Skilnad mellom versjonar av «Etter gravferdi for målblandingi»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
(Oppretta sida med «Av Jostein Krokvik <i>Prenta i Vestmannen.</i> Kategori:Jostein Krokvik»)
 
Line 1: Line 1:
 
Av [[Jostein Krokvik]]
 
Av [[Jostein Krokvik]]
  
 +
I tilrådingi frå kulturnemndi i Stortinget, umtala annan stad, hev medlemene frå Høgre (s. 9) ein merknad um at dersom departementet set ned ei arbeidsgruppa som skal vurdera verknadsfeltet for mållovi, må Riksmålsforbundet vera med på same måten som Noregs Mållag. Dette skal me ikkje segja noko um. Men ingen stad i tilrådingi, eller i stortingsmeldingi, er noko nemnt um at høgnorskrørsla eller Ivar Aasen-sambandet, som er den tradisjonelle luten av målrørsla, skal ha representasjonsrett.
 +
 +
Dette er verdt å hugsa når me ser på høgnorskrørsla i dag. Me hev i stor mun vorte sette utanfor i offentlege institusjonar og styringsverk etter at statleg målpolikkk i namnet skulde vera ein utsoningspolitikk med rimeleg rettferd til alle målfløyar. Det vil segja frå Vogt-nemndi på tidleg 1960-tal med det seinaree Norsk språkråd, der Norsk Måldyrkingslag er åleine på vår front med éin målsmann, medan tilsvarande samskipnad på riksmålshald hev tvo – Det Norske Akademi. Representasjonsretten til eit nynorskforlag, Det Norske Samlaget, tilsvarar ikkje det same, og er formelt noko av ein raritet i Språkrådet. Det lyt leggjast til at Ivar Aasen-sambandet som det ligg nær å draga fram her, fyrst vart skipa i 1965. Vestmannalaget gjekk ut or Noregs Mållag i 1962, Vestlandske Mållag i 1970. Høgnorskringen vart skipa i 1994. Men riksmålsakademiet er heller ikkje serleg gamalt!
 +
 +
Sidan umskping stend for dør i Norsk språkråd, må det vera eit rimeleg krav – dersom Språkrådet i umskipa form vert halde uppe, noko som i våre augo korkje er innlysande eller påkravt – at den tradisjonelle høgnorske luten av målrørsla fær ein målsmann til. Eit umskipa Språkråd ser me helst vert kløyvt i eit nynorskråd og eit bokmålsråd med kvar sitt styre, men utan tette veggskilje.
  
<i>Prenta i Vestmannen.</i>
 
<i>Prenta i Vestmannen.</i>
  
[[Kategori:Jostein Krokvik]]
 
[[Kategori:Jostein Krokvik]]

Siste versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:41

Av Jostein Krokvik

Prenta i Vestmannen.