Skilnad mellom versjonar av «Espevær»
Frå Sambandet
(Oppretta sida med «'''Espevær''' er eit fiskever i Bømlo herad, på um lag 1 km<sup>2</sup>, lengst i vest ute mot havet og Nordsjøen, sud for Hespriholmen. Es…») |
(Ingen skilnad)
|
Siste versjonen frå 13. april 2020 kl. 14:55
Espevær er eit fiskever i Bømlo herad, på um lag 1 km2, lengst i vest ute mot havet og Nordsjøen, sud for Hespriholmen. Espevær er serleg kjend for eit mystiskt merkje på ein bakke, som hev vorte kalla UFO-ringen. Denne ovale sirkelen i graset er 26 meter lang, fjortan meter breid og 63 meter i umkrins. Ringen vart fyrst uppdaga 7. oktober 1975, og til dessa hev ingen vore kar um å gjera greida for korso dette merkjet vart sett. Etter segni skal UFO-ringen vera eit avtrykk etter at ein UFO landa på bakken der.
Namnet Espevær kjem av norrønt espi, ospeskog, og vær, fiskever.