Årsmelding for Vestmannalaget 1994-1995

Frå Sambandet
Versjonen frå 12. april 2020 kl. 13:01 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Stjorni
På årsmøtet den 17. mars 1994 vart Leidulv Hundvin attvald til formann, og det same vart ogso dei andre medlemene i stjorni. Gunnar Gilberg er varaformann, Lars Bjarne Marøy skrivar, Sveinung Ones og Finn VabØ stjornarmenn.
Varamenn: Olav Bakken, Ingebjørg Gilberg og Torolv Hustad.
Kassastyrar: Tørris Sørheim (utanum stjorni).

Målsmenn
Rådsmenn til Bygdelagsnemndi: Ludv. Jerdal, Brynhild Horvei og Finn VabØ. Varamenn: Lars Bjarne Marøy og Gunnar Gilberg. Målsmenn i Det norrøne Grønlandslaget: Arne Holm, Ludv. Jerdal og Leidulv Hundvin. Ettersynsmenn: Bjørn Evjenth og Bodvar Barsnes. For Vestmann?rrekneskapen: Leiv Flesland. Fanevakter: Jon Askeland og Ingi Toftatun. Bladstjorn for Tuftekallen: Eigil Lehmann, Bjarne Strand,Gunnar Gilberg, Lars Bjarne Marøy, Sveinung Ones og Leidulv Hundvin. Til Kyrkjenernndi i Bergen: Ellen Vabø, med Ingebjørg Gilberg som varamann.

Møte og samkomor
Med årsmøtet i 1994 hev laget halde åtte samkornor. Sju av møti hev vore haldne på Bryggens Museum, og jolesamkoma i gildehalli til Kreditkassen.

Stjorni hev halde tri møte, alle i Kreditkassen.

Møteverksemdi:

Torsdag 17. mars -94 vart det halde årsmøte. Utanum dei vanlege årsmøtesakene heldt Nils-Aksel Mjøs fyredrag um presten og salmediktaren J.A. Barstad.

Torsdag 14. april kåserte Leidulv Hundvin yver emnet Stril i byen.

Torsdag 22 september var fyrste møtet i hausthalvåret, og me hadde bede inn islendingar som bur i Bergen. Emnet for møtet var Island, 50 år som republikk. Ludv. Jerdal og Eigil Lehmann var talarar, og den sistnernnde las ogso eigne dikt.

Torsdag 20. oktober hadde me Målmannamøte, der tidlegare skulemålskrivar i Noregs Mållag Sissel-Anny Hjelmtveit og lektor ved Danielsens vidareg. skule i Bergen, Asbjørn Odd Ystebø var talarar. Sissel-Anny Hjelmtveit gledde oss ogso med song og musikk.

Torsdag 17. november kåserte Wilhelm W aage yver emnet Lat oss sjå oss attende.

Torsdag 15. desember heldt me som vanleg jolesamkoma vår i gildehalli til Kreditkassen. Arild Haaland, som få dagar fyreåt hadde fylt 75 år, var hovudtalar. Han tala um Henrik Ibsen, og då serleg um Hærmændene på Helgeland. Frå laget gav formannen Haaland ei åremålsgåva, Ludv. Jerdal hylla jubilanten og me song hyllingskvedet som Jakob Skarstein hadde skrive til åremålsdagen. Under bordseta var det fleire talar, og til slutt takka Ludv. Jerdal for maten i skjemt- og ålvorsame ordelag.

Torsdag 19. januar -95 var fyrste møtet i nyåret. Da tala Reidar Storaas um bilethoggaren Ingebrigt Vik.

Torsdag 16. februar tala Roald Danielsen um idrott i norrøn tid.

Utanum desse møti var Vestmannalaget med då Islendingafelaget i Bjørgvin høgtida 50-års jubileet for Island som republikk. Laurdag den 5. juni var det fleire fyrelesingar på Bryggens Museum, og sundag 6. juni var det fyrst gudstenesta i Mariakyrkja, dinest tale ved Snorremonumentet av Ole Didrik Lærum, og til sist ei storsamkoma i Håkonshalli. Islendingen Gisli A. Gislarson heldt hovudtalen, og det var helsingar frå fylkesmannen, Bergen kommune ved varaordføraren, fylkeskultur- sjefen, soknepresten i Mariakyrkja som helsa frå biskopen, og frå Vestmannalaget ved formannen.

Til diktaren Olav H. Hauge si gravferd sende Vestmannalaget, saman med Ivar Aasen-sambandet og Halldor o. Opedals fond, blomehelsing med sløyfa.

I fyrre årsmelding skreiv me at me hadde vunne saki vedkomande høgre bykselIeiga frå bykslarane som tilhøyrer Fritz Monrad Walles fond. Då var ikkje ankefristen ute. Den 16. april -94 melde advokat Henrich Berle skriftleg at ingen hadde anka saki vidare, og me hadde soleis vunne på alle punkt. Vestmanna- laget kann ikkje få fulltakka Ludv. Jerdal nok for den store innsatsen hans her. Utan hans pågangsmod vilde vel knapt saki ha vorten teki uppatt.

I november -94 var skrivaren, Lars Bjarne Marøy,til stade på Brukskunstmessa som vart haldi i Grieghalli i Bergen. Han freista å samla tingarar til Vestmannen, og baud ogso fram bøker frå Bokreidingslaget og Bragr.

Eiga
Laget hev luter i Det Norske Teatret og i Norsk Bokreidings- lag. Laget stjornar Henrik Krohn og Hustrus Legat, og sameleis Fritz Monrad Walles Fond. Det siste kann verdsetjast til umlag kr. 600.000,-. Kreditkassen vareveitslar midlane til Krohnlegatet.

Gåvor og ytingar
Frå dr. Kari Øpstads Nynorskfond hev laget dette året teke imot kr. 2.000,- og frå Halldor 0. Opedals fond dei lovfesta kr. 2.000,-. Dessutan hev me fenge yverført kr.15.000,- frå Fritz Monrad Walles Fond. Frå Bondeungdomslaget i Bergen og Bergen kommune hev me heller ikkje dette året fenge midlar.

Bladet "Vestmannen"
Bladet Vestmannen hev ogso i år kome ut med 10 nummer. Bladet vert betre og betre årlegårs. Det er berre synd at tingartalet ikkje aukar i takt med godleiken til bladet. Ei hjarteleg takk til bladstyraren Jostein Krokvik, som i tillegg til bladstyraryrket hev teke seg av bladpengane og gåvone.

Lagsfolk og møteverksemdi
Ved årsskiftet hadde laget 125 lagsfolk, av desse sju heiderslagsmenn. Det er: Anna Bjørndal, Gerhard Garatun-Tjeldstø, Ludv. Jerdal, Eigil Lehmann, Alv Askeland, Ivar Kleiva og Jostein Krokvik. Møteverksemdi hev gjenge i same leid som åri fyrr, med fyredrag og handskrive blad på kvart møte. Ein trufast lagsflokk hev møtt på møti, og like eins hev mange ikkje-medlemer gjesta oss. Det er me storleg glade for, og me vonar at fleire av dei vil finna vegen inn i lagsflokken.

Bergen, mars månad 1995
Stjorni i Vestmannalaget
Leidulv Hundvin (formann), Gunnar Gilberg (varaformann), Lars Bjarne Marøy (skrivar), Sveinung Ones, Finn Vabø, Olav Bakken (fyrste varamann)