Skilnad mellom versjonar av «Kring målkrisa»
(Oppretta sida med «<h4>OR EI TALA I STUDENTMÅLLAGET I OSLO 10. FEBRUAR 1938<h4> <h2>I.</h2> <p>Um tvo dagar skal Noregs Mållag ha umframårsmøte um «framgangslinor for målreisingi no»…») |
(Ingen skilnad)
|
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 11:14
OR EI TALA I STUDENTMÅLLAGET I OSLO 10. FEBRUAR 1938<h4>
I.
Um tvo dagar skal Noregs Mållag ha umframårsmøte um «framgangslinor for målreisingi no», og ymist som det ikkje er semja um kjem upp der. Eg vil ikkje halda nokor fyrebuande brandtala her. Dersom nokon er komen her i kveld med den tanken at dei skulde få uppliva eit lystigt rabaldermøte, hev eg tenkt å lura deim. Studentmållaget hev bede meg tala um målbrigdesaki. Eg veit at meiningane her mykje er onnorleis enn mine. Eg vil ikkje anten appellera til studentane eller lasta deim. Eg vil setja fram nokre ålmenne synsmåtar kring målbrigdesaki og målkrisa i samband med henne, so som det stend for meg.
Fyrst vil eg få skjota inn at når det ofte vert sagt at målstriden hev vart so lenge, so er ikkje det heilt ut rett. Den praktiske målrørsla er ikkje gamal.
Me kann byta målreisingssoga i tri bolkar. Den fyrste er tidi frå Ivar Aasen til ned ikring 1900. I den tidbolken var målrørsla i hovudsak ei litterær rørsla. Der var nok ymist ordskifte i bladi og i Stortinget. Og det kom nokre Stortings-vedtak. Men elles ovra målrørsla seg i hovudsak berre i litteraturen. Nynorsken var fælt lite av ei livsrørsla i skule, kyrkja, forretningsliv og politisk liv. — Den andre tidbolken rekk yver tidi um lag 1898—1920. Det sermerkande nye i denne bolken er at nynorsken bryt seg inn i skuleverket, vidare og i fleire skuleslag etterkvart. Den tridje tidbolken endeleg er frå 1920 og utetter. Det sermerkande nye då er at nynorsk bryt inn i styringsverket (og i det siste noko i kringkastingi).
Den praktiske målreisingi er ein mannsalder gamal og ikkje meir. Me kann ikkje segja at ho tok til fyrr nynorsk byrja brjota seg inn i skulen for ålvor ikring hundradårsskiftet.
Det er ikkje nokor lang tid i livet åt ein nasjon, når det gjeld ei so djuptgripande sak.
— Når dei talar um kva tap og ulukka målstriden og målkløyvingi hev vore til dessar, tek dei òg med berre den eine sida av saki. Målstriden fører sume tap med seg. Men han hev òg i høg mun gjort kulturlivet vårt rikare. Auka det. Tevlingi millom måli og målflokkane hev vore eit incitament. Målstriden hev vore ein rik frævingsfaktor i det kulturelle livet vårt. Lat meg berre peika på ein einaste ting, eit vitskapsgrein som stend meg nær: norsk stadnamngransking. Hovudverket der, «Norske Gaardnavne» hev til bakgrunn og fyresetnad målstriden. Og det viktugaste av norsk stadnamngransking som hev kome etter «Norske Gaardnavne», vilde ikkje ha vorte det same som no utan deim. For det ærefulle skotet på norsk vitskap som heiter norsk stadnamngransking hev målstoda hjå oss vore ei frævingsmakt av rang. I stor mun indirekte, det er so, men like reelt for det.
II.
Målbrigderørsla hev serskilt vendt seg mot nynorsk, som vel kjent er. Eg vil få tala um orsakene til målbrigderørsla, og til at ho serskilt hev vendt seg mot nynorsken. Då vil eg fyrst nemna:
Kløyvingi i radikale og moderate.
I alle reformrørslor er det so, at når det fær gjenge ei tid, og dei kjem framum det fyrste reisingsstadiet, so vil det koma ei kløyving. Det held seg ved lag ein radikal flokk, som vil halda fram på den gamle radikale vegen. Og det skil seg ut moderate, som vert meir eller minder til millomparti, og nærmar seg meir til høgre. Um mange av desse moderate kann henda frå fyrst av meiner at dei held uppe heilt og fullt det gamle programmet, so hev dei eit lag med tid og stunder til å gå upp i parti lenger til høgre. Dette kjenner me vel til frå den politiske framvoksteren i andre land. Me kjenner vel til det frå den politiske soga i vårt eige land òg.
Ei sovori indre krisa er målreisingi komi upp i no. Det hev etterkvart laga seg til ei kløyving innan målmannslægret millom ein radikal og ein meir moderat veng. Den moderate vengen vil gå nye vegar. Det er ei av hovudorsakene til den målpolitikken som målbrigderørsla er utslag av, og til målbrigde-strævet.
Den radikale og den moderate meiningsflokken hev prinsipielt ulik syn. Dei radikalnorske vil halda uppe det gamle målreisarprogrammet utan avslag. Vil framleides brjota heilt med det som no hev makti og æra i samfundet vårt, og strida som fyrr. Dei moderate er meir viljuge til «samarbeid» med norskdansken. Til å lempa norsk etter bokmålet. Dei vil skunda fram ei «samanveksing» millom måli på den visi. Dei segjer: Det gamle målreisarprogrammet er yver evna, og dertil skadelegt. Me lyt til med «samnorsk». — Denne røynlege stoda og denne røynlege prinsipielle skillina hev ofte ikkje stade klår for mange, av di ordi «konservativ» og «radikal» hev vore bruka misvisande. Moderate hev kalla seg for radikalarar. Røyndi vert ikkje onnorleis enn ho er for di um folk brukar ord gale.
Dei tvo meiningsflokkane dømer òg ulikt um stoda i dag. — Det hev vore tala um at fleirtalet i folket no er for å få eitt mål, og vil ha ende på målstriden straks med det. Eg vil ikkje trætta um anten dette røynleg er fleirtalsmeining i dag eller ei, det hev aldri vore prøvt so det retteleg bar i herdingi. Men lat oss gå ut ifrå her ei liti stund at det er so. Då er det greidt at fleirtalet hev flutt seg. Fleirtalet i folket hev vilja ha eitt mål fyrr òg. Då vilde dei ha norskdansk. I dag vil dei ha «samnorsk», som skal liggja ein stad millom norskdansk og norsk. Ikkje so svært langt ifrå norskdansk, men like vel eit stykke lenger nord eller lenger til vinstre. — Her dømer dei moderate og dei radikale ulikt. Dei moderate meiner, det eg skynar, at no kann ikkje fleirtalet flytjast lenger. I røyndi ei filistarsyn. Dei radikale meiner at det som hev hendt fyrr kann henda heretter. Me kann frå drege fleirtalet endå lenger mot nord og mot vinstre. Dei radikalnorske meiner at me kann få flutt ikkje berre synsmåten hjå fleirtalet, men sjølve «det dannede talesprog», som bokmålet byggjer på. Når «det dannede talesprog» fyrr hev flutt yver frå bager til baker, so kann det sidan gå yver frå baker til bakar. Når det hev kunna gå frå støbe til støpe, so kann det seinare koma yver til støype. Når det hev gjenge frå knappestøber til knappestøper, kann det sidan gå til knappestøyper og knappestøypar. Det er greidt at når slikt hender med synsmåten åt fleirtalet og med «det dannede talesprog», vert målsituasjonen i Noreg ein radt annan enn no. Dei radikalenorske ynskjer difor ikkje å gå til nokon likvidasjon av målstriden no eller med det fyrste. Dei kann ikkje vera med på å skunda fram ei samanstøyping av skriftmåli på grunnlag av målstoda og makthøvi som dei er i dag. Dei vil føra brandraud målpolitikk, og vil at eit fast og sterkt norskt skriftmål skal stå framleides og draga både synsmåten hjå fleirtalet og «det dannede talesprog» lenger i same leid som det hev drege deim til denne dag. So fær det verta framtidi si sak å greida den endelege mål-uppgjerdi, og den endelege uppgjerdi vert då meir norsk enn den me kann få i dag, vonar dei. — Motsett dette skundar dei moderate på endeleg uppgjerd no, eller so snart som mogelegt, ut ifrå målstoda og makthøvi no. Difor hev dei onna på at eit samnorskmålbrigde måtte koma no, so hastigt som råd var.
Dei som er mødde av målsaki.
Men der er ein faktor nummer tvo som hev vore med og ført oss upp i den stoda me stend i. Sume som anten er imot nynorsk eller hev liti interessa for heile målspursmålet, hev teke til å kjenna seg mødde av målsaki. Dei hev fenge meir å gjera med nynorsk i det siste enn fyrr, og so hev det vorte på tvert for deim at det skal vera tvo mål. Dette gjeld serskilt fire gruppor i folket: tenestemenn på offentlege kontor, lærarar i den høgre skulen, politikarar, og avisfolk. Tenestemennene i styringsverket hev fenge med nynorsken å gjera etter vedtaki i kommunestyri frå 1921 og utetter, mållovi frå 1930 og den kgl. resolusjonen um målbruk frå 1932. Til dei høgre skulane hev det kome skarpare krav um skapleg upplæring i nynorsk etter 1930. I politikken ruska millom anna Nidaros-striden upp. Målfolket tapte, men det vart berrsynt for politikarane og dei politiske partii at målfolket og ideane åt målrørsla er ei makt. Avisone hev fenge røynt på liknande vis vanskane av at her er tvo mål. — Og so segjer desse gruppone i folket: Desse vanskane bør verta administrera burt. Fyrst og fremst gjeng dei då laust på det målet som stend veikast i samfundslivet, og som det difor munde vera lettast å få gjort um. Frå desse gruppone hev målbrigdeframlegget fenge sin beste studnad. Målbrigderørsla vert i samsvar med det serleg ei rørsla innan intelligenskrinsar, millom slike som sit med talerøyrer. Difor høyrest kravet sterkt. — Folket kann stå heller mykje utanfor kravet for den skuld; det trur eg sant å segja at folket gjer.
Det synest meg berrsynlegt at desse tvo psykologiske faktorane eg hev nemnt her, er av hovudorsakene til målbrigderørsla, og til at ho hev vendt seg so sterkt imot nynorsk. Ei viss vonløysa og ein viss trøyttleik hjå sume målfolk. (Ikkje hjå alle, men hjå svært mange målfolk som målber målbrigdesaki). Ein irritasjon og ein reaksjon hjå ymse krinsar som fyrr ikkje hev havt noko bry med målsaki, men hev fenge henne for ålvor innpå seg no med at dei fær med båe mål å gjera, og lyt taka umsyn til nynorsk òg. Når me tenkjer på dette siste, vil eg segja: Det åtaket på nynorsken som målbrigderørsla etter mi syn er slik ho ter seg no, er i røyndi svært mykje ei fylgja av den framgang og makt som nynorsken trass i alt hev vunne i rikslivet nettupp i den seinare tid.
Dialektane umskifte?
Sume hev meint at eit hovudgrunnlag for målbrigderørsla mot nynorsk dertil er at bygdedialektane hev vorte so umlaga og avslipa etter Aasen sette upp sitt normalskriftmål. So at bygdemåli i dag difor gjer skriftmålsreform naudsynleg.
Her trur eg dei mistek seg. Det hev vore sagt i 200 år no at bygdemåli lagast so snøgt um og straks laut verta ende på. Mange embættsmenn skreiv soleis i 1743, då dei sende inn svar til Kanselliet i Kjøbenhavn på spyrjeskjemaet med dei kjende 43 spursmåli. Sidan hev det vore skrive heile tidi at bygdemåli minka dagstødt og snart ikkje var meir. Alle desse eldre spådomane um krisa for bygdemåli, spådomar som ikkje hev gjenge fram, hev gjort i minsto meg noko skeptisk når del i våre dagar talar på nytt um ei reint ruinerande krisa som hev brote inn yver bygdemåli, med alt det moderne stellet no.
Sjølvsagt er alt talemål på flot i ein viss mun. Dei norske bygdemåli òg, og venteleg noko meir no enn sume andre tider. Men um bygdemåli skifter ut i mengdevis av norske ord med andre norske ord eller med framande, so skifter dei ikkje um sjølve målbygnaden for det. Grammatikken slitst seinare, og i det store og heile er del norske bygdemåli merkjeleg konstante i bygnaden sin. Kjem me til bygdene, viser det seg at me finn i hovudsak det same som Ivar Aasen fann. Jamvel hjå bonde og fiskar ut og inn langsmed Oslofjorden. Me finn t. d. dativ i dag tolleg bra der som Aasen segjer det finst, me finn fleirtalet vikor, visor der som han segjer. Osb. Me torer vel meina at det er denne merkjelege konstansen i norskt mål som gjer at bygdemåli våre hev skilt seg etter måten so lite ut ifrå kvarandre. Alle nordmenn kann skyna kvarandre — so nokolunde —, større er ikkje skilnaden. Det er radt merkjelegt. Ulikt grannelandi.
I eit lite land som Danmark hev dialektskilnaden vorte so stor at det kann vera rådlaust for ein jute å skyna ein sjællending når dei talar bygdemåli sine. Ikkje so fåe jutar er bilingvalistar, dei lærer riksdansk i skulen som eit framandt mål.<a href="#1">[¹]</a>
Denne røynlege konstansen i norske bygdemål — dei kann kalla det konservatisme eller livskraft eller kva dei vil — lyt me rekna med. Difor trur eg det er mistak at der hev vore nokor stor grammatisk eller ljodleg umlaging i bygdemåli etter Aasens tid. Då er det òg mistak at nokor slik umlaging kann grunngjeva ei umleggjing i den nynorske skriftnormalen.
<blockquote<a name="1"></a>[¹] Kva kjem det av at del norske bygdemåli hev halde betre saman enn bygdemåli i mange land? Kann lenda heng det noko saman med busetnadshøvi. I granneland var busetnaden skipa i landsbyar frå gamalt. Kvar landsby var eit samfund for seg, heller mykje avskilt frå andre, og stort nok samfund til å vera ett lite målsamfund. So kunde servokster trivast. I Noreg var busetnaden på gardar. Ein gard var for liten til å vera eit målsamfund for seg. Folket på den einskilde garden laut difor stydja seg til ett vidare umkverve i målvegen Og folk frå eit vidare umkverve hadde lettare for å liksom kontrollera kvarandre. Det kunde hjelpa til å halda målet meir på plass, og gjera at reint avstikkande servokster og nyvokster ikkje hadde so lett for å slå igjenom.</blockquote>
Sosial umleggjing.
Andre hev meint at den sosiale umleggjingi i samfundet etter Aasens tid er ei orsak til målbrigderørsla mot nynorsk. Umleggjingi frå bondestand til meir arbeidarstand, frå jordbruk til industri og «næringsliv» skal ha drege etter seg eit slikt umskifte i talemålet i byar og på sentrumsstader, at ei umleggjing av den nynorske skriftnormalen hev vorte både påkravd og ei rettferdssak for den skuld.
Eg hev vandt for å tru at sjølve dei språklege umskifti på sentrumsstadene hev vore millom dei drivande orsakene til at målbrigderørsla mot nynorsk kom upp. Den sosiale umleggjingi hev ikkje etter mi syn havt slike språklege fylgjor at ho tvingar fram eit slikt målbrigde i nynorsk som rettskrivingsnemndi frå 1934 gjorde framlegg um.
Det mål som arbeidarar og underklassa talar i byar og på ymse industristader som hev vakse fram — «folkemålet» dei kallar der —, fell i tvo slag. Rett nok er der ikkje nokor skarp skillina, men ein skilnad lyt me gjera, skal me kunna tenkja klårt. <p>Noko hev «folket» på desse stadene heilt eller halvt kome yver på same sida som yverklassa og millomklassa og talar meir eller minder fordanska. Det Norske Teatret skal i desse dagar spela Oskar Bråten's «Ungen» soleis at «vi spiser hjemme» på Det Norske Teatret. Det er ikkje tvil um at dette finst i folkemål aust for Akerselvi no, når Oskar Bråten hev skrive det. Men sovore gjev då ikkje grunn til å brigda den nynorske skriftnormalen. Fordanska mål høyrer ikkje med til grunnlaget åt nynorsken, kven som so brukar det.
Noko talar arbeidarane og hitt «folket» i byar og på industristader eit mål som ligg på den norske sida av skillina. Dei fleste gjer det. Og um so dette målet då kann vera avbleikt og uppblanda, so hev det like vel grunndrag og den viktugaste bygnaden sams med bondemålet. Det viser dei vitskaplege utgreidingane um bymål som er komne. Difor kann dette arbeidarmålet skipast inn under den same samform som bondemålet. Det krev ikkje heller at me fær ei grunn-umskipa samform.
Tilgangane med talemålet på sentrumsstadene hev ikkje kalla fram aksjonen for målbrigdet i nynorsk. Mange målbrigdemenn peikar no sterkt på talemålet på sentrumsstadene og freistar leita fram studnad der for målbrigdet. Det er ei onnor sak.
På ein annan måte derimot hev det sosiale umskiftet vore ei framkallande orsak, frå fyrste stund. Det er eg samd i. Den økonomiske makti hev samla seg meir i vår tid på sentrumsstadene enn fyrr. Både den tekniske utviklingi og politikken åt riksmaktene hev skuva i den leid. Alt skal sugast inn til midstadene. Folketalet der veks. Denne tekniske, økonomiske og sosiale framvoksteren hev havt den psykologiske fylgja at maktkjensla, me kann gjerne segja arrogansen på sentrumsstadene hev auka. Denne maktkjensla og maktpolitikken slær yver på det kulturelle og det språklege umkvervet. I det språklege vert kravet: Umsynet til tala på sentrumsstadene skal vera det alt-rådande. Av ei slik psykologisk innstilling lyt springa ut eit revisjonskrav andsynes nynorsken, anten so talemålet på sentrumsstadene brigdar seg noko eller inkje. For nynorsken hev til grunnsetning at talemål utanfor sentrumsstadene skal vera likso gjævt som sentrumsmål, ja gjævare dersom det er norskare; og at normalmålet skal taka fullt umsyn til tala utanfor sentrumsstadene òg.
I denne psykologiske verknaden av det tekniske, økonomiske og sosiale umskiftet hev me ein tridje hovudfaktor som hev sett målbrigde-aksjonen mot nynorsk i gang. — Men her meiner eg me må koma i hug: Den norske målreisingi kann ikkje gjeva på båten grunnsetningi um at tala utanfor sentrumsstadene skal vera med fullt ut og gjeva grunnlag for normalmålet. Elles taper ho den breide demokratiske grunnvollen sin og gjev upp serhåtten og originaliteten sin.
Den norskdanske filologien.
Endå ei orsak attåt dei eg hev nemnt vil eg tru hev vore medverkande. Visst heller sterkt medverkande. Det er innverknad frå den norskdanske målvitskapen. Denne vitskapen hev synt større aktivitet i den siste halve mannsalderen enn i tidi nærmast fyre med å skorda upp under norskdansken og undangrava nynorsken.
Her vil eg like vel byrja med å forsvara den norskdanske målvitskapen ein grand. På sume vis er dei åtak som målfolk — målbrigdemenn likso vel som andre — fører mot norskdanske granskarar, urettvise. Me lyt skilja millom tvo ting når det gjeld denne vitskapen. Ein ting er arbeidet for å få klårgjort meir sjølve dei språklege fakta. Dette reelle vitskaplege arbeidet fær me vyrda, kven som gjer det, og sjølve dei vitskaplege resultat fær me respektera. Korkje målfolk eller andre hev lov til å skjenna på nokon granskar for vitskaplege resultat som kjem av samvitsfull gransking. Det hev hendt at underskrivne hev fenge uppmoding um å motprova eitt og anna som t. d. professor Seip hev funne ut. Eg vil slett ikkje motprova sovore som eg trur er sant. Når t. d. denne dugande vitskapsmannen hev vist at former som vann, bonn fanst i Sudaust-Noreg sume stader alt fyre 1400, vil eg slett ikkje «prova» noko imot det, for eg er yvertydd um at det er rett. Nynorsk målvitskap kann ikkje vera til fals for noko slag målpolitikk på den måten. Me skal takka til at framvoksteren i norskt mål vert kartlagd nøgnare, og ikkje bruka skjellsord.
Sjølve dei vitskaplege fakta som kjem fram, dei er no ikkje fårlege heller for nynorsken og for det teoretiske grunnlaget hans. Målfolk treng ikkje vera nervøse. Aukande kunnskap riv ikkje grunnen undan nynorsken. Um me fær vita at vann, bonn er ei heller gamal dialektform sumstad i Sudaust-Noreg, riv då ikkje det burt det teoretiske og røynlege grunnlaget for å halda uppe riksformene vatn, botn i nynorsk, so som me hev gjort til denne tid. — Ei sak for seg er at ein kann vera vitskapleg usamd i sume av dei faglege resultati. Det fær då verta emne for faglegt ordskifte.
Men ein radt annan ting enn sjølve granskingi av fakta er den målpolitiske, agitatoriske utnyttingi av fakta og resultat. Andsynes den er det rettkome å reagera onnorleis.
Den norskdanske målvitskapen hev lenge nytta ut dei språklege fakta på ein radt einsidug måte, til agitasjon for norskdansk og til å undangrava nynorsk. Den norskdanske målvitskapen — sume då — nyttar ut stort og smått, berre det kann tena til å veikja nynorsken. Stundom er det mesta ein grand barnslegt, so ein kann koma i hug sæle geheime-arkivar Finn Magnusen i Kjøbenhavn. Denne skikkelege, lærde mannen sat ein dag på kontoret sitt. So fann han i ei av dei gamle skinnbøkene, at ein av dei mennene som uppedaga Island, hadde havt ætt i Danmark. Med ein gong for den kgl. geheime-arkivaren i puss og uniform, og upp på slottet og fekk audiens, og skulde fortelja kong Fredrik VI um denne viktuge politiske uppdagingi: So hadde då Danmark retten på Island like vel, Fredrik VI hadde halde landet attende med retto. — Dei norskdanske filologane finn ein ljodyvergang i handskriftene, eller noterar ei dialektform. Straks fer dei i vitskapleg puss og uniform og melder for det publikum som høver — i diskrete former sjølvsagt —: altso hev norskdansken retten på Noreg like vel, og nynorsken byggjer på mistak.
Sjølve dei historiske fakta dei ber fram er korrekte nok, formene stend i manuskripti, eller finst i sume målføre; likso visst som det var eit faktum Finn Magnusen fortalde, når han melde at det stend i Landnåma at svensken, Islands-fararen Gardar hadde jorder på Sjælland. Men dei politiske fylgjeslutningane vert ei vurderingssak. Og dei kann vera meir tvilsame i både det eine og det andre høvet. Det er ikkje rett å draga fram einsidugt isolera fakta eller gruppor av fakta. Ein lyt taka med den samla summen av fakta, og ein lyt sjå ut ifrå norsk synsstad. Både det eine og det andre forsømer dei norskdanske filologane altfor mykje. —
Denne bokmålsorientera norskdanske målvitskapen hev havt sterk innverknad på meiningane vida utyver i det siste. Ikkje minst av di at mange målfolk ikkje hev skilt klårt millom dei tvo ting eg nemnde: sjølve fakta som vert klårlagde, og den agitatoriske utnyttingi av fakta og resultat. Det hev liksom skorta målfolket på klår tanke og på kunnskap soleis. Uklårleiken hjå målmenn på den moderate vengen hev ikkje sjeldan vorte reint løgleg. Dei skjenner heller bråkande på dei norskdanske filologane for dei fakta som desse filologane — serskilt éin — dreg fram, og som ikkje i seg sjølv er fårlege, og som desse filologane skulde ha takk for at dei klårgjer. Men samstundes tek dei ved agitasjonsmåten og den målpolitiske vurderingi åt den norskdanske målvitskapen.
Eg hev tokke av at innverknaden frå den norskdanske målvitskapen hev vore serleg sterk millom studentane. Dei hev heller mykje — antimålmenn og målstudentar på same lina soleis — teke ved den målpolitiske argumentasjonen åt den norskdanske målvitskapen, og gjeng til åtak med skotføri frå den våpen-smidja mot den «umoderne» nynorsken. Det kann no ikkje vera so underlegt. Sveinar kann ikkje hævda seg mot dugande lærarar. Men den som er imot ein agitasjon når han kjem ifrå professorane, lyt òg vera imot same agitasjonen når han kjem ifrå studentane.
Denne innverknaden frå den norskdanske målvitskapen gjenom ein halv mannsalder, trur eg hev vore ein sers reelt medverkande faktor til å setja i gang det målirigdestrævet mot nynorsk som me ser no. Den einsiduge, tendensiøse utnyttingi av eldre og nyare granskingsresultat hev fyrebutt tenkjemåten i vide krinsar, serskilt i akademiske krinsar. Me ser då òg at det brigdet dei vil setja i verk no i nynorsk i ovstor mun hev vorte nett soleis som den norskdanske målvitskapen hev kravt. Me kann dokumentera at svært mykje av det som er autorisera no, samstavar med eit program som riksmålsprofessoren sette upp i 1916. Og me kann dokumentera at norskdanske fagmenn i ikkje liten mun hev lenge råda yver den kgl. resolusjonen um nynorsk, imot framlegget frå den nynorske mannen i revisjonsnemndi.
Desse fire faktorane til saman trur eg hev drive fram målbrigderørsla mot nynorsk i den form ho hev fenge: Trøyttleiken, misvoni hjå mange målfolk um at me kann nå fram til det store strålande endemålet som nynorskreisingi fyrst sette seg; utolugskapen og atterslaget hjå ymse sterkmælte krinsar som fyrr ikkje hev havt noko bry med målsaki, men no hev fenge henne innpå seg for ålvor; den aukande makti og maktkjensla på sentrumsstadene, som meir og meir vil setja «dei kringbuande» utanfyre, og som fyller mange kringbuande med svær age — «sosiale umsyn» kallar dei dette —; innverknaden frå den tendensiøse agitasjonen åt den norskdanske målvitskapen. — Det at talemålet i bygdene på den eine sida og i bystroki på hi krev ein ny nynorsk er i røyndi meir framlita grunnar, som tener til å dekkja yver kva som er dei røynlege drivkraftene. Endå um mange brukar påskotet um talemålet i god tru.
Dei røynlege drivkraftene er av det slaget at målfolk ikkje kann godtaka deim, etter mi syn. Gjev målreisingi seg på rek med straumen dit som desse drivkraftene fører, so gjeng den nynorske målreisingi til grunnar; — det skal koma nye målbrigde sidan i same leid som det frå 1938, veit me. Nynorsken vert uppløyst innanfrå, um han so gjeng fram utvertes ei stund til. Det vert ulogisk og urettkome då å halda uppe ei serskild nynorsk målreising. For resultatet me driv imot kann me nå likso godt med å taka utgangsstode i norskdansk og pusla med noko «uppnorsking» der.
III.
Fonetisk og typologisk skrivemåte.
Eg vil hoppa yver til eit anna emne.
I mål-ordskiftet no hev spursmålet «fonetisk skrivemåte» ofte vore framme; fonetisk mot meir historisk. Sume hev då lært svært trygt at fonetisk er det same som moderne; og meir historisk det same som bakstrævande. Ein kjend målbrigdemann sette upp for eit par år sidan likningi: «Den historisk-etymologiske skrivemåten» = roti til det vonde; men: det fonetiske (ljodrette) prinsippet gjev nynorsk «ei heilt moderne rettskriving». I populær form finn me ofte det fonetiske kravet i kravet um at borni må få skriva «heimemålet».
Det hev vore ikkje so lite uklårleik ikring dette emnet.<a href="#2">[¹]</a>
Den fonetiske rettskrivingsrørsla fekk veldig styrkjing i 1870—80-åri. Det var eit gjenombrot i målvitskapen då med at dei uppedaga talemålet so å segja, og ljodlovene. Rørsla hadde si blømingstid til nedum 1900. Hjå oss var Moltke Moe ein repræsentant for henne. Dei som hadde mest å segja i rettskrivingsnenmdi frå 1934 (Iversen, Koht), fekk si grunnleggjande upplæring i den tid då denne rørsla stod i sin beste brage og var høgst på mode. <p>Den fonetiske rørsla hadde mykje helsesamt i seg. Men likso visst er det at ho gjekk for langt i den fyrste ihugen. Det fonetiske rettskrivingsdogmet i si fyrste utforming var uvitskaplegt, og umogelegt å setja i verk. Dei vitskapsmenn som no held på det fonetiske prinsippet i rettskrivingi, held det difor uppe i ei modifisera form. Og mange vitskapsmenn i den seinare tid hev sagt seg imot sjølve prinsippet um ein reindyrka fonetisk skrivemåte. Dei meiner at ein sovoren skrivemåte ikkje er noko ideelt eller tenlegt prinsipp for kulturmål av slik type som våre germanske mål, med mykje grammatiske bøygjingar og med ei ovmengd av samansette ord. Når eit par av nemndemennene frå 1934 (Bojer, Natvig Pedersen) skriv nett som det skulde vera stendigt aukande semja innan vitskapen um at det reindyrka fonetiske skriveprinsippet er det fullkomnaste, viser det at heile det prinsipielle ordskiftet um dette emnet hev gjenge framum deim. Det er ikkje so rart, etter som dei ikkje er fagmenn. Men det hadde vore rettare då um dei ikkje hadde ordlagt seg nett som dei visste noko. — Men eg skal ikkje dryfta her reint ålment emnet um fonetisk mot meir historisk skrivemåte. Det er ikkje noko beinkløyvt emne, og eg for min lut trur ikkje på nokon doktrinarisme anten den eine eller den andre vegen. Det eg vil få peika på er tvo moment som eg serleg tykkjer hev kome for lite klårt fram i det ordskiftet som hev vore.
Det eine er: Skal ein skriva fullt ut fonetisk, so lyt ein halda seg til ein einskild dialekt. Og di strengare ein vil skriva fonetisk, di trongare lyt ein setja grensone for dialekten. Dette skynar sjølvsagt dei språkmenn som krev (tillempa) ljodrett skrivemåte, og dei strikar sterkt under det. Det er då den mektigaste dialekten i vedkomande land, riksmålstala, dei vil gjeva att ljodrett. Andre dialektar — det vil segja det som me vanleg kallar dialekt eller «folkemål» — set dei ut or rekningi. <p>Det andre er: Av dette grunnvilkåret for fonetisk rettskriving fylgjer: Ein reindyrka fonetisk skrivemåte er umogeleg til skriveprinsipp for nynorsken, dersom han vil halda fast på det grunnlag han hev bygt på til dessar. Nynorsken vil etter sitt grunnprinsipp taka umsyn til fleire dialektar på ein gong. Vil vera ein samnemnar for alle målføre som er i sanning norske. Då kann han stetta det fonetiske kravet berre i dei høve då alle målføre fylgjest, — anten ved at dei alle hev halde på noko gamalt, eller ved at dei alle hev fenge den same novasjonen. I andre høve kann han ikkje stetta kravet um ljodrett skrivemåte eller um «heimemål» i streng bokstavleg meining, han lyt hjelpa seg med det me kann kalla typeformer. Former som kann samla organisk under seg so mange som mogelegt av dei dialekt-avviki som sprikjer ut ifrå kvarandre.
Her kjem inn eit viktugt moment: Svært ofte er det dei meir historiske formene som hev største spennviddi til å vera typeformer; endå um dei stundom ikkje er heilt ljodrette anna berre for ein mindre lut av folket. — Her hev me den logiske orsaki til at nynorsken hev favorisera slike «historiske» skrivemåtar som t. d. hestar og vikor, visor. Her hev me òg ei logisk orsak til at Ivar Aasen kalla slike former for «gode» former, — dei var gode, vidfemnande typeformer. Der låg eit kjenslemoment òg til grunn hjå Ivar Aasen når han kalla det «gode» former; eit moment med fyresetnader i den tid han høyrde til. Men dette kjenslemomentet drog i same leid som det tankerette kravet som sprang ut frå sjølve målreisingstanken hans, slik som han tok målreisingi.
Skal nynorsken gå yver til ein einsidugt fonetisk skrivemåte, lyt han gå burt frå det grunnlaget han hev bygt på til dessar. Han fær ikkje fonetisk skrivemåte på andre vilkår enn andre mål. Han lyt leggja ein einskild dialekt til grunn: trongare di meir ljodrett det skal vera. Etter makthøvi i landet er det ikkje tvil um kva for ein dialekt som då vert lagd til grunn: talemålet i hovudstaden og nærmast der ikring. Her trur eg me hev den psykologiske forklåringi til at dei norskdanske filologane enno den dag i dag stort sét er so samstelt um det fonetiske kravet, — når det gjeld nynorsk. Og brukar dette kravet frå 1880-åri til «vitskaplegt» våpen mot nynorsken. Dei veit, at skal nynorsken gå yver til ei strengt fonetisk skriftform, lyt han knyta seg til hovudstadtala og det som er nærmast der ikring. Men nettupp dette grunnlaget knyter bokmålet seg til alt i fyrevegen, — i den mun det er knytt til Noreg.
Eg meiner: Folk fær halda på ljodrett eller ikkje ljodrett, etter som dei vil. Men lat det verta greidare tankar når folk talar um desse ting. Lat det vera klårt: Nynorsken, so lenge han held på grunnprinsippet sitt, krev ein romsleg typologisk skrivemåte, — eg vil helst bruka det ordet. Og lat det vera klårt kva grunnlag nynorsk lyt flytja yver til, dersom han gjeng yver til ljodrett skrivemåte.
Kann henda sume, når det vert greidt kva som ligg i det ljodrette skriveprinsippet, vil reisa det spursmålet: Er dette prinsippet so demokratisk, — demokratisk i breid meining? Bokstavrett etter tala i den mektigaste dialekten, hjå deim innan denne dialekten som av ein eller annan grunn råder mest, — er det visst at dette er det tenlegaste for deim som er utanfor denne dialekten og kvar for seg er minder mektige? Og det tenlegaste for nasjonen teken under eitt? Etter mi meining er det ikkje visst.
<a name="2"></a>[¹] Sjå skrifti mi God norsk sida 14 [her 127] ff., som utgreidingi her mykje fylgjer.
IV.
Der er andre punkt òg som det hev vore tala og skrive heller uklårt um. T. d. det emnet: Er alt norskt mål like godt? Kann me skifta ut norskt med norskt på slik vis at resultatet vert avnorsking og fordansking? Korleis skal me finna ein nasjonal verdsetjingsnorm i målvegen? Men det hev eg tala um på annan stad og skal ikkje taka det med her.<a href="#3">[¹]</a>
<a name="3"></a>[¹] Sjå no skrifti «Norsk og norsk», sida 8 ff.
V.
Sjølvmotsegjande målpolitikk.
Men eg vil peika på til slutt at ein målpolitikk som segjer han vil tilnærming millom dei tvo skriftmåli nynorsk og norskdansk på norskt folkemåls grunn, er noko sjølvmotsegjande. For det eine skriftmålet hev mest sitt grunnlag utanfor Noreg, i danskt folkemål og skriftmål. Og danskt folkemål og norskt folkemål stend nettupp serskilt langt ifrå kvarandre, innanfor den norderlendske målkrinsen.
Svenske dialektar og norske dialektar er det som heng saman. Det ser me lett når me tek fyre oss eit målførekart for Norderlandi. Det austnorske målumkvervet med kløyvd infinitiv osb. heng saman med svenske mål austanfyre med same hovudmerkjet. Utanfor denne austnorsk-svenske viddi hev me skånsk i sud med a-infinitiv, ei visa m. m., det svarar merkjeleg til sudvestlandsk og helgelandsk på utsida av austnorsk i Noreg. Millom den kløyvde infinitiven og a-infinitiven hev me endå til e-målsteigar både her og i Sverike. Svenske og norske dialektar heng saman som ein stor blokk. Skal det vera tilnærming millom tvo skriftmål på folkemåls grunn, so vilde det vera meir tankerett ut ifrå dei røynlege tilhøvi, å nærma nynorsk og svensk til kvarandre. Svensk er no eit større målsamfund òg enn dansk.
Men elles meiner eg, at det er rettast å lata norsk veksa sin eigen, sjølvstendige vokster på sitt eige grunnlag. Me skal sjå etter her i Norderlandi, so me ikkje i utrengsmål vert so ulike at me ikkje skynar kvarandre. Det hev stundom vore tenkt for lite på den ting. Men me skal samstundes taka vare på dei nasjonale serdragi.