Endrar Fred og forlik?

Gå til: navigering, søk

Åtvaring: Du er ikkje innlogga. IP-adressa di vil verta lagra i den offentlege endringshistorikken til sida. Om du loggar inn eller lagar ein konto, vil endringane dine knytast til brukarnamnet ditt, saman med andre fordelar.

Endringa kan angrast. Sjå på samanlikninga under for å stadfesta at dette er det du ynskjer å gjera. Deretter kan du lagra desse endringane for å fullføra angringa.
Siste versjonen Teksten din
Line 1: Line 1:
 
Av [[Jostein Krokvik]]
 
Av [[Jostein Krokvik]]
 
Ivar Aasen-sambandet skipa nyleg til ein vellukka normaltalemålskonferanse i Bergen, med frammøte frå dei ymse sidone av målrørsla. Formann i Vestlandske Mållag, Lars Bjarne Marøy, skriv at tilstellingi var "eit godt steg på vegen mot å skapa fred og forlik millom målfolk med svært ulike uppfatningar um skriftmålsformi".
 
At tonen millom målfolk på flankane hev vorte saklegare og meir velviljug, det hev vore tydeleg ei stund no. Straumdraget vert godt framskuva av målungdomen, og det aukar i same mun som restane av målblandingsideologi minkar.
 
 
Kva skil Noregs Mållag og den luten av målrørsla som knyter seg til Ivar Aasen-sambandet, høgnorskfolket? Fleirtalet på Noregs Mållags-landsmøtet gjekk imot bokmålisering av nynorsken og vilde avskipa tilnærmingspunktet i vedtektene for Norsk språkråd - eit punkt bokmålsfolket røynleg hev avskipa for sitt mål.
 
 
Vedtaki på landsmøtet og haldningane millom fleire og fleire mållagsfolk, fell saman med det høgnorske tankegrunnlaget. Slik er det rettkome å tala um eit steg mot fred og forlik på ein marsj som skrid frametter, og der ein ny ættled etter kvart tek posisjonane. Sidan mange høgnorskfolk dertil hev dubbel medlemsskap, i Noregs Mållag og i høgnorskrørsla, er bordet duka for venskapleg ordskifte og samarbeid. Det er best for båe partar. Og for målet.
 
 
Ein heilt annan ting er spursmålet um organisatorisk samling. Organisatorisk samling hev Vestmannen tidlegare gjenge imot, og me er tolleg visse på at stoda i so måte er som ho hev vore: dei tvo greinene av målrørsla hev kvar sine uppgåvor og arbeider på kvar sin måte, og å tvinga båe under ein hatt, vilde, samla s‚tt, føra til ei veikjing av kreftene. Me ser det same i andre folkelege lag og samskipnader. I jordbruket er det tvo greiner, i yrkjeslivet er det like eins meir enn ei grein, ikkje å segja i det politiske livet. Ikkje minst i kulturliv og åndsliv ber sterke straumar ute og heime i motsett leid: imot totalitarisme, einsretting og monopolisering.
 
 
Me er komne til den tidi då nynorsk skulemål med kvart må rettast upp att etter alle øydeleggjande offentlege målblandingsvedtak. Det vert ein lang og ubein veg, der synsmåtane i målflokken um mangt vert ulike og sprikjande. Det er som det skal vera. Men då er det til gagn for saki at den ueinsarta flokken ikkje gjer seg um til ein monolitt. Attåt målreising trengst det måldyrking, og det trengst eit målideologisk tyngdepunkt utanfor og ubunde av den største massesamskipnaden som hev vore Noregs Mållag. Ulike meiningar vert det til dømes um sume rettskrivingsspursmål og um Språkrådet - er det nok å avskipa tilnærmingspunktet for Rådet, eller bør heile Rådet avskipast i noverande form? Og kva med auka høgnorsk innvalsrett til Rådet?
 
 
Store monopolsamskipnader hev same laget som statsinstitusjonar til stivna i einsporing og sentralistisk byråkrati. Den røynsla er velkjend. I målrørsla må me verja det me hev av mangfelde, og byggja det vidare ut. Fred og forlik? Ja, fred og forlik um pluralismen, mangsiduskapen.
 
  
  

Merk deg at alle bidrag til Sambandet kan bli endra, omskrive og fjerna av andre bidragsytarar. Om du ikkje vil ha teksten endra under desse vilkåra, kan du ikkje leggje han her.
Teksten må du ha skrive sjølv eller ha kopiert frå ein ressurs som er kompatibel med vilkåra eller ikkje verna av opphavsrett (sjå Sambandet:Opphavsrett for detaljar).

LEGG ALDRI INN MATERIALE SOM ANDRE HAR OPPHAVSRETT TIL UTAN LØYVE FRÅ DEI!

Avbryt | Endringshjelp (vert opna i eit nytt vindauge)