Årsmelding for Vestlandske Mållag 1995-96

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 09:13 av Larsbjarne (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

Heiderslagsmenn i Vestlandske Mållag er no:

Eigil Lehman,Sigurd Sandvik,Ludvig Jerdal,Jostein Krokvik,Alv Askeland,Harald Bolstad,Johs. Revheim og Sverre Hausberg.

Val: I fjor var Helga Mehl,Ingebjørg Gilberg og formannen på val.Dei vart attvalde. Bjørn Tormod Ringdal vart ny varamann for Olav Bakken.

I styret no sit: Lars Bjarne Marøy,Olav Urdal,Ellen Vabø,Torolv Hustad,Ingebjørg Gilberg, Svein E. Kvamsdal og Helga Mehl. Marøy,Urdal,Vabø,Hustad og Kvamsdal er på val i 1996. Helga Mehl takka av som målsmann for VM til Opedalsfondet.Haldor Slettebø vart vald til ny målsmann for VM. Lars Bjarne Marøy vart ny varamann til Opedalsfondet.

Dødsfall: I arbeidsåret er fleire lagsmenner avlidne. Dei er m.a. Olav Lavik,Svein M. Kile,Olava Henrichsen,Halvard Foss, Knut Hvitsten var skrivar i VM frå 1964-1967.Han døydde i denne arbeidsbolken.

90-årsdag Harald Bolstad fylte 90-år 2 mai 1996 og Ludvig Jerdal og Formannen var til stades under feiringi på Evanger aldersheim. Formannen bar fram blomehelsing til heiderslagsmannen,Bolstad.

Fråsegner Årsmøtet vedtok ei rad fråsegner.Ei fråsegn til Ashehough forlag vart prenta nokre dagar etter årsmøtet i BA. Det hev ikkje kome noko svar frå forlaget på denne fråsegni,trass i at det hev vore eit stort ordskifte umkring forfattaren Olav Duun. Etter det me skynar hev Otto Hageberg, Duun- biografen, stade for rettingane av språket til Duun.

Ei fråsegn um i-målet med tilvising til Indrebø og Aasen vart prenta i avisa Dagen og i Vestmannen.

Ei fråsegn um for lite nynorsk i salmeboktillegget til Norsk Kyrkjeråd vart sendt til Kyrkjerådet.Kyrkjerådet svara at alle i nemndi kjende seg som forsvararar av nynorsken og at det var andre eigenskapar ved salmane enn målformi som det måtte telja med. Dette svaret gav ikkje nokor framtidsvon um å påverka Kyrkjerådet. Me merkar oss elles at Noregs Mållag hev voner um eit tilleggshefte med nynorsksalmar jmf. årsmeldingi til NM. Sigurd Sandvik hev skrive ein kommentar til Salmeboktillegget i bladet Vestmannen. Det hev elles vorte skriv sumt i Vestmannen um dette.

Ei fråsegn til Samlaget vart sendt.Fråsegni galdt målbruken i lærebøker,og då serleg eit forsvar for a-infinitiv i lærebøkene. Samlaget svara med at dei hev 40 års tradisjon for det målet dei nyttar i lærebøkene.Dei ser ingen grunn til å endra praksis. Formannen fylgde upp saki med eit langt stykkje i Gula Tidend i februar. Svar på fråsegn er elles kommentera i Vestmannen.

Ei fråsegn um ein serskild pressestudnad for nynorskpressa vart sendt til Kulturdepartementet. Departementet avviste å taka upp framlegget. I brevet kom det fram at Nynorsk Pressekontor fær 2.5 millionar kronor i statsstudnad.Dag og Tid fær ein serstudnad.

Ei fråsegn um tilnærmingsparagrafen til Norsk Språkråd er so langt berre prenta i Vestmannen.

Målpolitiske utspel Formannen for i november til Oslo på eit språkrådsseminar.På seminaret vart det lagd fram eit framlegg til endring av skrivemåten av ei rad engelske lånord. Dette framlegget måtte verta kontroversielt,og formannen harselerte med framlegget på jolemøtet til Vestmannalaget. Diverre var det uråd for formannen å få skrive um dette fyrr ut på nyåret. I tri svært lange innlegg i Gula Tidend gjekk formannen til kvasse åtak mot Språkrådet. I tvo av deim var landsnamnspursmålet aktualisera. På bakgrunn av landsnamnspursmålet vart formannen intervjua av av NRK-hordaland.

I eit anna innlegg i Gula Tidend i januar/februar tok formannen upp eit målpolitisk utspel frå Trygve Bull. Innlegget mot Trygve Bull vart prenta i Dag og Tid noko seinare. Noko seinare på vårparten var formannen med i eit ordskifte i avisa Klassekampen. Her forsvara han Aasen-normalen.Aasen-normalen er ikkje vanskeleg tilgjengeleg, og det er ikkje ei naturleg utvikling som hev ført til den sokalla moderne nynorsken,hevda formannen m.a.

Formannen hev dessutan ordskiftest med G.P.Øksnes um kor mykje nynorsk og dialekt det er i NRK og TV 2. Det var i BA.

Aasen-konferansen Fleire målsmenn frå Vestmannalaget og Vestlandske Mållag var til stades på Ivar Aasen- konferansen i Bergen. Formannen var utsending for Vestmannalaget,men nytta høvet til å taka upp svaret på fråsegni til Samlaget. Formannen var elles aktivt med på konferansen med innlegg og kommentarar m.m.

Onnor målpolitisk verksemd Formannen hev sendt brev til Kulturdepartementet um å halda på landsnamnet Noreg i nynorsk. Formannen var utsending for Norsk Målungdom på landsmøtet til Noregs Mållag i Haugesund. På landsmøtet gjorde formannen og Dag Hagen Berg framstøytar for å legalisera tradisjonell målbruk i Mållaget.Frøydis Lehman fylgde upp saki um a-infinitiv,og ho fekk vedteke ei fråsegn um at målsmennene frå NM til Språkrådet skal vera bundne av prinsippvedtak i NM. Det skal ikkje vera mogleg at målsmennene til NM gjeng inn for Norge i landsnamnsaki i framtidi. Vestlandske Mållag kann elles konstatera at Noregs Mållag no er på lina med Vestlandske Mållag i spursmålet um målkløyde lærebøker.Vestlandske Mållag gjekk alt i 1994 ut mot målkløyvde lærebøker.Seinare hev NMU fylgt etter VM og no hev NM òg kome etter.

Nærradio-sendingar frå VM ? Formannen hev fenge tilbod um sendetid på kystradioen.Vilkåret for dette er at kystradioen fær utvida sendetid frå 1997. Det er uklårt kor mykje dette vil kosta,og styret hev avgrensa seg til å halda uppe ei løyving på 3600 kronor til nærradio-verksemd. Styret i VM hev etter tilskunding frå formannen sett ned ei radionemnd med Lars Bjarne Marøy,Bjørn Tormod Ringdal og Bjørn Ivar Svindseth. Denne nemndi hev vore i eit møte med redaktøren for kystradioen, Vigleik Brekke. Nemndi hev dessutan havt minst 3-4 samrådingsmøte. På desse samrådingsmøti hev nemndi sett upp ein plan for sendingar på kring 20 minuttar.Nemndi hev òg freista å laga ei simulert sending. Nemndi planlegg eit nytt møte med Vigleik Brekke i kystradioen på haustparten.

Eit høgnorsk studentlag Det hev vorte skipa eit høgnorsk studentlag ved universitetet i Bergen.Laget hev fenge eigen postgirokonto og Bjørn Tormod Ringdal er vald til formann.

Høgnorskgrammatikk Norrønalaget Bragr hev gjeve ut Norsk Grammatikk av Lars Eskeland.Heftet er i sal for 30 kronor.Vestmannalaget og Vestmannen hev sponsa noko av kostnadene utgjevingi. Heftet vart lansert av bladet Vestmannen. Norrønalaget Bragr er elles 90-årsjubilant i år. Jostein Krokvik og Lars Bjarne Marøy hev planar um å fylgja upp denne utgjevingi med å gjeva ut ei høgnorsk ordlista. Det er tenkt på 1921 utgåva av Lars Eskeland.

Lagssoga. Formannen hev vore mykje uppteken av å skriva lagssoga til Vestlandske Mållag, og det hev ført med seg at han ikkje hev havt høve til å markera seg meir i det målpoliitiske ordskiftet.Lagssoga kann,slik det ser ut per i dag, verta på kring hundrad sidor, og vil innehalda svært mykje ukjend målpolitisk stoff. Jostein Krokvik og K.E. Steffens hev lese manuset. Manuset treng meir arbeid og formannen vurdera å føra framstellingi fram til i dag. Det kann føra med seg ei stor utvidking av manuset. I alle fall er det sers viktigt at dette stoffet vert tilgjengelegt. So lenge målsogegranskarane ikkje hev handfaste upplysningar um målarbeidet i Vestlandske Mållag,kann dei lata vera å nemna laget og arbeidet i laget. Denne fåkunna må ikkje få haldast ved like.

Søknader Formannen hev søkt um driftstilskot frå Kari Øpstads fond. Dessutan hev han søkt um tilskot til nærradio-verksemd og lagssogeutgjeving frå Halldor O.Opedalsfond.Det hev ikkje kome svar på desse søknadene. Norsk Bokreidingslag

Det ser endeleg ut til at lagaret til Norsk Bokreidingslag skal verta uppgradert. Bokreidingslaget hev planar um utsal frå lagaret m.m. Det er elles gledeleg at Bokreidingslaget hev auka umsetnaden. No i Aasen-året kjem Jostein Krokvik med Aasen-biografi. Ei bok som er den tridje store Aasen-biografien i år. Elles kjem Aasen-selskapet med ny utgjeving. 100-årskappleik

P.g.a. sokalla mistydingar tok det eit år fyrr Vestmannalaget kom med i fyrebuingane til 100 årsjubileumskappleiken for den fyrste kappleiken i Noreg. Kappleiken bar til 11-13 okt. i 1996. Alle kappleiksfyrebuingane kom soleis til å verta hektiske for målsmennene til Vestmannalaget, Finn Vabø og Lars Bjarne Marøy. Men Vestmannlaget fekk markera seg m.a. ved ein kronikk i BT av Ludvig Jerdal. Bladet Vestmannen markera feiringi i september med ei helsingslista. P.g.a. at Vestmannalaget kom med i kappleiksarbeidet so seint var det svært tungvint å skaffa lysingar til helsingslista. Dei fleste kommunane hadde nytta dei pengane dei hadde lysingsbudsjett for.

Vestmannen Bladet Vestmannen gjeng godt,og det kjem jamt nye skribentar til bladet med forvitnelege innkast.

Lars Bjarne Marøy, Olav Urdal, Helga Eskeland Mehl,Ingebjørg Gilberg,Ellen Vabø, Torolv Hustad,Svein E. Kvamsdal, Bjørn Tormod Ringdal