Årsmelding for Vestmannalaget 2000-2001

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Stjorni
På årsmøte den 16. mars 2000 vart Sissel Anny Hjelmtveit vald til ny formann etter Lars Bjarne Marøy. Marøy vilde taka attval, men på årsmøtet kom det benkeframlegg um Hjelmtveit. Hjelmtveit fekk 11 røyster og Marøy 9. Marøy gjekk ned i stjorni. Desse tok attval til stjorni Bjarne Storheim, Bjørn Tormod Ringdal og Finn Vabø. Det vart røysting millom Harald Trefall og Rasmus Arnold Kjellevold um fyrstevaramannsposten. Trefall fekk 11 røyster, medan Kjellevold fekk 9 røyster. Kjellevold vart samrøystes vald til andrevaramann. Kjell Henry Knivsflå vart samrøystes vald til tridjevaramann.

Marøy vart sitjande som formann av di årsmøtet ikkje vart avslutta. Det var fleire saker att på saklista, difor kunde ikkje årsmøtet avsluttast på dette møtet. Det vart avtala at neste lagsmøtet skulde halda fram som årsmøte.

Etter årsmøtet reiste fleire medlemer i laget tvil ved um det som hadde gjenge fyre seg var til bate for laget. Marøy som framleis var formann fekk millom anna eit brev frå 13 medlemer. I dette brevet kom det fram ei rad påstandar som kritiserte umstendi kring valet. Konklusjonen var at det måtte haldast eit nytt umframt årsmøte og at styret måtte kalla inn til dette.

Formannen samrådde seg med tvo av styremedlemene, Vabø og Ringdal. Desse tri var samde um at det indre samarbeidsklimaet no var so dårleg at eit nytt årsmøte måtte avgjera kva kurs laget skulde føra. Etter ei samråding med Ringdal og Vabø skreiv formannen ei innkalling til umframt årsmøte som Ringdal og Vabø skreiv under på. I ettertid vart formannen kritisert for at han ikkje freista å kalla saman dei andre stjornarmedlemene og for at innkallingi var frå tri stjornarlemer og ikkje frå heile stjorni og heller ikkje frå formannen som åleine hadde innkallingsrett.

Det vart halde umframt årsmøte. Innkallingi vart mykje umdiskutert på det umframme årsmøtet. Argumenti for å godkjenna innkallingi var millom anna at Sissel-Anny Hjelmtveit var skulda for å vera ugild i ei løyvingssak til Vestnorsk utvandringssenter og at framferdi kring valet 16. mars var uheiderleg. Det vart òg hevda at formannen hadde kompetanse til å kalla inn til umframt årsmøte. Dessutan vart det lagd vekt på at eit fleirtal i stjorni (3 av 5) hadde gjenge inn for det.

Det vart nytta yver 2 timar til ordskifte fyrr det vart røysta yver innkallingi. Det var skriftleg røysting yver innkallingi. Røysteresultatet synte 34-19 for godkjenning. Formannsvalet vart so teke uppatt. Utfallet vart 31 for Marøy og 23 for Hjelmtveit. Etter denne røystingi valde Hjelmtveit å trekkja seg frå styret. Det same gjorde Bjarne Storheim og Rasmus Arnold Kjellevold d.e. som vart vald til 2-varamann av det ordinære årsmøtet.

Desse vart valde til stjornarlemer på det det umframme årsmøtet:
Lars Bjarne Marøy, formann, Harald Linga, Sigbjørn John Huun, Bjørn Tormod Ringdal, Finn Vabø, 1-varamann, Harald Trefall, 2-varamann Kjell Henry Knivsflå, 3-varamann Helge Liland. Stjorni hev seinare skipa seg med Harald Linga til nestformann, Sigbjørn John Huun til kassastyrar og Bjørn Tormod Ringdal til skrivar.

Etter årsmøtet vart det eit ordskifte i pressa umkring innkallingi til årsmøtet. Synspunkti var skilde. Sissel-Anny Hjelmtveit samla inn 31 underskrifter for eit upprop som sa at det som hadde kome fram i samband med innkallingi og avhaldingi av det umframme årsmøtet var ærekrenkjande for fleire av medlemene i laget. Underskriftene var frå folk som kjende seg knytte til Vestmannalaget og Vestmannen, trass i at alle ikkje var medlemer i Vestmannalaget.

Dette uppropet vart sendt ut til medlemene i Vestmannalaget. Dessutan vart det lagt ved eit brev frå Eigil Lehmann som sa at det umframme årsmøtet var ulovleg og ugyldig og at det var den stjorni som vart valt på årsmøtet i mars som var den lovlege stjorni.

Stjorni hev uppsummert med at trass i at innkallingi til det umframme årsmøtet kann kritiserast, var det fullt høve for dei som var innkalla til det umframme årsmøtet å avgjera kva som skulde gjerast. Det er medlemene samankalla til årsmøte som avgjer kva for ein kurs laget skal taka.

Andre tillitsumbod i laget
Ettersynsmenn for rekneskapen til Vestmannlaget:
John Arthur Marhaug og Stein Erik Foss.

Rekneskapsstyrar for Fritz Monrad Walles fond:
Sigbjørn John Huun

Fanevakt:
Jon Askeland og Haldor Slettebø.

Bladstjorn for Tuftekallen:
Eigil Lehmann, Arnulf Hjelmtveit, Gunnar Gilberg, Lars Bjarne Marøy, Sveinung Ones, Nils Aksel Mjøs og Leidulv Hundvin. <P> Målsmenn
Rådsmenn til Bygdelagsnemndi:
Lars Bjarne Marøy, Ludvig Jerdal og Finn Vabø. Varamenn, Bjørn Tormod Ringdal og Sissel-Anny Hjelmtveit.

Det norrøne grønlandslaget:
Arne Holm, Ludvig Jerdal og Leidulv Hundvin.

Kyrkjenemndi:
Ellen Vabø og varamann Ingebjørg Gilberg.

Bladstyrar for Vestmannen hev vore:
Lars Bjarne Marøy

Rekneskapsstyrar for Vestmannen hev vore:
Helge Liland

Ettersynsmann for Vestmannen hev vore:
John Arthur Marhaug

Møte og samkomor
Vestmannalaget hev i arbeidsbolken havt 6 opne møte på Bryggens Museum og eit festmøte i lokali til Kreditkassen i Bergen. Stjorni hev vore samla til 12 stjornarmøte. Frammøte på stjornarmøti hev jamt yver vore godt.

Torsdag 21. September 2000
Kari Gaarder Losnedahl tala um Komediateatret. Ho hadde med seg gode ljosbilete.

Torsdag 12. oktober
Kolbjørn Heggstad tala um språkteknologi. Heggstad er knytt til firmaet Nordisk Språkteknologi og ein nestor innanfor arbeidet med språk og data. Heggstad gav oss ei grunnleggjande innføring i dei datatekniske løysingane som ein arbeider med innanfor språkteknologien.

Torsdag 9. november
Kjartan Rødland tala um vegutbyggjing i Hordaland. Han synte samanhengen i vegutbyggjingi og korleis kommunikasjonane stendig hev vorte lagde yver frå sjøferdsla til samferdsla på land.

Torsdag 7. desember
Lars Borgersrud tala um norsk forsvarspolitikk. Han var serleg kritisk til den måten det norske forsvaret var utrusta på fyre 2. verdskrigen. Han synte gjenom ei rad ettervisingar og grundige gjenomgangar at det norske forsvaret var sers dårleg organisert i 1940 og at det var meir forsvarsviljen millom nordmenn flest enn organiseringi gjenom forsvaret som førde til at Noreg kunde forsvara seg mot Tyskland.

Torsdag 25. januar 2001
Harald Jarl Runde tala um då telefonen kom til Noreg. Han synte ljosbilete av patent-teikningar av telefonen og fortalde levande um korleis dei nordmennene som var engasjerte i å få telefonen til Noreg arbeidde og kom i korte anekdotar inn på korleis livet deira arta seg.

Torsdag 22. februar 2001
Vincent Færavaag tala um kvifor driva mlarbeid. Tittelen han sette på fyredraget sitt var: Nynorsk harakiri?

Elles må sume tiltak nemnast serskild for seg
Formannen og Olav Torheim hev ikkje lagt noko serleg lagsstoff ut på heimesidone til Vestmannalaget på Internett i år. Møteprogrammet er vorte uppdatert jamleg.

Stjorni hev sidan det umframme årsmøtet ynskt å få nye, tydelegare og meir tidhøvelege lover. Dessutan hev stjorni ynskt å få fyremålet til laget betre fram. Harald Linga hev arbeidt serleg mykje med eit framlegg til nye lover. Elles hev heile stjorni engasjert i lovarbeidet.

Vestmannalaget er framleis andsvarleg for hovudlageret til Norsk Bokreidingslag i kjellaren i Torgegården. Leiga vert delt millom Vestmannalaget, Norsk Bokreidingslag og Nord og Midthordland Sogelag. Vestmannalaget hev sagt upp kontorhopehavet med Norsk Bokreidingslag og hev no kontor saman med Halldor O. Opedals fond i C. Sundtsgate 28.

Formannen hev lagt ned eit stort arbeid i å freista å finna fram til festekontraktane til Fritz Monrad Walles fond. Dei tidlegare formennene Ludvig Jerdal og Leidulv Hundvin hev ikkje festekontraktane. Formannen og Helge Liland hev undersøkt i bankboksen til Vestmannalaget, utan resultat.

Tidlegare kassastyrarar i laget eller for Fritz Monrad Walles fond hev ikkje og hev truleg heller ikkje havt festekontraktane.

Tidlegare stjornarmedlem Ivar Gjelsvik hev vorte kontakta. Gjelsvik var viss på at dei dokumenti som høyrde Vestmannalaget til eventuelt låg att i advokatforretningi som han dreiv på den tidi han arbeidde med festekontraktane. Gjelsvik hadde advokatforretning på Strandkaien og selde denne til Helge Hansen. Advokat Berle som arbeider i Hansens advokatforretning hev i fleire år vore advokaten til Vestmannalaget. Berle hev leita i det arkivet som låg att etter Gjelsvik, utan resultat.

Formannen hev arbeidt med å få kartlagt kva for nokre av bygselsavgiftene som skal setjast upp kva tid og kva prosentar bygselavgiftene kann setjast upp med. Den fyrste bygselavgifti som skal regulerast skulde ha vore regulert upp i 1999. Det festetilhøvet det her er tale um manglar registrert/tinglyst festekontrakt. Formannen hev spurt Advokat Berle um kva som er rett framgangsmåte i saki. Dei andre festekontraktane skal regulerast i perioden 2002-2004.

Eiga
Laget hev luter i Det norske teatret og i Norsk Bokreidingslag. Laget stjornar Henrik Krohn og Hustrus legat, og sameleis Fritz Monrad Walles fond for norsk målreising og måldyrking. Det siste kann verdsetjast til umlag kr. 600 000. Kreditkassen varveitslar midlane til Krohnlegatet. Målarstykkjet "Kong Olav kristnar i Gudbrandsdalen" (av Nils Bergslien) heng i resepsjonen hjå Hotell Hordaheimen.. Laget eig eit målarstykkje av Sigurd Wigdal, og nokre andre målarstykkje, bøker og gåveting er lagra hjå Ludvig Jerdal. Vestmannalaget eig dessutan ei bysta av Jon Sigurdson. </P>

Økonomi
For å spara pengar sa stjorni i desember upp rekneskapsføringsavtalen for Fritz Monrad Walles fond med Leiv Flesland. Kassastyraren i Vestmannalaget fører no rekneskapen for Fritz Monrad Walles fond.

Stjorni hev ikkje løyvt ut pengar til noko utetterreta fyremål i rekneskapsbolken. Det er yverført 50 000 kr. frå Fritz Monrad Walles fond til Vestmannalaget. Frå Halldor O. Opedalsfond er det yverført dei lovfeste 7500 kr til Vestmannalaget. 15 000 kr er yverførde frå Fritz Monrad Walles fond til Vestmannen.

30 000 kr som laget fekk frå Kari Johanne Øpstads nynorsk fond stend på høgrentekonto.

Vestmannalaget er med i desse samskipnadene
Ivar Aasen Sambandet; er landssamskipnaden for høgnorskbrukarane

Vestlandske Mållag; er fylkeslaget til Ivar Aasen- Sambandet i Hordaland og på Vestlandet

Bergen Sentrum Folkeakademi; er lokallag av Hordaland Folkeakademi og arbeider med å formidla studnad til møteverksemd i organisasjonar som Vestmannalaget.

Bygdelagsnemndi; vart skipa i 1939. Vestmannalaget hev vore med sidan då. Dei aktive bygdelagi og bondeungdomslagi er med i nemndi.

Håkonshallens Venner; med einskildmedlemer og lag til medlemer.

Kyrkjenemndi; skipar til nynorske gudstenestor tvo eller fleire gonger i året. Kyrkjenemndi er utgjevar av bladet Stille Stunder.

Ivar Aasen-tunet; er eit senter for nynorsk skriftkultur i Ørsta/Hovdebygdi. Innskotskapitalen var 10 000 kronor som Vestmannalaget betalte inn for fleire år sidan. Det gjev laget rett til ein målsmann i samskipnaden. Svein E. Kvamsdal er no vår målsmann med Kjell Inge Bjørke til varamann.

Stjorni i Vestmannalaget
Lars Bjarne Marøy, Harald Linga, Sigbjørn John Huun, Bjørn Tormod Ringdal, Finn Vabø, Harald Trefall, Kjell Henry Knivsflå, Helge Liland