Tufta åt Norsk Norsk Målungdom 1992-2000

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Vedteken på landsmøtet i Bergen 15. mars 1992. Sist endra på landsmøtet i Bergen 15. mars 1998

1 FØREMÅL

1.1 Norsk Målungdom vil vinna folket for den norske målreisingstanken. Norsk Målungdom vil soleis arbeida for at nynorsk skal verta det einaste riksmålet i Noreg.

1.2 Strid for norsk mål er uløyseleg knytt til strid for folkeopplysning, folkestyre og sjølvråderett.

2 GRUNNLAGET FOR MÅLREISINGA

2.1 Opphavet til den norske målstriden finn me i at Noreg miste det politiske sjølvstendet sitt, og i drjugt 400 år var ein koloni under Danmark. Dansk styresmakt rådde. Styringsmennene var danskar, eller nordmenn som apa etter dei danske i tale og skrift. Det danske skriftmålet vart einerådande i Noreg.

2.2 Sist på 1700-talet og frametter byrja nordmenn krevja rett for Noreg som eigen nasjon. I 1814 vart ei norsk statsmakt skipa. Fylgja av oppreisten vart utetter 1800-talet ei politisk rørsle som kravde folkestyre og sjølvstende i staden for embetsvelde og framandstyre.

2.3 Målføra som folk flest tala, var framleis norske og utvikla vidare frå gamalnorsk. Ivar Aasen bygde eit norsk skriftmål på ordtilfanget og strukturen i dei norske målføra. Striden for norsk kultur og det norske språket var ein viktig del av den nasjonale reisinga. Rundt hundreårsskiftet voks målrørsla fram som organisasjon for å gå i brodden for det norske språket bygt på arbeida til Ivar Aasen.

2.4 Norsk Målungdom byggjer arbeidet sitt på desse anti-imperialistiske tradisjonane. Eige språk og kultur er framleis mellom dei viktigaste reiskapane for å gje eit politisk sjølvstende styrke og innhald, og å stri mot alle former for undertrykking. Dei som vil ha makt over andre nasjonar, freistar ofte å dekkja over ulikskapane og sertrekka i soga og kulturen til nasjonane. Slik vert nasjonale kulturar utflata.

2.5 Norsk Målungdom meiner at alle folk har lik rett til å rå seg sjølve og hevda sine eigne tradisjonar. Difor krev Norsk Målungdom norsk sjølvråderett. Samstundes er me internasjonalistar. Me ynskjer samarbeid mellom nasjonane tufta på likeverd. Kunnskap og tryggleik i eigen kultur og soge er eit utgangspunkt for å kunna forstå og akseptera andre sine kulturelle utgangspunkt som likeverdige.

2.6 Norsk sjølvstende lyt byggja på folket sjølv, einast slik vil det ha verkeleg verdi for folk. Dette føreset at me byggjer det norske samfunnet på livskraftige lokalsamfunn, politiske og kulturelle einingar der folk deltek i utforminga av samfunnet ikring seg. Norsk Målungdom ynskjer eit samfunn med råmer som gjev høve til det.

2.7 Nynorsken er det skriftlege uttrykket for dei norske målføra, og byggjer i motsetnad til dei fleste nasjonalmål ikkje på målet til overklassen eller ein prestisjetung dialekt. Bokmålet er det skriftlege uttrykket for norsk uttale av dansk, og er soleis ikkje eit fullgodt norsk språk. Hovudgrunnen til at ikkje alle nordmenn har byrja nytta det norske målet, er at dansken - og seinare bokmålet - fekk ei sterk makt og prestisje. Soleis rår bokmålet. So lenge me lever i dette bokmålsveldet, vert nynorsken tynt i styringsverk, skule, forlag, næringsliv, presse og kringkasting.

2.8 I 1885 vart det vedteke at ein skulle jamstella dei to måla her i landet. Politikarane og styresmaktene har ikkje synt røynleg vilje til å fylgja opp dette jamstellingsvedtaket.

3 ARBEIDSOMRÅDE

3.1 Me kan aldri sigra utan å vinna sjølve folket for målreisinga. Difor legg me vekta på utetterretta verksemd, fyrst og fremst hovudmålsarbeid mellom elevar i den vidaregåande skulen og studentar.

3.2 Norsk Målungdom er usamd i den statlege språknormeringa og arbeider for ein oversynleg og fylgjestreng nynorsk som tek opp i seg dei samlande draga og det rike norske ordtilfanget i målføra. Dette inneber strid mot bokmål, samnorsk og anglonorsk. Nynorskopplæringa og innføringa i målsoge, gamalnorsk og målføre i skulen lyt styrkjast.

3.3 Norsk Målungdom er imot alt som pressar nynorsken og målføra i bokmålslei. Difor meiner me at opplæring i normaltalemål i skulen vil skada nynorsken. Norsk Målungdom ser friviljug talemåls-normering mot nynorsk og heimlege målføre som ein stønad både for skriftmål og målføre. Det er viktig for sjølvkjensla at folk får tala nett slik dei vil, og oppgåva vår er å fylla denne viljen med norsk mål.

3.4 Det norske folket har gjennom mange ættleder skapt den norske kulturen. Å auka medvitet om denne arven, og å halda på det gode i han, vil styrkja sjølvstendet vårt. Difor kan Norsk Målungdom samarbeida med organisasjonar med slike føremål.

3.5 Norsk Målungdom ser arbeidet sitt i samanheng med den striden andre folk fører for nasjonal og språkleg frigjering. Difor kan me stø nasjonar og folk som strir mot framandvelde og for nasjonalt sjølvstende, og me vil arbeida for å utvikla samarbeidet med dei. På dette grunnlaget stør me den striden samane fører for språkleg, kulturell og nasjonal frigjering.

3.6 Når det gagnar arbeidet vårt i målstriden, kan Norsk Målungdom ta politiske standpunkt og samarbeida med organisasjonar som strir for våre verdiar. Norsk Målungdom skal ikkje binda seg til noko politisk parti.