Skilnad mellom versjonar av «Årsmelding for Vestmannalaget 1967»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
 
(2 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
 
== Stjorni: ==
 
== Stjorni: ==
  
På årsmøtet 18._april 1967 vart Ludv. Jerdal attvald til formann, og i stjorni elles vart valde Johs. Fjeldstad, Ivar Gjelsvik, Olav Brattegard og Solveig Fjellbirkeland. Brattegard vart vald i staden for Per Thorson som bad seg fri, for dei andre var det attval. Varamenn vart Ingerd Hirth, Besse Bønes og Torgrim Titlestad. Stjorni valde etterpå Johs. Fjeldstad til varaformann, og Solveig Fjellbirkeland til kassastyrar og skrivar. Solveig Fjellbirkeland måtte av helsegrunnar segja frå seg arbeidet 1 august 1967. Ingerd Hirth vart då fast med stjorni, og vart vald til skrivar. S. J. Nigar vart vald til ny kassastyrar.
+
På årsmøtet 18. april 1967 vart Ludv. Jerdal attvald til formann, og i stjorni elles vart valde Johs. Fjeldstad, Ivar Gjelsvik, Olav Brattegard og Solveig Fjellbirkeland. Brattegard vart vald i staden for Per Thorson som bad seg fri, for dei andre var det attval. Varamenn vart Ingerd Hirth, Besse Bønes og Torgrim Titlestad. Stjorni valde etterpå Johs. Fjeldstad til varaformann, og Solveig Fjellbirkeland til kassastyrar og skrivar. Solveig Fjellbirkeland måtte av helsegrunnar segja frå seg arbeidet 1 august 1967. Ingerd Hirth vart då fast med stjorni, og vart vald til skrivar. S. J. Nigar vart vald til ny kassastyrar.
  
== Målsmenn: ==  
 
== Målsmenn: ==  
Line 40: Line 40:
 
100-års-minnet for skipingi av laget er det likevel som hev merkt dette arbeidsåret. Stjorni dryfte upplegget for høgtidingi tidleg, og det store ynskjemålet var å kunna skipa gildet i Håkonshalli, storstova i gamle Bjørgvin. Etter fyrearbeid og søknad ytte Bergen by og Hordaland fylke eit tilskot til jubileumshøgtidi som gjorde det forsvarleg å leggja gildet til Håkonshallen. Alle lagsfolk vart innbedne til å vera gjester, saman med finansutvalet i Bergen og fylkesutvalet i Hordaland, dertil landssamskipnader og lokale samskipnader som Vestmannalaget hev havt eller hev samarbeid med. Det vart ei lang lista med innbedne (Lista ligg ved årsmeldingi). Men rimeleg nok vart det ikkje so fåe som av ein eller annan grunn laut melda forfall. 132 gjester møtte.
 
Det vart ei stilfull høgtid i den vyrdelege halli. Det var prenta eit hefte pa 20 sidor med gode bordsongar (nye songar av Eigil Lehmann og Sofia Melkild, forutan gamle songar som er skrivne til tidlegare jubileumsgilde i laget). 8 spelemenner frå "Fjellbekken" var med og spela hardingfela, og dertil spela Sigbjørn Bernhoft-Osa. Han var og saman mod "Fjellbekken"-spelemennene då dei utpå notti spela upp til dans i. kongshalli. Per Berge fra Voss var ein grepa kjøkemester, han styrde bordseta med godt humør, og han song-og las kvæde av Sivle og Aasen. Det kom helsing til gildet frå Kong Olav, frå Thorsteinn Viglundsson, Island og frå æresformannen i Svenska Ungdomsringen för Bygdekultur, Eric Ström, og frå mange andre. Gåvor vart det mange av; Sjekkar, nytte- og prydnadsting, og blomar. Sume lagsfolk sende og pengegåvor til høgtidi. Gi1detalen vart halden av professor dr. Olav Brattegard, medan formannen Ludv. Jerdal gav ei attersyn pA lagssoga, og tala for skiparane og heiderslagsmennene. Talarrekkja ved bordet i halli og etterpå ved kaffibordi nede i hallene var lang. -Hotel Orlon stod fyre matstellet. Det vart bode pa gravlaks med Bergenskringlor, reinsdyrsteik mod nyrørde tytebær, og isbombe med moltor.  
+
Det vart ei stilfull høgtid i den vyrdelege halli. Det var prenta eit hefte pa 20 sidor med gode bordsongar (nye songar av Eigil Lehmann og Sofia Melkild, forutan gamle songar som er skrivne til tidlegare jubileumsgilde i laget). 8 spelemenner frå "Fjellbekken" var med og spela hardingfela, og dertil spela Sigbjørn Bernhoft-Osa. Han var og saman mod "Fjellbekken"-spelemennene då dei utpå notti spela upp til dans i. kongshalli. Per Berge fra Voss var ein grepa kjøkemester, han styrde bordseta med godt humør, og han song-og las kvæde av Sivle og Aasen. Det kom helsing til gildet frå Kong Olav, frå Thorsteinn Viglundsson, Island og frå æresformannen i Svenska Ungdomsringen för Bygdekultur, Eric Ström, og frå mange andre. Gåvor vart det mange av; Sjekkar, nytte- og prydnadsting, og blomar. Sume lagsfolk sende og pengegåvor til høgtidi. Gildetalen vart halden av professor dr. Olav Brattegard, medan formannen Ludv. Jerdal gav ei attersyn pA lagssoga, og tala for skiparane og heiderslagsmennene. Talarrekkja ved bordet i halli og etterpå ved kaffibordi nede i hallene var lang. -Hotel Orlon stod fyre matstellet. Det vart bode gravlaks med Bergenskringlor, reinsdyrsteik med nyrørde tytebær, og isbombe med moltor.  
Heiderslagsmenn: På 100-årshøgtidi vart desse 8 utnemnde heiderslagsmenn: Kongsbonde Joannes Patursson, Kirkjeböur på Færøyane (han og kona hans var med på gildet), Per Berge frå Voss, Anna Björndal, Ingrid Gjelsvik, Hildur Hirth, Anna Gjerlow, Simon Johan Nigar og Olav Omvik, Bergen:, Frå fyrr hadde laget desse heiderslagsmenn: Gudtorm Vatndal, Martin Vik, Albert Joleik og islendingen Thorsteinn Th. Viglundsson. Laget hey soleis no 12 heiderslagsmenn.
+
 
 +
== Heiderslagsmenn: ==
 +
 
 +
På 100-årshøgtidi vart desse 8 utnemnde heiderslagsmenn: Kongsbonde Joannes Patursson, Kirkjeböur på Færøyane (han og kona hans var med på gildet), Per Berge frå Voss, Anna Björndal, Ingrid Gjelsvik, Hildur Hirth, Anna Gjerlow, Simon Johan Nigar og Olav Omvik, Bergen:, Frå fyrr hadde laget desse heiderslagsmenn: Gudtorm Vatndal, Martin Vik, Albert Joleik og islendingen Thorsteinn Th. Viglundsson. Laget hey soleis no 12 heiderslagsmenn.
  
== Lagsfolk: ==  
 
== Lagsfolk: ==  

Siste versjonen frå 13. april 2020 kl. 11:32

Stjorni:

På årsmøtet 18. april 1967 vart Ludv. Jerdal attvald til formann, og i stjorni elles vart valde Johs. Fjeldstad, Ivar Gjelsvik, Olav Brattegard og Solveig Fjellbirkeland. Brattegard vart vald i staden for Per Thorson som bad seg fri, for dei andre var det attval. Varamenn vart Ingerd Hirth, Besse Bønes og Torgrim Titlestad. Stjorni valde etterpå Johs. Fjeldstad til varaformann, og Solveig Fjellbirkeland til kassastyrar og skrivar. Solveig Fjellbirkeland måtte av helsegrunnar segja frå seg arbeidet 1 august 1967. Ingerd Hirth vart då fast med stjorni, og vart vald til skrivar. S. J. Nigar vart vald til ny kassastyrar.

Målsmenn:

I Bygdelagsnemndi: Johs. Fjeldstad, Inge. Olsvold, Ludv. Jardal, Varamenn: Arnfinn Haga, Ivar Gjelsvik. I Kyrkjencandi: Solveig Fjellbirkeland, varamann Anna Glaring. (Der hey Eigil Lehmann møtt på slutten av arbeidsaret, etter serskild uppnemning i. stjorni). I Idrottslaget Gular: Ivar Gjelsvik.; varamann Georg Nyborg I det norrøne Grønlandslaget: Søren Ve (Johs. Fjeldstad), Ludv. Jerdal. Varamenn: Ivar Gjelsvik (Eigil Lehmann) Fanevakter: Olav Åsvang; Torkel Bjørkheim, Steinar Drøsdal, Torgrim Titiosted. Bladstjorn for "Tuftokallen": S. J. Nigar, Arnfinn Haga, Mari Hadland, Fridtjov Vik. Ettersynsmenn: Ingv. Olsvold, Søren Ve.

Møte og samkomor:

Laget hev sidan årmøtet halde 7 vanlege møte, alle på Kaffistova til Bondeungdomslaget, Torget 1. Stjorni hev halde 10 møte. Det hev yore eit godt arbeidsår, med jamt godt frammøte, men me saknar framleis dei fleste av dei yngre lagsfolki på lagsmøte.

Fyredrag og talor:

På lagsmøti er det haldne 4 alt 9 fyredrag og talor, og dertil 2 hovudtalor på 100aarsgildet, forutan ei lang rad helsings-talor på dette jubileumsgildet. Samla pa møte og gilde er det soleis halde 11 fyredrag og talor, og dertil alle helsingane.

Årsmøtet 18. april var forutan årsmote ogso minnemøte for Lars Eskeland (100 år sidan han vart fødd). Fylkesagronom Henry Oma gav eit bilete av læraren Lars Eskeland, og skulestyrar Besse Bønes kom serskilt inn på kor stor ein talar og målmeister Lars Eskeland var. Mart Madland las av Lars Eskelands talor og dikt. Sønene til Lars Eskeland, høgskulestyrar Øystein Eskeland og lektor Sigurd Eskeland, var med pa møtet og drog i stutte talor fram minne um far sin.

På møtet 9. mars tala universitetsstipendiat Sigurd Brotteville-Jensen um hardingfela, um historikk og tradisjon.

Møtet 30. mai var ein Lorentz Hop-kveld. Det var 80 ar sidan den kjende Fanaspelemannen var fødd, og laget skipa eit minnemøte saman med Spelemannslaget "Fjellbekken". Spelemenner frå "Fjellbekken" (Dale, Lien, Sørsdal og Furnes) spela Hop-slåttar og formannen i Vestmannalaget, Ludv. Jerdal, tala um Lorentz Hop og spelet hans. Det var og talor av formannen i "Fjellbekken", Arne Mellesmo, og av Oddmund Dale, som drog fram personlage minne dei hadde um Lorentz Hop.

Møtet 24. oktober var nærast ein Islands-kveld. Res. kap. Eigil Lehmann greidde ut um "Islendsk-Norsk Ordbok" som var komi dette året, og um arbeidet med boki.

14. november var møtet skipa som ein Finlandskveld (I samband med 50-års-minnet um Finland fritt). Skulestyrar Besse Bønes fortalde frå den umskiftande finske soga, um fridomsstriden, vinterkrigen, og um landet og folket.

På møtet 5. desember fortalde yverlærar Olav Omvik, premivinnar på landsbasis i den store tevlingi um livsminne frå eldre, sett i gang av nasjonalforeningen mot tuberkulosen for Folkehelsen. Det var serleg barne- og ungdomsminne frå heimegrendi si i Omvikdalen i Kvamskogen han kom inn på.

På møtet 13. februar vart det spela upptak frå 100-årsgildet i Håkonshallen, og ei mengd gode bilete frå gildet vart lagde fram.

Hundradårsgildet:

100-års-minnet for skipingi av laget er det likevel som hev merkt dette arbeidsåret. Stjorni dryfte upplegget for høgtidingi tidleg, og det store ynskjemålet var å kunna skipa gildet i Håkonshalli, storstova i gamle Bjørgvin. Etter fyrearbeid og søknad ytte Bergen by og Hordaland fylke eit tilskot til jubileumshøgtidi som gjorde det forsvarleg å leggja gildet til Håkonshallen. Alle lagsfolk vart innbedne til å vera gjester, saman med finansutvalet i Bergen og fylkesutvalet i Hordaland, dertil landssamskipnader og lokale samskipnader som Vestmannalaget hev havt eller hev samarbeid med. Det vart ei lang lista med innbedne (Lista ligg ved årsmeldingi). Men rimeleg nok vart det ikkje so fåe som av ein eller annan grunn laut melda forfall. 132 gjester møtte.

Det vart ei stilfull høgtid i den vyrdelege halli. Det var prenta eit hefte pa 20 sidor med gode bordsongar (nye songar av Eigil Lehmann og Sofia Melkild, forutan gamle songar som er skrivne til tidlegare jubileumsgilde i laget). 8 spelemenner frå "Fjellbekken" var med og spela hardingfela, og dertil spela Sigbjørn Bernhoft-Osa. Han var og saman mod "Fjellbekken"-spelemennene då dei utpå notti spela upp til dans i. kongshalli. Per Berge fra Voss var ein grepa kjøkemester, han styrde bordseta med godt humør, og han song-og las kvæde av Sivle og Aasen. Det kom helsing til gildet frå Kong Olav, frå Thorsteinn Viglundsson, Island og frå æresformannen i Svenska Ungdomsringen för Bygdekultur, Eric Ström, og frå mange andre. Gåvor vart det mange av; Sjekkar, nytte- og prydnadsting, og blomar. Sume lagsfolk sende og pengegåvor til høgtidi. Gildetalen vart halden av professor dr. Olav Brattegard, medan formannen Ludv. Jerdal gav ei attersyn pA lagssoga, og tala for skiparane og heiderslagsmennene. Talarrekkja ved bordet i halli og etterpå ved kaffibordi nede i hallene var lang. -Hotel Orlon stod fyre matstellet. Det vart bode på gravlaks med Bergenskringlor, reinsdyrsteik med nyrørde tytebær, og isbombe med moltor.

Heiderslagsmenn:

På 100-årshøgtidi vart desse 8 utnemnde heiderslagsmenn: Kongsbonde Joannes Patursson, Kirkjeböur på Færøyane (han og kona hans var med på gildet), Per Berge frå Voss, Anna Björndal, Ingrid Gjelsvik, Hildur Hirth, Anna Gjerlow, Simon Johan Nigar og Olav Omvik, Bergen:, Frå fyrr hadde laget desse heiderslagsmenn: Gudtorm Vatndal, Martin Vik, Albert Joleik og islendingen Thorsteinn Th. Viglundsson. Laget hey soleis no 12 heiderslagsmenn.

Lagsfolk:

Talet på lagsfolk er 140. Årspengane er 10 krunor.

100-års-program i Kringkastingi:

I samband med 100-års-jubileet til Vestmannalaget hadde mange blad kringum i landet umtale av laget, både fyre og etter. Og Norsk Rikskringkasting sende eit 50 minuttars program yver riksnettet på jubileumsdagen 21. januar. Det hadde til titel "Dannelsen udgaar fra Vestmannalaget" og var laga ay sendeleidar Arthur Klæbo. Ay lagsfolk var dessa med i programmet: Olav Brattegard, Arnfinn Haga, Conrad Clausen, Eigil Lehmann og formannen Ludv. Jerdal. Dagen etter jubileumsgildet i Håkonshallen sende Bergenssendaren til NRK eit reportasjeprogram frå gildet, laga av programsekretær Johs. Tvedt. Det vart teke upptak på ljodband ay gildet i Håkonshallen, og fotografane Magne Skeie og Ludvig Thunes vart tinga til å fotografera. Mange fine bilete vart tekne den kvelden.

Studiering:

Ein studiering med Anna Gjerlöw til leidar dryfter litterære emne.

Heidringar:

Det er sendt krans til båra åt skulestyrar Einar Bö, og lagt blomar ved formannen då minnesmerket yver rektor Severin Eskeland vart avduka.

Eiga:

Henrik Krohn og Hustrus Legat som laget stjornar er på kr 7232,84. Laget hev luter i L/L Bygdehuset i Bergen for kr 1500. Nokre målarstykke er på Hotell Hordaheimen og hjå formannen, og nokre bøker ligg hjå Ivar Gjelsvik.

Bjørgvin 5. mars 1968. I stjorni for Vestmannalaget:

Ludv. Jerdal, Johs. Fjeldstad, Ivar Gjelsvik, Olav Brattegard, Ingerd Hirth

(Tillegg til årsmeldingi for Vestmannalaget 1967).

Utetling og gåvor

I utetling frå Lagsbruki til Bondeungdomslaget i Bergen hev lage fenge kr 800,-. Det er gjeve ei løyving på kr 200,- til Norsk Måldyrkingslag til eit serskilt tiltak laget hadde, og til Kyrkjenemndi i Bergen vart gjeve kr 200,- til 50-års-jubileet i februar 1968. Til Vestmannalaget kom det mange gåvor i samband med 50-års-jubileet.