Skilnad mellom versjonar av «Tuft for Norsk Målungdom 2001»
(Oppretta sida med «Vedteken på landsmøtet åt Norsk Målungdom, 19. mars 2000 Endra på landsmøtet 17. mars 2001 == 1 Føremål == Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal vel…») |
(Ingen skilnad)
|
Versjonen frå 14. april 2020 kl. 22:49
Vedteken på landsmøtet åt Norsk Målungdom, 19. mars 2000 Endra på landsmøtet 17. mars 2001
Innhaldsliste
1 Føremål
Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal velja å skriva nynorsk i staden for bokmål, og for å styrkja dialektane. Til grunn for målreisinga ligg ein breiare strid for norskdom, nasjonal sjølvråderett og folkeleg daning. Norsk Målungdom vil organisera ungdom til å føra denne striden.
2 Historisk grunnlag
Målstriden skriv seg frå kolonitida under Danmark. Etterkvart som den politiske makta kom på utanlandske hender, trengde òg det kjøpenhamnske styringsmålet ut norsk som skriftmål på alle omkverve. Dette danske styringsmålet vart med tida mynster for talemålet åt dei øvste laga i det norske samfunnet, og fekk høgare prestisje enn norsk. I dag står striden mellom framhaldet av dette styringsmålet – bokmål – og det norske målet representert ved nynorsken og dei norske målføra.
I striden for nasjonal, sosial og kulturell frigjering fekk det norske folket sitt eige skriftmål. Tufta på ordtilfanget og strukturen i dei norske målføra, laga Ivar Aasen eit nynorsk skriftmål i tradisjon frå gamalnorsk og mellomnorsk. Det nynorske skriftmålet vart ein reiskap for daning på heimleg grunn.
Utetter 1900-talet hadde nynorsken stor framgang, og vart røysta inn i skulekrinsar, kyrkjekrinsar og kommunestyre over heile landet. Etter krigen kom målrørsla på defensiven, og greidde ikkje stå imot reaksjonane frå riksmålsrørsla og den statlege samnorsk- og språkfredspolitikken.
Fyrst med den motkulturelle bløminga på syttitalet fekk målrørsla framgang att. Då fekk me gjennomslag for at det er bra å snakka dialekt, og fekk kjempa fram retten til læremiddel på nynorsk. Målrørsla greidde vera med og forma det norske samfunnet av di me tok del i det politiske ordskiftet og makta å gjera målsak til samfunnssak.
3 Målreisinga i dag
Målstriden i dag er ein kamp mellom to mål- og daningstradisjonar som båe gjer krav på å definera det norske. Den rådande likesæla og det vantande ordskiftet gjer at målstriden framstår som uviktig. Norsk Målungdom arbeider for å gjera folk medvitne om at denne striden framleis finst, og få dei til sjølve å aktivt velja side for nynorsk. Norsk Målungdom byggjer arbeidet sitt på desse stolpane:
3.1 Norskdom Nasjonane er historisk dana fellesskapar med sams språk, soge, kultur, ålmente og ei kjensle av å høyra i hop. Dette gjev grunnlag for demokrati. I alle nasjonar er det strid om kva som skal vera innhaldet i nasjonen. Slik er det òg i den norske. I denne striden står Norsk Målungdom for norskdomstradisjonen. Norskdomstradisjonen er tufta på lokal sjølvkjensle og mangfald. Dette ovrar seg mellom anna i bunadstradisjonane og i dialektane. Den norske kulturen må vidareutviklast på sjølvstendig grunn. Norsk Målungdom ser arbeidet for norsk mål og norsk sjølvstende som ein lekk i dette.
Kommersiell, angloamerikansk kulturell einsretting pregar ungdomskulturen i dag. Ungdom får underhaldning, men ikkje fellesskap og sjølvtryggleik, og vert gjorde til passive tilskodarar til soga. Norsk Målungdom meiner ungdom bør kjenna norsk soge og kultur og vera sjølvstendige kulturskaparar. Tilknytning til eigne tradisjonar og eigen kultur gjev grunnlag for respekt og forståing for andre folk og deira kultur. Norsk Målungdom ynskjer kulturelt mangfald gjennom utveksling av idear og haldningar mellom nasjonane i staden for den marknadsstyrte kulturøydinga som skjer i dag.
Ein vert ikkje fødd norsk. Alle som reknar seg som norske, og som tek del i den norske kulturen, kan vera norske. Norsk Målungdom arbeider mot sjåvinisme og rasisme, og for at det skal vera mogleg for andre folkeslag i Noreg å verna om og utvikla eigne språk, kulturar og tradisjonar.
3.2 Norsk mål
Språket er eitt av dei viktigaste kjenneteikna på ein nasjon. Nynorsken er det beste skriftlege uttrykket for dei norske dialektane og den norske kulturen, og er dugande på alle samfunnsområde. Bokmålet rår i dag, og vert difor rekna som det nøytrale og naturlege. Ord og former frå bokmål trengjer vekk norsk mål, både i skrift og tale.
Dialektane er det nedervde norske målet, og dei er eit av dei fremste kjennemerka på lokal identitet. Norsk Målungdom arbeider for å gjera folk stolte over dialektane, og for å auka vilja til å halda på dei. Nynorsk normaltalemål kan vera med på å hjelpa fram sermerkte norske seiemåtar, difor ynskjer me å auka statusen til tala nynorsk. Norsk Målungdom ynskjer ikkje ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål, men ein oversynleg og fylgjestreng nynorsk som tek opp i seg dei samlande draga og det rike ordtilfanget i dei norske målføra. Dette inneber strid mot bokmål, samnorsk og anglonorsk.
3.3 Kunnskap
Me trur menneska treng mål å trå etter, og at ein kan veksa gjennom å tileigna seg kunnskap og gjennom intellektuelt arbeid. Kunnskap vert i større og større grad ei vare, og kunnskapsformidlinga vert styrd av marknadstilpassing. Dette fører til at anti-intellektuelle straumdrag får fotfeste: Kunnskap vert berre vurdert ut frå relevansen han har til arbeidslivet. Norsk Målungdom arbeider mot dette fordummande kunnskapssynet. Skulen er ein sentral danings- og kunnskapsinstitusjonen i eit moderne samfunn. Eit mål med utdaninga lyt vera å styrkja medvitet om lokal og nasjonal kultur, språk og samhøyrsle. Verdfull kunnskap finst òg utanfor skulepensumet.
3.4 Folkestyre
Folkestyre er ikkje ein gjeven storleik, men har vorte forma gjenom ein historisk prosess. Røynleg folkestyre er avhengig av fleire faktorar: politiske einingar folk kjenner tilhøyrsle og andsvar for; politisk og kulturell sjølvråderett slik at eit folk har høve til å avgjera si eiga framtid, ei sams demokratisk ålmente der meiningar fritt kan brytast, og folkerørslene som gjev alle høve til å kunna ta del i og strida for politiske prosjekt.
Målrørsla har vore viktig i utforminga av det norske folkestyret, og Norsk Målungdom ynskjer framleis å stå i denne tradisjonen.
3.6 Sjølvråderett
Norsk Målungdom meiner at alle nasjonar har rett til å rå seg sjølve. Me ser den norske målreisinga i samanheng med den striden andre folk fører for nasjonal og språkleg frigjering. Difor kan me stø nasjonar og folk sin strid for språkleg, kulturell og nasjonal sjølvråderett. Norsk Målungdom tek fråstand frå den statlege undertrykkjinga av dei nasjonale minoritetane i Noreg, og me vil framheva retten deira til å avgjera si eiga framtid.
3.7 Språkleg rettferd
NMU skal arbeida for å tryggja rettane til, og betra vilkåra for nynorskbrukarane. NMU stør obligatorisk sidemålsopplæring av di me vil at elevar skal få ei fullstendig innføring i norsk kultur- og målsoge, og læra å skriva bokmål og nynorsk. Dette gjev elevane grunnlag for å ta eit sjølvstendig val mellom dei to språka. NMU stør kravet om morsmålsopplæring for framandspråklege. Dette gjev røynleg høve til å læra om og halda på dei kulturelle røtene sine.