild dialektform absolut fleirtal. Målføri kløyver seg upp ikkje berre på tvo, men på tri, fire, ja ei heil rad med sideformer, som kvar for seg er i mindretal alle i hop. Bøygjings-avbrigdi hestar, hesta, hester, heste (fleirtal av hankynsord) er soleis mindretalsformer alle saman. Likeins avbrigdi visor, visur, visår, viso, visu, viså, visa, viser, vise, vis (fleirtal av lint hokyn). Osb. I sovorne tilfelle, då det er so mange sideformer å velja millom, vil den formi som hev dei folketettaste stroki ikring hovudstaden med seg, svært ofte ha von um å verta den relativt folkesterkaste. Og er fleire sideformer nokolunde jamsterke, vil òg i praksis den ikring hovudstaden få fyremunen. Prinsippet: den talemålsformi i kvart høve som hev (relativt) fleirtal, fører soleis i røyndi åg til eit heller sudaustlandsk farga, lokalt mål. Det vert helst ikkje slike former ein fær som kann segjast vera gode typeformer, og som best kann semja saman alle avbrigde og vera nokolunde laglege for heile landet.

Di næst: Det vert eit rotut, stygt mål, dersom ein i kvart høve skal plukka mekanisk upp den relativt folkesterkaste dialektformi kvar ein so finn henne. Eit mål utan harmonisk samanheng og uppbygnad, og dermed eit vanskelegt mål å læra. Til å få bøtt på dette, vert den som ikkje godtek Ivar Aasens prinsipp um riksnorske typeformer, nøydd til å stydja seg til ei serskild målgrein framfor andre. Og då vert det atter sudaustnorsken som kjem fram, og som prinsippet um «det breide folkemålsgrunnlaget» hamnar i.

Kravet um sudaustlandsk grunnlag ligg òg i røyndi ofte gøymt i det ropet um «folkemål» rett og slett, som ein høyrer rett som det er. — Namnet folkemål hev talemålet på alle kantar av landet rett på, og det er likso mange folkemål som det er målføre. Landsmålet er samlingsform for deim. Men sume set «folkemål» i motsetning til Ivar Aasens landsmål, og det er gjerne vikske målavbrigde dei då vil ha fram under den etiketten. Det er meir populært å bruka eit slikt umskrivande ord i staden for det rette ordet beint fram. Men det rette ordet vilde klårleggja saki meir.

[1] Anna, noko, ope, slite osb. Undantak: huset; det.

[2] Visa. I nordan(-frå) er n ikkje ålment stum.

[3] Ogso r i bunde fleirtal (hestane) er kasta. Her liver sume merke etter ljoden att i tala.

[4] Utan at han sjølv skriv eller talar nynorsk.

Er reint fonetisk skrivemåte ideell eller «moderne»?

Nynorsken kann ikkje etter si serlege natur ha ein reindyrka fonetisk skrivemåte, — so sant han vil halda uppe idealet sitt. Skriftmål av vanleg type, som frå fyrstonne knytte seg til serskilde målføre, og no knyter seg til nokolunde fast-forma rikstalemål, kann det. Me vil no koma attende til det spursmålet: Er det u-imotsagt i vår tid at den reint fonetiske skrivemåten er ideell for slike skriftmål?

Ikkje fåe som hev vore med i avis-ordskifte her hjå oss det siste året, synest vera visse på det. I den departementale rettskrivingsnemndi synest i minsto nemndemennene Bojer og Natvig Pedersen ha den trygge meining at det er so. Desse tvo talar utan atterhald um at «vår tids krav» er «mest mulig lydrett rettskrivning» (d. v. s. ljodrett etter det talemålet som desse mennene sjølve brukar).

Men det er langt ifrå semje millom dei mållærde i dag um at ei reindyrka fonetisk rettskriving er ideell for eit kulturmål. For ein 50, ja berre 30 år sidan var der kann henda heller stor semje, i sume land; men ikkje no lenger. Problemi hev vorte upptekne til ny dryfting, og mange målgranskarar meiner no at det strengt fonetiske skriftprinsippet ikkje er noko fullkome prinsipp. Ikkje etter som vilkåri no ein gong er for eit skriftmål. Granskarane legg meir vekt no enn fyrr på andre prinsipp: samanhengslovi, umsynet til tradisjonen, til fastleik i skriftmålet, til tydlegskap. Og dei peikar på at skriftmålet alle dagar hev havt ein regulerande innverknad på talemålet, og i dag meir enn nokosinne. So ein skal ikkje vera for brå til å retta. Sume legg dertil vekt på at dei germanske folki ikkje meir enn turvande må skipla den likskap som etter skrivemåten no er millom dei ymse germanske mål. Ein skal ikkje leggja hindringar i vegen for kultursamkvæmet med å gjera det vanskelegare for folki å læra måli åt kvarandre.

Eg hev peika på i annan samanheng,[1] at dei svenske granskarar professorane Bengt Hesselman og Herman Geijer og rektorane Hilding Celander og Gideon Danell hev sagt seg imot dei gamle einsidugt fonetiske nystavar-prinsippi. Dei fleste svenske målgranskarar no luter nok til liknande synsmåtar som desse fire, meir eller mindre. Ikkje fåe av desse granskarane var fyrr truande fonetiske nystavarar av Adolf Noreens skule.

Her vil eg nemna, at jamvel slike som hyller den fonetiske grunnsyni, og er ihuga for nystaving, no gjer ymse atterhald, — både i Sverike og andre stader.

I Sverike gjorde alt den ihuga nystavaren professor Esaias Tegnér (1843-1928) eit sers viktugt atterhald andsynes det fonetiske prinsippet. Han formulera den grunnsetningi som han kalla samanhengslovi («samhörighetslagen») til utfylling og avgrensing. I skrifti «Natur och onatur i fråga om svensk rättskrivning» (1886) formulera han denne «lovi» soleis: «Sekundära bildningar behålla primärelementets stavning, där detta kan ske utan att förleda den läsande till et felaktigt uttal». Det vil segja: Ei fyremålstenleg rettskriving lyt taka umsyn til ordrøtene; ordroti bør jamt koma att i ubrigda form i bøygjing, avleiding og samansetning, so sant det ikkje forvildrar lesingi. Dette er ei ovviktug avgrensing av den fonetiske grunnsetningi.

Jamvel Adolf Noreen godtok samanhengslovi i ein viss mun. Det same gjer J. A. Lundell. Noreen (1854-1925) segjer i skrifti «Rättskrivningens grunder» (2. utg. 1920): «I ett bestämt fall både kan och bör, för at icke säga måste, samhörighetsgrundsatsen tillämpas». «Så är företrädesvis förhållandet med s. k. böjda och sammansatta ord .... av hänsyn till, att stavningen måste vara så lätt som möjligt» (s. 41 f.). I visse høve vil Noreen lata ordskilnadsgrunnsetningi òg gjelda. J. A. Lundell åtvarer i 1906 i skrifti «Fonetik och sunt förnuft i rättskrivning» mot eit framlegg um å skriva styft, refs med f etter uttala, når styv, rev vert skrivne med v. Me «strida en fruktlös strid mot tydliga utvecklingstendenser, om vi söka skärpa den fonetiska känsligheten och pressa tillbaka den rent psykiska (för betydelsesammanhang)». «Det lider intet tvivel, att under språkutvecklingens gång en bestämd tendens viser sig att låta psykiska moment överväga rent fysiska. Utvecklingen går även på detta område från materialism mot idealism. Betydelsesammanhang väger tyngre än ljudlagar». I 1934 peikar han på at etter den kunnskap me no hev, kann me ikkje stella upp det fonetiske kravet sameleis som fyrr. «För 50 eller 100 år sedan kunde man som skriftens ändamål uppställa att återgiva uttalet». No veit me at dette er praktisk umogelegt dersom me set kravet strengt. Dessutan strikar han under, at «riksspråkets skrift skall i regel återgiva det högtidliga föredragets ordformer». Når dei t. d. i svensk riksmål til dagleg segjer ä, va, ja, , sa, la, morron, men i høgtidleg upplesing segjer är, var, jag, det, sade, lade, morgon, so skal ein skriva dei siste formene («Svensk rättstavning» 1934). Det ligg ikkje so lite reservasjon i dette.

O. C. Lendle, som i boki «Die Schreibung der germanischen Sprachen und ihre Standardisierung» (Kjøbenhavn 1935) tek til ords for fonetiske umbøter i alle germanske mål, strikar gong på gong under at der er andre umsyn òg å taka enn dei fonetiske. Han legg sers mykje vekt på samanhengslovi òg, for ho gjer målet lettare å skriva. Dessutan vil han taka noko umsyn til ordskilnadsgrunnsetningi. Og han legg mykje vekt på at det einskilde folket skal sjå ut-um sine eigne landskil, so ikkje nye, reint ortografiske brigde uturvande lagar nye ulikskapar millom landi og hindrar kultursamkvæmet. Heller bør brigdi verta til lette for samkvæmet.

Den tyske nystavaren, språkmannen dr. Theodor Steche gav ut eit ihuga innlegg for skriftmåls-umbøter for nokre få år sidan: «Die deutsche Rechtschreibung. Stillstand oder Verbesserung» (Breslau 1932. 144 sidor). Han òg strikar på det sterkaste under at ei einsynt fonetisk umbot duger ikkje. Attåt den fonetiske grunnsetningi lyt ein setja «der Grundsatz der Stammgleichheit», det vil segja nett det same som Tegnér og dei svenske granskarane kallar «samhörighetslagen» og me samanhengslovi.

Samanhengslovi lyt avgrensa det fonetiske prinsippet.

For: Grunnsetningi um å lata stomnen koma att jamt i ei og same skriftform, «er til uvanleg stor lette når ein skal lesa det tyske målet. Det tyske målet hev mange bøygjingsformer, mange avleidde og samansette ord som vert uttala eins, men høyrer til ulike ordstomnar (Wergstoff — Werkstoff, radschlagen — ratschlagen osb.). Dei ulike skriftbilæte gjer det tydelegt for lesaren med ein gong, kva for ordstomnar og kva for tydingar som er meint. Dersom ein skal lesa sovorne ord med ljodrett staving, lyt ein fyrst tenkja seg til slikt ut av samanhengen». Tysk hev mykje meir med ord som utljodar på konsonant og mykje meir med samansette ord enn romanske mål. Difor lyt samanhengslovi gjelda for tysk ortografi, segjer Steche, endå um ho ikkje hev slikt verde for romanske mål. Rettskrivingsgrunnsetningane lyt lempa seg etter serhåtten åt kvart mål. Steche beint fram polemiserar mot reformatorar som vil ha det ljodrette prinsippet til einaste prinsipp: Slikt er «ei grunnleggjande villfaring. Det skader heile nystavarrørsla ovleg mykje» (s. 30-32). Det er vel å merka ein ihuga og sers kunnig nystavar som skriv soleis, ein med kjennskap til rettskrivingsproblemi i ymse land.
— Dei norderlendske mål hev same grunnhåtten som tysk i det stykket at dei hev mykje med ord som utljodar på konsonant og mykje med samansette ord.

Ein annan ihuga tysk nystavar, Theodor Hüpgens, hev òg nyleg halde fram at det fonetiske prinsippet bør avgrensast av samanhengslovi (»Ändert die Rechtschreibung». Leipzig 1933, s. 40).

Den danske målgranskaren Otto Jespersen, som hyller den fonetiske grunnsyni, hævdar at i det praktiske liv lyt ein ikkje dess minder taka umsyn til tradisjonen òg, til bruket. I artikkelen «Retskrivning og dannelse»[2] 1920 skriv han: «Det er eens pligt ikke at sprede opmærksomheden ved altfor mange afvigelser fra den tilvante retskrivning».

Det er soleis dugeleg misvisande når dei tvo nemndemennene Bojer og Natvig Pedersen skriv nett som det skulde vera eit samstelt krav frå «vår tid» å få «mest mulig lydrett rettskrivning». Med å skriva soleis gjev dei ikkje Kyrkjedepartementet nokor rettleiding um korleis problemet røynleg stend. Alt prinsipielt ordskifte um desse ting den siste mannsalderen, synest vera framandt land for deim. Dette ordskiftet hev elles ikkje sett noko merke på arbeidet åt resten av nemndi heller. — Dessutan hev korkje dei tvo eller resten av nemndi late det koma fram at reindyrka fonetisk skrivemåte i det heile ikkje let seg semja med serhåtten åt nynorsk.

Fastleik i skriftmålet, greide og konsekvente reglar, samanheng og system, hev mange gonger meir verde enn nokre ljodrette umbøter. Og serskilt hev det meir verde enn klatte-bøter, som berre rotar til. «Stadgar man ändring av stavning i ett visst antal ord, som icke sammanhålles av någon klar och lätt regel, och som därför måste särskilt uppräknas och som en läxa inläras; eller ändrar man enligt en regel, som man belämrat med undantag, vilka på samma sätt måste läxvis innötas; så fäster man vid reformen en black så tung, att åtminstone ingen, som redan tillägnat sig en viss användbar stavning, vill frivilligt bära den.... För att icke tala om, att man ej heller på nämnvärt sätt lindrar lärjungens och lärarens möda. Hellre sålunda ingen reform än en dylik ändamålsvidrig» (A. Noreen, «Rättskrivningens grunder», 2. utg. s. 53 f.).

Ein skule av filologar i fyrre hundradåret rekna dei «upphavlege» målformene, det vil segja deim som me finn i den eldste klassiske litterære utformning av vedkomande mål, for det fullkomnaste. Dette kallast for romantikk. Romantikk her i tydingi: draum um å vekkja upp att ei framfari tid. So kom ein ny skule, som uppedaga talemålet. Dei kravde at skriftmålet i alle ting skulde retta seg etter tala (d. v. s. tala åt dei tonegjevande på dei mektigaste sentrumsstadene). I so måte skulde det vera nett som då folk aller fyrst tok til å skriva. Den nye skulen vilde — på sin måte — vekkja upp att tilhøve frå ei endå eldre tid enn den gamle, tilhøvi frå yvergangsbolken millom skriftløyse og skrift-tid. Det må vel og kallast romantikk.

Men denne filosofiske ny-romantikken er ikkje so god å setja i verk. Vilkåri for mål-livet vart mykje umskifte ved at skrift og skriftmål kom upp. Når me i nyare tid hev fenge ålmenn folkeupplysning, so alle no les og skriv, er det eit nytt, djupt-gripande umskifte, for heile mål-livet. Det er ikkje lett å regulera utan å taka umsyn til desse umskapte mål-vilkåri. Ikkje er det visst, at tilhøvi i den primitive yvergangsbolken frå skriftløyse til skrift-tid, er det mest ideelle heller under dei nye faktiske vilkåri. Den gamle filolog-romantikken var einsidug. Den nye er det ikkje mindre. Det trengst ei romslegare verdsetjing enn hjå båe.

Den grunnsyni at skrifti hev til einaste fyremål å gjeva att ljodane i tala, er i røyndi radt falsk. Me segjer istykke, iskåp, grastrå, kjøtrog, kraf(f)tak, krikskatt (krikkskatt). Men det er i samsvar med uppgåva åt eit godt skriftmål når me trass i uttala skriv: isstykke, isskåp, grasstrå, kjøttrog, krafttak, krigsskatt, for då kjenner folk att ordi betre. Det er vanskelegt å få præsisera i ein formel det tilhøve som bør vera millom tala og eit fyremålstenlegt skriftmål. I minsto betre enn formelen: «so ljodrett som mogelegt», er ein formel som denne: Skrifti skal vera soleis at ho let oss kjenna att m e i n i n g i med tala so lett som råd er. For det høgste fyremålet for skrifti er å vera tanke-midlar. So mange som mogelegt innan målsamfundet — kvar dei so bur — skal kjenna att meiningi med tala si, og skilnader og likskapar innan tala si, lettast mogelegt. Dette set radt andre krav til ein god folkeleg skriftnormal enn berre det at han i alle ting skal gjeva att ljodrett tala på sentrumsstadene.

Difor er det òg verdt å leggja merke til at den fonetiske rørsla er ikkje etter si natur so demokratisk som mange trur. I tidlegare tider var der ikkje einslaga riks-talemål. Den intellektuelle og økonomiske yverklassa på sentrumsstadene i kvart land hev skapt dette produktet i heller sein tid, og kravet i vår tid um «fonetisk» skrivemåte knyter seg no til dette talemålet. Sermerki i tala åt dei økonomiske og åndelege makthavarane på sentrumsstadene skal i alt styra skrifti òg, til lette for ungdomen deira (trur dei). Um det vert til lette for resten av folket — det store fleirtalet med dialekttalande utanfor sentrumsstadene — er dermed ikkje sagt.

Me stend ikkje viljelause andsynes målframvoksteren. Er ikkje gjevne ein mektig lagnad av naturlover i vald soleis at me lett ingen ting kann gjera sjølve. Der er visse tendensar i målframvoksteren. Dei er ubundne av vår vilje på den måten at dei er til anten me vil eller ei, og anten me veit um deim eller ikkje. Der er fleire tendensar. Ein av deim er tilhugen til å lata talemålet åt dei mektigaste på sentrumsstadene styra skrifti i alt. Men han er ikkje den einaste, ikkje åleine um å repræsentera «livet». Andre tendensar er t. d. kravet um samanheng i skriftmålet, um tradisjon og stødleik, um å hævda nasjonale sermerke, um at «provinsen» òg skal ha eit ord med i laget. Det stend i vår makt å gripa inn i samspelet millom desse tendensar. Å lata den eine eller den andre få serlege vilkår til å verka. På den måten ligg målframvoksteren mykje under vår vilje. Difor skulde me gjera oss mykje fyre òg med å styra framvoksteren inn i ei god leid.

[1] Um målbrigdet, s. 35-37. Rettskrivingsstræv i utlandet og her, s. 13-16 [her s. 165-681].

[2] Uppatt-prenta i «Tanker og studier» 1932.

Nynorsken moderne eller ei?

Dei som no vil ha nynorsken heilt umskipa, brukar mykje det slagordet at han er umoderne.

«Norsk Tidend» 11. desember 1936: Norsken «har vorte dregen inn i kvardagslivet på alle umkverve, han har korne inn under ein sterkare påverknad av dei krav det praktiske livet set til eit moderne mål, han har med andre ord gått over frå å vera eit mål i seg sjølv til eit sosialt middel i dagleg, praktisk samfundsliv. Det er greidt at det set sine merke — og sine krav til det ytre formverket. Det er desse krava til modernisering (utmerkt her), til popularisering i den beste meining av ordet, som det nye rettskrivingsframlegget vil stetta».

Professor Bergsgård: «Me lyt syta for at målforma held fylgje med den levande målvoksteren, at ungdomen ikkje skal kjenna målet vårt gamaldags, men ungt, voksterført, moderne» («Norsk Tidend» 5. november 1936).

Det er dei norskdanske som fyrr ideleg hev tala um at nynorsken er so umoderne. P. A. Munch tok til. Folket laut flytja 400 år attende i tidi, til «det l5de Aarhundredes Kulturtrin», skreiv han, dersom «det norske Folkesprog» skulde høva. Norsk var «uskikket som Middel til Menings-Udvexling for de dannede Klasser», duglaust i moderne kultur- og samfundsliv.[1] Sidan hev dei norskdanske brukt trottigt den visa heile tidi, at treskomålet åt målfolket ikkje dugde til berar for moderne liv og kultur. Det var berre eit spel for nokre filologar, romantikarar og fanatikarar. Då var norskdansk noko anna. «Det smidige» var i sanning «eit sosialt middel i dagleg praktisk sarnfundsliv», «ungt, voksterført og moderne». Nettupp skapt for den framskridne og upplyste tid som nordmenn av i dag hev nått fram til. — Det er ikkje lite forvitnelegt å leggja merke til at no i desse dagar er det dei samnorske målbrigdemennene som serskilt hev teke denne tonen, og stendigt talar um kor umoderne og etterliggjande landsmålet er.

Det er forvitnelegt å sjå boterådi òg, som dei hev: Den departementale nemndi fekk til uppgåve å nærma måli til kvarandre. Ho hev teke den uppgåva soleis at ho fyrst og fremst hev nærma nynorsk burtimot norskdansk, — endå um det skulde gå på kostnad av norske sermerke. Ved dette, skriv no samnorskmennene, hev nemndi modernisera nynorsken.

— Gjera nynorsk meir lik norskdansk, er det som skal til for at han kann verta moderne.

Frå samnorskmennene sin synsstad er det god samanheng i dette. Når dei fører same klagemåli imot nynorsken som dei norskdanske hev ført, er det rimelegt at dei brukar same rådboti òg som dei norskdanske hev tilrådt alle dagar.

Me vil sjå på nynorsken utan at me hentar verdemælaren frå norskdansk tale og skrift. Og freista røkja etter um han er so reint umoderne, slik som han er.

Då lyt me taka sjølve målformi for seg, og ortografien for seg.[2]

Um sjølve målformi — ljod- og bøygjingsverk — er å segja at ho er røynleg i ymist noko gamalvori. Det fylgjer som me fyrr hev sagt av sjølve serhåtten åt nynorsk, av den uppgåva han hev sett seg: å vera generalnemnar.

Men det er ei mistyding at målformi treng vera umoderne for det, at «gamalt» og «umoderne» her er eitt og det same. Ei ordform kann godt vera fullt moderne for di um ho hev tradisjon og gamal rot. Og ho kann vera fullt moderne for di um ho er ulik norskdansk. Prøvesteinen fær vera: Er ordformene i rimelegt livande bruk? Og er dei gode samlingsformer, generalnemnarar for alle eller flest-alle talemåls-avbrigde? (Ei god samlingsform treng ikkje vera nokor fleirtalsform fonetisk sét). Dersom dei det er, so er eldre ordformer nett like moderne som nyare umlagingar. Dei eldre typane hestar, visor, hev slite (sliti), stein, aust, mat t. d. er nett like moderne i Noreg som heste(r), viser, slitt, sten, øst, mad. For desse eldre typane er i friskt bruk. Og dei er gode ålmenne samlingsformer for dei ymsande dialektavbrigde, — endå um dei ikkje alle er fleirtalsformer strengt fonetisk. Under den fyresetnad at skriftmålet skal vera eit nokolunde laglegt middel for a l l e norsktalande, torer me kalla deim gode samlingsformer. Det gjer ikkje sume av deim objektivt umoderne at mange nordmenn hev fordom eller mothug mot deim.

Det er serskilt typeformi visor, vikor som vreiden no skal gå utyver, er det likt til. Men dei skulde ikkje freista med det argumentet, at ho ikkje duger å koma nær det moderne kulturelle og tekniske livet. Dei skriv visor, veckor i Sverike, og mange meiner at moderne kulturliv og teknikk er like langt framme der som her.

— Det vantar elles ikkje på at nynorsk hev nye ordformer òg, nyare enn både dansk og svensk, — i høve der slike former høver meir til norske generalnemnarar (t. d. norsk soli (sola) — d. og sv. solen; n. skålene — d. skaalerne, sv. skålarna; n. kasta — d. kastede, sv. kastade. Osb.). Soli, som mange er sjuke etter å kverka, er ikkje gamaldags, men ei etter måten ung form.

Korleis er det so med den nynorske ortografien, mælt på dei krav som fagmenn andre stader set til god rettskriving?

Det reindyrka fonetiske kravet kann ikkje kallast moderne. Men alle meiner vel at visse fonetiske umsyn bør takast. — Nynorsk gjeng langt i fonetisk leid der som han etter sin serhått kann nytta fonetisk skrivemåte, det er der som alle (eller nærsagt alle) dialektar fylgjest åt.

Kravet um konsekvent ljodmerkjing torer me trygt segja er eit moderne krav til god rettskriving. Det er eit hovudkrav millom reformvener,[3] gamalstavarar klagar yver regelløysa kvar i sitt mål, og tek med so mykje konsekvens som teoriane deira elles gjev høve til. — Nynorsken hev ei reint uvanleg konsekvent ljodmerkjing. Det hev jamt vore rekna for ei av dei største dygdene hans. Nynorsk stend etter O. C. Lendle fremst millom germanske mål i denne leidi, — jamsides med sudafrikansk, som òg er eit ungt skriftmål. Norskdansk, dansk og svensk er derimot mykje meir «godtyckliga». Det er tilrådingi frå den departementale nemndi som her er umoderne, ja beint fram reaksjonær. Nynorsk repræsenterar rasjonaliseringi. — Grammatikken òg er uvanleg konsekvent i nynorsk.

Ei onnor grunnsetning som både gamalstavarar og kunnige nystavarar legg vekt på, er samanhengslovi. Sjå her framanfyre side 21 ff. [her s. 133 ff.]. Denne grunnsetningi hev sjeldsynt sterk tilslutning millom fagfolk i vår tid, um so ikkje alle vil lata henne gjelda like langt. — Samanhengslovi er ei viktug grunnsetning i Ivar Aasens ortografiske system.

Ordskilnads-grunnsetningi, som Aasen tek noko umsyn til, fær òg medhald ute i verdi både millom gamalstavarar og kunnige nystavarar. Det torer vera bra ålmenn meining at ho hev ein viss avgrensa rett fyre seg.[4]

Den som vil setja seg inn i moderne rettskrivingslitteratur ifrå utlandet — og der finst mykje av det slaget, og sumt verdfullt — kann i det heile ikkje lata vera å verta slegen av korleis Ivar Aasens skriftmål i grunnleggjande ting nettupp stettar dei krav som framifrå rettskrivings-forfattarar no sterkast set til eit velskipa skriftmål.

— Konsekvensen i ljodmerkjing og grammatikk og den skynsame gjenomføring av samanhengslovi, gjev nynorsken reisning. Og det gjer honom lett å læra. «Man kan si hvad man vil, landsmålet er et konsekvent sprog», sagde ein offentleg tenestemann i Bergen for tvo-tri år sidan, han skulde læra nynorsk. Han tykte nynorsken var so greid å få tak i. Agitasjonen no hev stundom stempla jamvel denne greidskapen og konsekvensen for eit lyte. Moderne syn målber dei no ikkje då. Björn Collinder segjer i skrifti «Språkstrid och nationalitetskamp i Finland» (Stockholm 1935) um det finske målet: «Språkläran är trots sin formrikdom ganska lätt, ty den är synnerligen klar och regelbunden» (utmerkt her). Desse ordi viser moderne syn på kva greidskap og fylgjerett grammatikk og ljodmerkjing hev å segja. Berre her i landet lærer nokon at det er til lette å føra regellaust, uppsamla rot frå eitt skriftmål (norskdansk) yver i eit anna.

[1] Fortsatte Sprogbemerkninger. I Samlede Afhandlinger 3 bd., s. 301-319.

[2] Det er berre desse tvo ting det er tale um i «rettskrivings-striden», — ikkje um ordavleiding og syntaks. Men vert det utgliding i ljod- og formverk og i ortografi, vil norsk ordavleiding lida, og det vil lettare verta utgliding i ordfellingi òg.

[3] Jfr. t. d. A. Noreen: Rättskrivningens grunder. 2. utg. Stockholm 1920. J. A. Lundell: Svensk rättstavning 1934. Stockholm. O. C. Lendle: Die Schreibung der germanischen Sprachen etc. Kjøbenhavn 1935. Theodor Steche: Die deutsche Rechtschreibung. Breslau 1932. Theodor Hüpgens: Ändert die Rechtschreibung. Leipzig 1933. Jfr. òg tilvisingar i skrifti mi: Rettskrivingsstræv i utlandet og her, s. 11 f. 21 f. [her s. 163 f., 173 f.].

[4] Jfr. t. d. A. Noreen: Rättskrivningens grunder. Otto Jespersen: Retskrivning og dannelse (Tanker og studier 1932). Bengt Hesselman: Ortografiska reformer i språkhistorisk belysning. 1919. Herman Geijer: Skriftspråksnormer och talspråksnormer. 1934.

Dei sosiale tilhøvi.

Eit hovud-argument frå talsmenn for nemndframlegget er dette: Dei sosiale tilhøvi hev brigda seg sidan Ivar Aasens tid. Byane hev vakse, me hev fenge ei mengd med stasjons-, strand- og fabrikkstader, som halvveges er by. Det hev vorte meir industri og eit større arbeidarstand. Denne sosiale umleggjingi krev at nynorsken vert umskipa, — og då etter norskdansk, den vegen lyt brigdi gå, — det gamle grunnlaget hev vorte foraldra.

Dette ræsonnementet synest ha mykje fyre seg med det same. Men ser ein nøgnare etter, er der brester i tankegangen.

Sjølve syni på talemålet åt industri-arbeidarane er noko skeiv. Talemålet på fabrikkstader og andre sentrumsstader er nok oftast ikkje so reint og sterkt norsk som ute på bygdene; det er radt sant. Når eit målblad for ei tid sidan (»Norsk Tidend» 3. november 1936) skreiv at målet åt arbeidarane i fabrikkstrok «er ikkje mindre norsk i si rot og i sitt innhald enn dei verkelege bondemålføra», er difor det rangt. Og bladet hadde ikkje rett etter slik uklår tale til å venda seg i same rennet mot ein professor ved Universitetet og lasta honom for «sofisme og tåketale». Men like vel stend då folkemålet på slike stader i hovudsak saman med bondemålet i det viktugaste, — i grunndrag og uppbygnad. Dei målvitskaplege arbeid som hev kome um ei rad med bymål dei siste 30 år, syner det.[1] Ein ser då òg at fabrikkstrok og bondebygd i dei ymse landsluter mykje fylgjest åt i målsaki. På Vestlandet hev ei lang rad med fabrikk- og strandstader teke nynorsk,[2] og teke honom i den same normalform som bygdene ikring, og dei hev ikkje gjort krav på å få nokon ny nynorsk. På Austlandet hev for det meste bondebygdi likso vel som fabrikkstroki halde nynorsk ute. (Jamvel ei bygd med so normal-nynorsk eit talemål som Hallingdal).

Men då er det ein feil å byggja teori og politikk på den fyresetnad at det er nokon grunnskilnad millom talemål på bondebygd og i fabrikkstrok; og at skilnaden millom bonde- og arbeidarmål er det som serleg hev bægt nynorsk ute frå fabrikkstroki på Austlandet (og nordanfjells).

Hovudorsaki til at arbeidarane austanfjells (og andre stader) hev havt imot nynorsk til no er den likesæle som dei fleste politiske og faglege arbeidarførarar og dermed òg arbeidarpressa hev synt. Noko hev agitasjonen åt den konservative pressa gjort, som er so mektug på Austlandet. (Den sterke konservative Drammens-pressa synest soleis vera ei hovud-orsak til dei forunderleg rang-snudde måltilhøvi i Hallingdal).

Skal me få snutt fabrikkstroki i målspursmålet, er difor vilkåret: Me lyt få dei førande innan den politiske og faglege arbeidarsamskipnaden, og pressa deira, til å stella seg onnorleis til den nasjonale målreisingsideen. Kultursyn og kulturvilje hjå deim lyt verta onnorleis, då vil ei onnor syn siga ned til mannen i rekkjone òg. Her ligg problemet, og her lyt me gå beint på. — I staden freistar dei no å koma utanum med å lappa på nynorsken. Det kallar dei å sjå realitetane i augo. Me liver ikkje for ingenting i Peer Gynt sitt fedreland.

Korkje sentralstyret, førarane elles eller pressa åt arbeidarane kjem til å taka nynorsk i bruk for denne kvaksalvarrådi skuld. Og ikkje tek dei til å agitera for nynorsk. Då snur ikkje synsmåtane hjå arbeidarane seg heller. Resultatet i fabrikkstroki på Austlandet (og andre stader) vert i regelen einast: Folk der vert harme på «målet»; dei let harmen sin gå utyver det, for di det samstundes vert rettskrivings- og lærebokbyte i bokmålsskulane òg.

«Folket» er godt å ha å skulda på. «Folket» hev ikkje vore vake nok, hev det låte fyrr. No skal arbeidarane ha skuldi. — Visst hev folket vore for lite vake. Men det er no det som til denne tid sjølv, med spreidd og fåment hjelp ifrå sume boklærde, hev stridt norsk mål fram. «Intelligensen» hev svikta. Han hev skuldi for at nynorsk ikkje hev vunne lenger fram. Skuldi i dag òg skal leggjast der ho høyrer heime, når dei no vil slå ned den nynorsk me hev havt til dessar, og når dei dermed i røyndi gjer det fårlegaste side-åtaket som hev vore gjort imot nynorsken. Det er «intelligens»-folk som hev gjenge saman um dette; akademikarar ved Universitetet og i dei høgre skulane, bladmenn og politikarar, anten dei no kallar seg målfolk eller bokmålsfolk. Det er ikkje verdt å skulda på arbeidarane og talemålet deira.

[1] Bergen skil seg ikkje so lite ut.

[2] Høyanger, Odda, Sauda (parallelklassor med nynorsk. Nynorsk salmebok å dei tvo fyrste stadene); Ytre Arna og Salhus nær Bergen, Ørstavik og Volda på Sunnmøre, osb.

Arbeidar-intelligensen kann vinnast.

Eg trur ikkje det er umogelegt å vinna arbeidar-intelligensen for målsaki med tidi. «Det er det same anten det heiter gryten eller gryta, berre me hev noko å ha i gryta» (Torgeir Vraa). Dette hev nok i stor mun vore standpunktet åt arbeidarførarane (ikkje åt alle). Men dette er eit ufullnøgjande standpunkt for eit kulturelt so høgtståande parti som det norske arbeidarparti. Dette standpunktet kann ikkje verta varigt. Det norske arbeidarpartiet kann ikkje på lengdi, meir enn t. d. arbeidarpartii i Danmark og Sverike, umbera den styrkjing og rikdom som eit nasjonalt feste og ei positiv nasjonal-kulturell innstilling gjev («nasjonal» her teke i byggjande, human tyding, ikkje i tydingi «nasjonalistisk», «sjåvinistisk»). Den dagen kjensla av dette vert meir ålmenn millom dei førande innan arbeidarparti og arbeidarpresse, fær dei meir samhug for nynorsken òg. Og held me radikal-norsken uppe til den dagen, kjem i minsto mangearbeidarar då til å heller vilja ha ei heil målreising enn ei «samnorsk».

Ikkje laga motstraum mot det norske!

Målbrigdemennene tek etter mi meining ikkje rett umsyn til endå eit moment i «mål-situasjonen», når dei vil slå ned den tradisjonelle nynorsken. Det er, at i det norskdanske skriftmålet hev det serleg i det siste gjenge fyre seg ei uppnorsking. Rett nok er ikkje denne uppnorskingi so storveges som sume ropar til. Men der er ein norsk straum i gang, det kann me sjå når me t. d. les rettskrivingstilrådingi for norskdansk frå 1898, og ser kva dei då rekna for «dannet tale».

Det rette og naturlege under slike tilhøve skulde no vel vera: lata den norske straumen få so fritt laup som råd er, — so langt som han berre vil.

Men i staden held målbrigdemennene no på og vil laga ein motstraum. Dei flytter nynorsk næmare burt imot norskdansk, set stengje og segjer: So langt kann bokmålet få koma, men norskare må det ikkje verta. «Han bager» kann få verta til baker, men aldri bakar! «Uger» kann få verta «uker» og kann henda «veker»; men ikkje «vikor»! Ein lyt få segja at det er bakvendt å byggja eit lovsett, kunstigt stengje soleis, — samstundes som ein freistar opna ein grand for den norske straumen med ymse brigde i sjølve bokmålet. Det må vera rettare å lata det norske idealet stå skirt og sterkt, so det fær draga norskdansken so langt i norsk leid som mogelegt.

Venteleg er det trui som vantar når dei soleis lagar motstraum og stengje midveges. Dei trur ikkje at norskdansken kann koma lenger på ymse punkt enn han er i dag, og aldri kann gjera stiget frå t. d. «han baker» til «han bakar». Men då er dei nett som motstandsmennene for 50 år sidan, som trudde at norskdansken ikkje kunde koma lenger enn han då var (bager). Dei viser seg som ektefødde born av dei gamle filistarar.

Ungdomen.

Stundom vert målbrigdestriden gjord til ein strid millom gamal og ung, og det departementale nemndframlegget skal då vera ungdomen og serskilt dei unge studentane si sak. Ein medlem i den departementale nemndi uppedaga at ein mann i målnemndi åt Noregs Mållag (mot framlegget) og ein i nemndi åt Studentmållaget (for framlegget) bar same ættenamnet. Han lyfte seg beint fram til flog: «Her har vi heile målstoda i eit einaste klårt bilete. Det er to ættlekker som møtest her, ungdomen som vil fram, gamalkarane som vil flytta seg minst råd er. At Rettskrivingsnemnda har råka so godt dei synsmåtane vi .... møter hjå den målkunnige ungdomen, gjev oss god stadfesting på det vi alltid har trutt, at her ligg framtida» («Norsk Tidend» 8. juni 1936).

Det er godt at dette med den «målkunnige ungdomen» hev vorte nemnt. For det bør umtalast noko nøgnare.

Samanhengen her er: Millom lærarane ved det historisk-filosofiske fakultet på Universitetet hev det i den siste halve mannsalderen vorte ein sterk reaksjon i det nasjonale målspursmålet. Den generasjonen som Moltke Moe, Alf Torp og Hjalmar Falk høyrde til, hev vorte avløyst av ein ny generasjon, og fleire av dei nye — sers dugande og energiske menn — stend hardt imot den nynorske målreisingi. Denne reaksjonen hev sett merke på studentane, læresveinar hævdar seg no ein gong ikkje andsynes dugande lærarar. Ei kritisk-negativ syn på nynorsken og eit avbleikt standpunkt hev breidt seg millom dei filologiske studerande, og frå deim i nokon mun til nynorske studentar ved andre fakultet. Og same syni hev fylgt dei unge mennene ut til dei høgre skulane rundt um. I dette hev me forklåringi på at tilrådingi frå den departementale nemndi hev fenge so vidt mykje medhelde hjå «den målkunnige ungdomen». Tilrådingi kjem reaksjonen ved det historisk-filosofiske fakultet til møtes, og fær fagning då hjå deim som beinveges eller umveges hev fenge synsmåtane sine farga derifrå. For tilrådingi hadde det vore eit betre merke um denne reaksjonen ikkje hadde vore so nøgd.

Sjølvsagt er det ei ulovleg generalisering å segja at ungdomen ålment er med på nemndi sin veg, for di ein slump akademisk ungdom som hev soge visdom og synmåtar frå det historisk-filosofiske fakultet, er med. Fleire yngre filologar hev mælt imot å slå inn på den vegen. Fleire av dei friskaste innlegg imot nemndframlegget hev kome frå yngre studerande som ikkje er filologar. Og den ungdomen som ikkje hev sudera, hev for det aller meste sagt seg imot framlegget, når han hev sagt noko.

Striden stend ikkje millom gamal og ung. Men millom eit samband av unionsvenlege samnorskmenn og måtehaldne bokmålsmenn på ei side, og fleirtalet av dei nynorske på hi. Gamle og unge er det på båe sidor. — Dei fullhuga bokmålsfolki hev ikkje blanda seg burt-i enno. Dei tykkjer full som so, at kann dei få gjort det varpet å slå sund nynorsken, lyt dei tola so fjerre som rettskrivingsnemndi hev ætla deim i tilrådingi si.

Målbrigdet fører ikkje til noko stort nytt framstig for nynorsk i skulen.

Sume vonar og hev sagt: Fær me dette «rettskrivings»-brigdet no, skal nynorsk — av det slaget som vert — gjera eit nytt stort framstig i skulen. Det skal gå som etter 1907 og 1917.

Det er ikkje nokon reell grunn for denne voni. Tilhøvi no og i 1907 og 1917 er radt ulike.

I 1907 var det berre norskdansken som vart brigda. Resolusjonen frå 19. februar 1907 rørde ikkje ved nynorsk. Det store argumentet for målfolket etter 1907 var då: Bokmålet lyt igjenom brigde på brigde, der vert det aldri ro. Dei skular derimot som gjeng yver til nynorsk, kjem på trygg målgrunn. Og so gjekk meir enn 400 krinsar yver i 1908.

I 1917 var det òg i hovudsak norskdansken som fekk obligatoriske brigde, og bokmålsskulane laut atter ha lærebokbyte. Dei obligatoriske brigdi i nynorsken var ikkje so store at dei kravde skulebok-byte. Dei «valfrie» brigdi, som nynorsk fekk mest av, tenkte ikkje folk yver straks, og ulempone med deim synte seg ikkje fyrr seinare. Dermed kom folk flest i fyrste umgangen til å sjå på resolusjonen frå 21. desember 1917 serleg som eit brigde i det norskdanske bokmålet. Og so kunde målfolket bruka same argumentasjonen som etter 1907. Høyr her «Den 17. Mai» 27. desember 1917 — få dagar etter resolusjonen (redaksjonelt):

Norskdansken lyt i støypeskeidi um 10 år att. «Dei borni som skal taka til med denne nye dansken i skulen, vil ikkje vera skikkeleg vaksne fyrr han alt er gamaldags, so dei må læra um att». Nynorsken derimot «er ferdig; han treng ingi støypeskeid. Det beste provet er det, at rettskrivingsnemndi, der dei fremste talsmennerne for målsamrøringstanken hev vore med, ikkje hev kunna fyreslå andre umskifte enn det vesle grandet me hev nemnt [at nokre d'ar var strokne, og litt til]. Dei borni som fær læra den på skulen, tarv ikkje ottast at dei skal læra umatt. Som norsken er i dag, vil han i det heile og store vera um 50 og 100 år».

Og so gjekk atter nokre hundrad krinsar yver i 1919-20, — då det hadde vorte avgjort at resolusjonen vart ståande.

Men ved det brigdet dei emnar på denne venda vert det ikkje råd til å bruka slik argumentasjon. Etter framlegget frå den departementale nemndi er det nynorsken som skal mest i støypeskeidi no. Han vert utryggast. Det skynar og ser folk. Då er det ikkje råd å lita på at historia frå 1907 og 1917 med masseyvergang skal taka seg upp att. Det er best me hev dette klårt på fyrehand. Eit blaff vert det fulla, på grunn av uroi som kjem, men meir veit me ikkje.

Og er nokon trygg på at det ikkje denne venda samstundes skal blaffa den motsette vegen, — med yvergang frå norsk til norskdansk? Dei som hev stridt nynorsk fram i sine bygder, hev gjenom lange tider møtt likesæle og rangvilje hjå styringsverket for sine rettkomne krav, og målet deira hev offisielt vorte medfare som eit andre klasses, tolt mål. No vert dei svikta på denne måten òg, jamvel lovnaden um at i nynorsk skulde vera trygg målgrunn, løyser seg upp i tome ord. Kann nokon undrast, um sume då i modløyse eller harm søkjer attende til norskdansk, som både hev fyrerangen hjå riksmaktene, og trass i alt syner seg bjoda tryggare kår? Den samanhangande nynorske fronten som er skapt yver Telemark, Agder og Vestlandet, kann dei no kanskje få gjort det meisterstykket med, å få honom til å rakna.

Når målbrigdemennene ikkje synest rekna med denne eventualiteten, kjem det av at sume av deim kjenner tilhøvi for lite. Og di næst av denne tenkjemåten: Dei som hev teke nynorsk, lyt finna seg i det som vert bode deim!

Dei «valfrie» formene.

Mange synest meina, at dei «valfrie» formene i nynorsk hadde so ovleg mykje å segja for framskuven etter 1917. Den framgangen som i det heile hev vore etter det årstalet, skal i fleire landsluter (serskilt på Austlandet og nordanfjells) beint fram koma av desse formene. Og difor skal det òg vera so lovnadsrikt når målbrigde-tilrådingi no gjer det valfrie frå 1917 obligatorisk, — samstundes som ho fører inn ei mengd nytt «valfritt», endå meir likt norskdansk.

Dei «valfrie» formene frå 1917 hev ikkje hjelpt nynorsk fram so som dei meiner. Det ser me når me studerar målstatistikken i det einskilde. Etter offisielle uppgåvor var prosenten av nynorske skulekrinsar i dei einskilde fylke soleis i åri 1915 og 1930

1915 1930
Trums 0,75 % 3,9 %
Nordland 7,9 » 7,3 »
Nord-Trøndelag 27,6 » 32,4 »
Sør-Trøndelag 0,3 » 10,7 »
Møre og Romsdal 45,9 » 66,5 »
Sogn og Fjordane 61,9 » 92,2 »
Hordaland 55,7 » 74,5 »
Rogaland 34,2 » 64,3 »
Vest-Agder 22,5 » 38,4 »
Aust-Agder 46,9 » 42,1 »
Telemark 54,2 » 57,2 »
Uppland 9,9 » 20,1 »
Heidmark 2,0 » 3,9 »
Buskerud 0,0 » 3,0 »

Tali her syner, at i den luten av landet der skulane hev bala minst med valfrie former: fylki Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, der hev framgangen jamtyver vore størst. I del tilgrensande fylki, Møre og Romsdal og Vest-Agder, som visst båe stend i ei millomstode når det gjeld obligatorisk-valfritt, hev òg framgangen vore god.[1] På Austlandet hev det vore nemnande framgang i Uppland fylke (i dalane Gudbrandsdal-Valdres), det vil segja nett i bygder som hev gjeve seg minst um valfrie former. I dalane Hallingdal og Numedal av Buskerud (berre eller mest «obligatorisk») hev det vorte ei byrjing. I Heidmark derimot (visst valfritt) hev det stade næmast stillt. Nordanfjells, der dei visst for det aller meste hev gjenge meir eller mindre yver til valfritt, hev framgangen vore ør-liten jamførd med framgangen i dei «obligatoriske» vestnorske bygdene. (Sør-Trøndelag er i nokon mun eit undantak).

Det bilætet som statistikken gjev vert sterkare når me ser endå ein grand nøgnare etter. Det syner seg av dei offisielle tali for 1915, 1920, 1925 og 1930, at der som dei heldt seg nokolunde til den obligatoriske, klassiske nynorsken, der hev det vore framgang heile tidi, — eit sterkt hopp i 1919-20, og sidan eit sig heile ti-året til 1930, og etter 1930 òg. I Sogn og Fjordane var talet på nynorske skulekrinsar i 1936 kome upp i 95 %. I Hordaland steig prosent-talet frå 74,5 % i 1930 til 87,3 % i 1936. I den nordre luten av Rogaland, der målfolket hev arbeidt på Aasens grunn og samnorsk-agitasjonen hev havt mindre makt, hev det òg gjenge fram; framgangen der hev lyft prosent-talet for heile fylket frå 64,3 % i 1930 til 69,8 % i 1934. Lenger sud i fylket, der samnorsk-agitasjonen åt «Stavanger Aftenblad» (Klaus Sleten) etterhand ser ut til å ha fenge meir makt, hev det stogga reint upp i skulen i dei siste åri, trass i det gjæve strævet åt Rogaland Mållag. Uppland fylke hev bra jamn framgang i tidi 1920-30 òg. I Trums, Nordland og Nord-Trøndelag hev det derimot stade stillt etter 1920 og heller gjenge ein grand attende prosentvis (i Sør-Trøndelag hev det stade nærepå stilt). I Møre og Romsdal fylke var nok Sunnmøre nokolunde ferdigt med yvergangen til nynorsk i skulen 1920. I Romsdal og på Nordmøre, der mykje stod att, gjekk dei visst heller ålment yver til meir eller mindre «valfritt». Etter 1920 hev det stade so stillt i desse tvo landslutene, at prosentvis vert det ein liten attergang for heile fylket i ti-året 1920-30 (1920: 67,6 %. 1930: 66,5 %).

Dei nakne tali gjev til resultat, at på dei fleste stader vart det ein framskuv i åri 1919-20, men størst der som dei heldt seg til den «obligatoriske» Aasen-nynorsken. Der som dei heldt fast på denne nynorsken, hev stort sét framgangen halde ved sidan òg, um so i seinare tempo. Der som dei gjekk yver til det «valfrie», hev det for det meste ikkje rikka seg nemnande sidan.

Det er vèl trulegt at dei valfrie formene frå 1917 spela ei rolle reint lokalt her og der til å draga sume krinsar yver. Men sét under eitt, hev dei ikkje gjeve nynorsken ekspansjonskraft. Læra um at det er med dei valfrie formene nynorsken hev vunne det rom i skulen på Austlandet som han hev, er rein myte.

Rotet som fylgde med det «valfrie» veikte. Agitasjonen for å draga fram alt som liktest på norskdansk, i staden for å leggja vekti på sjølvstendig reising, ser ut til å ha soge krafti or sjølve målreisingstanken.

Dei valfrie nynorsk-formene frå 1917 hev dessutan gjort uhorveleg skade for nynorsk i den høgre skulen. Lektorane der bruka valfridomen til å undangrava og smuldra upp nynorsken innanfrå (jfr. Knut Liestøl, «Rettskrivingsframlegget». 1936, s. 8-9). Den stride motmannen mot nynorsk, professor Joh. Storm, skreiv i 1896, at vilde dei føra nynorsk inn i den høgre skulen for heile landet, kunde det berre ha eitt resultat: Kaos. «I samme Stund, som Landsmaalet vil tvinge sig ind i Almenskolen, i samme Øieblik har det lagt Spiren til sin egen Opløsning» («Norsk Sprog», s. 114). Lærarar i mange høgre skular hev etter vedtaket i 1917 gjort det dei kunde so Joh. Storm skulde verta sannspådd. I livd av valfridomen hev sume høgre skular — visse landsgymnas med — teke upp att den gamle visi: å læra elevane til å sjå ned på det «gamaldagse» talemålet i heimbygdene, og finna åt det som folk segjer og skriv der.

Dei valfrie formene frå 1917 i bokmålet òg hev vorte til skade for nynorsken. Etter vitnemål frå ymse kantar hadde bokmålet fleire stader utyver bygdene på Austlandet mist den nasjonale prestisjen sin fyre 1917, og slike bygder hadde ikkje so fælt langt att til nynorsk. Etter 1917 gjekk ei mengd Austlandsbygder i staden yver til valfritt bokmål. Gjenom det «valfrie» vann bokmålet prestisjen att. Sidan gjekk bygdene attende til «obligatorisk» bokmål, og førde den nye vyrdnaden yver på det. Stiget yver til nynorsk hadde vorte lengre enn fyrr for desse bygdene.

Det er snaudt tvil um at ein god mun fleire Austlands-skular vilde havt nynorsk i dag, dersom ikkje påfynstret med valfritt bokmål hadde kome imillom i ei kritisk tid. Det heldt folk ifrå å gå heilt yver til nynorsk, og førde i staden den norske straumen på Austlandet inn i eit sidefar, som vart til ei bakevje og til slutt førde burt ifrå nynorsk. Ikkje noko politisk tiltak i den siste mannsalderen hev vel vore til meir stogg og hefte for nynorsken på Austlandet enn «dei valfrie formene», — i båe mål.[2] Det er berre ein vedhaldande agitasjon som hev gjeve mange tokken av noko anna.

Ein kann ikkje venta at dei rette federne til eksperimentet frå 1917 skal gå ved kor i botn og grunn mislukka eksperimentet hev vore. Og dei krev då no ei ny innsprøyting med «valfritt».

Må tru um riksmaktene vil vera med på den leiken ein gong til?

Målfolket turvte i minsto ha lært. Dei turvte ikkje trenga um ei sur røynsle til.

Både målet, skulen og folket hev bruk for anna no enn ny eksperimentering. Nynorsken må konsoliderast, og det lyt i stor mun gjerast med å kasta ut att uhepne valfrie former frå 1917. Valfridomen lyt ned til eit rimelegt minstemål. I bokmålet òg bør valfridomen avgrensast, endå um han vel bør vera noko større der. Uppnorskingi lyt i hovudsak vera obligatorisk, og der som bokmålet ikkje kann taka obligatorisk umbot, bør ein oftast venta med å gjera umbøter. Me må få tvo greide mål att. Ikkje lenger tre-fire, med eit utal av millomformer.

[1] Eg talar ikkje her um jamstellingi millom a- og i-formi i nynorsk. Tvo

slike sideformer tolest, og er etter umstendi beste utvegen. Eit visst minimum

av sideformer elles òg lyt til. Eg talar um den tilsikta uppløysingi.

[2] For Aust-Agder svingar tali merkeleg: 1915 46,9 %. 1930 42,1 %. I 1934 att: 54 %. Dei ser ikkje radt pålitande ut.