Espevær

Frå Sambandet
Versjonen frå 13. april 2020 kl. 14:55 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Espevær''' er eit fiskever i Bømlo herad, på um lag 1 km<sup>2</sup>, lengst i vest ute mot havet og Nordsjøen, sud for Hespriholmen. Es…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Espevær er eit fiskever i Bømlo herad, på um lag 1 km2, lengst i vest ute mot havet og Nordsjøen, sud for Hespriholmen. Espevær er serleg kjend for eit mystiskt merkje på ein bakke, som hev vorte kalla UFO-ringen. Denne ovale sirkelen i graset er 26 meter lang, fjortan meter breid og 63 meter i umkrins. Ringen vart fyrst uppdaga 7. oktober 1975, og til dessa hev ingen vore kar um å gjera greida for korso dette merkjet vart sett. Etter segni skal UFO-ringen vera eit avtrykk etter at ein UFO landa på bakken der.

Namnet Espevær kjem av norrønt espi, ospeskog, og vær, fiskever.