Skilnad mellom versjonar av «Kvi er me målmenn?»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
(Oppretta sida med «<center><p>Tale på årsstemna for Noregs mållag i Bjørgvin<br> i påsken 1926.</p></center> <p>Gode målfolk!</p> <p>Det er tjuge år i år sidan Noregs Mållag vart sk…»)
 
(Ingen skilnad)

Siste versjonen frå 15. april 2020 kl. 10:57

Tale på årsstemna for Noregs mållag i Bjørgvin
i påsken 1926.

Gode målfolk!

Det er tjuge år i år sidan Noregs Mållag vart skipa. Den fjorde februar 1906 var den store målmannsstemna i Oslo. Til den stemna hadde dei målmennene som kom frå Vestlandet og Sørlandet programmet for eit landslag av målfolk med seg. Ein mann ifrå denne byen &#151; Johannes Lavik &#151; var føraren deira. Då møtefolket drog helm att, var Noregs Mållag skipa.

Det hev vore minnt um dette fleire gonger desse dagane me hev vore saman her. Då hev eg mått koma i hug kva som stend å lesa i «Den 17. Mai» frå dagane etter målmannsstemna i 1906. «Den 17. Mai» var full av høge voner i dei dagane og tykte det hadde vorte ein stor snunad. For denne gongen hadde motmennene, det er dei norsk-danske bladi, teke målmennene for ålvor, skreiv «Den 17. Mai», og gjeve sannferdige og saklege upprit frå møtet; og for fyrste gong hadde det hendt at motstandarane hadde skrive um målmenn nett som um anna folk. Det tykte «Den 17. Mai» var eit stort framstig. «Den 17. Mai» var høgføtt i mange dagar, for di dei norskdanske storbladi i Oslo skreiv um honom og målmennene liksom um anna kriste folk, og ikkje gjorde dei ringare enn nordmenn flest.

Det er vel ikkje fritt me lyt smila når me ser denne halvveges naive, og småkravde gleda som gjeng gjenom artiklane åt «Den 17. Mai» i dagane etter målmannsstemna i 1906.

Men når me tenkjer etter, so skynar me vel Rasmus Steinsvik. Han hadde arbeidt for den norske saki i motbakke og ulende i mange år. Og foten hadde vorte tung og ryggen sår; og sjæli hans hadde vorte trøytt mang ein gong, og som rivi til blods. So fekk han sjå ein glimt av skynsemd frå dei som hadde stade stridast imot. Då trudde han at det var ein blenk av soli yver bakkeriset han såg; og at no låg straks slettlendet framfyre honom og den sak som hjarta hans elska.

Det var ikkje so lite, det som han tyktest ha å fegnast fyre, soleis som det såg ut for honom.

No når me stend ved denne merkesteinen &#151; 20-årshøgtidi &#151;, kann det vera tid å skoda attyver og spyrja um voni åt Steinsvik slo til. Fekk han, og fekk den norske saki slettlende å skrida fram på etter dei dagane?

Å nei!

Det hev vore motbakke sidan òg. Og Steinsvik &#151; gjævt er minnet hans! &#151; fekk gå til kvile fyrr han hadde sét vegen sletna. Motburden, og geipen, og hædingi mot det norske målet hev nok ikkje slakna enno. Me treng berre koma i hug kor det var då me skulde få ein so fatig ting som nokre uppslag på norsk på ein jarnveg for nokre fåe år sidan; eller korleis det var då norsken skulde få eit lite rom på Bjørgvins-bana ifjor. Det var folk då her i denne byen som truga med å bruka ulov og vald til å hindra det. Og då me no nyst, sist av alle folk på denne kanten av verdi, skulde få ei salmebok på vårt eige mål, var det mange på ferd til å hindra det. Det vart lagt meinbægje i vegen; ikkje for di boki var ubrukande, det torde ingen segja; ikkje for di ho vart for dyr for Staten i desse tronge tider, for ho hadde ikkje kosta Staten noko; men einast for di ho var på norsk.

Det er ikkje hjelp i å neitta det: motbakken hev ikkje endast. Motstandet er ikkje veikare no enn for tjuge år sidan. Det hev tvert imot kvest seg til. Me er komne ein god mole frametter, det kann me segja trygt. Men på same tid, og nettupp av den grunn, hev motstandet vorte stridare; det hev vorte meir målmedvite og organisera.

Striden i dei komande år vil difor heller verta hardare enn hittil, det stend ikkje til å dylja. Han vii verta meir sunderrivande for folket, og det vert ein tung og sår strid, etter som det ser ut for oss no, fyrr me kjem dit at den norske saki hev vunne.

Men når det er soleis, då er det høvelegt og turvande, at me spør oss sjølve i ålvor um det me arbeider for er denne striden verdt.

Er det i røyndi noko som er gagn i, det som dei var uppglødde for då dei skipa Noregs Mållag, og det som me strævar med framleides: å gjeva det norske målet herreretten att? Er vinningi med det verd møda som striden kostar, og den uroi og beiska som striden valdar i folket vårt? Eller er kanskje ikkje det heile meir um å gjera, enn at me likso godt kunde lata vera med alt saman, og lata det gå med det norske målet som det vil?

Ikkje minst turvande er det å spyrja soleis i ei uppgjerdsstund når ein stoggar og ser attyver og frametter. For det skal noko til for å kunna taka andsvaret for det tvidrættet som me målmenn for ei tid kastar ut millom folket. Og me hev bruk for den indre styrken som ligg i at me tek upp att for oss sjølve at det er ei stor og herleg sak me arbeider for. Det trengst til å gjeva full tryggleik i arbeidet vårt.

Kva verd hev då eit norsk mål for oss? Kvi er me målmenn?

Eg meiner: kva vinn me med å gjera norsken til einaste skriftmålet; for det er um kriftmålet, den skriftlege mynsterformi som ska1 repræsentera norsk nasjonalitet, at striden no fyrst og fremst stend og lenge vil standa.


Eg vil då fyrst få slå fast på nytt det som Ivar Åsen skreiv um so ofte, at norsken vil vera ei stor vinning for skulen og borni våre, for folkeupplysningi. For den norske skulen vii det vera ein veldug pædagogisk fyremun å få innført norsken eller landsmålet. For på mest alle stader vert det ein mindre skilnad då på talemålet åt borni og skriftmålet dei skal læra. Ein upplyst innsendar i «Morgenbladet» i 1836 (L. K. Daa) skreiv at det var framleides den gongen yver tvo tridjepartar av det norske folket som tala eit «islandiserende» språk. Med det meinte han norsk. No veit me at det endå idag er mykje fleire som talar norsk. Eg tenkjer at den flokken av nordmenn som talar eit mål som naturlegast gjeng upp i landsmålet som si mynsterform, er ikkje mindre enn nie tiandepartar av folket. Heller er det meir. Og for heile denne flokken vilde det vera ei vinning um fedrelandet òg let dei få si upplæring i landsmålet eller det norske målet.

Når difor nokon spør: Kva batar skulen best? &#151; so kann læraren, og so kann kvar av oss svara: Landsmålet. Det kann me svara i kva bygd i landet det skal vera. Og det kann me svara i dei fleste byar òg. Og ikkje i nokon by, trur eg, vil norsken vera vanskelegare for fleirtalet av borni enn dansken er. Det hev vore gjort eit stort vitskaplegt arbeid i dei seinare åri til å granska ut bymåli våre. Og det hev synt seg at folkemåli i byane nærmar seg i bygnaden sin reint uventa mykje, lyt ein segja, burt imot landsmålet. Um målføret i denne byen hev den fremste mannen frå byen (Joh. Ludw. Mowinckel) sagt, at etter hans meining kann ein likso lett lyftast frå det upp til landsmålet som upp til riksmålet. Når nokre av federne her i byen hev gjort resolusjon um, at borni i Bjørgvin talar av naturi norskdansk, eller riksmål som vedtaket kallar det, so vil eg beint ut motsegja det. Det er usanning på borni i Bjørgvin.

Det er ikkje berre teori og påstand dette som eg her segjer, at norsken er naturlegaste og gagnlegaste målet for det store fleirtalet av dei skular som norske born søkjer til. Ein kann berre sjå korleis borni tek det, det som skulen er til for. Der som dei fører norsken inn, der vert borni glade i han. Dei ynskjer ikkje å missa han att. Ein hev eit døme nordan frå Kinn i Sunnfjord. Der hev dei skjemt seg ut nyleg med å kasta norsken ut att, etter at dei hadde teke han i bruk i skulen. Men det var ikkje borni som kravde det, og ikkje dei foreldri som hadde born i skulen heller, etter det som vert fortalt. Det er nokre fanatiske einskild-personar som hev fenge det til.

Og ein kann sjå korleis lærarane for det meste hev stelt seg, dei som hev praktisk vit på skulen og hev andsvaret for han. Lærarane var dei fyrste til å krevja at norsken skulde inn i folkeskulen. Alt på lærarmøte rundt um i landet i 1860-, 70- og 80-åri tok lærarane til å krevja at ein måtte få folkemålet til upplæringsmål i skulen. Dei trong berre um å verta kjende med det nye skriftmålet som då tok til å arbeida seg fram, so såg dei at i det vilde borni kjenna sitt eige mål att, og då vilde skulen verta ein betre stad, og allting koma til å gå lettare både for borni og for deim sjølve.

Ein høyrer tidt det motmælet: Dette som du segjer der, kann vera sant nok for Vestlandet; der høver kanskje landsmålet best. Men på Austlandet høver det ikkje. Landsmålet er eit vestlandsmål; men det er ikkje skikka til å brukast i heile landet.

Eg vil segja, at slikt snakk er av dei ting som er harmelegast å høyra. For det fyrste er det underlegt at folk skal sjå ein fyremun i å nemna berre tvo landsluter, Vestlandet og Austlandet; der er då andre gjæve landsluter til òg. Det er so rart, det ser ut som sume tykkjer mun i å spela just desse landslutene ut imot einannan i målstriden; det fører ikkje til noko godt. Kva skal det vera til, å suggerera desse landslutene upp imot einannan med eggjande og sårande slengord frå båe kantar? For det andre er det ikkje sant at landsmålet er eit spesielt vestlandsmål. Um det vert sagt upp att mange gonger, vert det ikkje sannare for det. Men vert det sagt for ofte, so kann slikt fals valda skade som seint vert bøtt, og setja mykje ilt blod på båe sidor av fjellet. Det tenkjer eg nokon kvar av oss alt hev vorte var med. Difor er det på tide at me protesterar kraftigt mot dette utidige snakket.

Landsmålet byggjer på målføri i heile landet. Det er sanningi. Ivar Asens store tanke var at det skulde reisa seg som ein høg kvelving uppyver norsk talemål i alt Noreg; og ingen skal kunna neitta med grunn, at det gjer det. Landsmålet er ikkje tenkt til, og er ikkje noko provinsmål. Det hev sers mykje i seg som høyrer Vestlandet til, det er sant; for Vestlandet er òg ein lut av Noreg. Og det hev sers mykje i seg av fjellbygdene, som dei i dette høvet gjerne nemner saman med Vestlandet; for fjellbygdene høyrer ogso til Noreg. Men det femner so vidt, og det er so ålment i bygnaden sin, at på same tid gjev det fullt rom for hine landslutene òg. Og i mange viktuge ting styd det seg serskilt på Austlands-måli og austnorsk mål i det heile. Dette stend slett ikkje greidt for mange. Og det kann ikkje vera so rart. Det vert sagt og skrive mykje som ikkje gjer det lett for folk å få rett tanke um korleis tilhøvet millom landsmålet og Austlands-måli i røyndi er. Men det hev ovende mykje å segja at ein held det rette klårt fast her. Difor vil eg få gjera meg til filolog eit lite bil og nemna nokre døme.

Når det heiter hanar, sogor, skåler (med r) i fleirtal i landsmålet, so er det eit serskilt, provincielt um de vil, austlandsk drag. For det er Austlandet som er gamaldags og hev halde på fleirtals-r'en. Vokalane framfyre r'n kann skifta (hestar og hester, soger, visur, viser etc.), men r'n stend fast i alle eigenlege Austlands-mål. Dei andre landslutene hev med fåe undantak kasta r'n burt. Der er gode både historiske og praktiske grunnar for å lata r stå; men landsmålet vert ikkje mindre Austlands-mål i dette stykket for det, når det held på han. Dette Austlands-merket grip djupt i målet. Det set i røyndi mykje fleire spor etter seg enn t. d. ein i eller a i ord som skåli, skåla kann gjera. For bøygjingsformi på r gjeng gjenom heile mengdi av substantiv, so nær som inkjekynsordi.

Likeeins er det i verbi: eg lærer er austlandsk, eg lære er hovudformi i vestlandsk, eg lær' eller lære er trøndsk. Austlandet hev det mest gamaldagse, men landsmålet rettar seg etter det, av di det er gode grunnar for å gjera det. Dette er atter eit djupt-gripande målmerke, parallelt med det fyrste eg nemnde.

Dativen (i) dalom, når han vert bruka, er austnorsk. Vestnorsk er (i) dalo. dil.

Mange av småordi i målet, som kjem so usegjeleg ofte att og gjer so mykje til å karakterisera eit mål, er austlandske eller i minsto hovudsakleg austnorske (&#7440: austlandsk trøndske). Den, de(t), der, partikkelen som, præposisjonane millom, gjenom er soleis austnorske former; det karakteristisk vestlandske er dan, da(t), dar, so, myljo eller dilikt, gjøno o. likn.

Infinitivsmerket å, som er ute og gjeng ved alle verb, er reint austlandsk; i vest og nord heiter det jamnast te.

Konsonantverket i landsmålet høver i viktuge ting betre med austlandsk og trøndsk enn med vestlandsk. Soleis er t. d. hamn, ofte, ufs austnorsk, det eigenleg karakteristisk vestlandske er habn (havn), opte, ups.

Skrivemåtane saker, lage(t), stukke og ikkje sakje(r), lagje(t), stukkje høver betre med austlandsmål enn med vestlandsmål og for det meste òg nordnorsk. For dei vestlege og nordlege måli hev her mest j-fengne ljodar, dei eigenlege austlandsmåli hev mest «rein» k og g. Det er i røyndi ein stor koncessjon til samlingstanken som dei vestlege og nordlege landslutene gjer med å gjeva slepp på serskilde teikn for dei j-fengne ljodane sine. Og ortografien for skriftmålet fær ein svært sterk austlandsk &#151; og ein gamaldags &#151; svip ved det.

Soleis kunde ein halda på lenger. Dei skal knapt kunna leita fram eit einaste stykke på det mest obligatoriske landsmål, um so herre på nokre linor, utan det kai vitna um at til dette målet hev Austlandet òg gjeve sitt fulle tilskot.

Alle landsluter hev gjeve tilskot til landsmålet. Difor tek eg det upp att: landsmålet er ikkje noko landskapsmål eller provinsmål; det er eit nasjonalmål, som tek vyrke frå heile landet. Det kann gjera det, for i grunndragi, i sjølve målbygnaden, er alle norske målføre i hovudsak eins. Og landsmålet etter Ivar Åsens tanke, det tek vyrke ifrå desse målføri etter som kvart av dei hev halde den nasjonale målbygnaden uppe fullkomnast, eller mest praktisk for eit skriftmål, eller vænast. Difor er det ikkje grunn til i det heile å tala so mykje um vestlandsmål og austlandsmål og trøndemål osb. Landsmålet er norsk, det er det sannaste og råkande nemnet på det, og det tek alle desse sermåli upp i seg. Difor kann det òg vera høvelegaste målet i skulen både på Vestlandet og Austlandet, og i Trøndelag og Nord-Noreg, og me torer leggja til: høvelegaste målet for fleirtalet av folket i dei norske byane.

Når landsmålet ikkje hev vunne so mykje fram i skulen på Austlandet som på Vestlandet og ogso i Trøndelag, so hev difor ikkje det til orsak at landsmålet er uhøvelegt på nokor vis for Austlandet. Det hev samanheng, trur eg, med at dei sociale og økonomiske tilhøvi er annleis i breidbygdene der aust &#151; med at dér er fleire byar med sterke danske tradisjonar i dei høgre samfundslagi, meir med store avisor som agiterar for norsk-dansken og villeider folkemeiningi i målspursmålet, meir med forretningsliv og offentlege kontor og tenestmenn som alle etter gamall vane er bundne til norskdansken, og som er med og styrer folkemeiningi. Den dagen den store mengdi på breidbygdene der aust fyrst for ålvor tek til å tenkja yver målspursmålet på eigi hand og ikkje fer lenger etter kva vanebundne, dansk-orientera rettleidarar segjer, den dagen trur eg dei tolleg brått skal koma til det dei òg, at det norske målet batar borni deira best.

Lat då ingen innbilla seg på grunn av ropet, at det er det naturlege talemålsgrunnlaget som vantar for landsmålet nokon stad på Austlandet. Det er ikkje so ille, som vel er. Men det er der at den folkelygni hev ete seg sterkast inn gjenom avisor og på annan måte, at dansk er norsk. Den lygni, for eg vil kalla det med rette ordet, hev vore som ei forgift for målstriden, og ho tærer på lengdi inn til sjølve mergen i folkekarakteren; og ho er det som ligg og bægjer no for landsmålet på Austlandet. Den lygni er det me lyt vinna yver med upplysningsarbeid og trottigt stræv, då vinn målreisingi Austlandet.

Det er ikkje hjå landmålet, at feilen ligg.

Ein høyrer stundom eit anna motmæle mot norsken som skulemål. Landsmålet, segjer dei, kann ikkje høva best for borni våre; for det er fleire ord i det målet som me ikkje skynar, enn i norskdansken. Det kann godt henda at det er soleis enno for dei fleste. Men det er ikkje so at dette er nokon dom yver landsmålet. I røyndi er det ein dom yver upplæringstilhøvi, soleis som dei hev vore hittil. Ein lyt leggja merke til at dei som segjer dette, det er eldre folk som hev fenge upplæringi si frå dei var 7 år gamle på norskdansk. I norsk hev dei ikkje fenge nokor verkeleg upplæring. At då det norskdanske skriftmålet vert lettare å lesa for deim til slutt, det er ikkje meir enn rimelegt. Men dei fær ikkje noko slag rett ved det til å lasta landsmålet for at dei ikkje skynar kvart ord i det. Ein lyt finna seg i at det er med landsmålet som med alle andre skriftmål og modermål: det lyt lærast. Eit skriftmål og nasjonalmål er og lyt jamt vera rikare enn noko målføre, og ålmennare i formene sine. Difor hev dei modermålundervisning i skulane i alle civilicera land.

Vituge krav lyt ein setje , kva mål det so er. Men gjer ein det, so skal det ikkje verta vandt å sjå at det er lettare alle vegner å arbeida seg ifrå eit norsk målføre upp til landsmålet enn ifrå eit norsk målføre upp til bokmålet. For til landsmålet kann skuleborni få koma med alle dei heimlege ord og vendingar og tankebilæte som dei hev med seg frå far og mor. Kvar kann få leggja til av sin vesle rikdom &#151; det er ikkje soleis der som dei hev norskdansken i skulen.

Eg hev tala noko langt um skulen og norsken. For det er ei sak som brenn vida utyver landet vårt &#151; litt hev de merka av branden her i denne byen òg. Og fyrr eg gjeng ifrå dette, so vil eg få segja, at me må ikkje kvida oss for å segja sanningi um skulen og norsken. Det er nokre bygder i det siste på ulike kantar av landet som hev sett det skam-merket på seg å kasta norsken ut att, etter dei hev nytta han eit bil. På ein stad som dei måtte tenkje på sovore, der hev kvar lærar, meiner eg, skyldnad til å segja ifrå at slikt er synd imot borni. Og i dei bygder som det er tale um å kasta dansken og taka norsken, hev ikkje læraren rett til å stå nøytral på den visi at han segjer båe måli er like gode for skulen. Av reint pædagogiske grunnar hev han skyldnad til å telja foreldri til å røysta inn norsken. Elles gjer han ikkje si plikt.

Den norske skulen hev drege eit tungt andsvar ned yver seg mot det norske folket og det norske målet. I snart tvo hundrad år hev han drive systematisk med å avnorska, &#151; øyda ut hjå borni det varnæmaste og beste av den målkjensla som dei kom med heimanfrå. Det hev vore ei tyning av den naturlege vokstergrunnen hjå dei små som det er ilt tenkja på. Den norske skulen treng vel um å gjera bot for den syndi han hev gjort med dette. Til ære for dei norske lærarane skal det segjast at dei hev hjelpt godt til med å få snutt barneskulen vår um til ein nasjonal skule. Dei var dei fyrste til å krevja at norsken skulde inn i skulen, og stort sét hev dei gjenge fyre seinare òg med å målbera norskdomskravet. For dei såg best kva for ei ulukke det danske målet var for skulen vår. Men enno stend det mykje att. Og me treng appellera til lærarane framleides. Enno er skulen ein tynings-anstalt i største luten av landet for det målet som borni hev lært å tenkja i. Det er ikkje for tidleg um her vert ei umbot, so skulen tek til å dyrka og verna um voksterspirane i målmedvitet hjå dei norske born som kjem til han, i staden for å øyda.

I det unasjonale ligg hovudbresten hjå skulen vår i dag. Det er mykje tale i vår tid um å reformera skuleverket. Me hev ein skulekommisjon som hev arbeidt i årevis. Den største reformen som kunde gjerast med den norske skulen, det var å få gjort han um til ein all igjenom nasjonal skule. Det var den umboti som skulde bera dei største frukter for heile det norske folk.


Eg segjer med vilje: for heile folket. For når me soleis slepte norsken til, so skulde det ikkje bera frukt berre for skulen og borni.

Det norske skriftmålet byggjer på det heimlege, som eg hev sagt. Det byggjer på det som serskilt me nordmenn hev fenge. Kvar fær lov til å møta fram der med det han hev med seg frå sin heim og heimstad. Dermed kann norsken gjeva utløysing for krafter i heile folket som fyrr hev vorte haldne nede eller ikkje hev sloppe fritt fram. Han talar ikkje berre, um ein skal bruka med noko umskriving eit ord av Ivar Åsen, betre til forstandet hjå nordmenn flest enn noko anna mål kan gjera; han er betre tolk for hjarta og kjenslone òg. Difor vil han verta til ei ålmenn åndeleg og språkleg frigjering, og kan gjeva ei rikare og ektare bløming for heile åndslivet og kulturlivet hjå folket vårt. Eg trur me alt kann peika på eitt og anna som syner at dette ikkje er fåfengd von. Det hev vore sagt um ein diktar som Olav Duun, at diktingi hans hadde vore utenkjeleg utan landsmålet; med landsmålet hev Olav Duun vorte den største skildraren av primitivt sjæleliv som hev vore, hev det nyleg vorte sagt. Eit kraftigare argument for eit nyreist mål kunde vel ikkje livet sjølv ha gjeve.

Eller ein kann tenkja på salmediktingi her i landet. Det er vel ikkje tvo meiningar um at det er salmediktingi på landsmål som hev vore rikast i den siste mannsalderen; det endå folkemakti millom skribentane, um ein so må segja, hev slett ikkje vore på landsmålssida. Salmane på norsk hev sprunge fram so friskt og so rikeleg, og so ekte i tonen, at i fjor kunde dei leggja fram ei fullstendig kyrkjesalmebok som byggjer hovudsakleg på den unge ny-norske salmediktingi. Det er ei salmebok som hev fleire originalsalmar av nordmenn enn nokor salmebok me hev havt fyrr. Ein treng ikkje tvila på at nettupp det norske målet er det som hev løyst ut den religiøse diktargåva hjå salmeskaldane og hev hjelpt deim til å finna salmetonen, so dei kunde gjeva folket vårt og kyrkja vår den verddagen som dei nye salmane er. Men det er sårt &#151; det lyt me få segja &#151; å sjå at sume i staden for å takka for den gåva som Vårherre hev gjeve den norske kyrkja i denne salmeboki, tek imot henne med hat og hædeleg vantakk. Det er ei spotteleg åtferd. Og det er ilt at folk soleis skal skuva ifrå seg salmar med rike åndelege og religiøse skattar, berre for di desse salmane er på norsk.

Like vel kann me vera trygge: for di um skynløysa møter det nye ei tid, so let det seg ikkje halda tilbake. &#151; Og som det hev gjenge med salmediktingi, skal det gå elles òg: det norske målet skal visseleg løysa ut hjå det norske folket dei åndelege evnor det munde hava, i rikare mun enn noko anna mål kann gjera det.

Ein annan ting vinn me når landsmålet sigrar, som vert ei sams vinning for heile nasjonen. Det er ein gode som me ikkje kann setja for høgt endå um me ser berre kaldt og praktisk på det, og ikkje tek umsyn til den ideelle sida: når landsmålet sigrar, vinn me att den språklege einskapen, som me hadde i den fyrste sjølvstendetidi vår, og som me miste i nedgangstidi. Arbeidet for norsken, og arbeid for språkleg einskap i Noreg, det er eitt og det same.

Ein høyrer so ofte beint det motsette: målsaki skal ha kalla fram ei kløyving som ikkje var fyrr, og målfolki skal gjera stor synd mot den nasjonale einskapen. Ingen ting kann vera rangare når ein vil sjå nøgnare og litt historisk på det. Det var ikkje i det 19. hundradåret, den gongen målsaki kom upp, at nordmennene vart eit målkløyvt folk. Målkløyvd vart nasjonen i det 15. hundradåret; då vart det tvo mål her i landet: norsk talemål, som det alltid hadde vore, og dansk skriftmål. Dét er upphavet til all den kløyvingi som hev kome sidan, og som hev vorte verre etter kvart radt til det 19. hundradåret. Målreisingi, um ho so valdar strid eit bil, er arbeidet på å heila den sprunga som hev vorte slegi, og få naturlegt samhøve att millom talemålet åt fleirtalet og so skrift. Og me kann vera tolleg visse på at landsmålet er den einaste vegen me no ser til språkleg einskap. Vinn me ikkje einskapen den vegen, so ottast eg at ikkje me øygner korleis einskap skal koma att for vårt folk.


Og so vil eg nemna ein ting som eg tilstend jamt hev vege mest for meg. Og eg trur at i røyndi so er me då ved sjølve det inste og berande i målreisingi: med å kasta dansken og gjera norsken til skriftmål og officielt mål att, velter me av oss ei nasjonal skam. For det er audmykjande soleis som det stend til no. Me talar um at me vil vera norske, og vil vera eit folk for oss sjølve. Og i røyndi er det eit indre krav um dette hjå kvar ein nordmann, kva synsmåtar han elles hev; det vilde vera urett og uklokt å neitta det. Men når me kjem og syner fram det vanlege bokmålet, dei kallar, som skulde vera mætaste kjennemerket for nasjonen, ja so segjer utlendingane: «Dette er ikkje anna enn dansk!» Og dei set bøkene våre på plass innimellom dei danske; med sin beste vilje ser dei ikkje nokon skilnad i målet millom verkeleg danske bøker og so bøker som er skrivne på bokmålet her i landet. Eg minnest so vel, at for seks år sidan sat eg på ein lesesal på eit stort bibliotek i Berlin. Eg skulde ha tak i ei ordbok: Falk og Torp, Dansk-norsk Etymologisk Ordbog; siste utgåva av den boki kom ut i 1910. Eg leita etter henne i ein katalog, eg tenkte eg skulde finna henne under bolken «norwegisch» i katalogen. Men nokon bolk med den yverskrifti fann eg ikkje. Ja, ja, dei hadde vel ikkje norske ordbøker ståande ute då på den lesesalen, tenkte eg. Og so såg eg ikkje meir etter den dagen. Men nokre dagar seinare slumpa eg til å slå upp i den same katalogen og lesa igjenom bolken «dänisch». Dér stod Falk og Torp, Etymologisk Ordbog. Eg må segja eg kjende det der eg sat i den framande byen liksom einkvan skulde ha slege meg i andlitet. Og eg tenkjer nokon kvar kjenner ein brodd i seg, når dei vert vare med slikt. Og eg tenkjer det var ikkje nokon utan han hadde ynskt at det hadde stade ein bolk i katalogen med yverskrift «norwegisch» ogso.

Men soleis gjeng det stødt. Utlendingane, som ser fordomsfritt i denne saki, dei stikk det som mange kallar norsk, inn millom det danske. Ved eit amerikansk universitet er det ein islending som hev arbeidt ut ein registratur yver utgåvor og umsetjingar m. m. av norrøne sogor og anna. P. A. Munch, som på sitt umkverve var ein av dei nasjonale stormennene og fyregangsmennene våre &#151; hans umsetjing av Heimskringla stend upprekna miliom umsetjingar til «danish»; Steinar Schjøtts landsmålumsetjing derimot, ho stend millom umsetjingar til «norwegian». &#151; Sigrid Undsets bøker, som skal vera so nasjonale, og på si vis er det òg, er skrivne på dansk, hev ein franskmann sagt nyleg. &#151; Danskane sjølve reknar liksom andre utlendingar bokmålet, eller «riksmålet», for dansk, so nær som når dei nettupp skal telja nordmennene til å halda fast på det. I Det Kongelege Bibliotek i Kjøbenhavn, som er den største boksamlingi i Norderlandi, der er det tvo deilder: der er ei som heiter den danske deildi og ei som heiter den utanlandske deildi. I den danske deildi er uppstelte dei bøker som er skrivne i Danmark og i Noreg. Endå til landsmålsbøkene hev fenge heita «danske» der. Dei hev fenge den æra saman med bokmålsbøkene, &#151; bokmålsbøkene er det som syner den samla litteraturen frå Noreg veg inn i danske deilder i Danmark og allevegner som slikt hender.

Eg tenkjer me tykkjer slikt er harmelegt alle saman. Men dersom me gjer det, og vil velta skam og vesaldom av oss, då er det rettast, tykkjer eg, at me talar på lag soleis til oss sjølve: «Dei store bokmennene våre gjev me ikkje ifrå oss. Jonas Lie og Bjørnson og Ibsen og Sigrid Undset skal heita norske bokmenn, endå um målet deira ikkje er norsk; for dei er fødde og uppvaksne i Noreg, og det er norsk lynde og norsk ånd i bøkene deira. Men no vil me ikkje ha det soleis lenger at me skal ljota trætta med eit anna folk um bokmennene våre. Det målet som gjer at storluten av verdi kallar dei fleste av deim for danske, det vil me no endeleg ein gong skilja oss av med. Og so vil me taka det målet som røynleg er vårt eige, og som ingen skal kunna trætta med oss um. Er me ein eigen nasjon, so vil me heisa vårt eige merke; me vil ikkje sigla lenger under ein klut som verdi berre kann sjå framande fargar i, og som me sjølve berre med språklege sakførarkunster kann få kalla «norsk».

Eg trur me skulde vinna i vyrdnad hjå andre med å segja og gjera soleis. Og eitt er visst: me vilde stiga i vyrdnad hjå oss sjølve. Det er ikkje tom tale når eg segjer at det vilde gjeva folket ei indre reisning som det elles ikkje kann ha; det vilde gjeva nasjonal samvitsro.


Eg hev teke fram eitt og anna av alt det som gjev oss rett, og eg for min lut vil segja: skyldnad til å vera målmenn. Eg hev ikkje kunna nemna alt. Skulde me telja upp alle grunnar for at me skal vyrda vårt norske mål, då vart me seint ferdige. Eg hev t. d. ikkje nemnt kor mykje vænare det norske målet er for oss enn noko anna mål kann vera. Og eg hev ikkje nemnt at det norske målet er det einaste som set oss i samband med federne og gjev oss ei historie; at med norsken fær me røter so langt attende som me veit; og utan norsken vert kulturen vår tradisjonslaus og utan samanheng med den fortidi som me djupast skulde hanga saman med og festa røtene våre i.

Og eg skal ikkje koma meir inn på dette. Men det vonar eg me vert samde um alle når me fær tenkt etter: det norske målet er vel verdt vårt arbeid og vår kjærleik. Det er verdt dei offer som varmhuga menn fyre oss hev gjeve for det, og det er verdt våre offer um dei måtte krevjast.

Men då er det rett at me tek denne saki med ålvor. Og me lyt halda klårt fyre oss kor store ting det røynleg gjeld &#151; kva me vinn, og kva me kann tapa. Me må ikkje lata vaset få bukt med oss i målspursmålet. Ingen må lata seg villa av snakket um at me hev tvo norske mål her i landet som me kan velja millom. Me hev eitt norsk mål, som me kann velja eller vanda, ikkje meir. Det er landsmålet. Og so hev me eitt dansk skriftmål her. Det er bokmålet, eller «riksmålet» dei kallar. Det hev vorte noko uppblanda med norske element, so når ein skal vera grannsam, kann ein kalla det norsk-dansk &#151; men siste lekken i det dubbelt-namnet er hovudlekken; «norsk-dansk», det tyder beint fram ein dansk som er noko modificera for di dei nyttar han i Noreg. Um uppblandingi skulde koma til å gå mykje lenger enn ho hev gjort, so vil «dansk» like fullt enno lenge vera det høvelege hovudnemnet. Det hjelper ikkje um dette er leidt, og «sårande», og kjennest skamfullt. Det er sanningi. Dei ihuga vitskaplege granskingane um riksmålet og soga åt det som hev vore drivne i del siste åri, hev stadfest det. Og me lyt gå ved det, dersom me skal kunna taka stode i målstriden på eit sant grunnlag, og koma til ei ærleg løysing.

Og so vil eg beda oss alle hugsa på, at det er ei lagnadstid for det norske målet som me hev no. Det er opna fleire vegar til framgang for norsken i dag enn nokon gong fyrr. Arbeider me som me skal, so kann etterkomarane våre koma til å sjå attende på vår tidebolk som avgjerdstidi då norsken vann sine største sigrar.

Men på hi sida so er stoda meir kritisk, og fåren større for norsken no enn nokon gong fyrr. Det gjeng fyre seg ei utvatning av målet, ei avnorsking beint framfyre augo våre, som er verre enn noko som hev vore tidlegare. I dansketidi både las og skreiv folk so lite. Difor fekk ikkje dansken noko vidare tak på sjølve folket då. Men i dag er det annleis. Skulane lærer største luten av folket upp i dansk. Avisor og bøker ber dansk lesnad utyver. Styreverket som hev vorte so stort og manggreint, er ei rein mylne til å senda brev og prentsaker utyver folket på dansk. Det kommunale sjølvstyret tvingar folk til å skriva mykje, og det er ein stor måltynar, for dei fleste heradstyre og andre kommunale styre skriv på dansk enno. Kvar ny jarnveg og kvar eimskipsrute hev hittil berre vorte nye kanalar til å spreida dansken utyver. I dei siste mannsaldrane og mest i vår tid er det at dansken hev kunna koma ned i djupni i folket. Denne avnorskingsprocessen, som gjeng fyre seg medan norsken vinn fram andre stader, er det som gjer målstoda so ålvorleg i dag. Det gjer at i ei meining er det so, at i vår tid kann norsken vinnast eller tapast. Det stend på oss korleis det skal gå. Og det vil falla ein hard dom ein gong yver denne ættleden, dersom me som enno hev det nasjonale målet reint og rikt hjå oss, let det gå til spilles. Heilt utøydt kann det ikkje verta no lenger; tilhøvi er ikkje soleis. Men me kann stella oss slik at me vinn berre halvveges eller mindre, og norsken vert utskjemd og vanlaga, so me ikkje kjenner det fagre målet vårt att.

Difor er det på tide at me tek oss på tak, kvar på sin stad. Det er vakker ungdom til stades her i dag frå mange kantar av landet. Eg segjer til dykk: Æra dei gamle, og æra federne dykkar med å lyfta norsken heilt i høgsætet att i bygdene dykkar, og det snart. Føys dansken ut gjenom dalane, og send han med elvane til sjøs! Det er difor de hev fenge flaum kvar vår! Det målet som hev vore godt nok for dei som hev butt i dalane frå dalane vart bygde til no, det er vel godt nok for oss òg.

Me er ikkje mætare enn federne våre! Som dei hev tala, kann me òg skamlaust tala &#151; og skriva.

Difor er det vår sak, me som liver no, at me reiser målet vårt att, fyrr det vert for seint, det skal vera vår ære.

For det trur eg, at dersom det skulde henda ei større ulukke med det norske målet enn det som alt hev hendt, so vilde det norske folket koma til å trega sårt på det ein gong.

Eg kjem i hug noko eg høyrde ein tysk prest segja ved eit høve for nokre år sidan. Det var i 1920, me reiste i lag på jarnvegen frå Berlin til Nürnberg. Det var just på den tid då dei fiendane som hadde vunne, plåga Tyskland på det hardaste. Mange tyskarar trudde at fiendane hadde til plan å øydeleggja Tyskland heilt og strjuka ut Det Tyske Riket. Me tala saman um dette. Då sagde den tyske presten: «Dersom fiendane våre fær gjort Det Tyske Riket til inkjes, so vil den tid koma, at dei ynskjer dei kunde grava Tyskland upp or jordi att med fingrane. For Europa treng Tyskland».

Dersom me, eller det norske folket, nokon gong let det gamle tungemålet vårt skjemmast ut eller fortynast, so trur eg den tid skal koma, at etterkomarane våre vilde ynskja dei kunde grava det norske målet upp or jordi att med fingrane. For eit norsk folk treng eit norsk mål!