Bymål og nynorsk

Frå Sambandet
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 11:43 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<p><i>M. Berntsen og dr. Amund B. Larsen: Stavanger Bymål</i>. Oslo 1925. Bymålslaget.</p> <p>Denne boki, som Bymålslaget gav ut i fjor, ser annleis ut enn det me er va…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

M. Berntsen og dr. Amund B. Larsen: Stavanger Bymål. Oslo 1925. Bymålslaget.

Denne boki, som Bymålslaget gav ut i fjor, ser annleis ut enn det me er vane til med bøker. Heile boki er handskrivi, ifrå titelsida og til boklista på baksida av brædet. Den eine av bokmeistrane, rektor M. Berntsen, hev laga eit fint manuskript, og so hev dei reproducera det på litografisk veg. Boki er den fyrste prøva her hjå oss på den «fotografiske trykkemåte», stend det i fyreordet; når ein tenkjer på fotografering av heile store manuskript, er vel det so. Men den uvanlege utsjånaden skal ikkje skræma folk. For handskrifti er sers tydeleg, og reproduksjonen er god. Det er ikkje den ringaste vanske med å lesa. Dette vere ikkje sagt til vanheider for kunsti hans Johan Gutenberg. Når det vert betre tider, trur eg at alle vil venda tilbake til henne like vel.

Titelen segjer kva boki inneheld. Det er ei utgreiding um målet dei talar i Stavanger by. Forfattarane hev freista gjeva ei so heilsleg utgreiding som råd er. Difor hev dei teke med målet ikkje berre i eitt eller i sume, men innan alle sociale lag, og innan alle stand og krinsar. Dei hev teke med både det rettelege folkemålet og slikt som ikkje kann kallast med det namnet. Det språklege bilætet ein fær, vert brokut på den visi. Det vert ikkje so samanhangande alltid. Men det vert skiftande og mang-lita, og det lyt vera soleis når det skal spegla av det røynlege tilstandet.

I ei innleiding gjev fyrst M. Berntsen ei stutt yversyn yver soga åt byen Stavanger, og ei utgreiding um korleis vilkåri for byen hev gjeve skiftande vilkår for bymålet. Dinæst fylgjer ei utgreiding um ljodlæra i Stavanger bymål. Det er drjugaste bolken i boki, 200 av 528 sidor. So kjem formlæra, som òg hev fenge eit stort rom. Desse bolkane er dei tvo bokmeistrane saman um. Deretter fortel M. Berntsen åleine ymist um ordtilfanget, og reknar upp sume av dei ordi i målføret som er av nasjonalt upphav, og so ord som er innkomne frå lågtysk, hollendsk, høgtysk, engelsk, ifrå romanske mål og græsk; nokre ord frå sjømannsmålet reknar han òg upp. Til slutt er det målprøvor — ved Berntsen —, og ei nyttig ordliste som gjer det lett å slå upp i boki.

Um ord-avleiding er der ikkje nokon serskild bolk. Ikkje um syntaks (setningslære) heller. Men av dei mange dømi i boki kann ein læra mangt um syntaks like vel.

Det er eit stort og godt arbeid dei tvo forfattarane hev sendt ifrå seg. Rikdomen på døme som skal syna fram dei ulike målovringane, er noko av det som gjer boki verdfull. Men det er eit rikt verk elles òg, vel gjenomarbeidt og med ei mengd åtgåingar um ljod og former og målbruk. Dei tvo forfattarane hev fyllt einannan ut. Den eine, M. Berntsen, rektor ved katedralskulen i Stavanger, hev den grunn-kjennskapen til sjølve bymålet som det gjev å vera fødd og busett i byen. Hin, dr. A. B. Larsen, hev ein vidfemnande kjennskap til målføri i heile Noreg og vidare med, og til norsk målsoge. Fyreordet fortel då òg at dei hev bytt arbeidet soleis millom seg at Berntsen hev samla og hev andsvaret for so godt som alt tilfanget um sjølve bymålet, og dr. Larsen hev havt meir til uppgåve «å finne målets forhold til andre norske dialekter, og påse at det hele blev stillet i den belysning som dialektgranskningen for tiden tilsier og krever». Dette hev gjeve arbeidet ein tvifeld styrke. Det vert naudgrant og pålitande i detaljane um sjølve emnet; og målovringane i Stavanger bymål hev vorte sette upp imot ein større bakgrunn. Fleire av dei ålmenne yversynene som innleider ymse bolkar, er til mykje rettleiding; soleis den utgreidingi s. 173 ff. som byrjar stykket um linne konsonantar (b. d, g).

Mykje interesse hev forfattarane — utanfor bolken «Ordforråd» òg — vigt ord av framandt upphav, serskilt dei tyske lånordi.

Forfattarane hev lagt seg um å bruka eit bokmål som er noko norskare i formene enn det vanlege. Ein finn då som so ofte at norske former vanklæder bokmålet og ikkje vil stå godt i miljøet. T. d. fleirtalet: «våre enkelte målføre» for «målfører» vil visst støyta dei fleste. Men at instrumentet er motstridigt, kann ikkje koma forfattarane til last.

Like vel renn den tanken fyre ein: kor mykje betre hadde det ikkje høvt med emne og innhald, um sjølve utgreidingi hadde vore på norsk. —

«Stavanger Bymål» er ei lærerik bok. Men det aller gildaste som er å læra av henne, er kor norsk bymålet i Stavanger i røyndi er. Ein høyrer stødt det vert sagt at i byane, der talar folket norskdansk, eller riksmål dei kallar. Og der hev ikkje nynorsken, eller landsmålet, noko naturlegt grunnlag. Og so syner det seg her, at i Stavanger talar folk flest eit målføre som ligg sers nær upp til landsmålet. I det meste ligg det mykje næmare nynorsken enn norsk-dansken. Dette er eit ovende viktugt resultat. Det er slik ei hovudsak, at me vil draga fram nokre døme. Me set fyrst upp nokre einskilde ord or Stavanger bymål (d. e. folkemålet), og ved sida av dei tilsvarande ordi i nynorsk skriftmål og norsk-dansk. For norsk-dansken si skuld set me upp dei tilsvarande ordi i dansk òg. s. etter eit ord tyder substantiv, adj. tyder adjektiv, og vb. verbum. Ljodskrifti i boki kann me ikkje etterlikna.

Stav. bymålnynorsknorskdanskdansk
bann, s.bandbåndBånd
kall'e adj.kaldkoldkold
slå i helslå i helslå ihjelslå ihjæl
lega, s.lege (lega)leieLeje
stela vb.stelastjelestjæle
vega s.vike (vika)ukeUge
spel s.spelspillSpil
skjegla vb.skjeglaskjeleskele
kvila vb.kvilahvilehvile
kviskra vb.kviskrahviskehviske
dotter s.dotterdatterDatter
bru s.brubroBro
tru s. og vb.trutrotro
golv s.golvgulvGulv
låg'e adj.låglavlav
beinlaus'e adj.beinlausbenløsbenløs
kveide s.kveitehveteHvede
grein s.greingrenGren
iøysa vb.løysaløseløse
øy s.øyøØ
te dess (kon-
junksjon)
til dessvantarvantar
endåendåendaendda
ikkjeikkjeikkeikke

So set me upp nokre bøygjingsformer. Tek ein t. d. nokre av substantivi, so heiter det:

Stav. bymål:
hest, stein (ogso steidn), botnhestar, steinar, botnarhestane, steinane, botnane.

Nynorsk:
hest, stein, botnhestar, steinar, botnarhestane, steinane, botnane.

Norskdansk (og dansk):
hest, sten, bunn (d. Bund) — hester, stener, bunner (d. Heste, Stene, Bunde) — hestene, stenene, bunnene (d. Bundene).

Stav. bymål:bein (eint.)— bein (flt.)— beinå
Nynorskbein— bein— beini(-a)
Norskdansk og dansk:ben— ben— benene

Verb:
Stav. bymål: ferast, trivast; nynorsk: ferdast, trivast; norsk-dansk (og dansk): ferdes (d. færdes), trives.

Verbet «kasta» bøygjer dei soleis:

inf.pres.impf.part.
Stav. bymål:kasta —kaste (-a) —kasta —kasta
Nynorskkasta —kastar —kasta —kasta
Norskdansk og dansk:kaste —kasterkastet (d. kastede) —kastet

Andre verb:
Stav. bymål: driva, bresta, sykkadriv'e, brest'e, sykk'e, — dreiv, brast, sokkdreve, broste, sokke.

Nynorsk: driva, bresta, søkkadriv, brest, søkkdreiv brast, sokkdrive, broste, sokke.

Norsk-dansk og dansk: drive, briste, synkedriver, brister, synkerdrev, brast, sankdrevet, brustet, sunket.

Nokre pronomen heiter: i Stav. bymål: eg, meg, deg, seg, me (vi)</i>; i nynorsk: eg, meg, deg, seg, me (vi); i norsk-dansk og dansk: jeg, mig, dig, sig, vi.

Det er ikkje vandt å sjå kva for eit mål desse ordi og formene or Stavanger-målføret stend næmast.

No er det alltid so, at me hev teke ut her av dei dømi som syner best skyldskapen millom Stavanger bymål og nynorsken. Sjølvsagt vil det finnast mangt og mykje i Stavanger-målet som ikkje fell so godt i hop med den nynorske landsnormalen. Inkje målføre er «normalt» på alle vis. Det kann endå til dragast fram ymist som samsvarar meir med det norskdanske skriftmålet. Men når ein veg det eine mot det andre, so veg på alle måtar det som dreg imot nynorsken mykje tyngre. Det er soleis, anten ein so ser på detaljane eller på grunndragi og heile uppbygnaden i målføret.

Det er ikkje lenger eit påstand bygt på ålment umdøme, at folkemålet i Stavanger gjeng mykje betre upp i det nynorske skriftmålet, landsmålet, enn i det norskdanske skriftmålet, det er vitskapleg prova.

Rett nok provar boki noko anna òg. Det er ein ålvorleg ting, sét frå nasjonal synsstad. Ho provar at dansken hev eit lag til å eta seg inn og skjemma ut folkemålet i Stavanger. Gong på gong peikar forfattarane på «avvikelser fra norsk sprogbruk» som kjem frå «riksmålet». Og dei peikar på at det unorske sig inn meir etter kvart gjenom skulen (sjå t. d. side 281); og unorsk jargon frå «riksmålet» kjem seg inn i dei breide lag (s. 325). I dei høgre sociale lagi er det mest av dansk, der talar dei eit «riksmål». Men tråss i dette kann det ikkje i dag med noko slag rett tvistast um at målet i Stavanger framleides hjå fleirtalet er full-norsk i hovudsak. Det bøygjer seg ikkje naturleg inn under noko anna skriftmål.

Men av dette trengjer det seg fram ei praktisk slutning: når tilhøvi er soleis, kunde det ikkje kallast for tvang mot ungdomen å føra norsk skulemål inn i denne byen. Å kalla det soleis vilde vera agigatorisk tale. For dei vaksne vilde det fulla verta tvang, dersom dei vart sette til å skriva norsk; for dei er so innkøyrde i å skriva bokmål at dei er bundne av det. Men for dei unge som kjem til barneskulen med uskipla norsk målsans, vilde det verta ei frigjering.

Det lærer denne boki oss. Ho syner at åndeleg er det ill medferd med borni i ein by som Stavanger å nøyda deim til å eksera med norskdansken. Det er prøyssarverk. Det hadde fulla mange ein tanke um fyrr. Men her er det soleis vitskapleg prova at alle må sjå det. Difor er denne boki eit viktugt nasjonalt dokument.

Det som slike dokument soleis lærer oss, skulde dei ikkje lata vera å taka umsyn til i den praktiske skulepolitikken. Det burde ikkje vera det same for nasjonen og for landsens styremakter, at i norske byar driv statsskulen og fer åndeleg ille med borni, og tampar ut or deim deira naturlege norske mål til fyremun for eit unorsk. Eit politisk fleirtal, når ein fær det, vil ikkje berre ha nasjonal, men pædagogisk rett òg til å gjera norsk til skulemål i slike byar, ved politiske vedtak. Dei gjer berre rett og skil mot ungdomen og framtidi med det.

Slike verk som «Stavanger Bymål» grev den vitskaplege grunnen undan den norskdanske skulen i byane. Med det grev del den moralske og pædagogiske grunnen undan honom òg, og turvte grava burt den politiske grunnen. —


Når ein soleis legg merke til korleis «Stavanger Bymål» etter innhaldet sitt stødt og stendigt fører tanken burt på nynorsken, er det ein ting som lyt undra ein storleg. Det er at ordet «landsmål» eller «nynorsk» hev forfattarane ikkje funne høve til so mykje som å nemna, kann ein segja. Ordet «landsmål» finst — ved ein penneglepp? — ein einaste gong (s. 171); eg trur ikkje det stend oftare i heile boki. Der er jamført tidt og ofte med ymse skriftmål, med dansk og svensk og tysk og gamalnorsk, og med «riksmål» og mange andre. Ein lærer mykje um dei måli. Men nynorsk skriftmål («landsmål») er konsekvent halde utanfor jamføringi. Den som ikkje visste um det målet fyrr, han skulde ikkje verta vis med av denne boki at det var til.

Det er so ovende ofte at jamføringi med nynorsken liksom legg seg på tunga for ein. T. d. i den bolken som tek til side 160. Det er nemnt at vokalen a hev halde seg godt i tonelette stavingar i Stavanger bymål, og stundom hev andre tonelette vokalar halde seg òg. So stend det deretter: «I riksmålet er gjennemgående de ubetonte vokaler blitt gjenstand for en større svekkelse og har her i alm. løpet sammen til e. Den større flerhet av ubetonte vokaler er altså en felles eiendommelighet for Stavanger folkemål og de rygske landsdialekter, og gir sproget en større variasjon, en større farverikdom, mens riksmålet med sin alt-overveiende e som ubetont vokal virker langt mer enstonig og tørt». Kva hadde lege næmare for tanken enn å taka inn ei jamføring med nynorsken (landsmålet) òg her? Men det er ikkje gjort.

Og soleis både i dei ålmenne utgreidingane og ved dei einskilde formene: jamføringi med nynorsken trengjer seg logisk fram, men ho er haldi burte med makt.

Soleis er det når ein les sjølve boki. Slær ein upp i den lista yver avstyttingar som er sett til (s. VI-VIII), vert ein var noko tilsvarande der. Der er ført upp avstyttingar for angelsaksisk, gamalhøgtysk, gamallågtysk, gamalfransk, gamal-svensk og -dansk, for latin, for millom-engelsk og -høgtysk og -nederlandsk og -lågtysk og -svensk, millomalderslatin, for italiansk og fransk og engelsk og nyhøgtysk og hollendsk og islendsk og færøysk og svensk og dansk m. m. «Riksmål» er uppført i lista på tvo stader, med tvo avstyttingar. Dessutan finst «germansk» og «nordisk», og gamalnorsk og millomnorsk. Men «nynorsk» eller «landsmål» leitar ein etter og finn ikkje.

Eg må segja at for meg er det beint fram uskynande kvifor forfattarane ikkje hev funne grunn til å nemna eller jamføra med det kulturmålet som Stavanger bymål stend aller næmast og etter alle hovudkjennemerke soknar inn under. Hadde der ikkje vore teke umsyn til andre mål, kunde det so ha vore. Men i ei bok so rik på tilvisingar som denne, er det ikkje råd til å skyna det.

No er det so at i boki er vist nær sagt i hundradtal av gonger til noko som er kalla «norske målføre». Det råkar so til at dei formene som er uppførde under dette nemnet, dei fell tolleg jamt heilt saman med dei normalformene som høyrer landsmålet til.<a href="#11">¹</a> Det er i røyndi når ein ser etter, landsmål. Men dette gjer ikkje det heile lettare å skyna. Kvifor er då ikkje det samlande og det rette namnet «landsmål» eller «nynorsk» nemnt?

<a name="11"></a>¹ Med a i linne hokynsord: visa.

Vitskapleg gagnar det ikkje å soleis lata det vera stilt um at eit samlande nynorsk kulturmål er til; ikkje når det faktisk eksisterar, og det er det granskarane — som det syner seg — hev bruk for å visa til. For vitskapen er det ikkje til bate å røynleg visa til tingen, men ikkje nemna namnet.

Tvert imot; det er til meins for vitskapen at ein ting ikkje vert nemnd med sitt rette og ålkjende namn. Ein ser ikkje so sjeldan det klårt i denne boki òg. Det hender fleire stader der at ein fær ved sida av einannan desse nemni: «(norsk) riksmål —norske målføre». For deim som ikkje er orientera eller umtenkte, verkar denne samanstellingi sers vill-leidande. Dei fær den tanken, at «riksmål» eller «norsk riksmål» er eit yversett umgrip, og at «norske målføre» er greiner av «riksmålet». Det veit alle kunnige er rangt, noko forfattarane òg, sjølvsagt, let koma tydeleg nok fram elles i boki. Men nokor mistyding hadde ikkje vorte mogeleg nokonstad, dersom det i staden for «norske målføre» hadde stade «nynorsk», eller «landsmål». Då hadde det vore greidt for alle at her var tale um tvo serskilde mål som stend ved sida av einannan. Og det hadde vorte meir greidt for alle at «riksmålet» er ikkje generalnemnaren som stend yver folkemålet i Stavanger.

Det skal ha hendt at fyrste gongen nokon skreiv uppgåvor til språkleg-historisk embættseksamen på nynorsk, so vilde Sophus Bugge og fleire andre av universitetslærarane ikkje godkjenna desse uppgåvone. Det var ein professor då som minte um at det hadde vore folk uppe til den eksamen fyrr, som hadde skrive uppgåvone på latin. Ja, svara Sophus Bugge, det var ei onnor sak; for latin var «et anerkjendt sprog», det var ikkje nynorsk.

Det er mange gjæve menn etter Sophus Bugge som hev havt det på det same som han. Og røynleg ser det ut som dei lærde forfattarane til «Stavanger Bymål» i dette stykket hev fylgt den store meisteren; so at det er for di dei ikkje «anerkjender» nynorsken at dei hev eliminera honom burt or krinsen av dei mål som vert nemnde. Av ei slik syn vil det òg kunna forklårast at dei kann tala um «alle de tre nordiske skriftsprog» (s. 23).

Men me kann ikkje godkjenna at dei hev rett til å bruka ein slik framgangsmåte som dei hev gjort her. Me vil leggja ned ein kvass — vitskapleg — protest mot det. Sovoren mål-propaganda hev ikkje rom i eit vitskapsverk.

Slikt set heile måltilstandet i Noreg i eit skeivt og usant ljos. Og det er ikkje i samsvar med det som målvitskapen etter det stig han hev nått fram til i dag, «tilsiger og krever».

Utanlandske granskarar tek no meir og meir til å bruka korrekte og vitskapleg rettleidande nemningar um måli i Noreg. Dei tek til å bruka det greide og rettleidande nemnet «norsk» beint fram um den samlingsformi for norske målføre som Ivar Aasen sette upp og vigde til litterært bruk. Um «riksmålet» — det vil segja det som enno er det ålmennaste av dei tvo riksmåli her til lands — tek dei til å bruka det adækvate nemnet «norsk-dansk», når dei i det heile nemner det.

Norske granskarar òg skylder å lata det røynlege måltilstandet i Noreg koma tydeleg fram gjenom den terminologi dei nyttar — utan umsyn til målpolitisk standpunkt.


Til slutt skal eg få nemna eitt og anna spreidt — og smått sumt av det — som eg hev notera av interesse under gjenomlesingi.

Forfattarane hev idugt, slik som ein fær von um av fyreordet, jamført Stavanger-målet med andre norske dialektar og dialektgreiner. Og det er forvitnelegt og lærerikt å fylgja samanlikningane, og få sét det einskilde målføret i større samanheng. Men av og til kann ein tykkja at boki syner etter måten større interesse for det som ligg lenger undan enn for det som ligg næmare til. Det er jamført svært mykje med «østnorsk» i boki, det vil her segja med målføre på Austlandet (trøndsk er visst ikkje medrekna). Men stundom vert det ikkje nemnt so mykje um korleis det og det heiter eller hev seg i dei rygske målføri og i vestlandsk i det heile. Det hev i fyrste rekkje interesse. Kanskje merkar ein mest av dette i fyrste luten av boki. I bolken um tonelagi i samansette ord og framandord (s. 39-.-46) er soleis jamført mykje med austnorsk; derimot er ikkje jamført noko med Vestlands-mål. No skal ikkje med dette vera sagt at forfattarane ikkje hev sét Stavanger-målet i samanheng med målføri næmast umkring. Der er sagt mykje godt og forvitnelegt i boki um tilhøvet millom Stavanger bymål og so sudvestnorske og vestnorske bygdemål òg. Men det er liksom dette tilhøvet ikkje jamt kjem so mykje i framgrunnen som det var logisk rimelegt. Det heng vel saman med at A. B. Larsen, som hev stade fyre den samanliknande luten er austlending, frå Solør.

Sume av dei formene som er kalla «østnorske» i boki, kann ein elles berre med ovleg sterkt atterhald gjeva eit slikt ålment nemne. Som t. d. ordformi «skudd», skot (s. 57). Det er då fælande vanlegt på Austlandet at dei brukar ei form — «skott» t. d. — som kjem av gamalnorsk skot, og ikkje «skudd» som kjem av dansk. «Grass» (s. 59) er ikkje den vanlege uttala på Austlandet. Dei segjer gras for det aller meste der òg; og då skulde vel det kallast austnorsk. I desse og ymse andre tilfelle ligg det i «østnorsk» soleis som forfattarane nyttar nemnet, berre det at formene finst på Austlandet, derimot ikkje noko um kor ålmenne dei er. Det vilde ha vore tydelegare um det hadde vore teke oftare atterhald um dette ved ikkje ålmenne former.

I den fyndige ålmenne yversyni yver k og g framfyre j eller ein av dei fremre vokalane i tonelett staving (s. 190 f.), er det sagt at i dei austnorske bygdemåli held dei meir og mindre gjenomført på «hard» k og g. Det hadde vore rettkome å gjera atterhald for dei austlandske fjellbygd-måli, og dersom trønde-måli er medrekna, for deim òg. Dei måli hev mykje palatalisering.

I det heile hev boki ein svær tilhug til å få sett nemningi «østnorsk» på bokmåls-ord og -former. Dei fær no ikkje tøygja seg lenger enn fakta fylgjer godviljugt.

Side 210 er ei yversyn yver formene som sterke og linne hokynsord hev fenge i bundi form rundt um i norske målføre. Sidan bygdelagi er so specielt upprekna der som dei er, kunde nokre fleire bygder med e og æ i sterkt hokyn ha vore nemnde. Ved dei linne hokynsordi hadde det vore meir praktisk å taka eit anna ord til bøygjingsmynster enn det som er valt. Det er nytta ordet «kjærka», som er Stavanger-formi for kyrkje. Det er upplyst um dette ordet, at på Austlandet, i store luter av det nordanfjellske, på Sørlandet, i Ytre Sogn og i Fjordane heiter det «kjærka» i bundi form; Voss og Hardanger og Sunnhordland skal ha «kjærko», storluten av Vestlandet elles frå Jæren og til Nordmøre «kjærkå». Men dette gjev eit fælt rangt bilete av dei røynlege formene som ordet hev. I svært store luter av landet endar dette ordet i bundi form ikkje på -ka, -ko, -, men med j-fengen k på -kja, -kjo, -kjå. Og då å slå fast at dei segjer «kjærka» osb. på dei stadene, det er liksom dei vilde slå fast at i Oslo segjer dei «bikka» og ikkje bikkja. Det vilde tvillaust dei fleste finna støytande. Vokalen i rotstavingi er òg svært skiftande i dette ordet; forutan æ finst svært vanleg ø, og dinæst y, og i, e m. m. Det er greidt at for forfattarane hev det berre vore um å gjera å få vist korleis endingsvokalen er i dei ymse målføri. Men då hadde det vore betre å bruka eit laglegare ord til døme, som ikkje gav slike støytande former for stormengdi av målføri som ordskapet «kjærka» gjev. «Kjærka» tevler ikkje ut kyrkja like vel.

Eg hev vandt for å tru at den skikken å leggja hovudtonen på siste lekken i samansette ord (s. 22 ff.) berre skulde ha sin grunn i innverknad utanfrå i dei målføri som hev mest av dette målbruket. Men noko næmare er det ikkje råd å koma inn på det her.

«Værv» eller «varv» d. e. verv, skipsverv (s. 248) kann vera hankynsord — ikkje inkjekyn — i andre målføre enn Stavanger-målet òg. Verv m. er soleis vel kjent ikring Oslofjorden.

Framvokstren åt pronominalformene me og vi (s. 265) hev truleg vore meir ihopfløkt enn forfattarane held fyre. Ein kjem visseleg ikkje utanum at dei gamalnorske tvotalsformene (mid, vid) hev spela inn, og at ved vi hev dessutan framand påverknad frå skrift kome til.



Kvart slikt verk som «Stavanger Bymål» er ei verdfull vitskapleg vinning, og ei nasjonal vinning. Og både forfattarane som skreiv boki, og Bymålslaget som gav henne ut, fortener ære. På hi sida skal det segjast beint ut, at å vilja tegja ned med makt av politiske grunnar ein realitet som det nynorske skriftmålet, det skjemmer eit sovore verk, og det er ikkje til nokor vitskapleg vinning; um det er til nasjonal vinning, er ikkje staden her å røda um.