Årsmelding for Vestmannalaget 1967

Frå Sambandet
Versjonen frå 12. april 2020 kl. 11:51 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «Stjorni: På årsmøtet 18._april 1967 vart Ludv. Jerdal attvald til formann, og i stjorni elles vart valde Johs. Fjeldstad, Ivar Gjelsvik, Olav Brattegard og Solveig Fjel…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Stjorni:

På årsmøtet 18._april 1967 vart Ludv. Jerdal attvald til formann, og i stjorni elles vart valde Johs. Fjeldstad, Ivar Gjelsvik, Olav Brattegard og Solveig Fjellbirkeland. Brattegard vart vald i staden for Per Thorson som bad seg fri, for dei andre var det attval. Varamenn vart Ingerd Hirth, Besse Bønes og Torgrim Titlestad. Stjorni valde etterpå Johs. Fjeldstad til varaformann, og Solveig Fjellbirkeland til kassastyrar og skrivar. Solveig Fjellbirkeland måtte av helsegrunnar segja frå seg arbeidet 1 august 1967. Ingerd Hirth vart då fast med stjorni, og vart vald til skrivar. S. J. Nigar vart vald til ny kassastyrar.

Målsmenn:

I Bygdelagsnemndi: Johs. Fjeldstad, Inge. Olsvold, Ludv. Jardal, Varamenn: Arnfinn Haga, Ivar Gjelsvik. I Kyrkjencandi: Solveig Fjellbirkeland, varamann Anna Glaring. (Der hey Eigil Lehmann møtt på slutten av arbeidsaret, etter serskild uppnemning i. stjorni). I Idrottslaget Gular: Ivar Gjelsvik.; varamann Georg Nyborg I det norrøne Grønlandslaget: Søren Ve (Johs. Fjeldstad), Ludv. Jerdal. Varamenn: Ivar Gjelsvik (Eigil Lehmann) Fanevakter: Olav Åsvang; Torkel Bjørkheim, Steinar Drøsdal, Torgrim Titiosted. Bladstjorn for "Tuftokallen": S. J. Nigar, Arnfinn Haga, Mari Hadland, Fridtjov Vik. Ettersynsmenn: Ingv. Olsvold, Søren Ve.

Møte og samkomor:

Laget hev sidan årmøtet halde 7 vanlege møte, alle på Kaffistova til Bondeungdomslaget, Torget 1. Stjorni hev halde 10 møte. Det hev yore eit godt arbeidsår, med jamt godt frammøte, men me saknar framleis dei fleste av dei yngre lagsfolki på lagsmøte.

Fyredrag og talor:

På lagsmøti er det haldne 4 alt 9 fyredrag og talor, og dertil 2 hovudtalor på 100aarsgildet, forutan ei lang rad helsings-talor på dette jubileumsgildet. Samla pa møte og gilde er det soleis halde 11 fyredrag og talor, og dertil alle helsingane.

Årsmøtet 18. april var forutan årsmote ogso minnemøte for Lars Eskeland (100 år sidan han vart fødd). Fylkesagronom Henry Oma gav eit bilete av læraren Lars Eskeland, og skulestyrar Besse Bønes kom serskilt inn på kor stor ein talar og målmeister Lars Eskeland var. Mart Madland las av Lars Eskelands talor og dikt. Sønene til Lars Eskeland, høgskulestyrar Øystein Eskeland og lektor Sigurd Eskeland, var med pa møtet og drog i stutte talor fram minne um far sin.

Pa mdøet 9, mars tala universitetsstipendtat Sigurd Brotteville-Jensen urn hardingfela, um historikk og tradisjon.

Møtet 3Q. mai var ein Lorentz Hop-kveld. Det var 80 ar sidan den kjende Fanaspelemannen var fødd, og laget skipa eit minnemøte saman med Spelemannslaget "Fjellbekken". Spelemenner frå "Fjellbekken" (Dale, Lien, Sørsdal og Furnes) spela Hop-slåttar og formannen i Vestmannalaget, Ludv. Jerdal, tala um Lorentz Hop og spelet hans. Det var og talor av formannen i "Fjellbekken", Arne Mellesmo, og av Oddmund Dale, som drog fram personlage minne dei hadde um Lorentz Hop.

Møtet 24. oktober var nærast ein Islands-kveld. Res. kap. Eigil Lehmann greidde ut um "Islendsk-Norsk Ordbok" som var komi dette året, og um arbeidet med boki.

14. november var møtet skipa som ein Finlandskveld (I samband med 50-års-minnet um Finland fritt). Skulestyrar Besse Bønes fortalde frå den umskiftande finske soga, um fridomsstriden, vinterkrigen, og um landet og folket.

På møtet 5. desember fortalde yverlærar Olav Omvik, premivinnar på landsbasis i den store tevlingi um livsminne frå eldre, sett t gang av nasjonalforeningen mot tuberkulosen for Folkehelsen. Det var serleg