Skilnad mellom versjonar av «Høgnorskdagane:Norsk målsoga i dei eldste tider»
Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
Line 40: Line 40:
U-umljod:
U-umljod:
Versjonen frå 16. april 2020 kl. 21:18
Av Terje Torgilstveit
Målet er eit gamalt ervestykke: Men det er ikkje skapa ein gong for alle, og hev heller ikkje halde seg uendra gjenom hundrad-åri. Snarare er det ein mosaikk,der gamle bitar med tidi hev falle ut, medan nye hev vorte limt på.
Kvart ord hev si eigi forteljing: Sume er fødde og uppvaksne millom fjelli her heime, medan andre er vandringsmenn, som hev vandra gjenom rike og hundradår. Nokre er heimfødingar som aldri hev vore utanfor bygdi si, medan andre vandra ut og bur i dag t.d. i England og Amerika. Mange hev døydd saman med dei som nytta dei.
Ord er kulturhistorie: Um ein plass t.d. ber namnet Torshov, so kann me tru at der var det i heidensk tid, ein offerplass til guden Tor. Um ein annan stad heiter t.d. Høyseter, so veit me at der dreiv dei ein gong stølsdrift. Dette er kjeldor som me må berga for borni våre. Til dømes hev snart alle ordi som hev med dei gamle handverki våre svunne vekk, som handverki sjølve. Kor mange veit i dag kva ein laggar er?
Ordi lever gjenom oss, men dei lever likevel på mange måtar òg eit eige liv. Ord er endring. Ord er som kamelonar, dei kann endra utsjånad eller innhald, men likevel vera seg sjølve. Dei kann óg hekta seg til kvarandre på nye måtar, og soleis laga nye ord. Skriftmål, ordlistor og grammatikk-bøker er vår måte å prøva å lenka og temja dei. Alle dei ordi som til kvar tid er til stades i eit mål, samlar seg i ulike gruppor som t.d. verb, substantiv o.l., innan eit yverordna grammatisk system.
Sjølv um målet kann synast å ha sitt eige liv, verkar hendingar elles i historia òg inn på målet. P.g.a denne samanvevingi millom målet og den verdi det levde i, kjem eg i det fylgjande til å stydja meg til arkeologi, historie og litteratur.
Ein gong for lenge, lenge sidan... Nærare avgjord for millom 10- og 12 000 år sidan, kom dei fyrste menneskja til Noreg etter istidi. Dei fylgde nok etter reinflokkane som beita uppunder isbreane, og som måtte fara nordover etterkvart som breane trekte seg attende. Korleis dei tala, kva dei tenkte og trudde på er tapt for oss; me hev berre pilspissar og slikt att etter deim. Men um me gjer eit langt hopp fram til rundt 3000 år fyrr Kristi fødsel, ljosnar det litt i målsoga...
Fyrst på 1700-talet, då britane i samband med koloniseringi av India, kom i kontakt med sanskrit, uppdaga ein at mål som sanskrit, gresk og latin måtte stamma frå same mål. (Døme på skyldskap: gamalnorsk æsir, pl áss, i slekt med sanskrit asura; demon, og gamalpersisk ahura, upphavleg tyding truleg ånd/ande.) Ein må presisera at indo-europeisk ikkje skal verta forstade som eit raseomgrep, men som eit språkleg umgrep. Dei indo-europeiske måli utgjer i dag ei av verdsens største målætter, og lingvistisk og arkeologisk materiale ser ut til å byggja upp under at dei indo-europeiske måli hev utvikla seg frå eit mål som vart tala ca. 4000 f.Kr, av nomadar på slettone millom Volga og Svartehavet. Desse steppe-kulturane vert ofte samla under nemningi kurgan, som er russisk for gravhaug.
I Norden vert perioden 2800-2300 f.Kr. ofte kalla stridsøks- eller snorkeramisk-kultur. I eit stort umråde frå Sør-Russland til Vest-Europa, breider det seg på denne tidi fleire gruppor med mange sams kulturdrag. Likskapar er, forutan snorkeramikk og stridsøkser, ofte einskildgravleggjingar under haug. Gjerne med den gravlagde i hockerstilling, dvs på ryggjen med beini trekt upp mot magen. Eg vil taka det for gjeve at den kulturelle horisonten med kurgan-snorkeramikk-stridsøks er identisk med indo-europeisk talande gruppor. So tek me eit nytt langt sprang, yver slutten av steinalderen og heile bronsealderen, fram til byrjingi av jarnalderen.
Dei skilde germanske måli hev eitt sams upphav. Dette upphavsmålet kallar me urgermansk eller frumgermansk. Me hev ingen litterære minne um det, og lyt difor slutta frå dottermåli korleis det såg ut. Då fær me former som; urgermansk *stainaz for nynorsk stein; urgerm. *armai, urnordisk *armé og norrønt armi (dat. sg. til armr m). Ved overgangen frå indo-europeisk til dette samgermanske grunnmålet skjer det ei heil rad med overgangar i konsonantverket. Millom anna den sokalla "Verners lov", kor ustemde frikativer vert stemde, døme: p, t, k vert til f, þ, h.
Det gjekk òg fyre seg yvergangar i vokalsystemet, t.d. kom den sokalla avljoden upp. Avljod er ei veksling i rotvokalar i dei sterke verbi. Døme: norr. krjúpa-kraup-krupu-kropit, dette er det same verbet som dagsens krypa. Korleis avljod uppstod hev noko å gjera med variantar av vokalkvalitetane e og u i indoeuropeisk. Aksenten vert i urgermansk tid fast knytt til fyrste stavingi, d.v.s. rotstavingi.
Etter ei tid kløyvde germansk seg i fleire greiner. Urnordisk, den nordlege greini, reknar ein med vart tala frå rundt år 0 til kring år 700. Eldre urnordisk gjeng fram til kring år 500, og i denne tidi vart det tala eitt sams mål i Norderlandi. Yngre urnordisk eller synkopetid, dvs. tidsbolken millom 500 til 700, var ei tid med store endringar i målet, noko eg vil koma tilbake til seinare. Istadenfor urnordisk fyreslog Indrebø frumnordisk som namn på dette målet, men det hev ikkje slege gjenom.
Me hev i fyrst og fremst tvo kjeldor til dette målet. Ei kjelda er ord som er teke upp i samisk og finsk mål. Døme; finsk vantus, som gjev urnordisk *wantuR, dette er det same som norrønt vQttr. Eit anna døme; finsk rengas, urnordisk *hringaR, og norrønt (h)ringr. Den andre kjelda er runeinnskriftene. Frå kring år 200 e.Kr hev me dei fyrste runeinnskriftene med den eldre runerekkja. Desse er diverre ofte stutte og vanskelege å tolka. Eit døme på ei slik innskrift er gullhornet frå Gallehus i Danmark: ek HlewagastiR holtijaR horna tawido, som tyder: Eg Hlegjest frå Holt gjorde hornet. I tillegg kjem nokre stadnamn som me reknar med stammar frå denne tidi.
Synkope tyder samandraging. I tidi millom 500 og 700 fall alle ljodlette, stutte (og unasalera) vokalar burt; HarjawaldaR vart til norrønt Haraldr; og HarabanaR d.v.s. *HrabnaR gjekk til hrafn, som i dag heiter ramn. Etter mi meining var urnordisk eit nydeleg mål, med sine lange ord og mange vokalar.
No fylgjer dei viktigaste overgangane:
A) Bryting
Urn. stutt, trykktung /e/ har i norrønt utvikla seg til ja eller jQ under påveknad av /a/ eller /u/ i den etterfylgjande stavingi.
e>ja: *ebnaR > jafn adj. (jmf. t. eben) jamn
e>jQ: urn. *erþu > jQrð f jord (jmf. t. Erde)
B) Umljod
Istadenfor umljod nytta Indrebø ljodbrigde, men dette umgrepet vert ikkje nytta i dag. Ein umljod er ein regressiv fjernassimilasjon, som i dei fleste tilfelli er partiell(/delvis). Ofte fall dei endingsvokalane som verka umljodande i yvergangen millom urnordisk og norrønt. Døme på umljod: *sofiR > søfr.
A-umljod:
i>e: verr m (<*weraR<*wiraz, jmf. lat. vir) mann.
u>o: boð n (<*boda<*buda, jmf. da. sv. bud)
I-umljod:
u>y: þyngð f (<*þungiþu) til þungr adj.
ú>ý: mýss nom. pl. (<*músiR) til mús f
o>ø: hnøtr nom. pl. av hnot f nøtt
ó>œ(=lang ø): blœtr pres. 2. sg. (<*blótiR) til blóta v. ofra
a>(æ>)e: gestr m (< -gastiR, jmf. t. Gast)
á>æ: lætr pres. 2. sg. (<*látiR) til láta v.
au>ey: hleypr pres. 2. sg. (<*hlaupiR) til hlaupa v.
U-umljod:
(kann koma av /w/)
i>y: syngva v. (jmf. got siggwan)
e>ø: Hallfrøðr (<*-freduR)
a>Q: mQgr m (urn. *maguR, jmf. got. magus) son
á>Q(seinare skriven á): skQl f (<*skálu)
Fonologisk U-umljod, dvs umljod grunna -u i bøyingsending, er framleis verksam i norrønt. a > Q / u: kalla sv.v. men kQlluðu; nagl m. men nQglum
Umljodsvokalar: Umljodane, dvs assimilasjonar som ofte berre verka partiellt, skapte dimed mange heilt nye vokalar, sett i høve til det urnordiske vokalsystemet. Og det målet tapte i ordlengd, vann det i vokalrikdom. Dei nye vokalane var i hovudsak: y, ø, Q og æ; med både stutte og lange former.
Elles gjekk det óg fyre seg mange konsonantoverganger. Døme: nt >tt; mQttul (kappe) mot tysk Mantel. Synkopen råka ljodlette forstavingar, óg kalla prefiks. Dette førde til at dei germanske prefiksa be-, ge- og er- ikkje lenger fanst i norrønt. At dei sidan hev kome inn att i svensk, dansk og bokmål, skuldast påverknad frå tysk.
I denne yvergangstidi voks det fram fleire lokale sermerkje, t.d. verka umljodane og brytingi sterkare i vest enn i aust. Døme: dansk bo og bro mot norsk bu og bru; dansk melk mot norsk mjølk osb. I aust byrja ein óg tidleg med å laga einskildvokal av tviljodane. Slike skilnadar gjer at me ofte plar å dela dei nordiske måli inn i tvo greiner. Den aust-nordiske greini er svensk og dansk, medan islandsk, norsk og færøysk utgjer den vest-nordiske greini. Gamal-norsk og gamal-islansk slær me ofte saman under namnet norrønt.
Kva var årsaki til den store umlagingi i målet? Arkeologien hev synt at tidi 400-570 e.Kr., folkevandringstid, var ein uroleg periode her i Norden óg. Bygdeborgar vart bygde, hustufter syner teikn etter eld, gull vart grave ned m.m. Men eg held på at den viktigaste årsaki til endringane, var ein pest som kom til Noreg i den fylgjande perioden. Dette avdi halve folkemengdi ute i Europa, døydde av ein pest som herja på 500-talet.
Innan norsk arkeologi gjeng tidsbolken 570-800 under namnet merovingertid. Det ser ut til å ha vore ei stor nedgangstid i landet vårt: Me hev fåe og fatige gravfunn, og pollenprøvar frå myrar viser nedgang i dyrking og beiting. Gardar som hadde vorte rydda i romartid, vart lagde aude, og busetnaden vart samantrekt til gardane med best jordbruksland. Eg meiner difor at dei arkeologiske kjeldone styd teorien um pest.
Frå sluten av 700-talet høyrer me um fleire yverfall ute i Europa, og um korleis menn frå nord herjar og brenn. Dette var noko som heldt fram heilt til kring 1066, då Harald Hårdråde vart slegen ved Stamford, og vikingtidi tok slutt. Vikingtidi var på mange sett ei ekspansjonstid. Busetnaden breidde seg inn i dalane og upp mot høgfjellet, Island vart bygd, Amerika uppdaga m.m.