Framlegg til ny tuft for NMU, vedteke på LST-møte 28. november 1999

Frå Sambandet
Versjonen frå 14. april 2020 kl. 22:35 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Tuft for Norsk Målungdom''' == 1 Føremål == Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk i staden for bokmål, og for å styrkja diale…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Tuft for Norsk Målungdom

1 Føremål

Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk i staden for bokmål, og for å styrkja dialekt og nynorsk normaltalemål. Til grunn for målreisinga ligg ein breiare strid for norskdom, sjølvråderett og folkeleg daning. Norsk Målungdom vil organisera ungdom til å føra denne striden.


2 Historisk grunnlag for målreisinga

Målstriden skriv seg frå kolonitida under Danmark. Dansk vart innførd som styringsmål for landet, og han vann etter kvart fram som bruksmål på alle område. Dansk fekk etter kvart høgare prestisje enn norsk. Hovudårsaka til det var at han vart teken i bruk både som talemål og skriftmål av dei øvste laga i det norske samfunnet. Striden er framleis ein strid mellom det innførde målet – i dag bokmål – og det norske – representert ved nynorsken.

Sist på 1700-talet og frametter byrja nordmenn å krevja rett for Noreg som eigen nasjon. I 1814 vart ei norsk statsmakt skipa. Fylgja av oppreisten vart utetter 1800-talet ei politisk rørsle som kravde folkestyre og sjølvstende i staden for embetsvelde og framandstyre.

I striden for nasjonal, sosial og kulturell frigjering fekk det norske folket sitt eige skriftmål. Tufta på ordtilfanget og strukturen i dei norske målføra, laga Ivar Aasen eit nynorsk skriftmål i tradisjon frå gamalnorsk og mellomnorsk. Det nynorske skriftmålet vart ein reiskap for daning på heimleg grunn.

Målrørsla har arbeidd mellom folket og andsynes staten for å vinna oppslutnad om nynorsken og idegrunnlaget hans. I 1885 vart det vedteke at det norske landsmålet og dansken skulle vera jamstelte. Styremaktene har ikkje synt røynleg vilje til å setja dette jamstellingsvedtaket ut i livet.

Nynorsken var i stor framgang frå byrjinga av 1900-talet. Etter fire tiår nytta ein tredjedel av folket nynorsk. I etterkrigstida vart norskmålsframgangen møtt med ein kraftig reaksjon frå riksmålstilhengjarane. Nynorskfolket kom på defensiven, og reiste seg ikkje att før på syttitalet.

3 Målreisinga i dag

Den offisielle målideologien i dag løyner at målstriden er ein kamp mellom to ulike mål- og daningstradisjonar. Han framstiller nynorsk og bokmål som to variantar av norsk mål, og oppmodar soleis folk om ikkje å ta stilling.

Norsk Målungdom si oppgåve er å gjera folk medvitne om at denne striden framleis finst, og få dei til sjølve å aktivt velja side for nynorsk.

Norsk Målungdom byggjer arbeidet sitt på desse stolpane:

3.1 Norskdom

Nasjonal kulturforankring gjev tilhøyrsle og sjølvkjensle. Det som gjer oss norske, er ikkje statsborgarskapen eller hudfargen, men at me er knytte til sereigne tradisjonar, seder og norsk soge. Kunnskap om norsk soge, kultur og språk er avgjerande for å forstå og ta del i det norske samfunnet.

Utviklinga av verdssamfunnet i dag er prega av einsretting gjennom marknadsstyrd kulturøyding, og ikkje mangfald gjennom utveksling av idear og haldningar mellom ulike nasjonar. Nasjonal byrgskap og tilknyting til tradisjonar og kultur, gjev betre utgangspunkt for å ta vare på og vidareutvikla desse tradisjonane, og gjev betre grunnlag for respekt og forståing for andre folk og deira kultur. NMU arbeider mot sjåvinisme og rasisme, og for at det skal vera mogleg for andre folkeslag i Noreg å bruka eigen kultur.

3.2 Norsk mål

Språket er eitt av dei viktigaste kjenneteikna på ein nasjon. Nynorsken er det beste skriftlege uttrykket for dei norske dialektane og den norske kulturen, og er dugande på alle samfunnsområde. Bokmålet rår i dag, og vert difor rekna som det nøytrale og naturlege. Ord og former frå bokmål trengjer vekk norsk mål, både i skrift og tale.

NMU meiner at folk skal vera medvitne om talemålet sitt, og vil fremja friviljug talemålsnormering mot nynorsk og heimlege målføre. Dette kan hindra at målføra vert utvatna av bokmålstale. Nynorsk normaltalemål hjelper fram det sermerkt norske i tale og skrift. Di fleire som nyttar normaltalemål, di høgare status og utbreidnad får nynorsken.

Norsk Målungdom arbeider mot ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk. Me vil ha eit sermerkt norsk mål, fylgjerett og oversynleg, som tek opp i seg dei samlande draga, og det rike norske ordtilfanget i målføra. Skal nynorsken vera levefør, lyt nynorsken tuftast på ideala frå Ivar Aasen, og ikkje lempast etter rådande straumdrag og trendar.

3.3 Kunnskap

Me trur menneska treng mål å trå etter, og at ein kan veksa gjennom å tileigna seg kunnskap og gjennom intellektuelt arbeid. Kunnskap vert i større og større grad ei vare, og kunnskapsformidlinga vert styrd av marknadstilpassing. Dette fører til at anti-intellektuelle straumdrag får fotfeste: Berre "naudsynt" kunnskap vert viktig. Norsk Målungdom arbeider mot dette fordummande kunnskapssynet.

Skulen er ein sentral danings- og kunnskapsinstitusjonen i eit moderne samfunn. Eit mål med utdaninga lyt vera å styrkja medvitet om lokal og nasjonal kultur, språk og samhøyrsle. Verdfull kunnskap finst òg utanfor skulepensumet.

3.4 Folkestyre

Norsk sjølvstende lyt byggja på demokrati og deltaking, einast slik vil det ha verkeleg verd for folk. Dette føreset at me byggjer det norske samfunnet på livskraftige lokalsamfunn der folk deltek i utforminga av samfunnet kring seg.

3.5 Folkerørsle

Norsk Målungdom meiner at den beste måten å vinna fram med vårt målpolitiske danningsprosjekt på, er organisert arbeid. Folkerørslene, som til dømes norskdomsrørsla og fråhaldsrørsla, har vore og er framleis viktige formidlarar av folkeleg daning. Friviljug organisering har vore, og er, ein føresetnad for utvikling av demokrati i Noreg og ein føresetnad for røynleg folkestyre.

3.6 Sjølvråderett

Norsk Målungdom meiner at alle nasjonar har rett til å rå seg sjølve. Me ser den norske målreisinga i samanheng med den striden andre folk fører for nasjonal og språkleg frigjering. Difor kan me stø nasjonar og folk sin strid for språkleg, kulturell og nasjonal sjølvråderett. På dette grunnlaget stør me den striden samane fører for å halda oppe eige mål og kultur.

3.7 Språkleg rettferd

NMU stør obligatorisk sidemålsopplæring av di me vil at elevar skal få ei fullstendig innføring i norsk kultur- og målsoge, og læra å skriva bokmål og nynorsk. Dette gjev elevane grunnlag for å ta eit sjølvstendig val mellom dei to språka.

NMU stør kravet om morsmålsopplæring for framandspråklege. Dette gjev røynleg høve til å læra om og halda på dei kulturelle røtene sine.

NMU arbeider for å tryggja rettane til nynorskrettane i skulen gjennom å organisera ungdom og soleis leggja press på staten til å fylgja opp lovene.

NMU går mot den nye læreboknormalen. Klassiske nynorskformer lyt få sleppa til att i skulen.