Fyreloga åt høgnorskrørsla no

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:40 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Av Jostein Krokvik

Landsmøtet i Noregs Mållag stadfeste at høgnorsk grunnsyn er sterkt aukande der òg, og sume spør um det ikkje er like bra å å samla målrørsla i eitt lag att. Me svarar nei. Det er ofte tale um dubbelmedlemskap i Noregs Mållag og i Sambandet, men utan fristelte lag som la hovudvekt nett på den høgnorske Aasen-arven, hadde våre synsmåtar snaudt vunne so sterkt fram. Heller ikkje i Noregs Mållag. Og soleis vert det etter alt å døma i framtidi. Me treng ein fri høgnorsk grunnkjerne. Skismaet frå 1960-70-åri vert varande, og målrørsla samla tapar snaudt på det. Ei viss fri tevling og eit visst organisatorisk mangfelde er til gagn. Ein samskipnad som Noregs Mållag treng ein fri medspelar som legg hovudvekt på mål og måltenkjing, målform og målideologi. Skriftleg nynorsk hev ei spennvidd frå, lat oss segja, målet i Ny Hungrvekja til dagsens bokmålsiblanda skulemål. Utan sersamrskipnader trur me at stoda hadde vore verre for den høgnorske målarven som hev rot i Aasens verk. I dag kann me visa til god vokster på ymse teigar. Takk vere eigne samskipnader.

Ein annan ting er at grunnlaget for samarbeid i målrørsla er godt. Kunde Noregs Mållag hjelpa høgnorskrørsla til sterkare representasjon i Norsk språkråd og i statstilskotsspursmål, vilde norsk målrørsla samla tena på det. Ei hovudfyrelòga for oss er å vera ein høgnorsk grunnkjerne, ein ideologisk surdeig, for heile målrørsla.

Prenta i Vestmannen.