Årsmelding for Vestmannalaget 1991-1992

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Stjorni
På årsmøtet 14. mars 1991 sa Ludvig Jerdal frå seg formannsumbodet etter 40-års formannstid i laget. Varaformannen, Leidulv Hundvin, vart vald til ny formann, og i stjorni elles vart deosse attvalde: Ingerd Hirth, Arne Holm og Sveinung Ones. Gunnar Gilberg, som hadde vore fyrste varamann, vart vald til ny medlem i stjorni. Varamenn vart: Finn Vabø, Ingebjørg Gilberg og Jenny Evjen. Stjorni skipa seg med Gunnar Gilberg til varaformann og Ingerd Hirth til skrivar og kassastyrar.

Målsmenn
Rådsmenn til Bygdelagsnemndi i Bergen: Ludvig Jerdal Brynhild Horvei og Finn Vabø. Målsmenn til Det Norrøne Grønnlandslaget: Arne Holm, Ludvig Jerdal og Leidulv Hundvin. Til Kyrkjenemndi i Bergen: Ellen Vabø, med Ingebjørg Gilberg som varamann. Ettersynsmenn for rekneskapen: Bjørn Evjen~og Bodvar Barsnes, varamann Torolv Hustad. For Vestmannen-rekneskapen: Leiv Flesland. Fanev~kter: Olav Fjære, Ingi. Toftatun og Jon Askeland. .

Møte og samkomor
Sidan årsmøtet i 1991 hev laget halde 8 samkornor: Ei av desse på Reperbana hjå murmeister Rognaldsen i Fjøsangervegen, festmøte for Ludvig Jerdal i Fokus Bank sitt hyggelege lokale, jolemøtet på Kaffistova åt Bondeungdomslaget, og dei andre møti på Bryggens Museum i Restaurant Gullskoen.

Stjorni hev halde fire møte, alle i Fokus Bank. Dessutan hev formannen, saman med varaformannen og Arne Holm, havt fleire møte der upplegget for festsamkoma for Ludvig Jerdal vart dryfta, og like eins jolemøtet, som måtte flyttast frå Fokus Bank til Kaffistova åt Bondeungdomslaget på grunn av vasskade i banken. Torsdag 14. mars -91 vart årsmøtet halde. Utanum dei vanlege årsmøtesakene heldt Ludvig Jerdal eit forvitneleg fyredrag uro arkitekt Gerhard Fischer, mannen som med sine utgravingar fekk steinane til å tala, både på Holmen i Bergen og mange andre stader. Ludvig Jerdal, som personleg kjende Fischer, tala kjenslevart um mannen som vilde ha fylt 100 år um han no hadde levt.

Torsdag 11. april tala museumsstyrar åse Enerstvedt um vevkunstnaren Ragna Breivik, som ogso ei årrekkja var medlem i Vestmannalaget. Ho vilde i år ha fylt 100 år, og i det høvet hev åse Enerstvedt gjeve ut ei bok urn henne. Fyredraget vart levandegjort med ei rekkja ljosbilete, mest frå arbeidet Ragna Breivik hadde havt med biletteppi som skildra folkevisa urn åsmund Frægdegjæva. Torsdag 2. mai la me møtet vårt til Reperbana i Fjøsangervegen på Minde. Der synte eigaren, murmeister Ingv. Rognaldsen, oss rundt i samlingane sine. Han hev teke vare på dei gamle bygningane, og hev i dag eit forvitneleg museum der han m.a. hev samla ei mengd gamle vogner av alle slag, og like eins sledaJog mykje, mykje meir. Etter urnvisingi samlast me i den vakre gildehalli han hev stelt til, og Rognaldsen sjølv fortaIde på ein logn måte urn samlingane og striden han hev havt med styresmaktene, som vilde ha bygningane burt på grunn av utviding av Fjøsangervegen.

Torsdag 19. september vart det halde festmøte for Ludvig Jerdal som hadde havt formannsumbodet i laget i 40 år. Dette møtet vil i likskap med dei andre store jubileumsmøti laget tidlegare hev halde, verta rita inn i Vestmannalaget si soga. Ei mengd gjester var innbedne, og nær 70 personar var benka kring festbordi i Fokus Bank si feststova då prost Alv Askeland heldt festtalen. Talen var ei hylling til jubilanten, og med utsyn yver det kulturgrunnlaget vestmannarørsla er røtt i. Det var ein glitrande tale, og skalden Eigil Lehmann stod for Tuftekallen. Gunnar Gilberg las frå dikti sine, og hylla Jerdal med det manande diktet Ivar med glimesteinen, og færøyingen Ingi Toftatun las eit velskrive hyllingsdikt på færøyisk.

Under bordseta bar Leidulv Hundvin fram ein staseleg tinbolle til jubilanten, og blomar til fru Jerdal. Det var helsingar frå heiderslemene Anna Bjørndal og Gerhard Garatun-Tjeldstø som ikkje kunde møta på grunn avalder og sjukdom, og frå Jostein Krokvik og Olav Lavik som heller ikkje kunde koma. Frå Hordaland fylke helsa kultursjef åsmund Mjeldheim og frå Bygdelagsnemndi Aslaug Myrmel. Murmeister ,Ingvald Rognaldsen takka Jerdal og Vestmannalaget for urohug med å berga fortidsminni, og professor Arnljot Strømme-Svendsen takka for maten, og for Jerdal sin uredde måte når det galdt og der andre trekte seg undan. Til slutt fekk jubilanten sjølv ordet, og han takka Vestmannalaget for den fine tilskipingi og dei varme ordi og gåvone han hadde fenge. Jerdal sa vidare at det var ikkje han som skulde havt takki, men lagsfolki som hadde synt han den tillit å velja han uppatt gjenom åri, og alle dei han hadde vorte kjend med og no rekna som sine vener.

Elles gledde spelemennene Oddmund Dale og Finn og øivind Vabø møtelyden med fleire nummer på hardingfelone sine, noko som sette ein ekstra spiss på den vellukka tilskipingi.

Torsdag 17. oktober tala forfattaren Jo Gjerstad um "Bergenske originaler i forrige århundre". Ved sida av det forvitnelege fyredraget synte han ei mengd ljosbilete, som var fotograferte av etter teiknaren J.F.L.Dreier sine meisterlege teikningar.

Torsdag 14. november tala undervisningsleidar Erling Virkesdal ved Bergens Sjøfartsmuseum um "Lokaltrafikken på Bergen kring århundradskiftet". Me fekk og sjå ei mengd gode ljosbilete frå Bergen i farne tider, og dei fyrste dampbåtane som batt byen og distriktet saman.

Jolemøtet vart halde på Kaffistova åt Bondeungdomslaget i Bergen torsdag 5. desember. Fokus Bank si storstova var vasskadd, og med stor velvilje frå styraren på Kaffistova fekk me ein hyggeleg kveld der. Under bordseta tala den 89-årige landbruksskulestyraren Asbjørn øye un "Norske stadnamn". Det var eit forvitneleg fyredrag av ein inspirert talar, som ikkje på nokon måte var prega av alderen.

Fyrste møtet i det nye året vart halde på Bryggens Museum torsdag 16. januar -92. Då tala formannen i laget -Leidulv Hundvin um " Diktaren og flogvitet Aasmund Olavson Vinje".

Torsdag 27. februar hadde laget sammøte med Vestlandske Mållag og Vestlandsk Målungdom i Gimle. Student Bård Eskeland, soneson til Severin Eskeland, tala um "Norsk måldyrking i 90-åri" .

Det var ein glimrande tale den unge studenten heldt, og talen vart fylgd av eit friskt ordskifte der Eigil Lehmann, Nils-Aksel Mjøs, Ludvig Jerdal, Alv Askeland og Olav Bakken kom med friske innlegg. Lehmann hadde eit godt og velskrive blad, og ei av dei unge kvinnone (namnet vart diverre ikkje skrive ned) song stev og gamle folketonar til stor gleda og hugnad for oss.

Eiga
Laget hev luter i Det Norske Teatret, i Norsk Bokreidingslag, og hadde ogso i Fokus Bank. Det me hadde der vart fyrr årsskiftet nedskrivne til O. Laget stjornar Henrik Krohn og Hustrus Legat, og Fritz Monrad Walles Fond. Grunneigedomen i Fana som høyrer til Walles Fond kan verdsetjast til kr. 600.000,-.Advokat Helge Hansen fyrebur no sak mot nokre av festarane som ikkje hev godteke dei nye festeavgiftene. Me vonar den saki vil koma upp snarast.

Rekneskapen for fondet vert førd av kassastyraren i Vestmannalaget, og Fokus Bank vareveitslar midlane til Krohn-legatet.

Gåvor og ytingar
Frå dr. Kari øpstads Nynorskfond hev laget dette året teke imot kr. 10.000,-, og frå Halldor O. Opedals fond dei lovfesta kr. 2.000,-.

Lagerlokale
Saman med Norsk Bokreidingslag, Vestlandske Mållag, Nord- og Midthordland Sogelag vil Vestmannalaget leiga ledige lokale hjå Rhema Grafisk på Nicolaikirkealmenning. Nord- og Midthordland Sogelag vil stå som skriven leigetakar, og me betalar vår del av leiga der. Til denne tid hev Vestmannalaget sine eigneluter vore lagra på ymse stader.(Sjå tidlegare årsmeldigar).

Bladet "Vestmannen"
Bladet "Vestmannen" hev kome med 10 nummer i året 1991. Dei 8 fyrste er trykte i Rhema Grafisk i Bergen, dei tvo siste hjå Nytrykk, Fiskåbygd. Dei gav eit betre tilbod, og bladet sitt utsjånad fekk ogso ei uppnying slik at det ter seg betre for lesarane. Bladstyraren, Jostein Krokvik, gjer eit uvanleg godt og sjølvgløymande arbeid, og det er ingen tvil um at bladet stend og fell med honom. Me takkar Jostein Krokvik hjarteleg for det han hev gjort og vil gjera for bladet.

Den Nationale Scene høgtida 115-års dagen sin den 25. oktober med Norvald Tveit sitt skodespel llBruredansen". I det høvet var Ludvig Jerdal innbeden for å koma med ei helsing frå Vestmanna- laget, då det på dagen var 115 år sidan teatret opna med framsyning av Henrik Krohn sitt spelstygge "Dan rette Sida" og Henrik Ibsens II Hærmændene paa Helgeland".

Fyrr "Bruredansen" vart framførd bar Ludvig Jerdal fram ein blomebundel frå Vestmannalaget som teatersjef Tom Remlov tok imot. Jerdal sa m.a. i talen sin at det var eit samspel til stade i Bergen by då Henrik Krohn vart spela saman med Ibsen. Det førde anone attende til Ole Bull og det fyrste norske teatret i Bergen, han let folkedansarar og norsk folkemusikk koma til. Men linone gjekk endå lenger attende. Han minna um den unge Ivar Aasen som kom frå Sunnmøre til biskop Jakob Neumann i Bergen i 1841 og synte han samlingane sine, noko som vart avgjerande for Aasen sitt seinare arbeid.

100-års jubilant
Den 31. januar d.å. fylte den eldste medlemen i Vestmannalaget, Halvard Foss, Oslo, 100 år. Han er den tredje av lagsfolki som hev nådd denne alderen. Tidlegare hev Frida Rusti og Gudtorm Vatndal fylt 100 år. (Dei døydde båe 102 år gamle. )

Lagsfolk og møte
Ved årsskiftet hadde laget 130 lagslemer, av dei 4 heiderslagsmenn. Det er: Anna Bjørndal, Gerhard Garatun- Tjeldstø, Ludvig Jerdal og Eigil Lehmann. Møteverksemdi hev gjenge i same leid som åri fyrr, med fyredrag og handskrive blad på kvart møte.

Bergen, mars 1992