Skilnad mellom versjonar av «Dikt av Jan Prahl frå 1875?»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
Line 13: Line 13:

Ved Marsteinen

Ved Marsteinen

Um Noreg tyter

Um Noreg tyter

Havet

Havet

Versjonen frå 8. april 2020 kl. 14:58

Av Jostein Krokvik

Jan Prahl (1833-1921), den sermerkte vestmannen som ikkje alltid fylgde den vanlege vegen, hev gjenom åri hev fenge mange lastord og einskilde rosande ord for det halvt gamalnorske målet sitt i boki Ny Hungrvekja (1858). Han drog til Nederland 27 år gamal i 1860. Der søkte han hjelp for ein augnesjukdom i Utrecht hjå professor Donglas, då rekna for den fremste augnelækjaren i Europa.

Prahl vart verande utanlands; ihugen vakna for medisinarfaget, han immatrikulera seg på universitetet i Utrecht, vart medisinsk kandidat i 1865, og tok medisinsk doktorgrad i 1868, alt med framifrå godt resultat. Sidan praktisera han medisin i Nederland, med serleg sans for augnelidingar. Sin eigen augnesjukdom vart han aldri heilt kvitt, men han arbeidde med lækjargjerningi i Nederland til ein høg alderdom. Jan Prahl elska norrønt og gamalnorsk til det siste, men det var knapt nokon "sjukleg elsk", slik Kristofer Janson noko lettvint skriv i innleidingi til Krohns skrifter i 1909. Folk elskar all verdsens mål, alt etter bakgrunn, kunnskap og huglynde, men det treng ikkje vera noko sjukdomsteikn!

No heldt Prahl uppe sambandet med Noreg; han skifte brev millom andre med Henrik Krohn (1826-79), Vestmannalags-grunnleggjaren og målbrøytaren framfor nokon på Vestlandet. Det meste av brevskifte er elles truleg burte. Prahl skreiv rim og dikt, stundom til vener, og til Krohn sende han sumt. Men Prahl var ein sjølvkritisk mann, i brev til Krohn 7. januar 1866 meinte han produkti var av "a very inferior nature", og um noko kom på prent, måtte det vera namnlaust. Sume hev gjeve Prahl ord for å vanvyrda Aasen-målet som han skulde tykkja var for "simpelt" mot gamalnorsken som han lika best. Men dette er ei tvilsam sanning, og i alle fall er modifikasjonane sterke. Prahl skreiv brev og ei bokumsetjing (Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin, 1907) på Aasen-mål, og alt i 1866 då Henrik Krohn gav ut bladet "Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen" (1865-1868), fyrste målsbladet i Noreg etter "Dølen", medgav Prahl at bladet var betre enn alt han hadde venta, og det var i form som innhald "udmærket afpasset efter dets Bestemmelse".

I 1875 (6. årgang) finn me i "Fraa By og Bygd" (FBB) nr. 1, 15. januar, eit lite dikt "Ved Marsteinen" utan diktarnamn, og det var vanleg for Prahl.. Ingen hev gissa på upphavsmann til diktet, heller ikkje professsor Torleiv Hannaas som ofra mykje arbeid på å ettervisa upphavsmennene bak løyndenamn i Ferdamannen og FBB. Hannaas segjer elles at Prahl venteleg gjenom livet skreiv mykje som ikkje vart teke vare på; same kor ein dømer um Prahl, er dette eit tap. Vestmannalaget gav ut FBB i dei ti åri bladet kom (1870-79), og Henrik Krohn var drivkraft. Han var skriftstyrar dei fyrste åri, men i 1875 hadde han flytta fast til Sogndal der han hadde fabrikk og gard, og dette året var Olav Lofthus skriftstyrar, han var knytt til Bergens Tidende og var sjølv høvesdiktar. Diktet er prenta på det Aasen-målet som vart bruka i FBB på denne tidi.
Når eg freistar knyta diktet til Jan Prahl, er det fordi det i sumt språkleg, i formi, temaet og den litt tungsame tonen, minner um dei par kjende dikti av Prahl. Jan Prahl var ein bolk heime i Bergen på denne tidi (1872-82), og han kom med i stjorni for Vestmannalaget medan han var på heimlege kantar. Marsteinen er ei liti øy med fyrtårn ved innsiglingi til Krossfjorden i Hordaland, heilt ut mot Nordsjøen. Denne vegen, burt frå Noreg, hadde Jan Prahl siglt meir enn ein gong. Men det eg skriv, heimfester ikkje diktet fullvist til Prahl; det er eit slengkast.

Ved Marsteinen Um Noreg tyter
Havet
sitt gamle, ville
Kvad
og skjerrer burt fraa
Skjerjom
kvart Straa, kvart fagert Blad.

Der er det villt og audslegt -
den snaude
Holmastein
ris upp or kolblaa
Kavet
som brotet Jøtulbein.

Paa Skjerjom Sjofugl
stender
med sinom leide
Laat,
og kvin um Dagar
tunge
imillom Brim og Brot.

Er du so hugill, ljose
Dyr?
Er Livet ditt so
illt?
Sjaa, Havet er ditt
Odalsland,
kvat er det meir du villt?

Det er so vidt, det er so
fritt,
og er det stundom
illt,
so mang ein fager
Sumarsdag
det ligg som Engjar stillt.
Og Terna skjekjer Vengjom
fljott
og leggst paa Bylgja blaa -
og Vinden fyller kvite
Segl
og ber meg Noreg ifraa.