Elektromagnetisk samhøve

Frå Sambandet
Versjonen frå 13. april 2020 kl. 16:47 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «mini|EMC-laboratorium ved [[Technische Universität Dresden|TU Dresden i Tyskland.]] '''Elektromagnetisk kompatibilitet (EMC)'''…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Elektromagnetisk kompatibilitet (EMC) er eit mål på kor godt eigna eit system er til å tola elektromagnetisk interferens. Elektromagnetisk interferens hev me når elektriske ovringar påverkar systemet vårt slik at funksjonaliteten vert skadelidande. Elektromagnetisk interferens kann skriva seg frå menneskeleg aktivitet (andre elektriske system) eller dei kann koma frå naturen sjølv (ljon, elektrostatiske utladingar etc.). Døme på menneskeskapt interferens er netspenningsvariasjonar, harmonisk tilrengjing og svitsjestøy frå relè og halvleidarkomponentar. System som hev stor evna til å tola åtaksfelt og ikkje let seg påverka av desse segjer me hev liten susceptibilitet.

Det elektromagnetiske miljøet

Miljø er eit ord som dekkjer mange umkverve. Av miljø kann me nemna biologisk, geografisk, klimatisk, psykologisk, økonomisk og so burtetter. I dagleg tale talar me ofta um fysisk og kjemisk miljø. Då tenkjer me som oftast på jord, luft, vatn og mineral – men kor mange tenkjer på det elektromagnetiske spekteret - ”eiteren” som det heitte fram til Maxwell kom med sine likningar. Det treng vern det òg. Alt i 1929 kom dei fyrste norske lovene som skulde regulera elektromagnetisk ureining av umgjevnadene.

I vår daglege umgang med teknisk utstyr møter me stødt situasjonar som hev med helse og miljø å gjera. Tekniske tilhøve og personvern vert regulert innan EØS av ymse direktiv. Til dømes EMC-direktivet som kom i 1996, EX-direktivet, lågspenningsdirektivet, maskindirektivet og so burtetter. Attåt dette kjem miljøvernlovgjeving og nasjonale forskrifter. Til dømes "Forskrifter for elektriske installasjoner i bygninger". Eit produkt kann påverka miljøet negativt både når det vert produsert, når det er i bruk og når det vert kassert. Alt dette hev me miljøvernlovgjeving som skal regulera.

EMC-strategiar

Det er tri måtar å betra den elektromagnetiske kompatibiliteten på – me kann auka immuneteten åt systemet, veikja innkoplingsvegane eller redusera emisjonen av støy frå interferenskjelda. Det siste er som regel det greidaste og rimelegaste.

Av interferenskjeldor skil me millom deim hev diskret og deim som hev kontinuerleg frekvensspektrum. Mikroprosessorsystem og radiosendarar er døme på det fyrste, lysstoffrøyr, relè og annan kraftelektronikk er døme på det siste. På same måten kann me skilja millom utstyr med bandavgrensa og breidbanda suseptibilitet. Svært ofta er det slik at system påverkar kvarandre med gjensidig interferens. Då vert felt frå den eine kjelda kopla inn i hi, og umvendt.

Elektromagnetisk kompatibilitet er sers viktugt når ein skal setja mål på funksjonaliteten og tryggleiken åt eit produkt. Ikkje minst bilindustrien steller strenge krav. Det er i dag ikkje uvanleg at ein ny bil inneheld eit titals mikroprosessorsystem. Og me vil helst ikkje at bilen vår på uforklårleg vis stoggar under den fyrste kraftleidningi me passerar.

EMC-standardar

Tidlegare var det slik at styresmaktene, representert ved Norsk Elektrisk Materiellkontroll (Nemko), godkjende alle elektriske og elektroniske produkt fyre dei kom på marknaden. Etter at EØS-avtala kom, er det han som plasserar produktet i marknaden som tek på seg andsvaret for at produktet uppfyller alle lover og krav, og dokumenterar dette. CE-merket garanterar at produktet svarar til dei relevante EU-direktivi, og frå 14. juni 1998 av kann kann ingi teknisk innretning importerast eller seljast i EØS-valdet utan CE-merket. I USA er det militære standardar som hev dominert, og som seinare gjerne er vorte internasjonale standardar.

Praktisk EMC

Diverre er det ikkje so lett å samla motivasjon kring elektromagnetisk kompatibilitet millom elektronikkonstruktørar flest då det ikkje hev med produktet si primære uppgåva å gjera. Det er helder ikkje noko yversynleg fagomkverve, det involverar etter måten mange fagdisiplinar, td programvare, elektronisk utforming og mekanisk utforming. Sikring av den elektromagnetiske kompatibiliteten åt eit produkt er eit Sisyfos-arbeid. Konstruktørane er ikkje ferduge med jobben fyre dei hev produktet godkjent, plassert i marknaden og næste utgåva undervegs. Det vil i praksis segja at elektromagnetisk kompatibilitet er ei kontinuerleg uppgåva for industrien i vår tid.

Bibliografi

  • Benda, S., Elektroniska apparater - Minikrav för industrin inom EU och EFTA', Studentlitteratur, 1993.
  • Grødal, A., Elektromagnetisk kompabilitet for konstruktører, Tapir forlag, 1997.
  • Mardiguian, M., EMI trubleshouting techniques, McGraw-Hill, 2000.
  • Morrison, R., Grounding and shielding techniques, 1998.
  • O'Hara, M., EMC at component and PCB level, Newnes, 1998.
  • Williams, T., EMC for product designer, 2. utg., Newnes, 1992.