Øyi Bømlo

Frå Sambandet
Versjonen frå 13. april 2020 kl. 16:31 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Øyi Bømlo''' elder '''Bømmeløy''' er den største øyi i Bømlo herad (171 km<sup>2</sup>) i Sunnhordland sudvest i Hordaland fylkje. …»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Øyi Bømlo elder Bømmeløy er den største øyi i Bømlo herad (171 km2) i Sunnhordland sudvest i Hordaland fylkje. Kulleseidkanalen deler øyi i ein nørdre lut med store nakne myrar og ein sundre lut som er frodigare. På Bømlo ligg tettstadene Svortland, Rubbestadneset, Foldrøyhamn, Langevåg og Melandsvågen og det nedlagde ferjelægjet Siggjarvåg. Bruer knyter øyi saman med andre øyar i heradet, so som Moster, Goddo, Hiskjo, Aga og Spissøy.

Fjellet Siggjo (474 m.o.h.) ligg på øyi. Det hev med sin sermerkte formasjon vore eit kjent innsiglingsmerkje.

Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil som skal vera skyldt ordet «bembel», navle elder mage. I denne samanhengen er det venteleg meint i tyding tjukk, uppsvollen som spelar på formasjonen på Siggjo.