Skilnad mellom versjonar av «Høgnorskdagane:Mannjamning millom høgnorskt og norrønt»
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
Line 1: | Line 1: | ||

Av Terje Torgilstveit

Av Terje Torgilstveit

Eg vil av skjønelege grunnar berre sjå på einskilde luter av måli i samanlikningi. Difor er det nok mykje eg ikkje fær teke med.

Eg vil av skjønelege grunnar berre sjå på einskilde luter av måli i samanlikningi. Difor er det nok mykje eg ikkje fær teke med.

Line 16: | Line 16: | ||

Me nyttar ei verbform der norrønt nytta seks!

Me nyttar ei verbform der norrønt nytta seks!

Kasus:
I millomnorsk tid gjekk kasusbøygningi i uppløysing, likevel var det i nokre dialektar fleire restar av dativ enn dei Aasen slepte inn. Deim og honom, hev jo motstykke i riksmål; dem og ham. Når det gjeld genitiv var det òg dialektar med betre haldne og meir av bøygde former, enn dei som er slepte inn i det høgnorske skriftmålet.

Substantiv:

Substantiv:

I-forma i hokjønn:

I-forma er ein måte å nedteikna eit skilje me finn i nokre dialektar, millom til dømes solæ og visa / sola og viso.

I-forma er ein måte å nedteikna eit skilje me finn i nokre dialektar, millom til dømes solæ og visa / sola og viso.

Eg hev sett at i-former, bundi form av hokjønns substantiv, vert kalla sterke. Dette er tull, avdi skilnaden mellom sterk og linn bøying av hokjønns substantiv, berre gjeld i norrønt. Der det er eit skilje millom fåe og mange bøygningsformer.

Siste versjonen frå 17. april 2020 kl. 07:56
Av Terje Torgilstveit
Eg vil av skjønelege grunnar berre sjå på einskilde luter av måli i samanlikningi. Difor er det nok mykje eg ikkje fær teke med.
Aasen skriftfeste ein ny-norsk normal. Berre i dette ligg eit stort steg burt frå norrønt, men i denne skriftfestingi gjorde han óg eigne val, på godt og vondt. Um de les Indrebø si Norsk Målsoga, so vil de sjå at sjølv han ikkje alltid var like glad i Aasen sine val.
Innhaldsliste
Verbi:
Høgnorsk; -a i alle infinitivsformer av verbet, som i norrønt. Ikkje noko tull med -e infinitiv eller kløyvd infinitiv.Elles er det store skilnadar, p.g.a av nedbrytingi av person- og modus bøygningi av verbi. For å visa kor nedbrote t.d. personbøygningi hev vorte, vil eg nytta verbet å vera, i presens(notid):
sg.
1.pers em - eg er
2.pers ert - du er
3.pers er - han/ho er
pl.
1.pers erum - me er
2.pers eruð - de er
3.pers eru - dei er
Me nyttar ei verbform der norrønt nytta seks!
Kasus:
I millomnorsk tid gjekk kasusbøygningi i uppløysing, likevel var det i nokre dialektar fleire restar av dativ enn dei Aasen slepte inn. Deim og honom, hev jo motstykke i riksmål; dem og ham. Når det gjeld genitiv var det òg dialektar med betre haldne og meir av bøygde former, enn dei som er slepte inn i det høgnorske skriftmålet.Substantiv:
I-forma i hokjønn:
I-forma er ein måte å nedteikna eit skilje me finn i nokre dialektar, millom til dømes solæ og visa / sola og viso.
Eg hev sett at i-former, bundi form av hokjønns substantiv, vert kalla sterke. Dette er tull, avdi skilnaden mellom sterk og linn bøying av hokjønns substantiv, berre gjeld i norrønt. Der det er eit skilje millom fåe og mange bøygningsformer.
-Sterk bøying m/bunden form:
Her kunde fleire stamme-typar vore valde, men eg hev teke eit døme frå ó-stammane.
Mynster; mQn, man/faks.
Eintal: N mQn + in = mQnin
A manar + innar = manarinnar
G mQn + inni = mQninni
D mQn + ina = mQnina
Fleirtal: N manar + inar = manarnar (bortfall av i)
A mana + inna = mananna (bortfall av i pga av a)
G mQnum+ inum = mQnunum
D manar + inar = manarnar
-Linn bøygning m/bundi form:
Mynster; saga.
(Dette mynsteret gjeld hovudsakleg urnordiske ón-, wón-, jón- og ijón-stammar.)
Eintal: N saga + in = sagan (bortfall av i pga a)
A sQgu + innar = sQgunnar
G sQgu + inni = sQgunni
D sQgu + ina = sQguna
Fleirtal: N sQgur +
A sagna + O.S.B.
G sQgum +
D sQgur +
Sams for dei andre nordiske måli er at dei hev halde på -n i hokjønn óg. Aasen ville ikkje det, avdi han var redd for danske tilstandar:
Dansk, 2 kjønn, bestemt form: Drengen, pigen og huset.
Men i t.d. svensk hev dei utljodane -n, og hev likevel halde på hokjønnet:
Svensk, 3 kjønn, bestemt form: Pojken, men flickan og huset.
Endingsvokalar:
I gamalnorsk ofte: a, e og o/u(ofte vokalharmoni).
Gamalislandsk: a, i og o(eldre?)/u(yngre?).
I norrønt, ikkje noko kjønns-skilje millom i og e: armrinn og mQnin / (gamalnorsk:) armrenn og mQnen. Men der er det skapt eit skilje i høgnorsk: mannen mot soli.
Umljod:
Eit kjenneteikn på vestnordisk er at omljodane hev verka sterkare enn i austnordisk. I dette høve hev høgnorsk halde betre på omljodsvokalane. Døme: gåve mot gave.Høgnorsk hev òg halde på det gamle skiftet millom ikkje-omlydt eintal, døme barn, og omlydt fleirtal, døme born.