Mål og Makt

Frå Sambandet
Versjonen frå 13. april 2020 kl. 17:15 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''''Mål og Makt''''' er eit tidsskrift gjeve ut av Studentmållaget i Oslo, med støtte frå Velferdstingets Kulturstyre. ''Mål og Makt'' kom ut fyrste gong i 193…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Mål og Makt er eit tidsskrift gjeve ut av Studentmållaget i Oslo, med støtte frå Velferdstingets Kulturstyre. Mål og Makt kom ut fyrste gong i 1934, men sovna tidleg inn. Etter 1934 gav Studentmållaget ut etter måten mange avisor og blad, men noko nytt tidsskrift etter same lesten vart det ikkje før på 70-talet. I 1971 vart tidsskriftet skipa under namnet Sentrum og Periferi, og det bytte namn til Mål og Makt alt året etter.

Bladet var viktugt for det ideologiske ordskiftet i målrørsla på 80-talet og tidleg 90-tal. I 1998 freista skriftstyret med nytt format, fargeprent og ei sterkare ålmennpolitisk orientering. På 2000-talet fekk tidskriftet den same dvaske og utvatna profilen som målrørsla og målungdomen elles. I våre dagar er tidskriftet fyrst og fremst eit blad som unge studentar nyttar til å få prenta bachelor-uppgåvone sine.

Bakgrunnsstoff